torsdag 12. mai 2011

Den søte kløe

Vi har for lengst bytt devoldtrøyer og tjukkeraggar med shorts, sandalar og solfaktor. Men det er ikkje ulla som klør, det er våren….

I år fall det årlege underet saman med påskemysteriet. Ein sein og seig vinter gjekk plutseleg over i ein tidleg vår. Etter eit halvår med rekordkulde, frosne vassrør og katastrofale straumrekningar, forvandla eit botnfrose landskap seg til ein duftande og blomstrande hage.

Naturlegvis er dette eit mirakel, endå det skjer kvart einaste år. Bjørka sprett, folk og fuglane syng og byggjer reir og russen krabbar i rundkøyringane. Frå byggjefelta blir det sendt opp røyksignal frå alle terrasser: Her er det familiekos og fellesskap rundt raudbrende skuldrar og svidde sommarkotelettar, signaliserer dei til kvarandre. Frå ein dag til ein annan vart den bleike vintersola flammande gul og varm så godtfolk måtte kaste jakke og botforar. Det er pussig kor raskt ei slik total meteorologisk omvelting blir akseptert som ei sjølvfølgje: Berre nokre veker etter at telen forsvann, fell det heilt naturleg å rusle sveitt og mødd bak grasklipparen, berre iført sandalar, shorts og solfaktor 18.

Midt i denne underfulle våren, blir ein kalla inn til kontroll på sjukehuset. Ein troppar opp med sine kråketær frå fastlegen i handa og blir vist til ein stol i ei trong krå framfor døra til spesialisten. Ikkje før er ein på plass, før ein får selskap med ei oppsiktsvekkjande flott dame i same ærend . Ho er av det sterkt nedringa og oppskjørta slaget. Ho helsar med ein strålande smil før ho gjer seg utilnærmeleg ved å feste blikket ein stad midt på den kvite korridorveggen og la det bli hengande .

Det er kanskje den brå våren som får naturen til å gå over opptuktinga. Medverkande er nok også utsikta, som utanom dama på stolen gir lite anna å sjå på enn kvite korridorvegger og plakatar som fortel at det er fullt mogleg å leve lykkeleg med kols og utlagt tarm. I eit så sterilt miljø, er det fort gjort at auget går sine eigne vegar: Ein grip plutseleg seg sjølv i å sende stolne blikk. Den fagre beint imot har også lagt merke til skottinga. Ho ser litt forarga ut og dreg fåfengt i skjørtet for å skjule sine lange og sommarbrune bein.

Og ho har rett – for uansett sivilstatus, alder og livssyn, er dette korkje tid eller stad. På eit venterom skal ein sitje med innovervendt blikk og vere oppteken av seg sjølv og sine eigne plager. Då passar det dårleg å fjase og flørte.

Ein raudnar litt brydd og leitar blant gamle vekeblad på bordet etter ein meir akseptabel stad å feste blikket. Ein har bladd gjennom fire nasjonars kongehus og ei tylft med nyskilte kjendisar før ein tenkjer på signaleffekten. Då er ein snar til å byte ut dameblada med eit meir maskulint båtblad for å sende signal om pengar og eventyrlyst. Etter kvart finn ein også eit eseløyrd eksemplar av Fjell og Vidde i haugen. Med det kan ein semaforere at her sit det eit rett nok tilårskome, men likevel senesterkt mannfolk med sans for dei enkle og ekte verdiar i livet.

Når ein til slutt også finn ei påkosta kunstbok under vekeblada på bordet, kan ein også vise til høg kulturell kapital.Den omfangsrike kunstboka viser seg å vere full av stilige svart-kvittfoto. Den internasjonalt kjende fotografen blir presentert i rosande ordelag i eit kort forord. Elles er fotosamlinga utan tekst. Ein blar seg gjennom sobre foto av amerikanske skyskraparar og luftige tindar i norske fjellandskap. Her er det stemningsfulle hamnemotiv med kranar og master. Her er stolte greske søyler og himmelstrevande kyrkjespir, for ikkje å snakke om utsøkt grafiske tolkingar av utskytingsklare rakettar og finske mastefuruer i skuggefullt skogsmiljø.

Det er bilete som fortener kjennarmine. Ved eit par tilfelle gryntar ein beundrande og held boka opp for å nyte dei perfekte proposjonane på nærare hald. Vi skottar over på vår ukjende venteromsvenninne og synest at ho har blitt ørlite meir tilnærmeleg . Det er nesten som ein kan ane skuggen av ein spøkjefull smil på dei raude leppene.

Det er naturlegvis på dette tidspunktet at legen opnar døra og ropar ein opp. Det er ikkje noko anna å gjere enn å slengje kunstboka på vekebladhaugen og gå. I augnekroken ser ein teksten på baksida av omslaget som ein har halde opp som ein plakat framfor ansiktet dei siste ti minutta: Tema for denne boka har vore det som peikar opp. Sponsored by Viagra.

Følgere