mandag 2. februar 2015

Mulla på bygda


Petit 310115

 

Ein krenka mulla på Krekseterøra er kanskje det næraste vi kjem Nord-Korea her i landet.

I januar har vi alle vore Charlie – i  større eller mindre grad.  Gradbøyinga handlar ikkje mest om at krenking skal vere lovleg, men om krenking er eit gode til ei kvar tid. Dei fleste er samde om at krenking er uhøflig og ofte dumt. Men  kan det også vere ein slags prøvestein for ytringsfridomens siste grenser?

Klappsalvar. Det er ein naturlegvis kraftig kost at alle norske ståoppkomikarar som ein gong har stått på ei scene og fleipa med muslimane, no står fram som talsmenn for humanisme og ytringsfridom. Men dei som har skadefryd som talent, krenkjer også kristenfolket, regjeringa, domstolane og kjendisane. Slik er dei sine klappsalvar verd, sjølv om lyden av  opne dører som blir slegne inn på heroisk vis, ofte kan vere vanskeleg å overhøyre.

Skal det vere noko poeng i å banne, så er det ikkje først og fremst i ølteltet, men i  kyrkja det bør skje. Det er alltid dei mest urimelege og mest upopulære standpunkta som tøyer grensene for  ytringsfridomen. Slike klappar ikkje publikum for.

Kalasjnikov. Skal ein måle tolegrenser, er det meir interessant å følgje med på korleis den nye terrorlova i Frankrike blir praktisert. - Eg skal finne fram kalasjnikoven, ropte ei fjorten år gammal jente som vart tatt i billettkontroll på trikken i Nantes like etter terroråtaket i Paris. Ho vart  overlaten til politiet og tiltale vart  reist etter terrorlova. Så langt er  meir enn 150  personar sikta etter denne lova, som forbyr å støtte eller å orsake terrorhandlingar. Å gi si støtte til terror, krenkjer rettsoppfatninga til dei fleste av oss. Men kanskje er sånne krenkingar også med på å  halde ytringsfridomens råk  opa.

Korset vi stønnar under her i landet, heiter Krekar og er mulla. Han er lettkrenkt sjølv, viste komikar Shabana Reban. Ho  tok ein gong godt tak og løfta han opp framfor publikum. At det var ei dame som løfta, gjekk på æra hans laus. Norge trong ikkje noka ekstraordinær terrorlov for å fengsle han etter hans mange provoserande utspel og truslar mot statsministeren. Ut av landet skulle han, straks han hadde sona ferdig, lova regjeringa. Det skulle ikkje visast nokon nåde. Men då lauslatinga nærma seg,  leita statsråden fortvila i si juridiske verktøykasse. Men nokon måte å  få sendt han heim til mogleg død og fordervelse, fann han ikkje.  Menneskerettane stod i vegen.

Sindige trønderar. Det verste ministeren fekk til, var å forvise han til Kyrksæterøra. Der er han dømd til å bu blant sindige trønderar på ubestemt tid.  Det er ikkje første gong problematiske flyktningar blir gøymde på avsides bygder med godt skiterreng. Då Leo Trotsky – revolusjonshelt og grunnleggaren av Den Raude Armé -  kom til Norge på si flukt frå Stalin i 1935, hamna han i Heradsbygda. Etter kraftig press frå borgarleg side vart han forvist frå landet. Til sin sikre død, skulle det vise seg. Han hamna i Mexico, der han vart hakka i hel med ei isøks av ein russisk agent.

Menneskerettane har så langt berga mulla Krekar frå ein liknande lagnad. Det burde han vere takknemleg for. Men mullaen kjenner seg krenkt. Det norske systemet er som i Nord-Korea, seier han.  Frekk er han også! Men kanskje er det slik ein prøvestein for den umistelege ytringsfridomen faktisk ser ut.

 

 

Følgere