mandag 24. november 2014

Tommeliten vil bli stor


 
Dei små vil bli store og dei store vil bli størst.  Smått er ikkje lenger godt, for i politikken er det kjøtvekta som bestemmer.

Jan Tore Sanner er på farten som parmakar, koplar eller Kirsten Giftekniv - med riset bak ryggen og pengepremie til alle som lovar å tre inn i ektestand. Kommunal- og moderniseringsministeren vil ha norske kommunar til sengs med kvarandre. Det skal vere flest mogleg under same dyne. Det skal skje så  raskt ein berre kan.

Ikkje kjærleiken. Så lenge har han tråla fedrelandet med lokking og truging, at det er i ferd med å få effekt. Det er ikkje kjærleiken som driv oss i armane på kvarandre. Vi vil berre snakke om noko anna. Det er ikkje sikkert det blir noko verre enn i dag, seier optimistane. Det er den vegen vinden bles, seier realistane. Til og med politiske veteranar, som  har brukt all si taletid på eigen navle og skulekrins, opnar opp for omverda i rein utmatting. Når kvar tek sin, må eg ta min, tenkjer ordførarane. Det er noko sårt i blikket deira og i den utstudert avslappa måten dei går på som minner om dansefestane i ungdommen. Til yngre lesarar: Det var der ungdom møttest og blei kjende før  facebook og tinder.no.

I ordførarfaktene kjenner vi att rølinga, dei fåfengte forsøka på å skjule kaldsveitten og dei  stive smila i vår generasjon når vi skulle nærme oss det motsette kjønn i full offentlegheit. Alle dei pene jentene sat ringside. Gutane skulle marsjere ledig og ubekymra med nygreidd sleik over eit endelaust dansegolv for å by dei opp. Vi hugsar det keitete bukket og alle katastrofane vi frykta kunne skje. Som at ein vart demonstrativt oversett. Eller avvist, eller håna framfor ei fnisande jenterekkje: Danse? Berre begynn du, guten min. Eg kjem om ei lita stund!

Speeddating. Slik kjennest det nok også for ordførarane som driv speeddating med konkurrentar og gamle fiendar. Dei prøver å gløyme dei tapte slag i fylkestinget. No smiler dei med alle tennene og held dørene opne for kvarandre på veg inn til lange middagar og fortrulege kaffislabberas. Det blir sondert og spandert i alle retningar. Alle er på jakt etter den mest attraktive partnaren. Det gjeld  å vere frampå, vise sjarm og handlekraft. Den største tabben ein kan gjere, er ikkje å bestemme seg før dei annonserer dei tre siste. Då er det alltid for seint og ein innlandskommune kan stå att med valet mellom evig ungkarsstand eller tvangssamanslåing med ein gjeldstyngd øykommune utan fastlandssamband.

 På denne sjekkemarknaden nyttar det ikkje å tenkje på utsjånaden. Her gjeld det å finne dei som er i minst mogleg økonomisk krise. Skulle ein finne ein kandidat som er opplagt på eit sprell, veit ein at tante Robek sit på galleriet. Så mykje som prøver ein på ei tilnærming som ikkje skal munne ut i fullt ekteskap, er fylkesmannen på pletten og set begge partar under administrasjon.

Store nok? Smått er ikkje godt nok lenger. Dei små vil bli store og store vil bli størst. Ingen kan seie om vi ein gong blir store nok. Kanskje ikkje ein gong når alle kommunar i Noreg ligg i same ekteseng. Stortingspresident Olemic Thommessen er nummer to på den norske rangstigen. Berre Kongen er over han.  Når Kongen står på slottsbalkongen på 17. mai og vinkar i flosshatt, vinkar president Olemic i bunad frå stortingsbalkongen litt lengre nede i bakken. Likevel er han ikkje heilt fornøgd.

Sjølvstende. Nyleg stod han fram og meinte at Noreg skulle gi opp sitt sjølvstende frå 1814 og 1905 og bli ein del av ein ny fellesnordisk forbundsstat. Alle fem nordiske landa skulle få felles parlament og regjering. Det ville plassere oss blant dei 10 - 14 største økonomiane i verda. Vi ville bli ein maktfaktor i EU. Det ville gitt oss plass rundt bordet i maktklubben G-20, seier Thommessen.

 Slikt er noko ein norsk Tommeliten aldri kan håpe på.

Kjetil Tandstad

Følgere