søndag 23. mars 2014

Lange fingrar i lommene


Lange fingrar i lommene

  Vi skulle så gjerne ha handla med folk som vil oss vel.  Men dei vil berre i bukselomma på oss, heile gjengen.

Du har sikkert lagt merke til det: Når du skal betale kredittkortrekningar, er rekninga aldri på det du skuldar, men for eksempel berre på ti prosent av summen du skal betale. Det er gjort av eit godt hjarte for å gi oss større  økonomisk  fridom i kvardagen, seier reklamen. Nå ja, effektiv rente på kredittkortgjeld er nærare 30 prosent.  Då er det lønnsamt å få kundane til å ta opp lån dei ikkje har bruk for. Vi for oss korleis dei har streva med ordlyden, så det skal vere enkelt å blingse på sluttsummen. Tilbodet om utvida kredittramme utover dei vanlege 75.000 kroner, er det derimot ganske umogleg å blingse på.

Dyre råd. I gamle dagar gjekk ein i banken og fekk gode råd. Då vart ein fortalt at gjeld er dyrt og at det beste er å tene pengane før ein brukar dei. No blir vi inviterte inn i nesten folketomme banklokale ein gong for året av vår personlege rådgjevar. Han spanderer kaffi og fortel oss at vi har alt for lite lån. Å vere gjeldfri er å kaste pengar ut gjennom vindauget. Kvifor ikkje refinansiere huset og kjøpe ny bil eller eit husvære i Spania? Om vi då ikkje vil prøve eit skandalisert kreativt spareprodukt – no nysminka til det ukjennelege.

Norske gjeldsseljarar er framleis eit hakk meir truverdige enn dei rause tilboda på dårleg engelsk om 4,5 millionar britiske pund rett på konto i byte med enkle kontoopplysningar. Men også forretningsmoralen blir internasjonalisert. Norske forretningsfolk lærer i skulen dei går i. Stadig oftare blir vi spurde om sivilstand og hobbyar, inntekt og  handlevanar og vår private e-postadresse når vi handlar. Følg oss gjerne på Facebook, seier dei. Slik  konkurrerer dei om å byggje den store Vi-kjensla. Når produkta er identiske, er det logo og fargen på gullkortet som varierer.

 Overberande. Så langt har underteikna sett overberande mellom fingrane på dei i grunnen ganske sleipe forsøka på å lokke oss ut på den økonomiske glattisen. Men ved nyttårsleite var rekninga frå Statoil plutseleg full av internasjonale flyreiser med Lufthansa og Air China, endå vi knapt hadde vore utom Storfjorden. I løpet av den etter kvart  omfattande telefonkontakten med selskapet, var eg så fri å seie frå om at heretter ville eg ha rekning på akkurat det eg var skuldig og korkje meir eller mindre. Ei litt oppgitt dame på kundeservice fortalde meg at det diverre ikkje mogleg, sjølv om det var mange som bad om det. Det er company policy!

Kalender-pris. Ein runde til andre kredittkortselskap avslørte at denne utspekulerte ordninga er company policy også der. Så mykje for konkurransens utjamnande kraft. Norske bensinkjeder tener langt betre enn dei svenske. Bensinen vår er prisa mykje høgare måndagar og torsdagar. Det er det naturlegvis ingen aktverdig grunn til anna enn å få folk som har anna å tenkje på, til å handle bensin til overpris.

Slik blir vi tekne ved nasen i alle endar av bensinkjøpet. Det er lenge sidan idealet om at kunden alltid har rett. No er parolen at det må vere lov å prøve seg. Er kunden dum nok til å gå i fella, kan han berre ha det så godt.

 Kjetil Tandstad (Smp 22032014)

Følgere