fredag 5. november 2010

Trollpakk

Før eller seinare måtte folk bli lei skrekkfilmar med brølande monster og blodlause vampyrar. Norske troll er på full fart ut av berget det blå og ut på nettet dei og.




Troll er i ferd med å ta skrittet ut av eventyrbøkene, forstår vi etter at ein ny norsk film har satsa på trollpakk som skrekkeffekt. Filmen har alt fått kjempeblest i utlandet. Ein skjeggete Otto Jespersen er statleg oppsynsmann som prøver å halde trollpakket inne i reservata sine. Han fartar rundt i Landrover og set seg i respekt med ein slags lysbazooka han ber over skuldra. I hælane har han tre unge mediestudentar frå Volda som vil lage dokumentarfilm om den farlege jobben hans. Dei får lære at påstanden om at troll kan temjast ikkje har mykje verdi der dei spring i panikk gjennom granskogen, forfølgde av ei rasande kjempe som har fått ferten av kristenmanns blod.

Kultfilm. Skrekk på film er ein sikker underhaldningsvinnar og naturlegvis burde det også vere plass til norske troll blant alle dei mannevonde vanskapningane som herjar kinolerretet. Moderne illusjonsteknikk har gitt oss ein heil hærskare av oppspadde lik, dryppande dauingar, fantasidyr med insektsansikt og trollmenn som vandrar i kring og pønskar på verdsherredømme. Ikkje noko er meir spennande for skvetne folk enn å bli skremde, så sant det skjer i trygge omgjevnader. Skrekk er forbruksvare for den oppveksande slekt. Dei unge er dessutan dobbelt glade for å få ein støkk i livet, for det gir dei endå ei orsaking for å innleie kroppskontakt med det motsette kjønn.

Smerteskrik. Derfor lyder det ville smerteskrik gjennom golvplankane frå heimekinoanlegga i kjellarstovene. Vi høyrer øgler som knurrar og glefser og freser medan hekser og demonar kaldskrattar under beina på oss. Dinosaurar med vondt i sinne trampar gjennom bregneskogane og King Kong riv av nokre etasjar på ein skyskrapar berre for å setje seg i respekt. Frå verdsrommet kjem stadig nye bølgjer av utanomjordiske invasjonsstyrker, som vil gjere seg til herrar over alt liv i Mjølkevegen. Jorda inkludert.

I desse marerittfilmane er ein einsleg klassisk vampyr av Dracula-typen med tung augnesminke, blondeskjorte og tennene fast i ein kvit jomfruhals ikkje lenger nok til å skremme ungdommen opp i fanget på kvarandre. Det må hardare verkemiddel til. No skal det vere vampyrar av begge kjønn som både ser unge og sexy ut. Men så viser det seg altså at dei unge menneska ber på gamle sjeler og tunge synder under collegegenseren. Dei er ikkje først og fremst ute etter å ta dyden på sine offer. Dei er derimot kraftig hekta på ungt blod og må ha hyppige overføringar for å halde sitt ungdommelege ytre ved like.

Tid for troll. Må ha det, berre må ha det, er slagordet som gjeld også for dagens gjenferd. Slik liknar dei sitt publikum, som også blir lærte opp til å ta til seg og å ta seg til rette. Fordi dei fortener det. Og publikum treng stadig nye skremsel for å få adrenalinnivået til å stige. No er tida kanskje inne for at også dei norske trolla kan få sine 15 veker på kinolerretet.

Den norske trollfilmen laga sine troll slik at dei nesten ser ut slik som Th. Kittelsen teikna dei. Men elles er dei framstilte som høgst ordinære monster med store musklar og ein dyrisk appetitt.

Det er å gjere trollpakket mykje mindre enn dei er. Norske troll har også ein del menneskelege trekk. Dei røvar ikkje prinsesser for å ete dei til middag, men for å bli lyska og kosa med. Dei er sterke og farlege, men ofte svaksynte og godtruande. Dei er gjennomgåande tunge i sessen og trege i tankegangen.

Derfor er det også mogleg for vår tradisjonelle trolljeger Oskeladden å lure seg inn i berget og hogge alle hovuda av eit sovande troll. Og i staden for å røme vitskremt gjennom skogen, utfordrar han trollet til kapp-eting. Det er ein ulik kamp, men den kreative guten hengjer ryggsekken på magen og ausar maten i sekken. Når det er fullt, skjer han hol med tollekniven og lokkar trollet til å gjere det same.

Internett-troll. Slik kan ein liten og snartenkt ein vinne over den store og mektige. Dette er ein mytologi som har passa eit lite folkeslag som det norske i ei stor og vanskeleg verd og han er dessutan populær blant turistane. Dei engelskspråklege har ikkje noko eige ord for kjemper med dei spesielle eigenskapane til norske troll. På engelsk er troll internettslang for folk som bevisst provoserer og sjokkerer eller som hissar til krangel i nettsamfunn.

Trollete er det og. Og kanskje er dette den tydinga av troll og trollskap som blir ståande i ettertida. Som vi flyttar alt anna over på internett, flyttar vi også alt vi fryktar frå naturen til skjermen. Så endar vi alle opp som skjermtroll og blir ikkje mørkeredde andre tider enn når skjermen går i svart.

Kjetil Tandstad



”Dei røvar ikkje prinsesser for å ete dei til middag, men for å bli lyska og kosa med.”

mandag 31. mai 2010

70-talet: Eit bakteppe.

Eg skal snakke om 70-talet.

Dei hermar etter ein kall inst i ein fjord som brukte å seie at han gifte seg då hundedagane gjekk inn og sidan har dei aldri gått ut att. Eg var 20 då syttitalet gjekk inn. Av og til kjennest det som om heller ikkje 70-åra har gått ut att. 70-talet har prega oss i musikksmak, klessmak og i kulturell og politisk kurs heilt fram til i dag. Som dei fleste i min alder har vi albuma fulle av minner frå åtti og nitti og 2000-talet. Men det er syttitalet vi hugsar – på godt og vondt.

Eg høyrer altså - med litt velvilje til den gruppa som har blitt kalla 68-arar. Eigentleg er eg litt for ung. Men dei internasjonale trendane kom litt seinare til Norge og endå seinare til Sykkylven og Volda der eg budde i mine første år. Altså 70-talet:

Vi kan kanskje begynne med musikken: Folk på min alder vil seie at 70-åra hadde den beste musikken. Då snakkar vi ikkje berre Beatles og Rolling Stones, som strent tatt kom på sekstitalet, men som var på alle platetallerkenar utover på 70-talet. Før hadde vi hatt Elvis og storbandswing og Jularbo i ønskekonserten. Etter kvart fekk vi Radio Lux. Og Deep Purple, Kinks, Pink Floyd, Creedence og Bob Dylan. Vi studentane var naturlegvis alt for jålete til å like feelgood-musikk. Vi måtte bli femti pluss før vi våga å tilstå at vi også hadde sans for Beach Boys og Abba. Og så var det visebølgja: Der meir enn fire personar var samla til fest, dukka det alltid opp ein type med kassegitar og song langtrekt og ulande så ingen andre fekk seie eit ord. Og jentene flokka seg naturlegvis om han.

Så var det klesstilen. På byrjinga av åttitalet kunne det til dømes vere brune cordbukser med sleng, t-skjorte med psykedelisk mønster og runde briller med blått glas på oss karane. Alternativt vadmel med blanke skjoldhue, skråtobakk og busserull. Jentene kunne for eksempel vere draperte i fargerike lange kjolar med orientalske mønster. Alternativt var dei kledde som sine eigne oldemødre i skaut, runde briller og dei svære lysegrå filttøflane som i Bergen vart kalla pampusser.

Både gutar og jenter hadde langt hår. For gutane hadde det vore eit langt steg å ta. Berre kort tid før skulle det vere feit sleik og ein liten vipp bak. Det førte til generasjonskonflikter. Unge håpefulle vart ofte truga med juling av dei som var eit år eller to eldre fordi dei var langhåra bøvlar og arbeidssky reservejesusar. Men moten blei fort normal. Etter få år kom også ordførar, prest og møbeldirektør etter, med ragg over kvitsnippen, psykedeliske slips og skjegg - eller i det minste hengebart og feite kotelettar framfor øyrene.

Livsstilen var viktig. Ungdommen var mot gardiner, mot tapet, alt som var firkanta, glatt og plastikkaktig. Som stål og betong og dei polerte mahognymøblane som foreldra deira hadde spinka og spart til og endeleg hadde fått råd til å kjøpe. Midt på syttitalet kjøpte eg meg eit rundt Ikea-bord i to toms kvistrik furu. Det var usliteleg og umogleg å bli kvitt.

Det skulle ikkje vere noko juks. Det skulle vere ærlege materialar. Eg hugsa ei driftig jente som fekk leigd seg eit triveleg rom med småblomstra tapet då ho vart student. Først fjerna ho alle lag tapet og papp slik at ho kom heilt inn på rupanelen som ho så pussa og luta. Så fjerna ho linoleumen og skura tregolvet kvitt før ho luta og såpevaska det også. Ho fjerna alle gardiner, skrapa all måling vekk frå karmane og hengde opp kinesiske rislampar. Det var eit rom ho fekk mykje skryt for.

Det var den seksuelle frigjeringa: Det kom ut bøker som handla om retten til orgasme. Bladet Sirene lokka med den pirrande spalta ”Vårt besværlige underliv”. Folk begynte å bli sambuarar i på direkten i staden for å gifte seg. Homsar og lesber kom fram frå skuggane og viste seg fram.

Berre å bu i kollektiv, som det heitte når ein delte leiligheit den gongen, gav den eldre generasjonen frysningar. Eg hugsar ein husvert - han kom opphavleg frå Sunnmøre naturlegvis – som hadde det med å låse seg inn tidleg om morgonen i huset der vi budde to sambuarpar. Han såg like skuffa ut kvar gong då han forstod at vi låg to og to som kristne det kunne seg søme. Dei einaste spora av orgiane han hadde tenkt seg skjedde natta før, var eit par tomme langpils på stovebordet.

Mange har kanskje sett den svenske filmen Tillsammans om eit kollektiv av unge menneske som som køyrde 2CV og eksperimenterte med kjønnsroller, stoff og partnerbytte. Dottera mi har sett denne filmen og er ristar forskrekka på hovudet over korleis foreldra bar seg åt i sin ungdom. Men filmskaparen Lucas Moodyson henta sitt miljø frå det meir avanserte Stockholm og ikkje Volda, Bergen og Oslo. Han brukte nok si diktariske fridom til å trekke saman og setje på spissen. Slik blir det lett litt for mykje av alt.

Ryktet om dei utagerande 68-arane i Norge er dessverre sterkt overdriven. Når sant skal seiast. Vi var moralske, forsiktige, blyge og ganske monogame - til dels pietistisk idealistiske - akkurat som det folket vi kom frå. Det var nesten berre sveisen og slagorda som var litt annleis. Det er den kjedelege sannheita vi aldri våga å innrømme for oss sjølve den gongen. Eg håpar det kan bli mellom oss.

Men om vi ikkje levde eit vilt og vørdslaust bohemliv på hyblane våre, kompenserte vi med andre ting. Det var visse ting som gav status. Det var mykje hår, det var kule dongerijakker. Og ikkje minst: Jakkemerke – buttons, som vi sa den gongen. Den gongen skulle du ikkje stikke dine meiningar under ein stol. Du skulle bere dei på brystet. Di fleire meiningar, di større politisk engasjement og høgare status i studentmiljøet…..

Det bringer oss over til politikken: I hundre år hadde studentane i Oslo, Bergen og Trondheim møttest i akademiske diskusjonsklubbar der framtidas akademikarar i dress og slips utveksla sine synspunkt på riksmål og på ein danna og lavmælt måte. Måtte dei skjelle ut nokon, gjorde dei det på latin. I løpet av eit år eller tre vart dei kasta ut av studentsamfunna. Ein uregjerleg gjeng kom inn i staden. Det kunne vere forgjengarane til SV eller Grønt Gras eller kristensosialistane. Men som regel var det AKP (m-l) altså marxist-leninistane – som marsjerte inn og ville ha væpna revolusjon, proletariatets diktatur og 50 mils fiskerigrense.

Den første tida var dei sjarmerande ungdom frå drabantbyane og dei beste familiar på vestkantane som fekk følgje av idealistiske heimefødingar frå bygdene. Etter kvart vart dei kortklipte og disiplinerte maktglade puritanarar. Det store meiningskarnevalet vi opoplevde frå 1970 utvikla seg - særleg innanfor AKP med tilliggande folkefrontar til eit udemokratisk og ganske autoritært politisk miljø som hadde Lenin, Stalin og Mao som leiestjerner og totalitære statar som Albania som eit ideal.

Kvifor forandra ungdommane seg så radikalt rundt 1970. Grunnen var naturlegvis blant anna 60-talet med store sine ungdomskull, allmenn velstand, p-pillen, drugs og rock and roll. Endå viktigare var Vietnamkrigen, som berre auka i brutalitet før amerikanarane endeleg trekte seg tilbake i 73. I Norge var det EU-kampen i 1972. Og det var kvinnerørsla som for alvor fekk fotfeste blant alle dei jentene som no strøymde til universitetsbyane for å studere nye og populære samfunnsfag ved universitet og distriktshøgskular.

Eg kom til Bergen etter to år på distriktshøgskule i Volda. Der var det to hovudfløyar i studentpolitikken – SV og AKP (m-l) I studentmiljøet vart representantar for Arbeidarpartiet eller Høgre sett på som høgreekstremistar. Demonstrasjonstoga hadde avgang nesten like ofte som Oslotoget. Det var ikkje råd å sitje ein heil dag på lesesalen utan at ei eller anna gruppe kom og mobiliserte oss, som det heitte, til støtte for ei frigjeringsgruppe vi aldri hadde høyrt om i eit land vi ikkje visste noko om.

Det vart gått i tog for kvinnefrigjering, homofrigjering, det var protestmarsjar mot apartheidregimet i Sør-Afrika og mot EU (som heitte EF, alternativ EEC og dyrtid på studentspråket). Det var aksjonar mot avskoging i Amazonas, oljeboring i nord og avfolking av distrikta. Det blei aksjonert for nynorske lærebøker, samiske rettar, betre kår for bøndene og til støtte for alle store og små streikar i fedrelandet.

Oppsummert: Naturlegvis var mange unge menneske som brukte utruleg mykje tid og krefter for å kjempe for saker som var ganske lite gjennomtenkte og som sidan har brukt ganske mykje tid til å rettferdiggjere, eventuelt ta avstand frå sine ungdomssynder. Men det vart lagt for dagen ein utruleg kreativitet og ei vilje til å tenkje nytt og finne alternativ.

Den store massen enkte meir med hjartet enn med hovudet og snusfornuften. Det er noko rart med ungdommen. Dei kan vere så urimelege og påståelege og så mykje på villstrå dei berre vil. Men dei er ofte på sporet av noko som vil veletablerte og tilårskomne ikkje greier å sjå. Etter eit par tiår viser det seg at dei ikkje var heilt ute på vidotta likevel.

I dag har mykje av det vi ropte slagord for eller imot blitt den reinaste sentrumspolitikk. Standpunkt som krev arbeid for alle, likelønn, rettigheiter for homofile, innvandrarar og respekt for samisk kultur. Du blir ikkje lenger kalla landsforræder om du kritiserer USA for sine krigar i utlandet. Om det i dag skulle vere nokon som seier at den folkevalde president Allende i Chile måtte styrtast og erstattast med ein brutal militærjunta for å berge verda frå verdskommunismen, vil vi hjelpe dei med ein stol og eit glas vatn. Men i 1970-åra var dette eit ganske vanleg argument på høgresida i norsk politikk…

No skal eg gi ordet over til nokre som også hugsar 70-åra…..

Kjetil Tandstad

(Kåseri 30. mai 2010. Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte kulturkveld med 70-talet som tema.)

tirsdag 25. mai 2010

Bygda lokkar

Oslofolk pakkar kofferten. Ein av tre vil flytte ut av byen. Men bør dei eigentleg kome hit?

Kvar tredje osloborgar - blant småbarnsforeldre i Oslo er det heile 40 prosent - kan tenkje seg å flytte frå hovudstaden, melder Aftenposten. Unge byfolk drøymer om fred og ro, frisk luft og småbruk med dyr.

Det er ikkje berre ein luftig sommardraum, fortel bygdeforskaren. Byfolk har oppdaga at livsstilen på bygdene er tilnærma like urban som i byen. Bygdene har fått pol og kaffimaskinar. Rett nok saltar Trond Giske ned kvar fjerde kulturkrone i hovudstaden, så landets kunstnarar må bli byfolk for å overleve. Likevel er Bygde-Norge breiddfull av spel, kappleikar og festivalar, revyar og kyrkjekonsertar. Tilbodet er til tider langt større enn det er publikum til. I så måte er tilflytting ein god ting.

Vil ein ha færre elevar per lærar eller fleire tilsette per pleiepasient er det også bygda som gjerne dreg det lengste strået. I utkantane slepp ein også det evige maset om å ta trikken. Her er avstandane så store og kollektivtilbodet så dårleg at ein godt kan køyre SUV til jobben utan å få kritikk for det.

Med fare for å øydeleggje for Møre-benken på Stortinget, som har som oppgåve å klage si naud: Vi bur godt i utkanten. Det veit ikkje minst dei som har trekt kølapp på Oslo legevakt med ei lang og bloddryppande kø framfor seg. På våre kantar kan ein ha helikopteret på døra før ein har fått lagt på røret. Ein uheldig førar av ein snøskuter hadde velta og vart henta ned av Røde Kors. Dei reima han fast til ein skikjelke og frakta han ned til parkeringsplassen, der helikopteret alt stod og venta. Eg er uskadd og vil ikkje på sjukehus, ropte mannen halvkjøvd frå haugen av ullteppa dei hadde pakka han inn i. Dei raudkledde hysja på han. Ein grundig sjukehuskontroll var det minste han måtte gå med på, no når ambulansehelikopteret likevel hadde rykt ut.

Løyndommen har eigentleg teke til å sive ut: Vi utkantfolk har det langt betre enn vårt rykte. Når folketalet minkar, aukar vår makt og vår råderett over naturherlegdommane. Ikkje rart at byfolk også vil ha ein del av kaka. Vi som er etterkomarar etter gjeldtyngde småbrukarar har høgst ufortent stige opp i den samfunnsklassa dei i andre land kallar landadelen. Vi bur med fornem avstand til naboane. Vi har fiskerettar og hjortevald. Innhaustinga har vi folk til å ta seg av. Enno finst det heldigvis praktiserande bønder som tek seg tid til å feie over innmarka med stengelknekkar og ballepresse utan å skulle ha anna betaling enn avlinga og arealtilskotet.

Dei moderne leiglendingane invaderer bøane med mange traktorar og tungt utstyr. Dei brukar ein halv dag på å kutte og plastemballere ei avling som ein heil familie brukte tre veker på å hesje og køyre inn i gamle dagar. Men langs kantar og i brattbakkane er moderne utstyr lite verd. Det er her godseigaren må trø til. Adelskap forpliktar, tenkjer han medan han skuvar og dreg i i ein sjølvrådig tohjuling som klipper seg gjennom stive strå og meterlange renningar av or, selje og lønn. Grasfrø limar seg til skallen og sveitten surklar i øyregangane under høyrslevernet medan den innebygde radioen held han oppdatert på sommarens agurknytt.

Og slik går no ferien. Kantslått er hardt arbeid i varmen. Klimaet i nordvest dei siste åra har vore slik at vi kan høyre graset gro. Vegetasjonen rykkjer oss stadig tettare inn på livet. Så langt har det gjerne vore eit prinsipp å bruke blanke våpen mot overmakta. Men no vaklar ideala og stadig fleire er villige til å ta kjemiske stridsmiddel i bruk.

Det er midt inn i denne nådelause krigen mot attgroinga idealistiske byfolk risikerer å hamne om dei greier å skaffe seg småbruket dei drøymer om. Det er ikkje nok å køyre Landrover og kle seg i tweed og grøne støvlar. Å vere jordeigar i dag er ikkje berre ein dans på velstelte bøar. Det er også plikter.

Landadelsmannen har tradisjonelt hatt krig som attåtnæring. No må ein kjempe på heimebane for ikkje å bli slukt av framrykkande vegetasjon. Etter krigsinnsatsen på demarkasjonslina mellom skog og dyrkamark tek han seg gjerne ein pause med dagens post. Blant rekningar og aviser finn han eit inntrengjande tiggarbrev frå Regnskogfondet: Klimaet er i krise. Bruk vedlagte giro. Hjelp oss å stoppe avskoginga no!

(petit Sunnmørsposten juli 2009)

Den lyse sida

Tida går. Tempus fugit, tenkjer vi på latin. Det kjennest heilt naturleg, for så gammal kjenner ein seg når ein blir mint på at det nyleg var tretti år sidan den famøse spelefilmen Life of Brian vart kjend blasfemisk av Statens Filmkontroll og totalforboden i Norge.

Tretti år sidan. Det er nesten utruleg. Vi snakkar ikkje om før krigen. 1980 har for oss høyrt den moderne tid til. Det var ”Another one Bites the Dust” med Queen og “On the Radio” med Donna Summer. Det var Dynastiet og Dallas i fjernsynet og Thomas Wassberg og Ove Aunli i skisporet. Og så var det Monty Python på kino. Rykta gjekk høgt om filmen vi ikkje skulle få sjå. Det var snakk om korsfesta britiske komikarar som sorglaust nynna melodien som alt var i ferd med å bli ei landeplage: Always look at the bright side of Life.

Life’s piece of shit, when you think of it…. Diskusjonen om Life of Brian likna lite på den frodige og opne filmen den dreia seg om. Store delar av kristenfolket, med høgt utdanna professorar og biskopar i spissen, meinte filmen spotta kristendommen, reiv ned alt som var heilagt og at han var spesielt farleg for ungdommen, sidan han gøymde sin vondskapsfulle bodskap under humor og fleip. Kristenfolket var krenkte i sitt inste og meinte respekt for det heilage måtte vege tyngre enn underhaldning. Dei kulturradikale kravde sin ukrenkjelege rett til å ytre seg fritt, også i spøk og satire. Sensur av bøker høyrde historia til, halvanna tiår etter dommen mot Bjørneboe. No galt det filmen. Skulle religiøse mørkemenn, som aldri gjekk på kino likevel, bestemme kva filmar andre nordmenn skulle få sjå?

Svenskane marknadsførte Life of Brian som filmen som var så morosam at nordmenn ikkje fekk lov å sjå han. Etter at filmen hadde gått sin sigersgang i verda eit par år, slapp han laus også på Norge. Styresmaktene kamuflerte heilomvendinga med 18-årsgrense og ein plakat som forsikra at Brian ikkje var Jesus, men ein oppdikta person. Kampen om denne filmen vart ein bitte liten og ganske flau parentes i åndskampen. Det er stilt frå dei som den gongen ville blokkere kinosalane for å berge sjelene våre – dei er anten døde eller har blitt liberale.

I dag er Life of Brian ein populær familiefilm og ein velbrukt klassikar frå videohylla i norske heimar. Det er heilt utenkjeleg at filmen skulle greie å skape harme i breie lag. Dei fleste ser den grunnleggjande humanistiske og demokratiske bodskapen i filmen. Etter kvart har også mange oppdaga at filmen ikkje berre heldt ap med religionen, men også om ei rekkje andre allmennmenneskelege trekk, som jåleri, griskheit, flokkmentalitet og den evig krangelen på den politiske venstresida. Vi har blitt modna og herda. Vi har lært at ikkje alle utsegner treng å bli oppfatta bokstaveleg og at viltslåande humor kan vere eit godt pedagogiske verkemiddel når ein vil ha folk til å tenkje sjølv.

Parallellen til 2010 er ikkje vanskeleg å få auge på. No er det avisteikningar av profeten Muhammed med bombe i turbanen som får religiøse menneske i harnisk. Dei kjenner seg krenkte og trakka på. Blant oss etnisk norske rasar debatten mellom dei som krev retten til å krenkje i ytringsfridomens namn og dei som ser meir taktisk på det.

Vi som synest det berre er nokre somrar sidan Madonnas ”Like A Virgin” herja hitlistene, må berre sanne at tida flyg. Slikt skal ein ikkje tenkje for mykje på for eigen del, vil ein bevare helsa og sitt gode humør. Men tenkjer ein samfunnsutvikling, gir det håp. Kampen om Life of Brian er eit eksempel på at tunge krefter i samfunnet umerkeleg og utan strid kan snu i eit spørsmål som ein gong handla om liv og død, toleranse og respekt.

Ingen skal få seie at det gjekk lang tid. Tru meg, tretti år går som ein røyk.

(Petit Sunnmørsposten 23/1-10)

Mot normalt

I dag passerer vi ein viktig milepel mellom fimbulvinter og jonsok. Når natt og dag er like lange, er det på tide å teste svinet.


På denne dagen er det vårjamdøger og vi merkar at kulda slepper taket. Våren er på veg. No kan vi snart spyle saltet av bilane og koste strøsanden vekk frå trapp og oppkøyrsle. Røyrleggjarane kan pakka bort tineutstyret og ta opp att sitt vanlege arbeid, som er å skifte ut godt brukande baderomsutstyr med noko endå nyare og dyrare. Norge kom ut av den økonomiske krisa med gevinst og kan halde fram med å salte ned pengane i heimen. Også når det gjeld vinterens kraftkrise har vi stått han av. Det er varmt vatn i dusjen og vi kan igjen kaste genseren og ha det komfortabelt andre stader enn halvvegs inne i peisen. Vi er gudskjelov på veg tilbake til normalen.

I morgon er det både Maria bodskapsdag og Bendiksmesse. Det første primstavmerket markerer at det er eit svangerskap til jul. Bendiksmessa er til ære for Benedikt av Nursia som blir rekna som klostervesenets far i Vesten. Bendik har vore sparsamt feira på det protestantiske Nordvestlandet dei siste hundreåra. Men no har vi fått eit nytt og opnare syn på munkeliv etter at vi vart kjend med katolisismen gjennom sunnmøringen Arnfinn Haram. I mange år har denne kuttekledde dominikanarmunken gjort seg gjeldande som skarpskodd debattant i kulturavisene. I det siste har han også dukka opp blant talkshow-skravlarane i fjernsynet. Det skjedde etter at han bokmelde ein jubileumsantologi utgitt av det erotiske bladet Cupido og etterlyste meir saft og kraft og kjensler i pornografien.

Slik kan ein tilbaketrekt munk brått bli aktuell og folkekjær. Og kraft og saft både over og under dyna har det sanneleg vore bruk for desse beinkalde vintermånadene vi har lagt bak oss.Tre månader med finevêr har gått oss på nervane. Dag etter dag har sola har kasta sine kalde strålar inn gjennom vindauget og spreidd tvil om den globale oppvarminga. Vi har ei rekkje gongar måtta vaske bilen i fordi den naturlege høgtrykkspylinga ovanfrå har vore ute av drift. I staden for å rydde terrassen for snø har vi moka han inn til husveggen for å få ekstra isolasjon. Heilt mot normalt har han blitt liggjande, og han kom vel ved.

Varmgang. Sidan juletider har vi stampa rundt i tunge sko og polstra vinterfrakkar i staden for dei vanlege allvêrsjakkene.Vi har uroa oss for frosne rør og varmgang i sikringsskåpet. Vi har forskansa oss innandørs med vampyrseriar på TV. Når vi endeleg har sovna, er det elektrisitetsrekninga vi har hatt mareritt om.

Med god grunn, skulle det vise seg. Det har i det heile vore ein vinter mot normalt og det er inga trøyst at vintervêret har vore ute av lage også nede i Europa. Der har stormar og snøtjukke framkalla vassflaum og jordras, høyrer vi frå fortvilte norske klimaflyktningar. Dei har kjøpt seg spanske og italienske feriehus i dyre dommar for å sleppe unna skitvêret i nord. Men i år har dei hutra bak enkle vindauge, opplevd sludd og regn og merka kulden bite gjennom uisolerte murvegger. Med andre ord – dei har hatt ein vinter som minte stygt om den klassiske grøne vestnorske. No kjenner dei seg lurte. Og då er det nok berre eit tidsspørsmål før ein solariebrun stortingsrepresentant frå Framstegspartiet går på talarstolen og spør kva statsråden har tenkt å gjere med det.

Merkedagen midtvegs mellom nyttår og jonsok blei også kalla Bent prøvesvin – eit kalendermerke som i dag er minst like fjernt for moderne menneske som Bendiksmessa. Men i morgon er altså dagen då ein skal teste ut kor godt grisen har greidd seg gjennom vinteren. Det brukte ein å gjere ved å drive han framfor seg med slag og spark for å sjå kor mykje han tolte.

I dag er det knapt nokon som har villagriser å jage rundt på. Hadde vi gjort det med spark og slag som tradisjonen tilseier, hadde vi også raskt blitt stoppa av Mattilsynet. Men tradisjonane lever vidare i nye former. No går det ut over sofagrisen i staden. Far har velta seg i vinkelsofaen med ostepop og pizza sidan dei olympiske leikane tok til. No blir han jaga ut i naturen og inn i skiløypa av kone og fastlege og han blir møtt med grove truslar om overvekt og helsesvikt om han kjem for tidleg inn att.

God helg!

(petit Sunnmørsposten mars 2010)

mandag 24. mai 2010

Fridom og fridom

17.maitale Stranda 2010


Kjære strandarar, besøkjande svigersøner og andre utanbygds tilreisande. Gamle og unge.

Gratulerer med dagen.

I dag feirar vi fridomen vår som nasjon og som innbyggjarar. 17. mai er ein dag som er sterkt knytt til den unge norske nasjonen og den lange og krunglete vegen til sjølvstendigheit og fridom. Nordmenn samla seg på Eidsvoll i 1814 for å skrive si eiga grunnlov. Inspirasjonen kom frå den franske revolusjonen: Fridom, likskap og broderskap var slagordet som fenga embetsmenn og bønder i Norge.

Historiske sprang veks gjerne ut av kriser. For det såkalla udelelege kongeriket Danmark-Norge var krisa avgrunnsdjup i åra før 1814. Danskekongen hadde satsa på feil hest, nemleg Napolon, som tapte krigen. Kongeriket Danmark- Norge var på knea både økonomisk og militært. For å kome seg ut av knipa og blidgjere sigerherrane, gav danskekongen rett og slett heile Norge til svenskane.

Det var kanskje ikkje den mest heroiske måten å bli eit eige land på. Men det gjekk i alle fall fredeleg for seg. Nordmennene var om seg og såg sitt snitt til å skaffe seg kanskje ei av dei mest moderne og demokratiske grunnlovene i verda. Grunnlova frå Eidsvoll gjorde Norge til ein slags nasjon igjen. Men vi var framleis underlagt ein svensk konge.

Det neste knappe hundreåret brukte Norge til å skaffe seg meir og meir fridom, suverenitet og nasjonalt sjølvstyre gjennom eit vedvarande press. For svenskane var dette eit bit-for-bit-diplomati som må ha irritert dei grenselaust. I åra før 1905 var det stort sett berre utanrikspolitikken som stod igjen. Presset frå Norge vart endå meir forsterka. Det kunne ha blitt krig, men svenskekongen var ein forstandig mann og gav opp det vesle som var att av svensk overherredømme.

Vi heldt fram med å utvikle vår nasjonale friheit som eigen nasjon. Vi gjorde det med lover og reglar. Det kom konsesjonslover som sikra nasjonal kontroll over våre vassdragsressursar Vi bygde jarnbane over store delar av landet. Ut over i det 1900-taletkom det ei lang rekkje lover som regulerte innbyggjarane sin handlefridom og som la grunnlag for det som skulle bli den norske velferdsstaten. Då vi oppdaga olje i Nordsjøen, slepte vi først til oljeselskapa etter å ha vedteke lover som sikra den norske staten sin gode del av rikdommane.

Den norske fridomen var sikra gjennom lover og reglar. Mot slutten av 1900-talet hadde begynte mange å irritere seg over detaljerte lover og reglar på alle livets område. Vekk med hemmande konvensjonar og tradisjonar, vekk med kyrkja si store makt. Det vart ikkje berre lov til å tenkje sjølv, men også å gjere som ein tenkte. Vå kravde individuell fridom. Kjærleiken vart ganske fri. Det vart pol i kvar bygd og pengespel på internett. Men di friare vi vart, til meir fridom ville vi ha. Mange ville ha fri fart, fri hasj og fri flyt av det meste: Fri og bevare oss, sa mange andre. Det tok til å merkast at fridom også har sine grenser. Bak kravet om fridom kan det også ligge eit krav om å sleppe ansvar, forpliktelsar, engasjement.

Kor personleg frie orkar vi eigentleg å vere? Kor lykkeleg er ein når ein berre treng å tenkje på seg sjølv og slepp å ta omsyn til kva familien, naboane, lokalsamfunnet og nasjonen meiner. Det blir nok eit fritt men truleg også eit svært einsamt liv. ”Freedom is another word for nothing more to loose”, song rockejenta Janice Joplin som hadde prøvd det.

Likevel, fridom er eit ord alle vil ha i fana si, anten dei kjempar for politiske rettar eller sel coca cola og mobiltelefonar. Filosofen Slavoj Zizek seier bitande at i det moderne samfunnet er menneska så frie at dei kan gjere kva som helst - så sant det inkluderer shopping. Det moderne mennesket har lett for å gløyme at det er ei heil verd av forskjell mellom kravet om grunnleggjande ytringsfridom og å krevje fridom til å velje mellom 40 prikk like TV-kanalar.

17. mai har vore den dagen vi har brukt til å feire at vi er ein fri nasjon og at vi er frie menneske. Men kva er det å vere fri? Denne dagen er det naturleg å reflektere over kva fridomen betyr for kvar og ein av oss. Lat oss hente visdom frå litteraturen. For eksempel frå teikneserien Asterix og Obelix, episoden Obelix & Co frå 1976. Historikaren Håvard Nilsen brukte nyleg denne episoden i sitt innlegg om fridomsomgrepet som han heldt på Rørosseminaret i april i år.

Som dei fleste nok vil vite, handlar denne teikneserien ein liten gallisk landsby som held stand mot det mektige Romarriket. Dette er den einaste landsbyen som nektar å underkaste seg den romerske keisaren. Det er naturlegvis noko som irriterer han forferdeleg. Keisaren, altså sjølvaste Julius Cæsar, sender stadig store hærstyrkar til Gallia. Men dei kjem mørbanka heim att. Keisaren prøver alle slags knep og triks. Men gallarane har ein ukueleg forsvarsvilje.

Når romarane held seg unna, lever dei som normalt, kranglar og kastar fisk på kvarandre, slik ein gjer i alle velfungerande lokalsamfunn. Men lurer det fare utanfrå, er dei einige og vel forlikte. Ved hjelp av sine hemmelege styrkedråpar som den lokale trollmannen kokar i hop, får dei ekstra krefter. Dei stiller i kø hos trollmannen for å få sin dose. Så marsjerer dei lystig av stad for å forsvare landsbyen og banke opp romerske elitesoldatar.

Hovudpersonar i teikneserien er Asterix, som er ein liten og kvikk og hissig fyr og ein slags lokal førarskikkelse. Obelix datt i styrkedrikkgryta då han var liten. Det gjorde han stor og sterk og gav han ei barnsleg glede av å slåst med dei topptrena romerske troppene. Eg skal ikkje dra parallellar til det indre livet på Stranda. Eg skal heller ikkje meine noko om kven som er Strandas Asterix og Obelix og kven som har rolla som Julius Cæsar i desse EU og kommunesamanslåingstider. Det overlet eg trygt til publikum.

Men altså: i denne landsbyen heldt dei fridom og sjølvstende som det viktigaste av alle verdiar. Dei levde samdrektige og lykkelege med Romerriket som samlande fiende. Dei produserte bautasteinar til eige bruk og greidde seg elles med det naturen gir dei.

Men ein gong spør Cæsar ein økonom korleis han kan underlegge seg denne trassige landsbyen. Han fekk følgjande råd: Gi dei pengar, sa økonomen. Gull og grådigskap gjer motstandarane svake og rundvomma.Julius Cæsar tente på ideen. Han sørgde for at bautasteinar vart høgste mote i Rom. Gallarlandsbyen byrja å tene store pengar på å selje sine bautasteinar til romarane. Det galt ikkje minst Obelix, som no produserte så mykje bautasteinar at han vart den rikaste i landsbyen. Han gjekk rundt med ei prangande silkesløyfe på magen. Han forsømte vennskapen med Asterix. Fordi han vart så rik, fekk han også plutseleg drag på damene. Han la seg etter den penaste dama i landsbyen, ho som er gift med oldingen Senilix. Det tok Senilix naturleg nok ille opp og kasta seg med stor energi inn i bautasteinproduksjonen for å konkurrere ut rivalen.

Innbyggjarane i gallarlandsbyen vart så rike at dei tok til å importere alle sine matvarer frå butikkane i Rom. Landsbyen var ikkje lenger sjølvforsynt og vart lett å ramme. Rikdommen førte også til mistru og sjalusi. Innbyggjarane tenkte mest på å karre til seg sjølve. Landsbyen vart splitta og sårbar. Dei frie marknadskreftene fekk fritt spelerom. Det var kvar mann for seg sjølv.

Det gjekk godt til slutt. Gallarane tok til vitet og sidan har det kome mange og spennande episodar om denne frie og sjølvstendige gallalandsbyen som keisaren aldri greidde å ta knekken på. Men aldri hadde dei vore så nær eit nederlag som denne gongen. Episoden vart første gong gitt i 1976. Dette er eit eksempel på at også teikneseriar kunne vere aktuelle kommentarar i den politiske debatten. Episoden kom altså same året som økonomen Milton Friedman dukka opp med sine nyliberalistiske teoriar.

For Friedman og dei andre nyliberalarar presenterte teoriar som grovt sett gjekk ut på at marknaden styrte seg best sjølv. Teoriane hans spreidde seg raskt: Politikk berre rota det til. I grunnen finst det ikkje noko samfunn, berre enkeltindivid som gjer rasjonelle val, meinte Margareth Thatcher i Storbritannia. Medan vi før hadde hatt politikarar som meinte at å styre økonomien var den beste måten å styre samfunnet på, fekk vi no politikarar som meinte at den beste politikken var minst mogleg politikk. Var marknaden fri, ville også menneska bli frie, meinte dei.

Slik er det ikkje. I moderne historie er det mange eksempel på at ein fri marknad ikkje utan vidare gir frie menneske. Ein prøveklut vart Chile, der den folkevalde presidenten vart styrta og militærregjeringa brukte nyliberalismen som rettesnor i den økonomiske politikken. Det viste seg at eit fritt næringsliv godt let seg kombinere med eit brutalt og undertrykkande diktatur. Kina har for lengst blitt ein kjempestor aktør i verdshandelen. Så langt greier dei seg godt utan ytringsfridom og andre grunnleggjande demokratiske rettar. I USA og Europa har den frie og ukontrollerte marknaden gjort mange menneske til gjeldsslavar og arbeidslause. På Island – eitt av verdas eldste folkestyre - let dei ein flokk uansvarlege marknadstilhengarar leike seg fritt med formuane til islendingane utan at regjeringa såg nokon grunn til å kikke dei i korta. Resultatet vart som vi veit katastrofalt.

Det er mange eksempel på at ein sterk stat kan gjere innbyggjarane ufrie. Men spørsmålet er i like stor grad om menneske kan fortsette å vere frie om dei er prisgitt ein fri og ukontrollert marknad. Det er i alle fall ingen tvil om at den marknadsliberalismen som har rådd grunnen dei siste tjue- tretti åra har gjort forskjellane mellom rike og fattige mykje større. Stadig færre eig stadig meir av fellesformuen. Det viser offisiell statistikk blant anna frå USA, Storbritannia og Norge. Statleg styre kan ta fridomen frå menneska. Men ein fri og uregulert marknad kan også gjere folk til slavar.

Det er ganske avgjerande kva vi meiner med fridom. Det som er fridom for den eine, kan bety slaveri for den andre. I moderne tid er det sterke tendensar til å privatisere fridomsbegrepet. Menneske er fritt så lenge ikkje nokon utset det for tvang eller påfører det beslutningar det ikkje sjølv har valt. Det høyrest greitt ut. Men er det nok?

Men i eldre politisk tenking heng fridom og fellesskap uløyseleg saman. Å vere fri vere fri tyder ikkje at ein kan gjere akkurat som ein vil. Får ein person mykje fridom, kan ein samtidig kome til å innskrenke fridomen til andre. Dette var grunnen til at slagordet frå den franske revolusjonen ikkje var eit krav om fridom åleine. Parolen var: Fridom, likskap og broderskap.

Skal fridom ha noko meining som ideal, må det bety fridom for alle. Det betyr også likskap. Det må vere om lag like mykje fridom for alle. Heller ikkje det er nok. Skal ein få det til, må det også omsorg til. Det trengst fellesskap, solidaritet, broderskap.

Den tapre gallarlandsbyen viste seg å ha liten verdi som samfunn der alle berre tenkte på seg sjølv. Den solidariske landsbyen derimot, med sin kunnskap, si historie og sine tradisjonar, var uovervinneleg, sjølv for den romerske keisaren.

Fri og fridom er ord med eldgamle røter i alle europeiske språk. Det kjem truleg frå sanskrit og betyr elskande, kjær og elska. Det same ordet har gitt oss ordet fred, frende og det engelske friend. Det skal også ha gitt namnet til den nordiske kjærleiksgudinna Frøya. Tek vi utgangspunkt i den opphavlege meininga av ordet, er eit fritt samfunn også eit samfunn der det er fellesskap og kjærleik. Det er samfunn der folk står saman og støttar kvarandre. Der det er omsorg for alle innbyggjarane. Det er eit samfunn der ein drøftar og kranglar seg fram til felles løysingar og gjennomfører dei i lag.

I eit fritt samfunn er ein ikkje berre er oppteken av notida, men også fortida og framtida. Ved å føre tradisjonar og kunnskap vidare til nye generasjonar, skal dei som kjem etter oss få fridom til å velje sin eigen veg. Slik er fridomen ikkje noko ein oppnår ein gong for alltid. Den må heile tida vedlikehaldast og utviklast. Slik sett er gir det god meining i å gå i 17. mai-tog for fridomen også i vår tid.

Det gir også meining å bruke denne talarstolen til å reklamere for eit nytt og viktig initiativ for lokalsamfunnet Stranda. På Furset står Berge Trevarefabrikk mykje godt då han vart sett i gang i 1917. Vi kan godt seie det er starten på industrien i kommunen. Her tok ein nemleg i bruk moderne maskinar. Maskinene blei drivne elektrisk via eit reimdriftsystem. Fabrikken var ikkje berre produsent av trevarer, men også bygdasag, mølle, bibliotekfilial, postkontor og samlingsstad for folket i grenda.

No vil eigarane overlate fabrikken til fellesskapet slik at nye generasjonar skal få sjå korleis den første industrien på Stranda såg ut. Eit interimstyre er på plass. No etterlyser ein eldsjeler, idemakarar, dugnadsarbeidarar for å hjelpe til med å gjenskape miljøet i fabrikken.

Prosjektet er såpass spesielt at det bør vere gode utsikter til å få god offentleg finansiering for noko som kan bli eit eineståande industrimuseum på rot. Det vil truleg bli den einaste gamle trevarefabrikken som er bevart og teken vare på Sunnmøre. Det er naturleg at eit slikt anlegg kjem akkurat i bygda som blir rekna som møbelindustriens vogge her landet.

Det er ein føresetnad at lokalsamfunnet sluttar opp om planane og stiller opp med dugnadsinnsats. Det gode med slike prosjekt er ikkje berre at dei tek vare på kulturminne for framtida. Slike fellesprosjekt bind også lokalsamfunnet saman – og like viktig - det bind fortidas strandarar saman med dei som lever i dag og dei nye generasjonane som kjem etter. Slike tiltak byggjer identiteten til eit lokalsamfunn. Det allierer fortid notid og framtid og fungerer som styrkedråpar for lokalmiljøet.

Derfor seier eg: Fram for fridom, likskap og brorskap – og fram for eit unikt industrimuseum i kommunen der den sunnmørske møbelindustrien aller først slo rot.

Takk for meg.

lørdag 22. mai 2010

Pose og sekk

Korkje innsatsvilje eller dugnadsånd manglar i bygde-Norge. Problemet er at her er alt for lite folk.



Vi er så få her i landet. Og vi møtest så sjeldan. Og når vi endeleg møtest, har vi sjeldan tid til ein prat. Det gjeld ikkje minst i vårt grisgrendte område av fedrelandet her vi må springe beina av oss etter alt vi må ha.

Bygdene blør. Ungdommen flyttar og arbeidsplassane rømer etter. Snart er det berre pensjonistar igjen. Det som trengst er eit nytt kulturhus med kafé og kunstgalleri, formiddagskonsertar og eldrebingo. Det er ei skam og eit sakn at kommunen ikkje har ei scene som stettar krava for omreisande teater. Om ikkje akkurat for vår eigen del. Men vi tenkjer på den oppveksande slekt. Dei blir kanskje buande i heimbygda om vi kan lokke med eit skamlaust amfi og det siste frå Jon Fosse på ei scene med internasjonale mål.



Eit godt lokalsamfunn treng sin eigen nærradio for å knyte oss saman og skape samhald med quiz og årgangspop. Vi bør ha hotell med spa og gjerne ein nattklubb for turistane. I det minste bør det vere grunnlag for ein skikkeleg pub. Vi høyrer til dei som er villige til å gå langt for halde den lokale skjenkjestaden gåande gjennom vinteren, men vi kan ikkje gjer det åleine. Vi etterlyser den gode gamle dugnadsånda. Blir puben borte, er kanskje Posten den neste. Så reiser dyrebutikken og dermed er avfolkinga i full gang. Berre frisørane blir igjen, men vi kan ikkje alle leve av å klippe kvarandre. Vi må ha nokre hudterapeutar og solstudio også, om vi skal få barnefamiliane til å flytte tilbake.



For bygdefolk gjeld det ikkje å misse tilbod, endå så vanskeleg det er å halde liv i alt vi har gåande. Vel har vi frivillige organisasjonane som dekkjer heile sektoren frå kriminelle motorsykkelgjengar til Tempelriddarordenen. Vi har kor og korps, golfklubb og strikkekafé. Kinoen er truga og dei vaksne må ta ansvar. Ungdommen har alltid sett filmane før. Dei lastar dei ned frå nettet så snart dei er sleppte. Heimekinoanlegget i kjellarstua har surroundlyd og der er det ingen som protesterer om dei legg beina på salongbordet.



Likevel flyttar ungdommen ut og vil heller bu på tronge hyblar i hovudstaden enn i kjellarhusværet heime hos ho mor. Det er så mykje som lokkar og dreg. Helst skulle vi ha hatt eige symfoniorkester og fotballag i eliteserien for stoppe ungdommens flukt. Utan eit breitt kulturtilbod kan ikkje noko lokalsamfunn konkurrere.Og så må vi ha kjøpesenter for å stoppe handelslekkasjen. Når industrien flaggar ut og tek fabrikkporten med seg, kjem store ledige sentrumstomter til syne. Arkitektar og utbyggjarar er straks på pletten med forslag om korleis ein kan sikre at pengane våre blir verande. Dei foreslår alt vi har bruk for; kulturbygg med bowling og fontene og strandpromenade med gjestehamn.



Det får så vere at prosjektet etter kvart kokar ned til den vanlege handlehangaren med høgt prisa utsiktshusvære på toppen. Utkantpolitikarar forstår det så inderleg vel: Konjunkturane bestemmer.

Slik blir det kjøpesenter og parkering på den beste tomta. Påkosta handlegater med skifer på fortaua og sitjegrupper i hoggen stein hamnar i bakevja. Butikkane flyttar under tak og til innetemperatur. I den gamle hovudgata er det berre ein og annan skater med lommene fulle av sprayboksar som kjenner ansvar for å setje liv og farge på miljøet.



Nei, vi seier ikkje nei til nye tilbod. Snarare tvert imot. Skal vi lokke heim urbane ungdommar må vi ha alt som byen kan tilby dei. Vi må ha folkeliv og fullt trykk og framande tungemål i gatene. Og skulle vi ikkje kunne ha gateseljarar og musikantar og rumenske tiggarar like vel som alle andre?

Yes, we can! Vi er så få her i landet og vi møtest så sjeldan. Når vi doblar handlearealet, møtest vi diverre berre halvparten så ofte. Det vi kan gjere , er å handle dobbelt så mykje og bruke dobbelt så lang tid når vi gjer det. Slik held vi trykket oppe og bevarer bygda som ein attraktiv plass å bu.



Velkomen til oss!



Petit, Sunnmørsposten 24/5-2010

mandag 19. april 2010

Kjære dagbok

Det var slik dei byrja, dagbokromanane i gamle dagar, der menneske med uttrykksbehov skreiv ned sine blygaste tankar i ei bok med lås på.

No vil vi først og fremst spreie det vi tenkjer og er kanskje flinkare til å spreie enn å tenkje. Slik sukkar ein gammal journalist før han kryp til korset og fortel om sine opplevingar med web 2.0 i bloggs form på denne den siste kveld før dom skal falle. Her kjem mitt lapidariske bidrag:

 Ting 1. Blogg er utforska og eg ser absolutt den faglege nytten av å bruke denne forma. Eg skulle kanskje twitra meir, men min konto blir  fylt opp av ei fager sykkylvsjente i USA som jobbar på ein radiostasjon eller kanskje er mediestudent. Ho teppebombar meg med lenkjer over alt som skjer i USA av nytt og gale. Eg må bla sidevis tilbake før eg kanskje kjem over direktøren og eitt av hans heroiske forsøk i formatet under 140 tegn.
Ting 2. Eg har også lært å knytte meg opp mot nyheitsstraumar. Det er nyttig, men det blir fort for mykje om ein ikkje er kresen nok. Prøv VG-sporten og få meldingar til langt over nasetippen.
Ting 3. Eg har prøvd meg litt på å dele bilder, tagge og eg har vore innom på picasa og flicr, men eg burde nok ha leika meir med dette for å få det inn i fingrane.
Ting 4.Eg har også podkasta - ein gong. Men mine kulturelle favorittprogram frå laurdag for- og ettermiddag er lavkostproduksjonar utan sirkus og sport og går i reprise gjennom heile veka. Eg får dei med meg anten eg vil eller ikkje. Det står elles mykje til rest når det gjeld å turnere lyd og musikkdeling.
Ting 5. Eg har delt ein artig video som eg fekk ein plass med mine blogglesarar. Filmbiten om blondina som har vore utanfor arbeidslivet i tjue år og som gjorde kort prosess med dataskjermen var både kort, fyndig og festleg. Eg har også oppdaga YouTube. Det er ein utspekulert tidstjuv som appellerer til mi sinteresse for absurde trivialitetar og unyttig kunnskap. Men det har nok ein nytteverdi. Vi er nemleg eit stort publikum der ute.
Ting 6. Facebook har eg vore passiv medlem av i eit heilt år. Men det korkje dryp eller dett av meg.Eg synest eg må noko som har litt offentleg interesse før eg publiserer. Det er det ikkje så ofte eg har.
Ting 7.Googling har eg alltid vore god på. Det har eg brukt i årevis. Dette med tagging i delicious prøvde eg meg på, men køyrde meg fast i første fonn og let bilen stå. Eg fattar også poenget med StumbleUpon, men trur ikkje det er aktuelt for meg. Eg snublar over spennande ting heile tida eg og treng heller nokon som jagar meg inn i hovudfila igjen.
Ting 8. Wikipedia har eg brukt (med stigande skepsis no når kritikarane presenterer sine eksempel på alle feila som finst der i sine forsøk på å berge Store Norske Leksikon.) Nokre sanningar må då vere evige i vår omskiftelege verd, i alle fall sannare enn ein leksikonartikkel som ein fremmeleg 14-åring kan skrive om når som helst. Hans sanning blir ståande heilt til  ein meir kunnskapsrik person grip inn. På den andre sida: Eg prøvde å leggje inn litt ekstra om Norsk Møbelfaglig Senter, blant anna vår e-postadresse. Men det skal dei ha, kontrollørane der ute i cyberspace: Det gjekk ikkje meir enn nokre timar før eg fekk e-post med skjenn frå ein administrator som eg fekk inntrykk av var frå Vartdal.
Ting 9. Så var det Google.docs: Skrivefunksjonen var fin.Men det som interesserte meg mest, var å bruke det som lagringsplass. Ved systematisk å lagre "der ute" kan ein nå sine artiklar frå ein pc over alt. Og sidan mitt spesielle problem er at eg har mangelfullt utvikla sjelsevner når det gjeld systematikk og har mitt livsverk spreidd rundt på gamle og nye pc-ar, tenkte eg at eg kunne bruke google.docs som backup. Tanken om at pc-en på kontoret, som rett nok har ein ekstra harddisk som ekstra tryggleik, skulle gå i lufta, eventuelt bli stolen eller brenne opp, har plaga med av og til. På denne pc-en ligg stort sett alt vi veit.
Som ein test la eg ut boka mi om Hagen Treindustri i Stryn som pdf-format i google.docs, og det gjekk bra, men det la beslag på det meste av gratisminnet. Eg flasha gullkortet og kjøpte meir lagringsplass for 30 kroner og no har eg i lassevis av plass til februar 2011.
 Men å få lagt inn noko, er tungt. Det mislukkast ofte og ein må prøve igjen og igjen utan å vere sikker på om det går. Det har fått interessa til å kolne. No kjøper vi eksterne harddiskar og kjem til å gøyme dei på ein lur plass medan vi ventar på den sentrale serveren i Gavlen.
Ting 10: Google Map. Du og du for ein reidskap! Men eg har brukt Gule Sider si kartteneste og den er også overraskande bra. Eg forstår naturlegvis kor nyttig det kan vere å guide våre gjester til musea også via  satellittbilder, men eg er ikkje der førebels (for å seie det forsiktig). Det same gjeld å mashe ihop ulike nettstader og sette det saman til eitt  fancy produkt. Eg skulle gjerne lært det, men førebels er dette ein tanke far out frå eit enkelt menneske frå  Sykkjølva.
Ting 12: Framtida:  Ja, kva vil den bringe? I alle fall heilt sikkert store mengder lett tilgjengeleg info. I staden for å rusle på biblioteket og låne bøker, vil vi søkje oss fram til data og hente dei til vår arbeidsplass. Eg kan ikkje akkurat stå fram og seie at eg har så mange virtuelle vener, men eg veit nokre eg kan dele med og spørje om råd etter kvart. Dette å hente opp eit manus frå skya og la ein kollega sjå på det saman med deg
 opnar for spennande  fagleg samarbeid.
Eg er så gammal at eg merkar eg synest det er unaturleg å vere kopla opp ein heil dag på nettet. Vi tenkjer enno teljarsteg! Men er det mogleg å kome over.Eg ser ikkje bort frå at vi i langt større grad enn i dag vil abonnere på skriveprogram og lagringsplass, bildearkiv og liknande på nettet og at computeren ikkje lenger blir så personleg som før. Det personlege ligg ute i cyberverda ein stad. PC-ane blir i staden terminalar vi går inn på for å få kontakt med våre konti der ute.
Oppsummert: Eit (overraskande) spennande (og ganske overveldande) kurs. Eg har fått med meg litt, men har først og fremst lært meg at det er eit hav av - ja nettopp ting - vi skulle ha lært der ute.  Eg kjem vel til å konsentrere meg om blogg, tvitring av lenkjer og litt bruk av bildebankar. Kanskje blir eg litt meir flittig på Facebook, men mest for å spørje alle dei kloke venene eg har sikra meg når det er noko eg lurer på.

 Elles treng eg å prioritere Moviemaker og PowerPoint i mi vidare utdanning. Det er mange som ønskjer eit kurs i noko slikt slik at vi verkeleg kan briljere. Men vi prøvar altså å henge med, vi som voks opp med  den gong så fantastiske nyvinninga transistorradio.

mandag 22. mars 2010

Vil berge Berge-fabrikken

Vil det late seg gjere å berge den tradisjonsrike Berge-fabrikken på Stranda?

Ei interimgruppe er i sving for å sjå om det er mogleg å få berge Berge Trevarefabrikk frå forfallet og få til ei foreining som kan ta seg av vedlikehald og drift av eigedommen. Fabrikken er frå 1915 og vart bygd samtidig med kraftverket på Furset. Fylkeskonservatoren meiner bygninga har høg verneverdi. Dette er ei av dei best bevarte anlegga av dette slaget i Møre og Romsdal og bygninga er ogås registrert på Riksantikvaren si oversikt over verneverdige tekniske/industrielle anlegg.

Følgere