mandag 2. januar 2012

Nyttår igjen

Nyttår igjen

2012? Allereie? Dei nye åra kjem i litt for rask rekkjefølgje for oss som har gråna ein tanke rundt øyrene.

Vi har ikkje så mykje som fått teke inn hagemøblane, og så går det igjen mot lysare tider. Snart er det påske, våronn og 17. mai. Og så har vi plenklippinga hengande over oss før vi veit ordet av det.

Augneblinkane. Så vidt vi hugsar var eit år i barndommen eit heilt osean av tid. Tida snigla seg av garde, for det var så mykje å glede seg til. Vi godt vaksne har så smått slutta å snakke om at vi gleder oss. I staden snakkar vi om ta vare på augneblinkane. Om vi ikkje direkte prøver å halde tida fast, så vil vi i alle fall prøve å forseinke henne på hennar ville ferd med godt prat og artige historier.

Kortare. Det er ikkje til å unngå at ein på ein nyttårsaftan kjem i tanke om at åra framfor oss ikkje berre færre og stadig mindre tillokkande. Dei blir kortare også. Ein enkelt sommar er fort unnagjort, sjølv om vi sper på med sydenturar i begge endar. Den som då skulle tru at vinteren ville vare tilsvarande lengre, tek grundig kveld. Også den mørke årstida, med snømoking og influensa og struplever, hastar av garde i uansvarleg fart. Det er så ein knapt får skiene på plass i skiboksen for vårsola har teke knekken på løypene.

Ein er ung så lenge det er stas å få lov å vere lenge oppe på nyttårskvelden. Du er gammal når du for skams skuld synest du må halde deg oppe til neste år. Ein er ganske ungdommeleg til sinns så lenge ein prøver seg med nyttårslovnader. Å presentere ei  lang liste av nyttårsforsett, for så å synde ettertrykkeleg heile nyttårsnatta fordi det  trass er siste gongen , det er noko som  krev  ungdommeleg entusiasme. Vi  som er vore med ei stund har erfaring for det gjerne blir med lovnadene. Det er mykje enklare å skeie ut enn å ta skeia i ei anna hand.

Snusfornufta. Når ein har nådd skjels år og alder, er ein anten så sjølvtilfreds og at ein tenkjer at nyttårsforsett ikkje lenger trengst. Eller så har ein resignert og trur ikkje at det nyttar.  Freistingane er rett nok færre når ein har nådd livsens middagshøgde. Då er det lett å bli snusfornuftig. Nokre står fram som lysande eksempel for oss alle når dei tek avstand frå kaloribombene på juleborda og synest ei  rå gulrot og godt samvit må vere ei fullgod erstatning. Her trøystar vi oss til Rolf Wesenlund som ein gong sa at det ikkje er så viktig kva ein et mellom jul og nyttår. Det er mykje viktigare kva ein et mellom nyttår og jul.

Sjampanjefest. Derfor tek vi med det beste samvit for oss både av vått og av tørt medan gamleåret tutlar seg av garde og eit nytt og uprøvd eit kjem stabbande inn med snø på sokkane og hovudet fullt av nye idear.  Å ja, det skal ikkje gå lenge før det har fått stanga horna av seg.
 Ute i gata  høyrest fryderopa frå ungane når dei brenner av lommepengane på stjerneskot og rakettar  medan dei unge fedrane overvakar det heile med det  sjølvsikre smilet til dei erfarne skytebasane dei synest dei er.  På verandaene i  bakgrunnen klagar dei middelaldrande over salutteringa som også dette  året går over alle støvleskaft. På skjermen inne i stovene arrangerer fjernsynsfolket sjampanjefest, klemmer og klappar kvarandre og inviterer oss alle til å sjå på kor moro dei har det.

 Alt er altså ved det gamle. Det er synd å seie det, men for oss har nyttårsfeiringa blitt noko som går inn det  eine året og ut att det andre.

Godt nytt år – så lenge det varer.



Følgere