mandag 17. desember 2012

Folk er folk



Jula nærmar seg med stormskritt. Det er gamle skikkar og folketonar og matoppskrifter over alt. Folk kan vere så urbane og  internasjonale som dei berre vil. I jula – altså  frå midt i november til langt inn i romjula - er det dei gamle rosemåla tradisjonane som gjeld.
Vi fyller kjellarane og frysarane med ribbe og lefse. Vi steikjer sju sortar julekake med eit kalori-innhald vi elles aldri ville akseptert. Vi nynnar på merkelege gamle songar der vi helsar høfleg på busk og kratt: Du grøne glitrande tre, goddag!
Skal vi sende ei helsing til slekt og vener som bur litt langt unna, så sit vi og skriv sirlige bakpå postkort med bilde av nissar og dompapar. Og så køyrer til ei mil for å kjøpe frimerke og sjå om vi finn ei postkasse. Resten av året greier vi oss godt med e-post og Facebook.
Jula er gjerne tida for det gamle og gode og velprøvde – også dei gamle og velprøvde tankane:  Vi som nærmar oss pensjonsalderenhar lett for å tenkje at verda for lengst har funne si form og at all forandring er dristig eksperimentering. Vedfyring er betre enn varmepumpe. Lusekufta er betre enn fleece. Alt var betre under krigen, syng Ole Paus. I denne søte førjulstid er det ekstra lett å sjå bakover og vende ryggen framover. Det er fortida som gjeld. Samtida er ille nok. Framtida er nifs og  skremmande.
 Det er ikkje rart vi kjenner det slik: For verda krympar. Ho blir stadig mindre og minkar meir år for år. Vi får alle slags folk nærare innpå oss. I fjernsynet fylgjer med med frå orkesterplass i slåstinga på Tahrirplassen og i Kongo. Media brettar ut alle slags skandalar. Mykje av det har vi ikkje godt av å vite noko om.
Krigshandlingar og skandalar skjedde i gamle dagar også. Men den gongen visste vi ikkje om det. Vi nordmenn har tusenvis av års tradisjon for å bu langt frå naboane.  Sjølv når vi endeleg har gått  oss over sjø og land for å møte dei, har vi alltid blitt skikkeleg forbausa om vi ikkje trefte nokon som  nesten var akkurat som oss sjølv.
 Det er noko trygt og sutalaust å tenkje seg sykkylvssamfunnet som noko som alltid har vore seg sjølv likt.  Vennleg vilt og vakkert. Ei  bondebygd  med industri. No kan ein ikkje lenger høyre på dialekten kva fjord folk kjem frå.  Vi flyttar rundt og plukkar opp litt her og litt der. Verda forandrar seg. Det har ho alltid gjort. Og Sykkylven forandrar seg i same takt.
Vi seier ”i gamle dagar” som om det var ein tilstand. Men det  spørs kor gamle desse dagane er. Først var Sykkylven  ei bondebygd der det var langt mellom husa. Etter krigen kom det store mengder ungdom frå meir fattigslige område lenger nord  strøymande  til fabrikkane i møbelbygda med pappkoffertane sine og ville ha jobb. Dei kom frå eksotiske plassar som Hitra og Frøya og  Moskenes og Brønnøysund. Dei snakka rart. Dei hadde rare kle.  Dei hadde merkelege skikkar.  Og det var veldig mange av dei.
Den gongen var det folk som klaga over innflyttarplaga. Dei la heile skulda på innflyttarane når noko var gale. Det underlege var at dei områda i landet  som hadde færrast innflyttarar, var dei som klaga mest. I die mest avstengde fjordarmane tykte folk at her har vi i alle år kasta garnet på høgre sida av båten. Og så kjem det nokre oppkjeftige nordlendingar å seie at vi skal  gjere stikk motsett. Nei, dei får skikk følgje eller land fly!
I  Sykkylven var vi ikkje dummare enn at vi forstod at innflytting og vekst og utvikling – det var ei og same sak. Arbeidskraft måtte til for å få hjula til å gå rundt.  Det var ikkje for ingen ting at møbeldirektør Jens Ekornes sende alle ungkarar på fabrikken ned på kaia for å hjelpe dei nye tenestejentene med kofferten når dei kom på kaia med fjordabåten på flyttedag. Han var så opptatt av at dei skulle gifte seg, stifte familie og få ungar.  For Sykkylven måtte ha fleire innbyggjarar, viss han skulle få den fabrikken han ønskte seg.
Og ungkarane og tenestejentene gjorde slik han ville. Dei  slo seg i hop og laga ein masse ungar. Fabrikkane vaks og la på seg. Fleire folk i bygda skapte liv og moro, det vart nye ekteskap og ungar og husbygging. Når fabrikkhjula svirra, blei det kjøpekraft og velstand.
På seksti- og syttitalet var det overbefolkinga i Asia som vart sett på som det store problemet i verda.  Ein journalist spurde ordføraren her i Sykkylven, Øystein Eliassen, om korleis han såg på den store auken i innbyggjartalet i kommunen. Vi har om lag den same folkeauken som India. Så pass synest eg det må vere, uttalte han.
Og slik har det i grunnen vore sidan. Folketalet har gått oppover år for år. Det har blitt stadig nye skular og byggjefelt i alle delar av kommunen.  Når Sykkylven kommune har hatt underskot i kommunerekneskapen, har ein gjerne forklart det som ”veksesmerter”.  For det har kosta å vere i vekst. Vi måtte byggje nye skular og nye vegar. Det vart nye byggjefelt. Vi  måtte til og med utvide kyrkjegarden.
 Det var denne jamne straumen med innflyttarar som fekk folketalet til å vekse år for år. Det har gitt oss ei ung befolkning.  Det har sine gode sider no, når  eldrebølgja  fløymer inn over landet.  Eldrebølgje i Sykkylven kjem seinare enn  i kommunar det er naturleg å samanlikne oss med. Vi  har framleis så mange unge  at vi har eit forsprang på gjennomsnittskommunen. Det gir oss litt ekstra tid til å produsere ungar og lokke til oss nye innbyggjarar. Då får vi kanskje nokon til å betale rekningane når vi bølgja av gamlingane no snart kjem feiande inn over land.
For tida er innbyggjartalet i Sykkylven er i ferd med å flate ut. Vi vart faktisk to - tre personar færre dei første ni månadene i år samanlikna med same periode i fjor.  Blir dette trenden, kan Sykkylven ende opp som fråflyttingskommune. Då har vi tapt noko vesentleg. For framleis er det innbyggjarane som er den viktigaste rikdommen vi har her i kommunen.
Talet på etniske sykkylvingar har faktisk minka med 91 personar sidan førre årsskifte. Når  folketalet i kommunen knapt hadde gått tilbake, var det fordi dei  har blitt erstatta av  menneske som har kome flyttande hit frå andre land.
I det siste internbladet til Ekornes las eg ei liste over dei som hadde fått arbeid i fabrikken på dei siste månadene. Dei er ganske jamt fordelte: Ein frå Litauen, ein frå Serbia, tre frå Polen, ein frå Irak, ein frå Kongo  - og ein frå Ikornnes.
Denne utskiftinga av innfødde sykkylvingar med utlendingar er ikkje spesiell for vår kommune. I Volda og Ørsta, i Ulstein, Herøy og Hareid er bildet mykje godt det same. Ungdommen utdannar seg vekk frå heimbygda og blir erstatta av utlendingar. Det er all grunn til å tru at denne utviklinga vil halde fram.
 Lat oss gjere eit lite reknestykke. Vi byter ut hundre sykkylvingar med hundre nyinnflytta utlendingar kvart år i tida framover. Om ti år er det kanskje tusen færre innfødde sykkylvingar.  I staden har  tusen fleire utlendingar blitt sykkylvingar i same periode. Dreg vi det endå lengre: Om 80 år –  om  dagens utvikling held fram – vil alle sykkylvingar kome frå utlandet.  Er det no panikken skal ta oss?
Det er ikkje til å underslå, at utviklinga går  fort. Det er ikkje så lenge sidan det var ein opplevelse å ha sett ein levande neger.  Eg hugsar ikkje akkurat når eg opplevde min første. Det var vel songarinna Ruth Reese på Riksteater-turné i kyrkja. Eller kanskje Botch som kom flyttande frå New York og som spela i rockebandet Electric Blood ein gong på syttitalet.
 Men no er det ei kvardagsleg sak at ho som vaskar kjem frå Somalia. Det  ikkje noko rarare at ein polakk køyrer bussen  enn at ein velledaling gjer det. Vi tilpassar oss raskt. Det er som med Sykkylvsbrua, nattferja og vinmonopolutsalget. Det var mange som spådde at det ville ende i  elendigheit. Men vi har lært å leve med dette også.
Men nokre fryktar framtida. I haust møtte tidlegare stortingsmann Hallgrim Berg. Han er ein likande halling som går i bunadsskjorte og spelar munnharpe. No sit han sit og skriv bok om innvandringsfaren. Han meiner at utlendingane  er i ferd med å overta landet og at dei er ein fare for tradisjonen, kulturen og demokratiet. Det skal bli ei kraftig bok han skriv. Han har  ikkje har tenkt å leggje fingrane imellom.
Eg veit ikkje korleis det er hos deg, sa eg. Men  i  Sykkylven lever vi stort sett bra med våre  nye landsmenn. Dei aller fleste skikkar seg vel, lærer norsk og er i jobb. Elles merkar vi lite til dei. Første året syklar dei over brua når dei skal på jobb på  Ekornes. Andre året har dei fått seg autopassbrikke og køyrer bruktbil. På fritida sit dei i sofakroken og ser fjernsyn og zappar og surfar på internett. Akkurat slik som sykkylvingar flest.
Eg seier ikkje at innflyttinga er problemfri. Det er klart det blir motsetningar når  folk med ulike kultur skal lære å leve i lag. Det veit alle som har hatt ungdom i huset. Utlendingar snakkar rart. Dei har rare kle.  Dei har merkelege skikkar.  Og det er veldig mange av dei.
Men når vi tenkjer på at snart ein av ti her i bygda kjem frå eit eller anna utland, så har det gått ganske bra. Vi har arbeid å tilby. Og det er jo det dei aller fleste kjem hit for. Sykkylvingane er stort sett slik laga at dei toler at folk er litt annleis, så lenge dei skikkar seg bra og  ikkje lagar for mykje oppstyr og problem. Vi veit kva vi står for. Vi er så pass trygge på  os sjølve at vi reknar med at våre verdiar og tradisjonar er konkurransedyktige.
Som nordmenn har vi  kjempa lenge for vårt demokratiske styresett, våre religiøse og humanistiske verdiar. Vi flaggar på 17. mai fordi vi har noko å vere stolte av. Det  er verdiar vi har tenkt å kjempe for. Det finst spørsmål vi ikkje har tenkt å fire på: Vi aksepterer ikkje kjønnslemlesting eller kvinnemishandling. Vi ringer til lensmannen viss det er nokon som slæst eller stel. Er det nokon som truar vårt opne demokrati, så sender vi PST på dei og bankar nokon ungane sine, varslar vi politiet og barnevernet. Det gjer vi, same kva hudfarge og religion gjerningsmennene måtte ha. Visse reglar må det vere i eit samfunn og dei skal innbyggjarane rette seg etter.
Men vi kan ikkje seie noko på at det luktar karri i trappegangen, sjølv om det er torsdag og balldag. Kvar si lyst! Det kan ikkje vere påbode med juletre. Om musikken til naboen er litt spesiell, så toler vi det og. Vi kan ikkje lage oppstyr folk vil bere skaut eller turban eller om dei  vil liggje med baken i veret når dei dyrkar sin gud. Dei om det. Slikt er småting i den store samanhengen og opp til den enkelte å bestemme sjølv.
 Det viser seg alltid at  folk er folk, anten dei kjem herifrå eller derifrå. Språkproblem og kulturforskjellar gjer det vanskeleg i starten. Du er temmeleg på tuppa når du har reist langt og har kome til eit land langt mot nord med framande skikkar og uforståeleg språk. Vi som bur her frå før, må vere litt romslege.
Er det vanskeleg, kan det vere ein ide å tenkje på alternativet. Det er nemleg ein ting vi  sannsynlegvis aldri greier gjere noko med: at mange av ungdommane  våre  flyttar frå bygda etter at dei  er ferdige med vidaregåande
Dei sel damemote eller serverer på Aker Brygge. Dei har utdanna seg til professorar ved universitetet eller byråkratar i regjeringskvartalet. Dei har godt betalte jobbar i børs og finans. Dei har utdanna seg til jobbar som dei ikkje finn i heimbygda.  Dei har kanskje sambuarar som ikkje vil bu mellom høge fjell. Det kan til og med hende at våre eigne ungar synest heime er bra, men borte best.
Men det viktigaste er at dei har utdanna seg til jobbar dei ikkje finn her. Så blir dei buande utanbygds, av og til også utanlands. Dei kjem att nokre gongar i året med ektefelle og ungar og med sunnmørsbunad og fjellanorakk klar i kofferten. Og dei trivst der dei bur og har ingen planar om å kome tilbake.
Dei nye innflyttarane som erstattar dei, kjem frå  Aust- og Sør-Europa, Asia og Afrika. Dei flyttar inn i rekkjehus i Skogvegen og  inn i gamlehusa på gardane i Velledalen. Har dei ikkje med seg ektefelle, så finn dei nokon herifrå. Dei skaffar seg arbeid og fritidssyslar. Dei aller fleste prøver å gjere som dei har fått råd om: Å ta skikken der dei kjem: For ei stund sidan snakka eg med ei ung mor frå Somalia som gjekk rundt med gipsa arm. Ho hadde ramla og brote handa på ski på Fjellsætra!
Det store spørsmålet er ikkje om vi  skal ta imot dei som kjem flyttande. Vi bør heller spørje kva vi skulle gjort  utan dei?
Utan dei, hadde folketalet  minka med hundre personar i året. Utan dei hadde vi vore tusen færre i kommunen om ti år. Vi som er igjen, hadde blitt stadig eldre og meir avfeldige. Det hadde vorte stadig  færre unge som kunne ta seg av oss. Fabrikkar hadde flagga ut – på grunn av mangel på arbeidskraft. Fotballag og musikkorps  hadde fått endå større rekrutteringsproblem. Og endå fleire hadde flytta herifrå. Mann er som kjent manns gaman.
 Det er nok først og fremst til vårt eige beste at vi er gjestmilde mot dei som kjem flyttande. Vi får vere ta like godt i mot framandfolk, anten dei kjem som turistar eller som flyktningar og arbeidssøkjarar.
 Det er ikkje alle stader dei er det: Det var ein gong ein kokk ein gong som fekk lov til å reise på ei studiereise til Helvete. Han vart skikkeleg imponert over tilstandane. Det  var late dagar, med  flott oppdekking kvar dag og trivelege folk over alt. Dit skulle han jammen ønskje at han kom, når tida var inne, sa han.
 Han var heldig og fekk ønsket sitt oppfylt.
Men då han kom tilbake til Helvete igjen, var det heilt andre vilkår. Han måtte opp grytidleg om morgonen og skrubbe gryter og lage mat så sveitten rann. Han måtte streve heile dagen. Den fine maten fekk han ikkje røre, han måtte ta til takke med restar.
Kokken klaga til ein av overdjevlane og minte han på kor godt han hadde hatt det første gongen  han var i Helvete.
- Ja, men då var du her som turist, sa overdjevelen. No er du her som innvandrar!
Takk for meg!
Sykkylven pensjonistlag, 8. desember 2012.

lørdag 15. desember 2012

Kjøpe nissejulekort. Skrive God jul og godt nyttår!! På med adressa og ned i postkassa med det. Ferdig med det!.



Det er noko vakkert over dei heilt enkle juleting. Som å skrive eit julekort frå dei munn og fotmålande berre med adresse og den helt vanlege standardhelsinga.
Som å setje opp dorullnissar og sjuarma lysestake i glaskarmen .I denne tida kan ein gjennomføre heile samtalar med tradisjonsrike replikkar som vi alle har på repertoaret: Som at det lysande juletreet på Emblemsfjellet er fint. At det er eit strev å handle på Moa. Og at det truleg ikkje blir kvit jul dette året heller. Heldigvis er ribba i hus. Ja då, visst kjenner vi oss ganske ribba, vi også. Og så klemmer og klappar vi på boblejakkene og vinterfrakkane til vener og kollegaer og ønskjer dei endå ein gong ei velsigna julehelg.
Ei veke til no, så skal alt vere klappa og klart. Dei mest ambisiøse tenkjer nok at dei skal legge siste hand på julepynten alt på fredag kveld. Det er den draumen vi ber på, å kunne sitje ned og vere ferdig med alt medan dei andre spring for livet. Som regel er det nok ganske fåfengt. Juleførebuinga tek den tida som finst, det viser all erfaring. Ting ballar som sagt på seg.
Det er berre ei veke igjen og det er ikkje ei heilt vanleg veke heller. Dette er ei veke det også skal drikkast gløgg og gåast på julekonsertar. Det er ikkje nok å bake dei sju sortane. Deet er eit krav at alt strev skal gjennomførast i julemodus med tilhøyrande nynning og ylykkeleg halvsmil e. Etterpå skal det skrivast felles julebrev med skrytebilde av ungar og hus. Det er ein juletradisjon vi aldri kan slutte med, endå vi er i tillegg er ute på facebook og signaliserer vår adventlykke kvar dag
Midt oppe i bakesjau og rundvask skal ein også vere spontan og hjartevarm. Nr som helst skal ein kunne ta seg tid til mild ettertanke og ei stille stund saman med fuglane i neket. Gløym ikkje å kjenne på roa og freden, seier fjernsynsreklamen innsmigrande til oss før dei brøler oss i øyret: Løp og kjøp!
Slik sit vi her og stressar og skriv til spalten vår heilt på tampen og ironiserer ein tanke over førjulstida.. I denne spalta gjer vi narr av alle slitne husmødre som har fått julestria og alle husfedre som leitar forgjeves etter drøymegåva til heile familien på bensinstasjonen julekvelden kvart på fem. Så rundar vi forsonleg av med å understreke at vi ikkje er eit hår betre sjølv. Det er også ein vakker juletradisjon

onsdag 28. november 2012

Den lange kampen om dans og drikk



Alkohol var bannlyst og dans kunne berre aksepterast i form av ”uskuldig leik” då ungdomslagsrørsla var ny. No oppmodar den frilynde rørsla til meir dans for å få mindre rus!

 Ikkje mange saker har splitta fredelege norske lokalsamfunn sterkare enn synet på dansing og drikking. Begge aktivitetane har hatt sin viktige plass i den norske kulturen frå gammalt av.
 I det gamle bondesamfunnet greidde sterke normer å halde drikkinga meir eller mindre innanfor akseptable rammer så lenge ølkulturen rådde åleine. Men då brennevinet vart utbreidd på 1700-talet, vart fylla eit alvorleg problem. Til  utrustinga til ein fiskar på vinterfiske på 1700-talet, kunne det høyre  fleire liter brennevin i veka. Det måtte til for å halde helsa og humøret oppe, meinte dei. Men i kjølvatnet av brennevinet  følgde drukningsulukker , familietragediar og fattigdom.

Motkrefter. Særleg på den farlege kysten mobiliserte motkreftene. Kvinnene var gjerne dei som kjempa hardast mot alkoholen. Sterke religiøse vekkingar og organisert fråhaldsarbeid greidde i stor grad å drive rusdrikken ut av lokalsamfunna. På store delar langs norskekysten feia dei dansen, felespelet og alt som minte om moro og fjas ut av lokalsamfunna på same tid.
 Pietismen og vekkingskristendommen med si  helvetesforkynning og fordømming  fekk etter kvart stor makt over menneska. Alvor og gudsfrykt skulle prege menneska livet igjennom. Dei store pietistiske vekkingane i 1850- og 1860-åra fekk særleg rotfeste på Sunnmøre. Her var striden mellom dei vekkingskristne og dei  frilynde særleg hard.
Henrik Straumsheim reknar i  boka om Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag protesten mot det pietistiske bygdemiljøet som ein viktig bakgrunn for ungdomslagsrørsla. Dei pietistiske vekkingane på Sunnmøre vart starta av gåverike talarar som reiv folket med seg. Men dei som tok opp arbeidet etter desse vekkingstalarane, var ikkje mogne til det, og så kom vekkinga på avvegar, hevda han:

“Dei gjorde Gud til ein hatande, hemnfus Gud og det fagre skaparverket hans til ein svart jammerdal. Dei for frå stad til stad og heldt møte, lange bønemøte utetter nætene under låge loft med osande lampar og heit, kvævande luft. Dei la ut um straff og endelaus pine, so folk seig i uvit eller enda i vanvit. Ungdomsflokkane var som skremde fuglar, stille og sturne. Modlause. Livet var som ein lang grå uvêrsdag, sollaust og myrk.  Allting var synd. Det var endåtil synd å snakke med kvarandre. Stogga ungdommen og talast på ein veg, vart det lagt ille ut. Den einaste staden der det var råd å møtast, var på religiøse møte. Ungdomsflokken var som ei stor uppdemd elv. Men trykket var sterkt, so dammen måtte snart springe.”

 Pendelen var i ferd med å svinge endå ein gong. Ungdommen gjorde opprør mot mørkemannssynet og  flokka seg om ungdomslagsrørsla. Her fann dei ein gladare kristendom og eit meir konstruktivt og byggjande og praktisk livssyn enn det dei forkynte, dei som berre hadde frelsa som mål for livet.

Idealisme. Men sjølv om  dei gjorde opprør og vart skarpt fordømde i enkelte miljø, var dei så visst ingen rotrivarar. Dei er nesten rørande velmeinande og skikkelege  med si vekt på gode og byggjande krefter i samfunnet, kristendom og fråhald og ei idealistisk tru på at eit betre, meir opplyst, rikare og lukkelegare samfunn var mogleg.
Ungdomslaget Samhald i Straumgjerde vart skipa i 1895.  Det gjekk ikkjelenge før det ordskifte om dei skulle tillate folkeviseleik. Vedtak: ..det skulle  gjerast tvo gonger mat, at der skulde haldast talar, at der skulle upplesast morosame stykkje og at der skulle vera musikk og noko “uskuldig” leik..
På eit møte same året var det diskusjon om korleis ein ungdom skulle skikke seg. Innleiar Ole P. Strømsheim peika på dårlege trekk ved dagens ungdom – manglande opplysning, drikking og nattereking. Det som måtte til var opplysning og kristendom. Andre som hadde ordet, peika på at ungdommen også måtte lese litteratur, halde aviser for å følgje med i tida og ha eigne ungdomslag, der dei kunne utveksle kjensler og tankar. Ungdommen skulle tenkje på Gud, “før de onde Dage kommer og de aar naar dig, om hvilke du maa sige: de behage mig ikke”. Men ungdommen måtte også få glede seg, vart det understreka. Fekk dei ikkje lov til det, ville dei bli trøytte av livet her, avdi dei ikkje fann nokon hugnad i det, sa Ole Strømsheim.

Pardans. Det gjekk ikkje mange år før dei meinige medlemmene ikkje lenger var fornøgde med folkeviseleik og ringdansar. Pardans var det som var populært.  Presset vart sterkare då ungdomshuset Vaarvon med sin freistande kjellarsal vart teke i bruk i 1912. Sjølv om dei leiande kreftene i ungdomslaget held att, merkar vi dansepresset frå grasrota  i referata. Det var ikkje først og fremst sjølve dansen, men alt det førte med seg, som uroa ungdomslagstoppane. Dansinga drog med seg alkohol og tilhøyrande umoral og tok fokus vekk frå meir høgverdig ungdomslagskultur.

 Nyttårskvelden 1913 var det etterfest i ungdomshuset Vårvon med talar, song og musikk og skodespel. Etterpå var det dans i kjellarstova. Midt i januar var det korgauksjon med basar, festtale og opplesing frå Varamannen. 16 korger vart selde. Etterpå var det mat og til slutt dans. Søndag 20. april var det marknad med korsong og musikk, foredrag om Florence Nightingale og korsong. Etterpå var det leik og d… i kjellarstova, skriv referenten forsiktig i protokollen.

Men ikkje forsiktig nok. Etterpå kom det klage på at ein del av medlemmene hadde vore med i eit dansarlag etter korgafesten og at dansinga hadde vart framover heile natta. Men kravet om å få danse var også sterkt, spesielt blant dei meinige medlemmene.

Splitting. Fløyene stod langt frå kvarandre. Det vart skrike opp, og ikkje minst kviskra i krokane. I november var stemninga i laget så utriveleg at formann Hans Tandstad ville trekkje seg. Han grunngav det med at han hadde lita tid. Dessutan hadde han møtt motstand, blant anna fordi han hadde teke avstand frå dans på ungdomsfestar. Han foreslo Henrik Straumsheim som formann i staden. Henrik Straumsheim sa tydeleg frå om at han ikkje ville gå inn i styret dersom det skulle vere dans på festar og møte. Han var vonbroten og motlaus over den utakksame måten nokre medlemmer kritiserte ungdomsarbeidet på. Særleg den kritikken som kom utanom møta.

I det vesle ordskiftet som følgde, var det ingen som tok dansen i forsvar. Hans Tandstad meinte å sjå at ungdomslaget hadde same synet på dans som han. Han ville derfor ikkje seie plent nei til å bli ståande i styret eitt år til. På styremøtet i november vart han vald til formann på nytt. Henrik Straumsheim vart nestformann.
 Men murringa om for lite dansing i ungdomslaget gav seg ikkje. 2. juledag 1914 var det møte. Hans Tandstad la fram eit forslag til vedtak som regulerte dansinga: “Det vil meir og meir syne seg i ungdomslaget Samhald som i andre ungdomslag, at fær den allminnelege runddans for breitt rom i laget, vil han minke og tyne det andre lagsarbeidet, heitte det i framlegget, som vart samrøystes vedteke. 

Vedtaket innebar at dansing på vanlege ungdomslagsmøte skulle vere forbode. Skulle det vere dans i samband med ungdomsfestane, måte det først vedtakast  med simpelt fleirtal på ungdomslagsmøte. Dansing skulle berre skje i kjellarsalen.
I 1918 var det ordskifte om det skulle vere dans på haustfesten. Møtelyden hadde vanskeleg for å bestemme seg. Men styret fann ut at skulle laget greie å dekkje kostnadene sine, måtte dei ha dans. Dette året var det haustfest med dansegilde på Vaarvon. Inntektene gjekk til ungdomslaget. Året etter hadde eit vegakkordlag søkt om å få leige kjellarhøgda til dansemoro. Dei måtte betale 25 kroner og love at dei ikkje skulle ta inn fleire enn 40 menneske. Det stod også i kontrakten at dei måtte fare sømeleg fram.

Innbrot til dans.  Skjertorsdag i 1920 var det ungdomsmøte med ny diskusjon om dans. Ola Tandstad innleidde. Dei fleste i salen meinte at dans er skadeleg for ungdomsarbeidet. Ingen påstod at dans var meir til gagn eller til skade, men han kan likevel ikkje takast heilt bort før vi har noko betre i staden, heiter det i referatet.

I september same året gav formannen refs til ungdommen, fordi nokon fleire gonger i løpet av sommaren hadde brote seg inn i ungdomshuset og dansa. Denne gongen skulle dei sleppe straff, men det måtte ikkje skje fleire gongar. Eit forslag frå Hans Tandstad vart samrøystes vedteke: Styret i ungdomslaget Samhald skulle for framtida utan unntak drage folk til ansvar etter straffelova om dei dansa i ungdomshuset utan løyve. Etter kvart ser det ut til at talet på offentlege dansar blir avgrensa til tre for året.
Drikking var naturlegvis bannlyst frå ungdomsmøta og frå Vaarvon. Men samtidig var det ikkje uvanleg at folk lurte seg til nokre supar bak nova og kom ustøe og lystige inn i salen, spesielt på dansetilstellingane. I 1917 kom det søknad om å leige Vaarvon til eit  bryllaup. Vedtak 20. oktober 1917: “Styret hev høyrt at det vert rusdrykk i brudlaupet, so styret er lite huga paa aa leiga huset burt av den grunn. Men då (søkjaren) er medlem av laget, hev me den tilliten til han at han syter for at det ikkje vert nokon uhugnad og fyllskap i dansarflokken. ”Det skulle koste 20 kroner å leige salen.

Forbodstid. Noreg var eitt av dei landa som vedtok å forby både brennevin og heitvin i den såkalla forbodstida. Ungdomslaget  engasjerte seg også i folkerøystingane om forbodspolitikken. Hans Tandstad var ein pådrivar for lova lokalt. Han venta seg store ting:

 “Denne folkerøystinga er eitt av dei største hende i soga og eit viktig steg for å ta folkefienden rusdrykken vekk frå det norske folket”, sa han. Etter hans forslag vart det vedteke at laget skal reise to store Ja-skilt utanfor røystestadene i Tandstad og Riksheim krinsar. Lagsfolket vart også oppmoda om å hjelpe alle som ville stemme fram til urnene. Elles skulle dei gå heim og heise det bjarte norske flagget i kvar sitt tun som eit teikn på vyrdnad for den store saka det norske folk var kalla til å svare på, mana han.
Ungdomslaget stod på ei restriktiv haldning til dans og alkohol i tiåra som kom, men dei måtte også ta omsyn til folkemeininga og økonomien. Lenge vart det arrangerte først to –etter kvart også tre offentlege dansar i regi av ungdomslaget kvart år. Det viste seg å vere gode inntektskjelder for laget.
 Denne praksisen med få og populære dansar heldt seg også då ungdomslaget kom i gang att etter krigen. Framleis var ungdomslagsmøta prega  av song og musikk og skodespel. På femti- og sekstitalet  var det framleis ”levande musikk” på dei offentlege dansane. Jentene sat prydelege rundt dansegolvet medan gutane måtte strene over golvet bukke og ”by opp”.  Det var alltid ein sjanse for å bli avvist. Det står nok ikkje til å nekte at enkelte gjekk ein tanke skeivt etter  å ha forfriska seg med øl og brennevin bak nova.  Der kunne også bli slagsmål når rusen gjekk over opptuktinga.

Lensmannen. Derfor var det vanleg at lensmannen var til stades på dei offentlege dansane. Lensmann Bernt Tandstad skulle passe på ein offentleg dans i kjellarsalen på Vaarvon. Per Karspersen med eit orkester spela. Den tida gjekk det som regel alltid eit par timar før dei første para våga seg ut på dansegolvet. Det irriterte lensmannen at orkesteret måtte spele for eit tomt dansegolv og ville ha fart i sakene.” Viss de ikkje byrjar å danse no, så stengjer eg dansen og går heim”, sa han myndig før han baud opp ei av jentene som sat ringside til ein feiande vals. Det gjekk ikkje lenge før dei andre para kom på golvet dei og,  minnest  Gustav Tandstad, som meiner dette skjedde rundt 1952.

 På syttitalet gjekk det tilbake med reinlender og tango med lokale trekkspelheltar som tonefølgje. No var det  Beatles og Stones som galdt. Det vart stabla store høgtalarkasser framfor den rosemåla brystningspanelen. Langhåra rockeband entra scena. Det vart gjort tapre forsøk på å kamuflere den rosemåla   ungdomshusdekoren med å dempe lyset og linkande og skape ein  illusjon av  nattklubb og diskotek.

Småbord.  Det store dansegolvet måtte vike for småbord med kubbelys. Runddansen var gått ut på dato blant dei unge og shake og  ”piggtrådmusikk” var ikkje noko for dei vaksne og gifte. Ungdom og vaksne slutta å møtast i same miljø. I mangel av pubar og danserestaurantar heldt dei offentlege dansefestane seg enno ei stund som treffstad for ungdommen på bygdene, men ungdomsmøta og dei  byggjande ungdomslagskulturen gjekk av moten . Andre organisasjonar tok over oppgåvene. Når ungdommen kom saman på laurdagskvelden, ville dei slappe av med øl og musikk.
Men i leiinga av laget rådde framleis idealismen. Dei måtte tole mange vonbrot. Om diskotekarrangementa der det vart servert ”boksmusikk” frå huset sitt lydanlegg, noterte sekretær Eldar Høidal i styret for UL Samhald i 2001: ”Ein skal med dette prøve å gje folk det som har vore etterlyst, ei enkel tilstelling utan høgt kulturelt siktemål, med dans, hyggje og drikke som det berande.”

Dansekurs. I dag reknar den frilynde ungdomslagsrørsla  dansen rekna som ei positiv kulturytring og står bak  dansekurs landet rundt - ikkje berre med folkeviser, vals og swing, men også salsa, hiphop og break-dance. Medan dans tidlegare var noko som drog med seg drikking og synd, er det i dag ein fritidsaktivitet som blir sett på som ein viktig motvekt mot rusproblemet. Ungdomslagsrørsla har for lengst falle ned på Alf Prøysens parole:  D'er æiller fali for den som dæinse, men står du stille og følje med, da er det fali, da kæin det skje! I 2012  er eitt av slagorda til Noregs Ungdomslag:  Meir dans – mindre drikking.

Kjetil Tandstad , Årbok for Sykkylven 2012. (27.11.2012)

mandag 26. november 2012

Hundre år og minst like fint

I romjula feirar eit nyrestaurert Vaarvon sine første hundre år. Dagens dugnadsinnsats kan måle seg med krafttaket då ungdomshuset vart bygd i 1912.

Det var femtedag jul 1912 og eit makelaust vakkert vintervêr. Festen skulle byrje klokka seks, men alt i firetida tok folk til å strøyme til. Denne jula var det noko ekstra å gle seg til  – ungdomslaget Samhald skulle ta i bruk sitt eige ungdomshus Vaarvon.

 Folket i skulekrinsane Tandstad og Riksheim i Sykkylven hadde lagt mykje pengar og mykje arbeid inn i prosjektet. No stod huset der med opne dører og tok i mot for aller første gong. Sjølv om mange hadde vore innom byggjeplassen tidlegare, var det ei spent stemning då ein endeleg kunne stige over dørstokken og sjå huset innvendig, ferdig og måla. Takhøgda i salen imponerte. Det knast i dei nylagde tregolva. For første gong skulle laget få tilgang til scene.

 Vegbrøytar
 Heile grenda var på plass – rundt 500 menneske hadde pressa seg innan for murane. Den forventningsfulle småpraten stilna raskt då formannen i festnemnda, greip ordet og ønskte festlyden velkomen. Så kom spellaget til Carl Tandstad inn på scena til stor applaus. Leiar i byggjenemnda, lærar Ole Strømme, gjekk gjennom byggjeprosessen før han høgtideleg leverte huset over til formannen i ungdomslaget Samhald, Hans Tandstad. Han kvitterte med å rose byggjekomiteen og formannen, lærar Ole Strømme heilt spesielt. Du har vore ein vegbrøytar i brodden for byggjenemnda, sa han. Så var det songlaget sin tur. Dei framførte ein nyskriven song til huset av den 19 år gamle Henrik Straumsheim. Lærar Karl Rogne, som heldt festtalen, oppmoda tilhøyrarane til å legge seg dei aller siste orda som den kjende biskop Wexelsen skulle ha sagt før han døydde: Heidre far din og mor di. Upp og fram til Ljos og Liv.

Ungdomshuset Vårvon skulle bli den møtestaden som folk hadde lengta etter og som dei kjende dei hadde bruk for. Ungdomshuset skulle vere ein stad å vere. Men også ein stad å lære, å orientere seg og ta inn over seg dei nye impulsane som siva inn over bygdene frå dei veksande byane, frå Amerika, dit så mange reiste for å finne arbeid, frå aviser og bøker. Samfunnet var i endring. Ungdommen tørsta etter kunnskapar. Nye sosiale og politiske utfordringar melde seg. Dårlege tider, omveltingar i landbruket og helvetestrugsmåla frå vekkingane gjorde menneska usikre og søkjande. Den frilynde rørsla med sin liberale kristendom, norskdom og opplysningsstrev var ei åndsretning som fleirtalet av ungdommen kunne identifisere seg med og som fylte dei med glede og framtidstru.

Symbol
I denne grenda inst i Sykkylvsfjorden var det også stort behov for ein stad å samlast for å drøfte tidas spørsmål og byggje samfunnet. Eit eige hus for dei frilynde og nasjonale hadde også stor politisk symbolverdi. Ungdomshuset skulle vere eit hus der det skulle vere høgt under taket, mykje lys og luft, tillit og samkjensle. Det skulle vere ei bygning for det nye og frie Noreg, ein base for kunnskap og demokrati, sjølvråderett og høge hugmål.

Draumen om eit eige hus hadde spirt heilt sidan ungdomslaget var skipa i 1895. Ein flokk ungdommar frå Tandstad skulekrins samla seg i ei stove for å skipe eit frilyndt ungdomslag.  ”Ungdommen kommer sammen som finder det for godt, til samtaler om nyttige emner, sang, oplesning av litteratur, samt til påhørelse av foredrag”, heitte det i første paragraf av lagslovene som var vedtekne på møtet.

“Noko uskuldig leik”
Det gjekk ikkje lenge før det vart ordskifte om dei skulle tillate folkeviseleik på festane. Vedtak: ..det skulle  gjerast tvo gonger mat, at der skulde haldast talar, at der skulle upplesast morosame stykkje og at der skulle vera musikk og noko “uskuldig” leik, skreiv formannen i møteboka.
15. desember var det nytt møte med diskusjon om korleis ein ungdom skal skikke seg. Innleiar Ole P. Strømsheim peika på dårlege trekk ved dagens ungdom – manglande opplysning, drikking og nattereking. Det som måtte til var opplysning og kristendom. Andre som hadde ordet, peika på at ungdommen også måtte lese litteratur, halde aviser for å følgje med i tida og ha eigne ungdomslag, der dei kunne utveksle kjensler og tankar. Ungdommen skulle tenkje på Gud, “før de onde Dage kommer og de aar naar dig, om hvilke du maa sige: de behage mig ikke”. Men ungdommen måtte også få glede seg. Fekk dei ikkje lov til det, ville dei bli trøytte av livet her, avdi dei ikkje fann nokon hugnad i det, understreka  innleiaren, slik han vart referert i protokollen.

Bygginga av huset i 1912 var gjennomført med stor frivillig innsats og ved hjelp av rause gåver, frå bygdefolket og frå folk frå krinsen som sleit  i den store Polson-campen i Amerika. Etter mykje diskusjon vart det eit stort og høglofta murhus, etter kvart vakkert rosemåla og utsmykka, med scene og kjellarsal.

Eldsjeler
Huset skulle tene krinsen godt gjennom mange tiår. Her var det skule og idrettstrening, song og musikk, skodespel. Etter dei første femti åra merka ungdomslagsarbeidet vanskelegare tider. Konkurransen frå andre aktivitetar og organisasjonar og etter kvart også fjernsynet vart sterkare. Trass kraftig satsing på kinoframsyningar i eigen regi og dansemoro utover på sekstitalet var det vanskeleg å greie å halde huset i stand. Nokre eldsjeler gjorde sitt beste for å stogge forfallet. Men fram mot hundreårsdagen for UL Samhald i 1995 var lagsaktiviteten periodisk og huset i dårleg forfatning. Stadig fleire snakka om å rive heile rukkelet.
Men nokre godt vaksne eldsjelene i ungdomslaget tykte det var for gale. Fylkesarkitekt Berge Hjørungnes vart invitert for å sjå om det var botevon i 1994. Dei begeistra orda i rapporten hans sette kveik i fleire. Utviding og restaureringsarbeid vart sett i gang. I 2001 kunne ungdomslaget ønske velkomen til det som vart kalla ein kombinert 100-årsmakering og innviingsfest. Første etappe i restaureringsarbeidet var gjort unna. Nye ambisiøse planar vart lagt fram: Ei fullstendig restaurering av huset skulle vere klart til jubileet jula 2012.

Kulturpris
Behovet for pengar til påbygg og restaurering av ungdomshuset vitaliserte krinsen. Det vart arrangert Straumgjerdedagar, Ta Sjansen-arrangement. ,swing-, linedans- og kokkekurs, disco-kveldar, kulturarrangement og basarar. Dei årvisse revyane, som så langt har halde på i 11 år med seks årlege framsyningar over tre dagar kvar palmehelg, vart publikumstreffarar som gav gode inntekter. Innsatsen til dugnadsgjengen som stod for det omfattande bygningsarbeidet vart lagt merke til av Sykkylven kommune, som gav dei kommunen sin kulturpris i 2009. Dei fekk også Godt Vern-prisen frå  Fortidsminneforeininga i november 2012. Dei 15 ivrigaste av dugnadsarbeidarane kan åleine takkast for nesten 7000 dugnadstimar. Det svarar til 184 fulle arbeidsveker eller fire og eit halvt år med  gratisarbeid for laget.

 Den sterke dugnadsinnsatsen har ikkje berre gitt folket i krinsen eit godt og tenleg forsamlingshus for dei neste hundre åra. Samlinga om  felles innsats har også sveisa lokalsamfunnet saman og skapt samhald og kontakt i krinsen og på tvers av generasjonane

 (Kjetil Tandstad i Jul på Sunnmøre 2012)

mandag 5. november 2012

Verda på spissen



Avisene er fulle av sensasjonar. Livet er sjeldan like sensasjonelt.


Verda er så stor så stor og vi er avhengige av aviser og fjernsyn for å halde oversikta. Og media hjelper så gjerne:
Rasande tyskarar kallar grekarar og spanjolar for late skattesvindlarar. Greske demonstrantar i nazikostyme møter Angela Merkel med Hitler-helsing. Om det galt sinte grekarar flest, var det ikkje til å misforstå. Konflikten mellom sør og nord er eksplosiv. Det er på tide å velje side: Sindige tyskarar eller hissigproppane i  Syden.

Flammar. Store delar av Midtausten verka stå i flammar då den norske ambassaden i Beirut vart påtend i 2006 fordi eit norsk tidsskrift hadde trykt danske Muhammed-teikningar. Fjernsynsbilda viste rasande muslimar som brende norske flagg i protest. Mediedekninga stod i kraftig kontrast til vitnemåla frå sivile nordmenn som trassa rådet frå UD og rusla rundt i ein elles søndagsstille by. Fjernsynsruta er lita og det skal ikkje meir enn ei handfull aktivistar til for å gi inntrykk av nasjonalt raseri. Norske flagg i flammar gir fjernsynsbilde som ingen redaksjon har hjarte til å seie nei til når ein først har fått dei i hus.

Temperatur. I alle sjukehusdebattar er det med ein person som meiner at alle på sjukehus blir feilbehandla på korridoren. Slike synspunkt må til, for å få debattemperaturen opp. I sjukehusdebatten er ein temperatur på 37 grader  livstrugande låg.
Vegar vi brukar kvar einaste dag er plutseleg rasfarlege når ein samferdselsminister nærmar seg distriktet. Det heiter å setje dagsorden. Greier ein ikkje det, blir ein liggjande etter og blir sitjande fast i klisteret. Då blir ein ståande att på perrongen medan framtida rusar forbi.
 Ei sak skal setjast på spissen, for der står ho best, meiner alle som har ein bodskap dei vil folk skal leggje merke til. Mediefolk vil alltid bli lagt merke til og har dramatikk som fag. Men er dramatikk einaste kriterium blant dei som sorterer siste nytt, kan  kontrasten til røyndommen bli i største laget, viss vi altså får sjanse til å samanlikne.
Formkurven. Dei siste vekene har vi gjort eit tappert forsøk på å orientere oss i kampen om det amerikanske presidentembetet. Vi har fått lite greie på innhaldet i Obamacare eller kva Mitt Romney eigentleg vil gjere for å få ungdom i arbeid. Vi har derimot fått rikelege rapportar om formkurven til dei to konkurrentane, om energien i debatten, nervekrigen, kjolane til konene og eventuelle forsøk på verbal krokfot.
Utanrikskommentarane er til forveksling like sportskommentarane: Barach verka tafatt og usikker i første omgang, men har kome tilbake med meir energi og sjølvtillit i debatt nummer to. Men vil kreftene halde? Kampen er jamn og utruleg spennande, seier ekspertisen som tippar at heimelaget trass alt ligg litt betre an. Men alt kan skje: Verda er trass alt rund som fotballen!

mandag 24. september 2012

kriseflaks



”Ein gong tok vi femten situps. Så snudde vi oss på magen og tok femten backup”.

Medan gjeldsbølgjene slår over Europa, duppar Norge ubekymra som ein isoporbit over brenningane. Endå ein gong ser det ut til at vi skal sleppe unna med eit nyord. Vi har rett og slett
Kriseflaks
 Norge har gitt verda fleire nye ord – verdsspråka har teke opp i seg både quisling og ombodsmann. Kanskje kriseflaks kan bli det neste norske eksportordet. For det trengst nye ord om land som heilt ufortent har trekt det store loddet.
Den generasjonen av nordmenn som i dag er godt vaksen og best forsørga, er heile verdas Heldige  Anton.  Som Anton vandrar vi ubekymra gjennom livet med nylagt hår og gule gamasjar medan den økonomiske krisa rammar alle dei andre.
Fire felt. Vi er generasjonen som krev firefelts stamveg og kjøpesenter, men som ikkje aksepterer trafikkstøy og inngrep i naturen. Vi vil ha rein elektrisitet, men utan dammar og vindmøller, vi krev bruer og kraftliner som ikkje viser og undersjøiske tunnelar utan motbakkar.
 Det meste vi har eller ønskjer oss, tenkjer vi at vi vil ha for ungane si skuld.  Leitar dei etter husrom i hovudstaden, kvifor skal vi ikkje gje dei ei handstrekning? Vi vil jo ikkje gjere dei til pendlarar heller. Eit  rimeleg krav er at alle skal ha gangavstand heim frå Karl Johan.  Pappa går i banken og hentar meir drivstoff for den oppheta bustadmarknaden slik at  bustadprisane kan gjere endå eit hopp. Vi gjer det så gjerne. Men  vi synest likevel at det burde vere ei  statleg oppgåve.
Uro. Denne generasjonen, som no har kome fram til det ein kan kalle livsens middagslur, har også bekymringar.  Dei er ikkje berre materielle. Når restane av det som blir kalla ein tropisk orkan pressar seg inn mellom fjella her, får vi angst for  hus, hytte og naust.  Ikkje fordi vi ikkje har forsikra. Men tenk på alt styret det ville vere å rydde  opp att.
 Den teknologiske utviklinga går raskare enn vi likar. Vi er naturlegvis på Facebook som alle andre, men det gjer alltids noko med sjølvtilliten å ha ein femåring som datakonsulent. Det skal ikkje meir til enn at ein seljar seier fire giga minne og display på 15.4 WXGA, så  tuslar vi ut av butikken med  nedslått blikk. Då tenkjer vi at vi får greie oss med gamle-PC-en ei stund til. Etterpå er det på tide at nye generasjonar får ta over.
 Situp. Ikkje slik at vi er heilt på jordet og trur at laptop tyder samelue og at bluetooth har nokon med bærplukking å gjere.  Men vi  tek kanskje sjansen på at modem er noko i same gate som ødem. Ein gong tok vi femten situps. Så snudde vi oss rundt på magen og varsla femten backup. Det skulle ikkje finnast betre trening for korsryggen, hadde vi forstått.
Mot alder og forfall kjempar sjølv Tren-instruktørane forgjeves. Stadig oftare kjem det morosame meldingar på Facebook som vi ikkje forstår. Vi høyrer oss sjølve  forfekte synspunkt som at det er for lite disiplin i skulen og at sambuarar bør gifte seg. Når det går opp for oss,  resignerer vi og finn  det tryggast å halde oss til familien og gamle filmar på TV.
 Heldigvis står ein ny og yngre generasjon klar til å innta dei mjuke seta til generasjonen som snart kan takke for seg. Isoporlandet Norge duppar vidare. Vi har kriseflaks!

lørdag 18. august 2012

Vis tenner! :)


“Smiling reduserer stress, senkar blodtrykket, gjer oss yngre, penare, styrkjer samlivet, fjernar kroppsmerte og gir meir sex og suksess”.


Sjølv eit falsk og overflatisk smil er betre enn ærleg alvor - både i skrift og tale.

Vi smiler meir enn før. Til og med ferjefolk og bussjåførane smiler no. Dei var ein gong ansvarsfulle folk med lusekufte under uniformsjakka og olje på fingrane. Dei tok seg pliktskuldig betalt for billetten før dei gjorde det dei eigentleg skulle gjere: Føre skip og buss trygt og sikkert fram. Mellom turane sjekka dei olje og lufttrykk og lytta etter rådebank og falsk luft i motoren. Dei hadde ein alvorleg jobb å gjere og dreiv ikkje med fjas. No sit dei i kvitskjorte og vest og smiler medan dei snakkar til oss med flyvertinnestemme i mikrofonen: ”Vi håper de har hatt ein behageleg tur og vi ønskjer passasjerane hjarteleg velkomne tilbake”.

Hjartegodt. Dei mange smilekursa har verka. I butikken smiler dei alle, heile tida. Politikarar framstår aldri med bister framtoning sjølv om debatten blir oppheta. No stikk dei kniven i motstandaren og vrir rundt med eit hjartegodt smil om munnen.
Vi smiler med fjeset og vi smiler i skrift. Dei uunngåelege smilefjesa har i år vore med oss i 30 år. Det var informatikkprofessor Scott Fahlman som sette det heile i gang på eit debattforum knytt til universitetet i Pittsburg, USA. Ikkje alle han debatterte med forsto når han var alvorleg og når han spøkte. Smilefjeset var eit varsel til mednerdar: Varsku her! Professoren prøver å vere morosam.

Sidan den gong har den vesle gule smileyen gått sin sigersgang over verda. Det byrja på e-post og internett og tok skikkeleg av på telefonen. “Få ræva i gir!J”, tastar vi kvarandre med smilefjes som garanti for at mottakaren ikkje skal bli fornærma. Sjefen sender ut høflege, men kommanderande epostar: ”All avspasering utsett til oktober” før han sukrar pillen med eit gøyalt smil. Moderne ungdom blir litt usikre dersom dei får ei melding frå vener og kjærastar utan smilefjes. Er avsendaren sur? Er det meg det er noko gale med?

Kroppsspråk. Smilefjesa, med alle sine variantar, er eit forsøk på å erstatte kroppspråket. No sender vi korte og skriftlege meldingar der det er lite rom for nyansar. Då kan eit smilefjes, eit blunkefjes, eit latterfjes, eit sjokkert, skeptisk eller ironisk fjes vere nyttig og kompakt tilleggsinfo til mottakaren. I middelalderen skreiv ein utan punktum og komma og delte ordet når ein kom til ein kant. Etter den digitale revolusjonen er det så som så med korrekt tegnsetting og orddeling, men smilefjeset  har vi bruk for. Dette er ikkje språkleg forflating. Det er språkleg fornying, seier ho som blir kalla verdas fremste smilefjesekspert, den amerikanske lingvistikkprofessoren Susan Herring.

Falske smil. No er det vi som enno ikkje får oss til å smile til folk digitalt, som skil oss ut. På endå eit område i livet er vi over- og forbikøyrde med livsens breie piggdekk. Vi bør truleg skjerpe oss.
Smiling  - anten det no er med fjes eller tastetrykk – er bra for helsa, seier  ein annan amerikansk ekspert som smiler til oss på nettet. Smiling reduserer stress, senkar blodtrykket, gjer oss yngre, penare, styrkjer samlivet, fjernar kroppssmerte og gir meir sex og suksess. Det gjeld også grinebitarar som ikkje meiner noko med det. Det hjelper likevel.

“Et kranium kan ikke smile. Ethvert smil, selv det hjerteligste, er derfor i bunn og grunn (dypest sett) overfladisk”, uttalte den morosame alvorsmannen Fredrik Stabel. Eit gammalt ord fortel at eit falsk smil aldri når opp til augo og derfor alltid kan avslørast. Men nyare amerikansk forsking har vist at om lag 80 prosent av folket er i stand til å smile falskt og likevel ha det rette ærlege glimtet i augo.

Kjetil TandstadJ

søndag 8. juli 2012


”Arbeid er i det store og i det heile ei velsigning. Sjølv om det kan verke som ei forbanning der og då.”

Sveitt salat

(Illustrasjon: Inger K. Giskeødegård)
Endeleg er det sommarferie og vi kan nyte fruktene av vårt daglege strev.

Alt betalt arbeid svekkjer og bryt ned sjela, sa den gamle grekaren Aristoteles. Det er ein filosofisk tese dei nye grekarane  kanskje har festa alt for stor tillit til. Her oppe i det protestantiske nord held vi oss til det bibelske påbodet om at ein skal vere sveitt i panna når ein endeleg set seg ned og tek seg ei brødskive. Arbeid er i det store og i det heile ei velsigning. Sjølv om det kan verke som ei forbanning der og då.
Feriemodus. Då er det annleis for dei som har ferievêr året rundt og kan sveitte utan å arbeide. Grekarane har vore i feriemodus heilt sidan dei slapp inn i EU. Dei skal ha levd på stor fot for lånte pengar og vore slappe på jobben. Men etter den søte kløe kjem den sure svie. Den greske økonomien minkar på femte året. Helsevesen og skuleverk kollapsar. Kvar fjerde grekar har hamna under fattigdomsgrensa. For å få Hellas på føtene igjen, får dei stadig hardare krav om nedskjeringar frå EU og Verdsbanken. Vil dei ikkje, så skal dei. Spare seg til fant.
Vi har alt vore på nettet og sett bilda frå småbåthamna i Pireus, der enorme yachtar duvar i dønningane. Det ser ut til at landet framleis har sine millionærar. Men lystyachtane er ofte registrerte som taxibåtar. Av skattetekniske grunnar, forstår vi.

Drosje. Det er ikkje berre griske pengefolk  og uforstandige politikarar som har leia Hellas utfor det økonomiske stupet. Folk flest skal også ha late humla suse. Ein aviskommentator kan skilte med eigne erfaringar. Han har teke drosje i Aten og blitt nekta kvittering for turen fordi sjåføren ikkje ville betale skatt. Slikt er usolidarisk og umoralsk. Dessutan skaper det kjempeproblem for ein utsend medarbeidar frå Norge når han kjem heim og manglar bilag til reiserekninga.
 Det seier seg sjølv at slikt ikkje går i lengda. Lettsindige middelhavsmenneske må lære seg å tenkje som trauste tyskarar. Her i landet har vi også vore nøydde til å lære oss å setje tæring etter næring.  Har ein ikkje eit romsleg oljefond å ause av, kan ein heller ikkje flotte seg med velferdsstat og trygge jobbar. Vi som bur i nord,  har orden i sysakene. Vi har arbeidd og sveitta og likevel betalt vår skatt med glede. Dyden skal ha si løn. Det ville vere blodig urettferdig om ei europeisk finanskrise skulle gjere innhogg i våre  feriepengar.

Tærne i havet. Vi som bur langt mot nord, lever i eit klima der vi må reise langt for sol og varme. Men det gjer vi så gjerne, no når Syden-reisene har blitt så billige. Det vår tur til å ha late dagar med tærne i Middelhavet. Vi kan gle oss over hyggelege hotellprisar og at det er priskonkurranse på liv og død mellom kafeane langs strandpromenaden.
 Vi sender kelnerane på stadig nye turar etter kjøleg retsina og gresk salat. Dei kan gjerne få køyrt seg litt. Folk står i kø for å overta jobbane deira.
 Arbeidet adlar mannen, seier eit gammalt ord og gammal visdom skal ein ikkje kimse av. Jammen kjenner vi oss litt adelege, vi  lyseraude nordeuropearane som flottar oss på strandkafeane og har ein flokk tenestevillige grekarar til å springe for oss. Det er ei herleg  kjensle til å sitje å smatte og smake på. Vi som elskar arbeidet. Så glade er vi i hardt arbeid, at vi kan sitje slik og sjå på det i timevis.

Kjetil Tandstad (Smp 7. juni 2012)



”Ein gong brukte vi quizkvelden
 som orsaking for å gå ut og ta ein øl.
 No er det motsett. Men vi blir framleis åtvara
 mot dårlege kameratar.”

Quizleik


Det er to dagar etter nasjonaldagen og den 139. dagen i året. Men er det elles noko spesielt med 19. mai?

Ja visst, også dagen i dag er ein minnerik dag, endå så anonymt han har plassert seg mellom 17. mai og pinse. Men på denne sjølvsame dag  i 1536 vart Anne Boleyn halshogd på plenen utanfor Tower i London. På same dag i 1702 opplevde Bergen sin verste  bybrann, noko som ikkje seier så lite.

Namnebrør. Rosenborg Ballklubb vart skipa 19. mai 1917. Rett nok under namnet Odd. Odd tyder spiss og skulle slik vere eit framifrå fotballnamn. Men også fotballklubben i Skien heitte Odd og hadde gjort det sidan 1894. Det var ikkje til å unngå at det vart forvirring for namnebrørne. Først i 1928 tok dei trege trønderane konsekvensen og  skifta namnet til Rosenborg.

19. mai er dessutan fødselsdagen til presten Helge Hognestad, musikaren Pete Townshend og politikaren Ritt Bjerregaard. Slikt er greitt å vite, i tilfelle nokon hadde tenkt å ringje og gratulere. For alle andre er det sant og seie ganske unyttig kunnskap. Skulle vi få bruk for desse opplysningane, tek det oss mindre enn eitt minutt å finne ut av det på Wikipedia.

Men di meir tilgjengelege triviell faktakunnskap blir på nettet, di  viktigare har det blitt å ha svaret på alle slags perifere spørsmål klar i hjernekassa.

 Parat. I tilfelle vi skulle få bruk for dei.  Og det får vi nok, om fjorten dagar eller fire år. For når som helst kan ein bli  dregen med i ein quiz og bli nøydd til å svare på til dømes når Jaqueline Onassis forlet denne verda. Då er det viktig å ha svaret parat: 19. mai 1994. 

 Etter at quizen kom inn i verda, kan ikkje lunsjpausen på jobben lenger brukast til å tøme hovudet og la skravla gå. No er det knivskarp konkurranse om å kjenne byar i Belgia og namnet på det statlege flyselskapet i Kasakstan. Var det Borat Airlines?

 I femtiårsdagar  blir det laga munter quiz med spørsmål frå bursdagsbarnets tidlegare liv. Kven var partnaren han dansa dirty dancing med på utescena under Hjørundfjord-dagane? Alle i selskapet har svaret parat. Alle så nær som kona, a Ingebjørg. Ho hadde hatt inntrykk at det var laksen som lokka.

Flogvit. På quizkvelden i  puben toppar deltakarane laga. Dei kjem dragande med kjenningar og slekt og utanbygds flogvit og klisterhjernar, for no skal det takast revansj for det manglande halve poenget fredagen før.
 Dei sleipaste kjenner kraftig på at dei må slå lens når sigeren er truga. Dei kjem tydeleg letta tilbake frå dobesøket med telefonen i underbuksa og svaret parat. Men det blir knurra ved naboborda: Ingen skal innbille oss at den notoriske skulkaren dei gjekk saman med på vidaregåande plutseleg skulle ha kome på at det var Alexander Fleming som oppdaga penicillinen.

 Men slik har det blitt. Ein frekk tommel på tastaturet kan trumfe både utdanning og livserfaring. Ingen ting gale har skjedd, om ein ikkje blir teken.

Ein gong brukte vi quizkvelden som orsaking for å gå ut og ta ein øl. No er det motsett. Men vi blir framleis åtvara mot dårlege kameratar:
”Pass no på kven du hamnar på bord med.  Kvar gong du skal sitje med berre folk du likar, blir det null poeng på alle spørsmål om sport!”

Kjetil Tandstad (Smp,mai 2012)

lørdag 7. april 2012

Vinkelskriveri

”Dei  politiske kommentatorane
 er på hytta.
 Skal nokon meine noko no,
 må vi tenkje sjølv.”

Det er ikkje fred å få, ikkje ein gong midt i påskeferien: Her kjem eit alvorsord.

Påskeferien skal etter gammal skikk brukast til inntak av kaloristerk bondekost, yatzy og  blodige krimdrama formidla gjennom bøker og  tv-skjerm. Radio og fjernsyn er i  skvaldremodus. Dei  politiske kommentatorane er på hytta. Skal nokon meine noko no, må vi tenkje sjølv. Midt i denne meir enn vekelange siestaen i solveggen – ok, de veit kva eg meiner – nyttar denne kommentatoren sjansen til å kome med eit politisk pip.
Spørsmålet  er: Kvar vart det av politikken? Med politikk meiner eg ikkje posisjoneringa, kjendiseriet, krokodilletårene og dei retoriske fektekampane for å hente heim nokre ekstra poeng til eige lag. Eg meiner heller ikkje den kjensleladde moraliseringa eller dei fine standardformuleringane som passar så godt i fjernsynsdebattar. Slikt er emballasje og overflate. Det eg tenkjer på, er den kjernen som det eigentleg handlar om. At folkevalde politikarar brukar den makta dei har fått  til å omsetje sine vallovnader til fysiske realitetar. Strengt tatt er det jo det som er politikk.
 Harde realitetar  er krevjande. Form er alltid lettare å ha ei kvalifisert meining om. Eit kommunestyre vi kjenner har nok av politiske utfordringar. Dei  siste åra har dei  folkevalde likevel brukt store delar av taletida til timelange debattar om detaljar som  kommunerevisjonen vil vere rette instansen for. Ein SV-statsråd , som  har gått til val på å skaffe jenter sjølvforsvarskurs, må gå av etter å ha gjort nettopp det.  Ein Ap-statsråd,  som har stilt til val på ein aktiv nordområdepolitikk, blir også førstesidestoff fordi han brukar departementets pengar i eit forsøk på å oppfylle sine lovnader frå valkampen.
 Så snart media finn ein kutymefeil i saksgangen, har vi det gåande. Dei folkevalde  går ned i kneståande, riv flenger i politikardressen og drysser oske i håret før dei legg seg flate for kritikken. Tenk om dei kunne seie som dei tenkjer; at slik er vår politikk, så berre drit og dra! Det hadde vore forfriskande, men ikkje særleg klokt. Politikarar må for all del ikkje framstå som arrogante. Ikkje ein gong når dei har grunn til det.
Ikkje eit vondt ord om massemedia, som  passar sin jobb og jaktar på alt som minner om overtramp og skandalar i det politiske liv. Ein statsrådsskalp i beltet er kanskje det ypparste trofeet ein politisk journalist kan smykke seg med. Slik bør det også vere. Rett nok spring representantane for vår mangfaldige presse litt for ofte i same retning. ” Pressen lyver i flok, om de er mange nok,  syng nok mange folkevalde hatefullt  på stortingshybelen. Men  berre når dei er sikre på at dei er heilt åleine.
Det er sagt at folkestyret er det einaste systemet der to fattige slår ein rik. Det  har alltid vore ei solid motvekt til den sterkastes rett. Eit regelverk skal naturlegvis respekterast. Men statsrådar bør helst gå på grunn av grunnleggjande politisk usemje, ikkje på grunn av vinkelskriveri om rutinar og SMS-ar.
Politikarane gir seg stadig mindre armslag på grunn av den krattskogen av  lover, forordningar og forskrifter,  konvensjonar og EU-direktiv med tilhøyrande kontrollorgan som dei let seg omringe av. Det vil seie mindre makt til dei folkevalde og meir makt til kontrollørane. Vi seier ikkje at demokratiet er i fare. Men at det  er i ferd med å bli ein tanke musegnaga i kantane, blir stadig lettare å sjå.
Nei då, dette  er korkje tid eller stad. Her har folk gått på ski til kiosken etter fersk avis og så får dei øydelagt påskestemninga av  ei  bekymringsmelding midt i feriekosen. Eg kan ikkje anna enn å  leggje meg flat.
Eg tek ansvar for alt som har skjedd på mi vakt og bed alle lesarar som for lengst har bytta skriveria mine ut med kryssord og Baileys om orsaking. Til eventuelle andre som har hengt med heilt hit:  God rest-påske!



onsdag 28. mars 2012

Sykkylven: Frå dei eldste tider til i dag


(Foredrag for slektsforskarar 24. mars 2012)

1. Intro. Kva karakteriserer Sykkylven? Nokre vil seie: Tafatte typar som på kort tid ser ut til å ha tapt både kampen mot monsterlinjer og kampen om brua over Storfjorden. 

Det også! Men Sykkylven har også meir å skrive heim om - i fortid, notid og framtid.
Her skal vi interessere oss for det historiske. Store delar av Sykkylven var Giske-gods. Mykje tyder på at stormennene søkte tilflukt her inne i fjorden når det ruska og bles for mykje ute på øyane. Blant stormenn som har operert her er den mektige Aura-Pål Skofteson og den rike Gullbrand i Vik.
Aura-Pål - den andre – budde på Aure kring 1200.  Det er ikkje svært mykje  vi  veit  om han, men det er ikkje utruleg at han var den første som bygde kyrkje (huskapell) på Aure. Men han er nemnd i Sverre-soga:
Medan Sverre sat i Trondheim, kom baglarane sommaren 1199 til Bergen og tok straks byen, men borga stod seg mot alle åtak. I borga var Sverre si dronning, Margareta, saman med fleire høgætta kvinner, under verje av Aura-Pål.
Baglarane stabla opp tømmer utafor borga for å setje eld på ho. Aura-Pål fann på råd: Han kasta ei brennande tjøretønne ned i tømmerhaugen før bålet var ferdig, og for å sløkkje, måtte baglarane rive haugen ned att.Då dei for andre gong tok til å stable opp tømmer, tok dronninga til å jamre seg og ville overgi borga, Aura-Pål fekk lokke kvinnene inn i eit tårnkammers og sette ei slå for døra, så dei førebels var or vegen. Med ein smørdunk, fylt av never, stry og svovel, lukkast det Aura-Pål enno ein gong å få sett eld på bålet åt baglarane før det var stort nok, og no gav dei opp å setje eld på borga.
Aura-Pål gjekk då inn til dronninga og spurde kva ho ville gi han dersom han fekk baglarane til å forlate byen. Ho svara at han kunne krevje kva han ville av pengar eller pengars verd. Men det ville han ikkje ha. Fekk han derimot låne innseglet hennar, så skulle han ta ein spansk ein.
 Han skreiv brev til to prestar i baglarflokken, og sette dronninga sitt segl på brevet: I brevet let han det skine gjennom at kongen var på veg med hæren sin.Prestane vart bedne om å prøve å få baglarane til å bli verande lengst mogleg.  Då  brevet skulle sendast over til dei to prestane, gjekk det slik som den listige Aura-Pål hadde tenkt: brevet vart oppsnappa og kom i hendene på baglarhovdingen.  Resultatet vart som han håpa: Baglar-gjengen stakk det raskaste dei kunne for å sleppe å møte fylkingen til kong Sverre.(Sykkylven i eldre tid)

Gullbrand i Vik er både ein segnfigur og ein historisk person. Segna skreiv Hans Strøm ned: Gulbrand i Vik, i Sykkylven, og dei to brørne hans, den eine i Eiksund, den andre på Ringstad på Stranda, levde i katolske tider og var svært "formuende". OmGullbrand heitte det at han hadde vore "Foged over Gidske-Gods". Slik står det i Søndmørs Beskrivelse, som hans Strøm skreiv på 1700-talet. I notatboka eller kladden (annotationsboka)  skriv Hans Strøm meir: Dei tre brørne skal ha eigd eller forpakta det meste av  Gods på Sunnmøre gjennom at dei var fogdar over Giske-godset. I eit dokument frå 1544 som Strøm fann i Ørskog prestegard, såg han namnet "Guldbrand Guldbrandsøn Viig" og rekna med at dette var same mannen som i segna.
 Segna fortel at den formuande Gullbrand var segnomsust fordi han ein gong skal ha gitt ei raus gåve til kyrkja. Gåva vart gitt på det uttrykkjelege vilkåret “at Giverens Navn skulde efter hans Død aarlig erindres ved et Drike-Gilde, som maatte holdes på Oure Kirkebakke. De vide og at en Tønde Øll hvert år (…) af Sognefolket blev udtømmet til den førnevnte Mands erindring”, kunne Hans Strøm fortelje i Søndmørs Beskrivelse nokre hundre år seinare.
 Historikaren Bjørn Jonson Dale greip tak i denne overleveringa. Han har rekna tønna med kraftig gildeøl om til vanleg pils når det gjeld alkoholstyrke. Han kom til at det denne dagen vart sett til livs om lag 800 halvlitrar. Det var kanskje så mange som 60 såkalla ølføre menn i bygda. Det vil seie at dei konsumerte øl tilsvarande 13 halvlitrar til manns. Skrik og skrål og helgefyll i Aure sentrum er ikkje noko nytt, forstår vi.

Øldrikking til side. Dette var to sykkylvingar frå tusen år sidan, slik forteljetradisjonen overleverer dei. Men lat oss konsentrere oss om kyrkjebakken – og denne grøderike sletta som er Auregarden og sentrum i Sykkylven kommune. Ho kan fortelje historie som går mange tusen år lengre tilbake i tid
 I 1989 skulle det byggjast helsesenter i sentrum av Sykkylven. Det vart sett fram krav om arkeologiske utgravingar. Dei grov og det vart gjort rike funn. Spora som fanst her var ikkje synlege frå overflata. Men i den raudbrune sand og grushaldige undergrunnen teikna det seg svarte striper. Det - kunne arkeologane fortelje oss  -  var striper etter arden. Her var også svarte spor etter kokegroper og opprotna stolpar frå grindbygde stolpehus. Det vart gjort funn frå steinalder, bronsealder, jernalder…. Det viste seg at Sykkylven har hatt busetnad i minst 7000 år.I dag kan vi passere alle desse sju tusen åra og fram til i dag på ein spasertur på eit par hundre meter. Det er lang avstand i år, men kort i meter.

Den lange historia: Oppe på bakken eg sit og ser inn i frå kontoret mitt på møbelmuseet i Storgata er blant anna funne steinøkser – ei trinnøks frå eldre steinalder – altså 6000 - 7000 år gammal. Dei to andre øksene som er funne er frå yngre steinalder. Då hadde sykkylvingane kome så langt at dei dreiv og prøvde seg fram med enkelt jordbruk
Oppe i denne omtalte skråninga over Aure sentrum var det  altså at steinaldermenneska sat og steikte fisk på bål og beundra utsikta over fjorden. Mot slutten av yngre steinalder for 5000 år sidan stod havet 10 - 12 meter høgare i dag.
 Etter kvart som landet heva seg og havnivået gjekk tilbake, flytta sykkylvingane etter. Det var ikkje berre no det er populært med strandtomt. Derfor kan vi fotfølgje utviklinga frå tusenår til tusenår gjennom sentrum.
I yngre bronsealder (800 f. Kristus) stod havet fem meter høgare enn i dag. Då hadde fjøra trekt seg tilbake og den store sletta som i dag utgjer Aure sentrum, var i ferd med å bli tørr.
 I romartid/folkevandringstid stod havet berre to-tre meter høgare i enn i dag. Sletta som dukka opp av sjøen var ideell til busetnad og landbruk. Tuftene frå den tid finn vi nord om Sykkylvsbladet og rørleggjar Uri , for dei lokalkjende.
 Dei som vil bruke beina seinare i dag og rusle gjennom sju tusen år, kan begynne oppe ved Sykkylvsbladet og gå langs vegkanten mot Auregarden og kyrkja. Der vil dei finne opp nokre natursteinmurar med plakat i som fortel kva for eit tusenår dei har hamna i.
Når vi har kome forbi Coop Mega, har vi kome fram til eldre jarnalder (300- 500 e Kr) og ein ny natursteinsmur. No er sykkylvingane blitt skikkelege bønder. Her er det spor etter langhus, blant anna to gildehallar som var 40 og 60 meter lange. Vi trur dei var reiste på ei grind av tømmer og hadde vegger i stein og/eller flettverk påklint leire. Så store bygg vitnar om velstand og makt og eit godt organisert samfunn.
Dette kallar arkeologane Aura-Påls rike. Ein tenkjer seg at det var ein gard eller eit gods som rokk frå gravhaugane ved ferjeleier på Ørsneset og sikkert også eit godt stykke innover i fjorden og opp gjennom dalane. Og Aura-Pål skulle i tillegg ha eigd mange andre gardar.
Går vi endå nokre meter nordover og vestover, kjem vi bortover mot Kyrkjeparken. Det kan markere kristen tid. Her har det vore kyrkjestad lenge. Det er berre eit lite skritt, så passerer vi reformasjonen, eit museskritt til og vi passerer, dansketida, 1814 og 1905 og to verdskrigar. Men då er landhevinga slutt for lenge sidan.  Dei skritta vi no må ta for å kome ned til sjøen, er det stort sett Vegvesenet som er skuld i med sine fyllingar då dei bygde riksvegen langs fjøresteinane.
 Sykkylven var lenge ganske åleine om slike omfattande arkeologiske funn i sentrum. Men etter kvart som sentrumsområda skal utvidast og gravemaskinane skal i gang, er det gjort mange andre oppsiktsvekkjande funn langs kysten.  Heilt sidan dei første funna vart gjort, har sykkylvingane snakka om å byggje ein kopi av langhusa og elles ta vare på og formidle spora frå fortida. Som så mange andre dristige og spennande planar i Sykkylven, er dei lagde på is i påvente av finansiering.  Det er kanskje også eit særtrekk for denne kommunen. Det har vore sagt at strandarane investerer seg til fant medan sykkylvingane sparer seg til fant. Resultatet er uansett det same.

Den nyare historia: I alle fall: Arkeologien viser vegen fram til kristendommen vart innført. Men historia gjekk vidare.  Sykkylven heldt fram med å vere eit jordbrukssamfunn som hadde fiske i fjorden og ute på øyane som attåtnæring. Her var gode jordbruksområde i Auregarden og oppover gjennom dalane. Det var fisk i Sykkylvsfjorden og ikkje minst i Storfjorden og kysten utanfor
. Og sykkylvingane sat ikkje berre heime og venta på at vårvinna skulle ta til. Sykkylven har ein tusenårig tradisjon for å reise ut på øyane på ettervinteren for å fiske. Og som eit viktig biprodukt vart dei kjende med jenter frå øyane. Bondegutane gifte seg med øyjentene og tok dei med seg heimatt i fjorden. Eller dei vart verande ute på øyane, om det klaffa slik at det var ei gardajente.
 Slik vart det felles slekt av og eit tett og godt samband mellom fjorden og øyane. Det kan ein høyre på dialekten. Legg merke til ø-ane i øss og døkke og halvemålet inne i fjorden og ute på øyane. Dette var folk som hadde mykje til felles og som snakka mykje i lag. Så var det ikkje lange vegen heller. Det var fjord mellom frendar den gongen.
Lat oss ta nokre skritt framover i tida. Rundt 1900 var det tronge tider for dei som ikkje hadde ein gard å ta over. Amerika lokka. Det finst ei heil bok med register over alle sykkylvingane som reiste til Amerika. Dei sleit i tømmercampen, dei leita gull og dei bygde jarnbane.
 Mange vart verande i Amerika. Andre kom heim att med pengar til byggje løe og store to etasjars våningshus. Har ein det perspektivet når ein køyrer gjennom kommunen og ser på gamle hus, kan ein fort plukke ut kvar dei budde, dei som gjorde det bra som framandarbeidarar i Amerika.

 Dei som vart att, måtte bruke sin kløkt og sine evner til å skape arbeidsplassar for seg og sine jamaldringar. Norge var i ferd med å bli industrialisert. Sunnmøringane gjorde det på sin måte.
I 1908 gjekk den 16 år gamle Peter Ivarson Langlo i nabokommunen og lurte på kva det skulle bli av han. Det var ikkje mange jobbar å velje mellom. Han kunne bli tenar i landbruket. Det var ikkje noko å leve av for ein familie. Han kunne reise til Amerika. Han kunne drive fiske. Det var eit hardt og usikkert tilvære.
  Eit lite tiltak for å skaffe nye jobbar var eit kurs i korgfletting. Det kunne kanskje bli ei ekstrainntekt å selje korger og slikt for  bondegutane, var tanken. Men P.I. Langlo, som han seinare vart kalla, tenkte større. Han fekk med seg nokre ungdommar til og begynte å flette korgmøblar. Materialane var pilegreiner og peddig som dei fekk frå Danmark eller Tyskland. Var du netthendt og flink nok, kunne du flette nesten kva som helst av desse billige materialane.  
Ein av dei som var med på same kurset som P I Langlo i 1908, var Andreas Riksheim. Han reiste heim til Sykkylven og starta sin eigen korgflettingsverkstad. Her gjekk ein ung og ivrig kar som heitte Jens Ellingson Ekornes i lære. Lærestykket den 17 år gamle ungguten viste fram etter at læretida var over i 1925, var stol og bord og endåtil ein stålampe i flettverk.
P. I. Langlo Møbelfabrikk skulle bli den største i landet. Jens Ekornes skulle seinare få arbeid ved Stranda Kurvmøbelfabrikk på Stranda nokre år før han reiste heim att og starta sin eigen korgmøbelproduksjon i kjellaren heime på garden på Ikornnes i Sykkylven. I 1929 starta han saman med Petter P. Langlo Møre Kurvmøbelfabrikk. Seinare starta springfjørproduksjon, madrassfabrikk, møbelfabrikk og la grunnlaget for det som i dag er Ekorneskonsernet og Stressless. Fabrikken han grunnla gir i dag jobb til 1000 menneske i Sykkylven og levebrød til nesten halve kommunen.
Både Sykkylven og Stranda vart store møbelkommunar. Men utviklinga var ganske forskjellig. Stranda var først ute. P.I. Langlo Møbelfabrikk voks raskt og trekte til seg arbeidskraft frå eit stort område – også frå Sykkylven. Stranda vart den kvite bygdesenteret ved fjorden. Naturen pressa bebyggelsen saman og skapte eit senter ved fjorden med bymessig utbygging.
I Sykkylven hadde ein annan natur og vi fekk ei langt meir desentralisert utbygging. Vi fekk vi Tynes Møbelfabrikk i 1927. Bernhard Tynes bygde fabrikken sin på bygdas vakraste tomt på Tyneset.  Det var det ingen som reagerte på. Vi fekk ikkje mindre enn tre korgmøbelbedrifter i 1929. Likevel var det ikkje dei store fabrikkane som prega utviklinga i Sykkylven. Det var i kjellarane det surra og gjekk. I Stranda, som kom først i gang med møbelproduksjon, voks fram nokre få men store møbelfabrikkar, var det kjellarbedriftene som stod for det meste av veksten i Sykkylven.
Det aukande behovet for enkle, billige, men likevel litt meir solide møblar enn korgmøblane, var noko møbelhandverkarane i dei store byane ikkje hadde greidd å fange opp.  Det dei ikkje såg, var at det kom store mengder menneske frå gardsbruka på bygdene og flytta inn i hus og husvære i byen og i tettstadene. Dette var folk som korkje hadde plass eller råd til dei fine handverksmøblane. Dei måtte ha billig og enkelt husgeråd. Var prisen låg nok, var det nesten ikkje grense for alt ein kunne selje.
Det har blitt sagt om Sykkylven at her var det ein møbelfabrikk i anna kvart hus. Det var ikkje mykje overdrive, i alle fall ikkje om ein tenkjer i Aure sentrum eller oppover Grebstaddalen. Men også  opp gjennom heile Velledalen, Straumgjerde, i Hundeidvik, i Tusvika, på Ikornnes og Ramstaddal voks det opp små møbelverkstader- med frå ein til ti tilsette.
Vi har prøvd å registrere alle møbelrelaterte bedrifter i Sykkylven frå den første spede industrien kom til og fram til i dag. Vi kom til 113 ulike bedrifter og vi har ikkje fått med alle. Det kulminerte etter 1952.
Ved fabrikken N. Roald & Co, som heldt til i Jan-kjellaren i Auregarden, hadde åtte tilsette på det meste i eit vanleg gardshus. Hos Nils Roald budde arbeidsfolk frå Stadlandet på hybel i same huset.
 “Kvar vi gjorde av alt folket, begrip eg ikkje, sa Gudrun Roald, gift med fabrikkeigarNils.” Huset fullt av ungar, og gamlefolket oppe. Og så leigde vi vekk til arbeidarar og serverte middag til dei også. Det var fullt av arbeidsfolk kring middagsbordet”.

 Nesten alle desse bedriftene eksisterte meir eller mindre samtidig. Kjellarbedriftene auka kraftig i tal i åra før og under andre. Dei gamle handverksbedriftene gjorde sitt beste for å forsvare sitt revir:  Då ein møbelsnikkar i Oslo fann spor av fiskekassematerialar under stoppen på ein stol frå Sunnmøre, fekk han ein møbelhandlar til å stille den oppspretta stolen ut i vindauget sitt for å vise kor gale det var. Reaksjonen vart ein annan enn han hadde tenkt seg. Folk gav blaffen om det var fiskekassefjøler i møblane. Dei ville ha sofa og lenestol som var pene å sjå på og gode og sitje i og i tillegg var rimelege nok til at dei kunne kjøpe dei. Vindaugsutstillinga i den pene møbelhandelen viste seg å vere god reklame.
Kjellarverksemdene var i praksis eigentleg også handverksbedrifter. Men pionerane tenkte stort og framtidsretta. Helten var Henry Ford og hans samlebandproduksjon. Det er ikkje så godt å få til samleband når ein er i ein kjellar og det kanskje berre er tre - fire tilsette. Men dei gjorde så godt dei kunne. Ein trekte ryggen, ein annan setet. Treverket vart kanskje produsert i nabokjellaren.
 Dei dynamiske kjellarbedriftene dominerte i Sykkylven til eit stykke ut på femtitalet. Så var det plutseleg slutt. Produksjonen måtte effektiviserast endå meir. Det vart behov for store maskinar, lange produksjonslinjer, betre transport og logistikk. Nye store og kvite fabrikkar i betong voks fram rundt fjorden og fram gjennom dalane. Dei fleste som hadde arbeidd i kjellarane, vart lønnsarbeidarar. På same tid forsvann også konfeksjonsindustrien, som det også hadde vore mykje av i Sykkylven. Skreddarane og sydamene vart godt mottekne i møbelfabrikkane som produserte stoppamøblar.
Men nokre av dei som hadde starta kjellarbedrifter, stod att som disponentar med eigen fabrikk.  No sat dei dei sjefskontoret i dress og slips og knota på riksmål for å bli akseptert som leverandør til dei fine møbelbutikkane i dei store byane.
Den første tida arbeidde dei tilsette gjerne i lang tid før ein kunne ta ut lønn. Arbeidsgivaren betalte gjerne ut lønna først når han syntest han hadde økonomi til det. Først måtte bedrifta kome skikkeleg inn på marknaden.
 Ein gammal arbeidar fortalte ein gong at han hadde arbeidd i meir enn eit halvt år utan lønn. Då manna han seg opp og gjekk inn til sjefen og spurde. Sjefen ville vite kva han skulle bruke pengane til. Han hadde tenkt å kjøpe seg ein dress. Det var eit aktverdig formål, meinte sjefen og gav han pengar til dress. Men han fekk ikkje ut alt han hadde til gode!
Men trass i dårleg betaling, ein jobb var ein jobb. Det var ei tid med mange unge menneske som var klar for å takke til med lite opp gjennom heile kysten. Til dette ganske pulserande industrimiljøet i Sykkylven kom det mange tilreisande arbeidarar. Dei kom gjerne frå næringssvake område nordafrå, Nordmøre, Trøndelagskysten, Nord-Noreg. Dei fann seg etter kvart kone – eventuelt mann – frå ein av gardane langs fjorden, dei fekk ofte tomt i utmarka på garden og bygde seg sin heim med stor eigeninnsats. Sykkylven vart eit desentralisert lokalsamfunn.
Det er nokre fantastiske gründertypar som vi møter på desse sjefskontora. Gåverike, kreative, hardt arbeidande. Dei var oppfinnsame. Dei følgde godt med. Dei tok sjansar. Dei var utolmodige. Dei var pragmatiske praktikarar. Men dei var også ofte idealistar, med eit brennande ønskje om å lukkast, å bli størst, javel, men også å  byggje samfunnet og skape arbeidsplassar.  Og dei hadde ein ting til felles som gründerar alltid meir eller mindre har fått i fødselsgåve. Dei såg aldri problem, berre utfordringar og muligheiter.
Å ha det slik, er risikofylt.  Det er fort gjort å misse alt. Det er også fort gjort å dumme seg ut. Jantelova var der i rikt monn. Dei vart sikkert ofte gjort narr av. Desse energiske gründerane var nok med på å skaffe sunnmøringen det rykte han har hatt i hovudstaden: Som tiltakssam, pågåande, storkjefta, sparsam og grisk.
Slik måtte dei nesten vere skulle dei få bedriftene sine til å gå.For eigentleg var det aldeles naturstridig at akkurat Sunnmøre og Sykkylven skulle vekse fram til eit eit nasjonalt tyngdepunkt i møbelproduksjon. Råvarene måtte fraktast tvers over landet til eit område utan jarnbane. Dei ferdige produkta vart frakta same vegen tilbake- Frakteskute til Åndalsnes og tog til Oslo. Eller med båt til Bergen og Trondheim.
 Det var ein konkurransemot alle odds. Men sunnmøringen var ikkje så godt vant. Han var van til å arbeide mykje for lite lønn. Ein stor del av suksessen har nok rot i dårleg betaling. Dei kostnadene ein fekk på grunn av ekstra lang transport vart i alle fall delvis kompensert med at smålåtne sunnmøringane fekk dårlegare lønn enn andre arbeidarar og at dei  aksepterte den såkalla Møretariffen.
Før og under krigen eksisterte nemleg tre ulike tariffar for møbelarbeidarane. Den vanlege tariffen var best. Så var det Vestlandstariffen. Og så, heilt på botnen, hadde vi Sunnmørstariffen. Det er klart, meinte arbeidsgivarane, at dei trengde ikkje like mykje betaling som elles i landet, dei som kunne ro utpå fjorden og fiske sin eigen middagsmat. Det måtte ein skikkeleg streik til før denne tariffen blei avskaffa i 1949.

Vi har mange markante profilar som har vore med på å setje sitt preg på Sykkylven. Vi kunne drege fram mange. Vi skal avgrense det til to:
Vi har alt nemnt Aura-Pål og Gullbrand i Vik. Enkelte meiner vi også kan seie Gange-Rolv. Vi kan nemne Bernt Fauske, som med sine Brand-båtar tilbaud billige ferieturar til Nordkapp og Middelhavet. Han var ein norsk Tjæreborg-prest, som ikkje kom så langt som til charterflya.
 Vi kan nemne Krutrøyk-stjerna James Arness frå Aursneset. Vi kan nemne musikarar som Hilde Louise Asbjørnsen og Hanne Kolstø for å ta nokre unge og aktuelle kjendisar frå underhaldningsverda.  Men eg har valt ut to profilar frå førre hundreår: Treskjeraren Daniel Hagerup og møbeldesignaren Ingmar Relling.

Daniel Hagerup: Fabrikkeigar Bernhard Tynes på Tynes Møbelfabrikk hadde stor produksjon av spisestover, skjenkar, stolar og bord i klassisk stil.  Det skulle vere utskjeringar. Argaste konkurrenten var Angvik Møbelfabrikk, som hadde Daniel Hagerup som treskjerar. Han hadde vore der i seks år då han regelrett vart headhunta av Bernhard Tynes og henta til Sykkylven.
Daniel Hagerup kom frå Grønvika i Smøla. Fødd 1876. Han hadde kunstnargåver. Som ungdom reiste han til Trondheim og skal ha prøvd å få jobb i steinhoggeriet ved Domkirken. Han skal ha fått det rådet at han først burde bli ein habil treskjerar. Han kom til Stiftsgården i Trondheim som treskjerar i 1905.  Han fekk prøve seg som bilethoggar, men han heldt fram med å skjere i tre.
 Daniel Hagerup er rekna som ein av Norges fremste treskjerarar. Dei som har sett han arbeide – det var ikkje så mange, for han hata å bli titta over skuldra – fortel at han arbeidde raskt, sikkert og sjeldan brukte arbeidsteikning. Han arbeidde intenst til han var ferdig.
I ettertid er han kjend for fem ulike verk: Tambarskjelvegruppa, som forestiller Einar Tambarskjelve, død etter at kongen har late han snikmyrde, Over han ligg sonen Einride, som prøvde å hjelpe faren, men som sjølv vart drepen i forsøket.
Det andre hovudverket er ein bauta av Tord Foleson, merkeberaren til Olav den heilage på Stiklestad. Den tredje er utsmykkinga av Nordlandet kyrkje i Kristiansund.  Som nummer fire har vi røykesalongen i hurtigruta Finnmarken, som er utsmykka med historiske slagscener. Den er no å sjå på Sjøfartsmuseet i Bergen.
 Det femte er interiøret i Sykkylven kyrkje. Han skar døypefont, korgitter, altarring, baldakinen over preikestolen, nummertavler og galleribrystninga. Dessverre for Sykkylven forsvann alt saman då den gamle Sykkylven kyrkje brann ned til grunnen i 1983.
Men det han levde av, var å designe og skjere relieffa i dei gamle klassiske spisestovene som Tynes Møbelfabrikk selde i stort tal. Det var motiv som Peer Gynt , Synnøve Solbakken og Terje Viken. Det var akantusrankar og rosettar på store og tjukkmaga skåp. I dei harde trettiåra og under krigen var det store og tunge stasmøblar som galt.
  Daniel Hagerup døydde i 1955. Gravsteinen hans står på Sykkylven kyrkjegard. I fjor kom det ut ei bok om han. Det var på høg tid, for han stod i fare for å bli gløymd.

 Ingmar Relling: Ingmar Relling var fødd i Sykkylven. Han har ein plass heilt i tet som modernistisk møbeldesignar, påverka og inspirert av vår første store funksjonalist, Arne Korsmo. Arne Korsmo var påverka av og internasjonale arkitektar som Walther Gropius og internasjonale arkitektar som Mies van der Rohe og Frank Lloyd Wright. Dette er formgivarar som har sett sitt store preg på Europa før og etter siste verdskrig. Arkitekten Arne Korsmo teikna blant anna Sentralbanestasjonen i Oslo, Munchmuseet og Villa Stenersen Som lærar på Kunst og handverksskulen i Oslo skulle han også få mykje å seie for den nye generasjonen formgivarar som voks fram desse åra.
Ein av elevane hans var altså Ingmar Relling frå Sykkylven. Ein personleg beskjeden, men også ein designar som visste kvar han ville.  I prakt med tidas trend,  ville han lage gode, slitesterke, lite plasskrevjande møblar for dei små leilegheitene som Husbankens normer la opp til på femti- og sekstitalet.
Ingmar Relling var fødd i 1920. Han vart engasjert av Vestlandske Møbelfabrikk i Sykkylven då han var 16 for å skjere akantusrankar på finare møblement. Det heldt han på med i sju år. Han reiste til Oslo og fekk seg jobb hos broren, Adolf Relling, som vi kjenner frå teiknekontoret Rastad & Relling, Broren overtale han til å begynne på Kunst- og handversskulen. Han gjekk lina for møbel og innreiingsarkitektur og tok diplomeksamen i 1947. I 1950 flytta han heim att til Sykkylven og vart møbeldesignar der møbelindustrien heldt til.
Det var nemleg inga sjølvfølgje. Møbelfabrikkar flest hadde ingen eigne designarar i 1950. Tradisjonelt var det fabrikanten som teikna dei nye møblane. Han lånte gjerne ein ide her og ein annan der. Den som kosta på seg ein profesjonell designar, fekk gjerne teikningane i posten frå formgivaren som sat heime i hovudstaden, langt frå trivielle problem med  produksjonsliner og logiistikk. 
 Designarane tenkte form, ikkje korleis møbelet enklast kunne produserast. Ingmar Relling kjende bedriftene frå før. Han gjekk inn i eit tett samarbeid med produksjonen om korleis stolane skulle vere. Både det han hadde lært og det han såg rundt seg, mana han til å tenkje nytt. Store tunge klumpete møblar passa ikkje for moderne menneske som budde trongt.  Det var slutt på den tida ein hadde ei bestestove som stod på stas. No måtte kvar kvadratmeter utnyttast maksimalt.
Han teikna enkle og lette lenestolar. Han gav form til den samanleggbare lenestolen Nordic. Han gav form til Combina-benken i skumplast, ein populær kombinasjon av sofa og seng til hyblar og ungdomsrom på sekstitalet. I 1965 kom genistreken Siesta. Det var ein stol med rammeverk i laminert tre, med oppspent seglduk mellom. Det følgde med ei pute ein kunne legge oppi, men stolen var nesten mest elegant utan. Men komforten sigra. Det er med pute denne stolen har blitt kjend.
Siestaen var så enkel å montere at sjølv far kunne greie det. Derfor kunne dei selje stolen flatpakka. Det skulle vise seg å vere ein stor fordel med tanke på alle eksporten som skulle kome for denne modellen. Denne stolen var eit eksempel på at gode produkt kan få eit langt liv.
 Ganske uforandra har Siesta-stolen vore i produksjon nesten heile tida sidan 1965. Stolen er framleis i produksjon. Det er totalt produsert meir enn 650.000 slike stolar til inn- og utland. Det er ein stol som nesten på unikt vis sameiner stilige linjer med stor bruksverdi og enkel produksjonmåte og  og transport. Sidan har vi fått Stressless-konseptet frå Ekornes, som vart ein endå større suksess.

Nær historie: Ingmar Relling spela ei viktig rolle i å gjere Sykkylven klar for eksportindustri og moderne tider. Inntektene frå Siesta og seinare Stressles har gjødsla denne bygda opp gjennom etterkrigstida og losa oss ganske trygt opp til vår heilt nære historie.
Eit vendepunkt var år 2000 då vi fekk bru over Sykkylvsfjorden. Med eitt slag hadde den desentraliserte kommunen nesten ikkje utkantar meir.
 Men dei endra fysiske forholda skulle vise seg ikkje å påverke den tradisjonelle grendestriden i kommunen. Brua er ei velsigning, men ho forkorta også avstandar slik at kommunen gjorde vedtak om skulenedleggingar.  Resultat: Privatskule både i Velledalen og i Hundeidvik. På Ikornnes står ein stor og dyr ny skule med alt for få elevar.
Byggjefeltet på Ekornes fekk namnet Grautåsen den gongen folk måtte spinke og spare for å greie avdraga på huslåna. No passar ikkje nabolaget like godt til utnamnet. Nybyggjarane har blitt middelaldrande og velhavande. Dei fleste arbeider på Ekornes, som deler ut opptil ei månadslønn ekstra per år fordi butikken går så godt.
 Låna er nedbetalte og refinansierte og byggjefeltet blenkjer fornemt i glaserte takpanner og firehjulsdrivne fleirbruksdoningar. Her er grunnfesta privat velstand i bygda. Den kommunale økonomien er eit sorgens kapittel.
 Som i einsidige industristader flest, utdannar ungdommen seg vekk frå heimbygda. Men om våren og sommaren, til 17. mai og pinse, kjem dei utflytta tilbake med stasjonsvognene sine fulle av ungar og koffertar. Sunnmørsbunaden heng nystroken og plastinnpakka i baksetet.  Dei utflytta kjem ein tur tilbake. Hadde det ikkje vore for jobben og ektefellen, lønnsnivået og byens alle tilbod, skulle dei gjerne ha flytta tilbake for det er så vakkert her. Men det må nok vente til dei blir pensjonistar, seier dei.
Så går dei i tog og på stemne og treffer att gamle vener. Og stemmer dei med i koret og syng bygdesongen av Henrik Straumsheim, som er så full av flotte bokstavrim:
Me vamar og me vimar
I verdens stille sveim
 Men i dei stille timar
sviv tankefuglar heim
Til bygda mellom fjell og fjord
Den kjæraste me veit på jord,
 Til dalane der inne,
 Med glans av fagre minne.

Takk for meg!


Følgere