onsdag 28. mars 2012

Sykkylven: Frå dei eldste tider til i dag


(Foredrag for slektsforskarar 24. mars 2012)

1. Intro. Kva karakteriserer Sykkylven? Nokre vil seie: Tafatte typar som på kort tid ser ut til å ha tapt både kampen mot monsterlinjer og kampen om brua over Storfjorden. 

Det også! Men Sykkylven har også meir å skrive heim om - i fortid, notid og framtid.
Her skal vi interessere oss for det historiske. Store delar av Sykkylven var Giske-gods. Mykje tyder på at stormennene søkte tilflukt her inne i fjorden når det ruska og bles for mykje ute på øyane. Blant stormenn som har operert her er den mektige Aura-Pål Skofteson og den rike Gullbrand i Vik.
Aura-Pål - den andre – budde på Aure kring 1200.  Det er ikkje svært mykje  vi  veit  om han, men det er ikkje utruleg at han var den første som bygde kyrkje (huskapell) på Aure. Men han er nemnd i Sverre-soga:
Medan Sverre sat i Trondheim, kom baglarane sommaren 1199 til Bergen og tok straks byen, men borga stod seg mot alle åtak. I borga var Sverre si dronning, Margareta, saman med fleire høgætta kvinner, under verje av Aura-Pål.
Baglarane stabla opp tømmer utafor borga for å setje eld på ho. Aura-Pål fann på råd: Han kasta ei brennande tjøretønne ned i tømmerhaugen før bålet var ferdig, og for å sløkkje, måtte baglarane rive haugen ned att.Då dei for andre gong tok til å stable opp tømmer, tok dronninga til å jamre seg og ville overgi borga, Aura-Pål fekk lokke kvinnene inn i eit tårnkammers og sette ei slå for døra, så dei førebels var or vegen. Med ein smørdunk, fylt av never, stry og svovel, lukkast det Aura-Pål enno ein gong å få sett eld på bålet åt baglarane før det var stort nok, og no gav dei opp å setje eld på borga.
Aura-Pål gjekk då inn til dronninga og spurde kva ho ville gi han dersom han fekk baglarane til å forlate byen. Ho svara at han kunne krevje kva han ville av pengar eller pengars verd. Men det ville han ikkje ha. Fekk han derimot låne innseglet hennar, så skulle han ta ein spansk ein.
 Han skreiv brev til to prestar i baglarflokken, og sette dronninga sitt segl på brevet: I brevet let han det skine gjennom at kongen var på veg med hæren sin.Prestane vart bedne om å prøve å få baglarane til å bli verande lengst mogleg.  Då  brevet skulle sendast over til dei to prestane, gjekk det slik som den listige Aura-Pål hadde tenkt: brevet vart oppsnappa og kom i hendene på baglarhovdingen.  Resultatet vart som han håpa: Baglar-gjengen stakk det raskaste dei kunne for å sleppe å møte fylkingen til kong Sverre.(Sykkylven i eldre tid)

Gullbrand i Vik er både ein segnfigur og ein historisk person. Segna skreiv Hans Strøm ned: Gulbrand i Vik, i Sykkylven, og dei to brørne hans, den eine i Eiksund, den andre på Ringstad på Stranda, levde i katolske tider og var svært "formuende". OmGullbrand heitte det at han hadde vore "Foged over Gidske-Gods". Slik står det i Søndmørs Beskrivelse, som hans Strøm skreiv på 1700-talet. I notatboka eller kladden (annotationsboka)  skriv Hans Strøm meir: Dei tre brørne skal ha eigd eller forpakta det meste av  Gods på Sunnmøre gjennom at dei var fogdar over Giske-godset. I eit dokument frå 1544 som Strøm fann i Ørskog prestegard, såg han namnet "Guldbrand Guldbrandsøn Viig" og rekna med at dette var same mannen som i segna.
 Segna fortel at den formuande Gullbrand var segnomsust fordi han ein gong skal ha gitt ei raus gåve til kyrkja. Gåva vart gitt på det uttrykkjelege vilkåret “at Giverens Navn skulde efter hans Død aarlig erindres ved et Drike-Gilde, som maatte holdes på Oure Kirkebakke. De vide og at en Tønde Øll hvert år (…) af Sognefolket blev udtømmet til den førnevnte Mands erindring”, kunne Hans Strøm fortelje i Søndmørs Beskrivelse nokre hundre år seinare.
 Historikaren Bjørn Jonson Dale greip tak i denne overleveringa. Han har rekna tønna med kraftig gildeøl om til vanleg pils når det gjeld alkoholstyrke. Han kom til at det denne dagen vart sett til livs om lag 800 halvlitrar. Det var kanskje så mange som 60 såkalla ølføre menn i bygda. Det vil seie at dei konsumerte øl tilsvarande 13 halvlitrar til manns. Skrik og skrål og helgefyll i Aure sentrum er ikkje noko nytt, forstår vi.

Øldrikking til side. Dette var to sykkylvingar frå tusen år sidan, slik forteljetradisjonen overleverer dei. Men lat oss konsentrere oss om kyrkjebakken – og denne grøderike sletta som er Auregarden og sentrum i Sykkylven kommune. Ho kan fortelje historie som går mange tusen år lengre tilbake i tid
 I 1989 skulle det byggjast helsesenter i sentrum av Sykkylven. Det vart sett fram krav om arkeologiske utgravingar. Dei grov og det vart gjort rike funn. Spora som fanst her var ikkje synlege frå overflata. Men i den raudbrune sand og grushaldige undergrunnen teikna det seg svarte striper. Det - kunne arkeologane fortelje oss  -  var striper etter arden. Her var også svarte spor etter kokegroper og opprotna stolpar frå grindbygde stolpehus. Det vart gjort funn frå steinalder, bronsealder, jernalder…. Det viste seg at Sykkylven har hatt busetnad i minst 7000 år.I dag kan vi passere alle desse sju tusen åra og fram til i dag på ein spasertur på eit par hundre meter. Det er lang avstand i år, men kort i meter.

Den lange historia: Oppe på bakken eg sit og ser inn i frå kontoret mitt på møbelmuseet i Storgata er blant anna funne steinøkser – ei trinnøks frå eldre steinalder – altså 6000 - 7000 år gammal. Dei to andre øksene som er funne er frå yngre steinalder. Då hadde sykkylvingane kome så langt at dei dreiv og prøvde seg fram med enkelt jordbruk
Oppe i denne omtalte skråninga over Aure sentrum var det  altså at steinaldermenneska sat og steikte fisk på bål og beundra utsikta over fjorden. Mot slutten av yngre steinalder for 5000 år sidan stod havet 10 - 12 meter høgare i dag.
 Etter kvart som landet heva seg og havnivået gjekk tilbake, flytta sykkylvingane etter. Det var ikkje berre no det er populært med strandtomt. Derfor kan vi fotfølgje utviklinga frå tusenår til tusenår gjennom sentrum.
I yngre bronsealder (800 f. Kristus) stod havet fem meter høgare enn i dag. Då hadde fjøra trekt seg tilbake og den store sletta som i dag utgjer Aure sentrum, var i ferd med å bli tørr.
 I romartid/folkevandringstid stod havet berre to-tre meter høgare i enn i dag. Sletta som dukka opp av sjøen var ideell til busetnad og landbruk. Tuftene frå den tid finn vi nord om Sykkylvsbladet og rørleggjar Uri , for dei lokalkjende.
 Dei som vil bruke beina seinare i dag og rusle gjennom sju tusen år, kan begynne oppe ved Sykkylvsbladet og gå langs vegkanten mot Auregarden og kyrkja. Der vil dei finne opp nokre natursteinmurar med plakat i som fortel kva for eit tusenår dei har hamna i.
Når vi har kome forbi Coop Mega, har vi kome fram til eldre jarnalder (300- 500 e Kr) og ein ny natursteinsmur. No er sykkylvingane blitt skikkelege bønder. Her er det spor etter langhus, blant anna to gildehallar som var 40 og 60 meter lange. Vi trur dei var reiste på ei grind av tømmer og hadde vegger i stein og/eller flettverk påklint leire. Så store bygg vitnar om velstand og makt og eit godt organisert samfunn.
Dette kallar arkeologane Aura-Påls rike. Ein tenkjer seg at det var ein gard eller eit gods som rokk frå gravhaugane ved ferjeleier på Ørsneset og sikkert også eit godt stykke innover i fjorden og opp gjennom dalane. Og Aura-Pål skulle i tillegg ha eigd mange andre gardar.
Går vi endå nokre meter nordover og vestover, kjem vi bortover mot Kyrkjeparken. Det kan markere kristen tid. Her har det vore kyrkjestad lenge. Det er berre eit lite skritt, så passerer vi reformasjonen, eit museskritt til og vi passerer, dansketida, 1814 og 1905 og to verdskrigar. Men då er landhevinga slutt for lenge sidan.  Dei skritta vi no må ta for å kome ned til sjøen, er det stort sett Vegvesenet som er skuld i med sine fyllingar då dei bygde riksvegen langs fjøresteinane.
 Sykkylven var lenge ganske åleine om slike omfattande arkeologiske funn i sentrum. Men etter kvart som sentrumsområda skal utvidast og gravemaskinane skal i gang, er det gjort mange andre oppsiktsvekkjande funn langs kysten.  Heilt sidan dei første funna vart gjort, har sykkylvingane snakka om å byggje ein kopi av langhusa og elles ta vare på og formidle spora frå fortida. Som så mange andre dristige og spennande planar i Sykkylven, er dei lagde på is i påvente av finansiering.  Det er kanskje også eit særtrekk for denne kommunen. Det har vore sagt at strandarane investerer seg til fant medan sykkylvingane sparer seg til fant. Resultatet er uansett det same.

Den nyare historia: I alle fall: Arkeologien viser vegen fram til kristendommen vart innført. Men historia gjekk vidare.  Sykkylven heldt fram med å vere eit jordbrukssamfunn som hadde fiske i fjorden og ute på øyane som attåtnæring. Her var gode jordbruksområde i Auregarden og oppover gjennom dalane. Det var fisk i Sykkylvsfjorden og ikkje minst i Storfjorden og kysten utanfor
. Og sykkylvingane sat ikkje berre heime og venta på at vårvinna skulle ta til. Sykkylven har ein tusenårig tradisjon for å reise ut på øyane på ettervinteren for å fiske. Og som eit viktig biprodukt vart dei kjende med jenter frå øyane. Bondegutane gifte seg med øyjentene og tok dei med seg heimatt i fjorden. Eller dei vart verande ute på øyane, om det klaffa slik at det var ei gardajente.
 Slik vart det felles slekt av og eit tett og godt samband mellom fjorden og øyane. Det kan ein høyre på dialekten. Legg merke til ø-ane i øss og døkke og halvemålet inne i fjorden og ute på øyane. Dette var folk som hadde mykje til felles og som snakka mykje i lag. Så var det ikkje lange vegen heller. Det var fjord mellom frendar den gongen.
Lat oss ta nokre skritt framover i tida. Rundt 1900 var det tronge tider for dei som ikkje hadde ein gard å ta over. Amerika lokka. Det finst ei heil bok med register over alle sykkylvingane som reiste til Amerika. Dei sleit i tømmercampen, dei leita gull og dei bygde jarnbane.
 Mange vart verande i Amerika. Andre kom heim att med pengar til byggje løe og store to etasjars våningshus. Har ein det perspektivet når ein køyrer gjennom kommunen og ser på gamle hus, kan ein fort plukke ut kvar dei budde, dei som gjorde det bra som framandarbeidarar i Amerika.

 Dei som vart att, måtte bruke sin kløkt og sine evner til å skape arbeidsplassar for seg og sine jamaldringar. Norge var i ferd med å bli industrialisert. Sunnmøringane gjorde det på sin måte.
I 1908 gjekk den 16 år gamle Peter Ivarson Langlo i nabokommunen og lurte på kva det skulle bli av han. Det var ikkje mange jobbar å velje mellom. Han kunne bli tenar i landbruket. Det var ikkje noko å leve av for ein familie. Han kunne reise til Amerika. Han kunne drive fiske. Det var eit hardt og usikkert tilvære.
  Eit lite tiltak for å skaffe nye jobbar var eit kurs i korgfletting. Det kunne kanskje bli ei ekstrainntekt å selje korger og slikt for  bondegutane, var tanken. Men P.I. Langlo, som han seinare vart kalla, tenkte større. Han fekk med seg nokre ungdommar til og begynte å flette korgmøblar. Materialane var pilegreiner og peddig som dei fekk frå Danmark eller Tyskland. Var du netthendt og flink nok, kunne du flette nesten kva som helst av desse billige materialane.  
Ein av dei som var med på same kurset som P I Langlo i 1908, var Andreas Riksheim. Han reiste heim til Sykkylven og starta sin eigen korgflettingsverkstad. Her gjekk ein ung og ivrig kar som heitte Jens Ellingson Ekornes i lære. Lærestykket den 17 år gamle ungguten viste fram etter at læretida var over i 1925, var stol og bord og endåtil ein stålampe i flettverk.
P. I. Langlo Møbelfabrikk skulle bli den største i landet. Jens Ekornes skulle seinare få arbeid ved Stranda Kurvmøbelfabrikk på Stranda nokre år før han reiste heim att og starta sin eigen korgmøbelproduksjon i kjellaren heime på garden på Ikornnes i Sykkylven. I 1929 starta han saman med Petter P. Langlo Møre Kurvmøbelfabrikk. Seinare starta springfjørproduksjon, madrassfabrikk, møbelfabrikk og la grunnlaget for det som i dag er Ekorneskonsernet og Stressless. Fabrikken han grunnla gir i dag jobb til 1000 menneske i Sykkylven og levebrød til nesten halve kommunen.
Både Sykkylven og Stranda vart store møbelkommunar. Men utviklinga var ganske forskjellig. Stranda var først ute. P.I. Langlo Møbelfabrikk voks raskt og trekte til seg arbeidskraft frå eit stort område – også frå Sykkylven. Stranda vart den kvite bygdesenteret ved fjorden. Naturen pressa bebyggelsen saman og skapte eit senter ved fjorden med bymessig utbygging.
I Sykkylven hadde ein annan natur og vi fekk ei langt meir desentralisert utbygging. Vi fekk vi Tynes Møbelfabrikk i 1927. Bernhard Tynes bygde fabrikken sin på bygdas vakraste tomt på Tyneset.  Det var det ingen som reagerte på. Vi fekk ikkje mindre enn tre korgmøbelbedrifter i 1929. Likevel var det ikkje dei store fabrikkane som prega utviklinga i Sykkylven. Det var i kjellarane det surra og gjekk. I Stranda, som kom først i gang med møbelproduksjon, voks fram nokre få men store møbelfabrikkar, var det kjellarbedriftene som stod for det meste av veksten i Sykkylven.
Det aukande behovet for enkle, billige, men likevel litt meir solide møblar enn korgmøblane, var noko møbelhandverkarane i dei store byane ikkje hadde greidd å fange opp.  Det dei ikkje såg, var at det kom store mengder menneske frå gardsbruka på bygdene og flytta inn i hus og husvære i byen og i tettstadene. Dette var folk som korkje hadde plass eller råd til dei fine handverksmøblane. Dei måtte ha billig og enkelt husgeråd. Var prisen låg nok, var det nesten ikkje grense for alt ein kunne selje.
Det har blitt sagt om Sykkylven at her var det ein møbelfabrikk i anna kvart hus. Det var ikkje mykje overdrive, i alle fall ikkje om ein tenkjer i Aure sentrum eller oppover Grebstaddalen. Men også  opp gjennom heile Velledalen, Straumgjerde, i Hundeidvik, i Tusvika, på Ikornnes og Ramstaddal voks det opp små møbelverkstader- med frå ein til ti tilsette.
Vi har prøvd å registrere alle møbelrelaterte bedrifter i Sykkylven frå den første spede industrien kom til og fram til i dag. Vi kom til 113 ulike bedrifter og vi har ikkje fått med alle. Det kulminerte etter 1952.
Ved fabrikken N. Roald & Co, som heldt til i Jan-kjellaren i Auregarden, hadde åtte tilsette på det meste i eit vanleg gardshus. Hos Nils Roald budde arbeidsfolk frå Stadlandet på hybel i same huset.
 “Kvar vi gjorde av alt folket, begrip eg ikkje, sa Gudrun Roald, gift med fabrikkeigarNils.” Huset fullt av ungar, og gamlefolket oppe. Og så leigde vi vekk til arbeidarar og serverte middag til dei også. Det var fullt av arbeidsfolk kring middagsbordet”.

 Nesten alle desse bedriftene eksisterte meir eller mindre samtidig. Kjellarbedriftene auka kraftig i tal i åra før og under andre. Dei gamle handverksbedriftene gjorde sitt beste for å forsvare sitt revir:  Då ein møbelsnikkar i Oslo fann spor av fiskekassematerialar under stoppen på ein stol frå Sunnmøre, fekk han ein møbelhandlar til å stille den oppspretta stolen ut i vindauget sitt for å vise kor gale det var. Reaksjonen vart ein annan enn han hadde tenkt seg. Folk gav blaffen om det var fiskekassefjøler i møblane. Dei ville ha sofa og lenestol som var pene å sjå på og gode og sitje i og i tillegg var rimelege nok til at dei kunne kjøpe dei. Vindaugsutstillinga i den pene møbelhandelen viste seg å vere god reklame.
Kjellarverksemdene var i praksis eigentleg også handverksbedrifter. Men pionerane tenkte stort og framtidsretta. Helten var Henry Ford og hans samlebandproduksjon. Det er ikkje så godt å få til samleband når ein er i ein kjellar og det kanskje berre er tre - fire tilsette. Men dei gjorde så godt dei kunne. Ein trekte ryggen, ein annan setet. Treverket vart kanskje produsert i nabokjellaren.
 Dei dynamiske kjellarbedriftene dominerte i Sykkylven til eit stykke ut på femtitalet. Så var det plutseleg slutt. Produksjonen måtte effektiviserast endå meir. Det vart behov for store maskinar, lange produksjonslinjer, betre transport og logistikk. Nye store og kvite fabrikkar i betong voks fram rundt fjorden og fram gjennom dalane. Dei fleste som hadde arbeidd i kjellarane, vart lønnsarbeidarar. På same tid forsvann også konfeksjonsindustrien, som det også hadde vore mykje av i Sykkylven. Skreddarane og sydamene vart godt mottekne i møbelfabrikkane som produserte stoppamøblar.
Men nokre av dei som hadde starta kjellarbedrifter, stod att som disponentar med eigen fabrikk.  No sat dei dei sjefskontoret i dress og slips og knota på riksmål for å bli akseptert som leverandør til dei fine møbelbutikkane i dei store byane.
Den første tida arbeidde dei tilsette gjerne i lang tid før ein kunne ta ut lønn. Arbeidsgivaren betalte gjerne ut lønna først når han syntest han hadde økonomi til det. Først måtte bedrifta kome skikkeleg inn på marknaden.
 Ein gammal arbeidar fortalte ein gong at han hadde arbeidd i meir enn eit halvt år utan lønn. Då manna han seg opp og gjekk inn til sjefen og spurde. Sjefen ville vite kva han skulle bruke pengane til. Han hadde tenkt å kjøpe seg ein dress. Det var eit aktverdig formål, meinte sjefen og gav han pengar til dress. Men han fekk ikkje ut alt han hadde til gode!
Men trass i dårleg betaling, ein jobb var ein jobb. Det var ei tid med mange unge menneske som var klar for å takke til med lite opp gjennom heile kysten. Til dette ganske pulserande industrimiljøet i Sykkylven kom det mange tilreisande arbeidarar. Dei kom gjerne frå næringssvake område nordafrå, Nordmøre, Trøndelagskysten, Nord-Noreg. Dei fann seg etter kvart kone – eventuelt mann – frå ein av gardane langs fjorden, dei fekk ofte tomt i utmarka på garden og bygde seg sin heim med stor eigeninnsats. Sykkylven vart eit desentralisert lokalsamfunn.
Det er nokre fantastiske gründertypar som vi møter på desse sjefskontora. Gåverike, kreative, hardt arbeidande. Dei var oppfinnsame. Dei følgde godt med. Dei tok sjansar. Dei var utolmodige. Dei var pragmatiske praktikarar. Men dei var også ofte idealistar, med eit brennande ønskje om å lukkast, å bli størst, javel, men også å  byggje samfunnet og skape arbeidsplassar.  Og dei hadde ein ting til felles som gründerar alltid meir eller mindre har fått i fødselsgåve. Dei såg aldri problem, berre utfordringar og muligheiter.
Å ha det slik, er risikofylt.  Det er fort gjort å misse alt. Det er også fort gjort å dumme seg ut. Jantelova var der i rikt monn. Dei vart sikkert ofte gjort narr av. Desse energiske gründerane var nok med på å skaffe sunnmøringen det rykte han har hatt i hovudstaden: Som tiltakssam, pågåande, storkjefta, sparsam og grisk.
Slik måtte dei nesten vere skulle dei få bedriftene sine til å gå.For eigentleg var det aldeles naturstridig at akkurat Sunnmøre og Sykkylven skulle vekse fram til eit eit nasjonalt tyngdepunkt i møbelproduksjon. Råvarene måtte fraktast tvers over landet til eit område utan jarnbane. Dei ferdige produkta vart frakta same vegen tilbake- Frakteskute til Åndalsnes og tog til Oslo. Eller med båt til Bergen og Trondheim.
 Det var ein konkurransemot alle odds. Men sunnmøringen var ikkje så godt vant. Han var van til å arbeide mykje for lite lønn. Ein stor del av suksessen har nok rot i dårleg betaling. Dei kostnadene ein fekk på grunn av ekstra lang transport vart i alle fall delvis kompensert med at smålåtne sunnmøringane fekk dårlegare lønn enn andre arbeidarar og at dei  aksepterte den såkalla Møretariffen.
Før og under krigen eksisterte nemleg tre ulike tariffar for møbelarbeidarane. Den vanlege tariffen var best. Så var det Vestlandstariffen. Og så, heilt på botnen, hadde vi Sunnmørstariffen. Det er klart, meinte arbeidsgivarane, at dei trengde ikkje like mykje betaling som elles i landet, dei som kunne ro utpå fjorden og fiske sin eigen middagsmat. Det måtte ein skikkeleg streik til før denne tariffen blei avskaffa i 1949.

Vi har mange markante profilar som har vore med på å setje sitt preg på Sykkylven. Vi kunne drege fram mange. Vi skal avgrense det til to:
Vi har alt nemnt Aura-Pål og Gullbrand i Vik. Enkelte meiner vi også kan seie Gange-Rolv. Vi kan nemne Bernt Fauske, som med sine Brand-båtar tilbaud billige ferieturar til Nordkapp og Middelhavet. Han var ein norsk Tjæreborg-prest, som ikkje kom så langt som til charterflya.
 Vi kan nemne Krutrøyk-stjerna James Arness frå Aursneset. Vi kan nemne musikarar som Hilde Louise Asbjørnsen og Hanne Kolstø for å ta nokre unge og aktuelle kjendisar frå underhaldningsverda.  Men eg har valt ut to profilar frå førre hundreår: Treskjeraren Daniel Hagerup og møbeldesignaren Ingmar Relling.

Daniel Hagerup: Fabrikkeigar Bernhard Tynes på Tynes Møbelfabrikk hadde stor produksjon av spisestover, skjenkar, stolar og bord i klassisk stil.  Det skulle vere utskjeringar. Argaste konkurrenten var Angvik Møbelfabrikk, som hadde Daniel Hagerup som treskjerar. Han hadde vore der i seks år då han regelrett vart headhunta av Bernhard Tynes og henta til Sykkylven.
Daniel Hagerup kom frå Grønvika i Smøla. Fødd 1876. Han hadde kunstnargåver. Som ungdom reiste han til Trondheim og skal ha prøvd å få jobb i steinhoggeriet ved Domkirken. Han skal ha fått det rådet at han først burde bli ein habil treskjerar. Han kom til Stiftsgården i Trondheim som treskjerar i 1905.  Han fekk prøve seg som bilethoggar, men han heldt fram med å skjere i tre.
 Daniel Hagerup er rekna som ein av Norges fremste treskjerarar. Dei som har sett han arbeide – det var ikkje så mange, for han hata å bli titta over skuldra – fortel at han arbeidde raskt, sikkert og sjeldan brukte arbeidsteikning. Han arbeidde intenst til han var ferdig.
I ettertid er han kjend for fem ulike verk: Tambarskjelvegruppa, som forestiller Einar Tambarskjelve, død etter at kongen har late han snikmyrde, Over han ligg sonen Einride, som prøvde å hjelpe faren, men som sjølv vart drepen i forsøket.
Det andre hovudverket er ein bauta av Tord Foleson, merkeberaren til Olav den heilage på Stiklestad. Den tredje er utsmykkinga av Nordlandet kyrkje i Kristiansund.  Som nummer fire har vi røykesalongen i hurtigruta Finnmarken, som er utsmykka med historiske slagscener. Den er no å sjå på Sjøfartsmuseet i Bergen.
 Det femte er interiøret i Sykkylven kyrkje. Han skar døypefont, korgitter, altarring, baldakinen over preikestolen, nummertavler og galleribrystninga. Dessverre for Sykkylven forsvann alt saman då den gamle Sykkylven kyrkje brann ned til grunnen i 1983.
Men det han levde av, var å designe og skjere relieffa i dei gamle klassiske spisestovene som Tynes Møbelfabrikk selde i stort tal. Det var motiv som Peer Gynt , Synnøve Solbakken og Terje Viken. Det var akantusrankar og rosettar på store og tjukkmaga skåp. I dei harde trettiåra og under krigen var det store og tunge stasmøblar som galt.
  Daniel Hagerup døydde i 1955. Gravsteinen hans står på Sykkylven kyrkjegard. I fjor kom det ut ei bok om han. Det var på høg tid, for han stod i fare for å bli gløymd.

 Ingmar Relling: Ingmar Relling var fødd i Sykkylven. Han har ein plass heilt i tet som modernistisk møbeldesignar, påverka og inspirert av vår første store funksjonalist, Arne Korsmo. Arne Korsmo var påverka av og internasjonale arkitektar som Walther Gropius og internasjonale arkitektar som Mies van der Rohe og Frank Lloyd Wright. Dette er formgivarar som har sett sitt store preg på Europa før og etter siste verdskrig. Arkitekten Arne Korsmo teikna blant anna Sentralbanestasjonen i Oslo, Munchmuseet og Villa Stenersen Som lærar på Kunst og handverksskulen i Oslo skulle han også få mykje å seie for den nye generasjonen formgivarar som voks fram desse åra.
Ein av elevane hans var altså Ingmar Relling frå Sykkylven. Ein personleg beskjeden, men også ein designar som visste kvar han ville.  I prakt med tidas trend,  ville han lage gode, slitesterke, lite plasskrevjande møblar for dei små leilegheitene som Husbankens normer la opp til på femti- og sekstitalet.
Ingmar Relling var fødd i 1920. Han vart engasjert av Vestlandske Møbelfabrikk i Sykkylven då han var 16 for å skjere akantusrankar på finare møblement. Det heldt han på med i sju år. Han reiste til Oslo og fekk seg jobb hos broren, Adolf Relling, som vi kjenner frå teiknekontoret Rastad & Relling, Broren overtale han til å begynne på Kunst- og handversskulen. Han gjekk lina for møbel og innreiingsarkitektur og tok diplomeksamen i 1947. I 1950 flytta han heim att til Sykkylven og vart møbeldesignar der møbelindustrien heldt til.
Det var nemleg inga sjølvfølgje. Møbelfabrikkar flest hadde ingen eigne designarar i 1950. Tradisjonelt var det fabrikanten som teikna dei nye møblane. Han lånte gjerne ein ide her og ein annan der. Den som kosta på seg ein profesjonell designar, fekk gjerne teikningane i posten frå formgivaren som sat heime i hovudstaden, langt frå trivielle problem med  produksjonsliner og logiistikk. 
 Designarane tenkte form, ikkje korleis møbelet enklast kunne produserast. Ingmar Relling kjende bedriftene frå før. Han gjekk inn i eit tett samarbeid med produksjonen om korleis stolane skulle vere. Både det han hadde lært og det han såg rundt seg, mana han til å tenkje nytt. Store tunge klumpete møblar passa ikkje for moderne menneske som budde trongt.  Det var slutt på den tida ein hadde ei bestestove som stod på stas. No måtte kvar kvadratmeter utnyttast maksimalt.
Han teikna enkle og lette lenestolar. Han gav form til den samanleggbare lenestolen Nordic. Han gav form til Combina-benken i skumplast, ein populær kombinasjon av sofa og seng til hyblar og ungdomsrom på sekstitalet. I 1965 kom genistreken Siesta. Det var ein stol med rammeverk i laminert tre, med oppspent seglduk mellom. Det følgde med ei pute ein kunne legge oppi, men stolen var nesten mest elegant utan. Men komforten sigra. Det er med pute denne stolen har blitt kjend.
Siestaen var så enkel å montere at sjølv far kunne greie det. Derfor kunne dei selje stolen flatpakka. Det skulle vise seg å vere ein stor fordel med tanke på alle eksporten som skulle kome for denne modellen. Denne stolen var eit eksempel på at gode produkt kan få eit langt liv.
 Ganske uforandra har Siesta-stolen vore i produksjon nesten heile tida sidan 1965. Stolen er framleis i produksjon. Det er totalt produsert meir enn 650.000 slike stolar til inn- og utland. Det er ein stol som nesten på unikt vis sameiner stilige linjer med stor bruksverdi og enkel produksjonmåte og  og transport. Sidan har vi fått Stressless-konseptet frå Ekornes, som vart ein endå større suksess.

Nær historie: Ingmar Relling spela ei viktig rolle i å gjere Sykkylven klar for eksportindustri og moderne tider. Inntektene frå Siesta og seinare Stressles har gjødsla denne bygda opp gjennom etterkrigstida og losa oss ganske trygt opp til vår heilt nære historie.
Eit vendepunkt var år 2000 då vi fekk bru over Sykkylvsfjorden. Med eitt slag hadde den desentraliserte kommunen nesten ikkje utkantar meir.
 Men dei endra fysiske forholda skulle vise seg ikkje å påverke den tradisjonelle grendestriden i kommunen. Brua er ei velsigning, men ho forkorta også avstandar slik at kommunen gjorde vedtak om skulenedleggingar.  Resultat: Privatskule både i Velledalen og i Hundeidvik. På Ikornnes står ein stor og dyr ny skule med alt for få elevar.
Byggjefeltet på Ekornes fekk namnet Grautåsen den gongen folk måtte spinke og spare for å greie avdraga på huslåna. No passar ikkje nabolaget like godt til utnamnet. Nybyggjarane har blitt middelaldrande og velhavande. Dei fleste arbeider på Ekornes, som deler ut opptil ei månadslønn ekstra per år fordi butikken går så godt.
 Låna er nedbetalte og refinansierte og byggjefeltet blenkjer fornemt i glaserte takpanner og firehjulsdrivne fleirbruksdoningar. Her er grunnfesta privat velstand i bygda. Den kommunale økonomien er eit sorgens kapittel.
 Som i einsidige industristader flest, utdannar ungdommen seg vekk frå heimbygda. Men om våren og sommaren, til 17. mai og pinse, kjem dei utflytta tilbake med stasjonsvognene sine fulle av ungar og koffertar. Sunnmørsbunaden heng nystroken og plastinnpakka i baksetet.  Dei utflytta kjem ein tur tilbake. Hadde det ikkje vore for jobben og ektefellen, lønnsnivået og byens alle tilbod, skulle dei gjerne ha flytta tilbake for det er så vakkert her. Men det må nok vente til dei blir pensjonistar, seier dei.
Så går dei i tog og på stemne og treffer att gamle vener. Og stemmer dei med i koret og syng bygdesongen av Henrik Straumsheim, som er så full av flotte bokstavrim:
Me vamar og me vimar
I verdens stille sveim
 Men i dei stille timar
sviv tankefuglar heim
Til bygda mellom fjell og fjord
Den kjæraste me veit på jord,
 Til dalane der inne,
 Med glans av fagre minne.

Takk for meg!

lørdag 3. mars 2012

Går vi så går det

Eg har trassa regnet og gått halvanna kilometer frå butikken og heim med handlenett i hendene. Det kjennest  heilt på grensa av kva som sømer seg for ein vaksen mann.

Travle joggarar trampar forbi i gule refleksvestar og hovudlykter. Slikt høyrer til  dagens orden her på den idylliske grusvegen langs skogkanten. Det er noko heilt anna enn ein mann i sivil som traskar av garde over lange avstandar med posar frå Bunnpris. Våre felles bygdenormer sit djupt i oss alle: Bur ein meir enn 300 meter frå butikken, skal ein ta bilen.

Korleis skal det gå, spør vi oss når avisene fortel  at den gjennomsnittlege norske 15-åringen er mindre fysisk aktiv enn den gjennomsnittlege 70-åringen. Halvparten av 15-åringane greier ikkje å vere fysisk aktive i meir enn ein time. I staden for å pese rundt i naturen og styrke kropp og sjel, slangar ungdommen  seg i sofaen med pc-en. Og som son og dotter, så far og mor.  Rundt 60 prosent av dagens førtiåringar er overvektige. Den eldre generasjonen  lærer av ungdommen og brukar heller kveldane på facebook og twitter enn å jogge i motvind i vintermørkret.

Forskjellen på bygdeliv og byliv er så godt som fordampa i løpet av den siste generasjonen. No veit forskarar å fortelje at nye skilje veks fram. Det som ein gong var magre og senesterke bygdefolk, reinskrapa  av forsaking og hardt fysisk arbeid, har no passert byfolk kva gjeld kilo og manglande kondisjon. Kort og brutalt: Truverdig forsking har slått fast  at no er det bygdisar som er dei feitaste i landet.

 Snakk om å gi oss bygdefolk eit susande slag midt i sjølvkjensla! Det er ikkje til å skjule at vi stundom har kjent oss litt underlegne i storbyen. I slike stunder har vi trøysta oss med at vi kjem frå eit folk som i det minste er hakket tøffare reint fysisk enn kontorpinglene i byen.

No  har vi ikkje det å skryte av. Nokre har prøvd å forklare vektauken på bygdene med ekstra muskelmasse. Ingen ting er som kjent så  tungt som store musklar. Dette er argument som ikkje gjer inntrykk på forskarane. Andre har drege inn dei overdimensjonerte bygdenorske kakeborda. Det er i tilfelle ei delforklaring. Viktigare er nok dei overdådige parkeringsforholda på bygda. Her kan vi alltid ta bilen med og setje han kvar vi vil. Det har krympa omgrepet gangavstand ned til det heilt forsvinnande.

Ta ein tur til storbyen og sjå noko du nesten ikkje ser på bygda: Folk som traskar og går. I staden for å knurre over at dei må gå ein kilometer frå parkeringshuset til kontoret, prisar dei seg lukkeleg over at dei  i det heile fekk plass der. Travle folk spring gjennom sidegatene i staden for å vente på trikk og buss som nesten aldri skal akkurat dit ein skal.

 Berre kjenn etter,  om du ikkje har meir gangsperre etter ei helg i hovudstaden enn etter ein topptur heime. Bli med heim til oss og ta ein kaffi, seier våre urbane vener, vi bur like borti her. Og så ruslar vi saman nokre kilometer i sol eller regn. Slikt hadde berre blitt akseptert på bygda viss det var promille med i spelet og ingen drosjar inne

Skal ein kome i kroppsleg og åndeleg trim, er det først og fremst dei mange små steg som monnar, fortel forskarane. Det treng ikkje å koste noko, anna enn litt skoslit, og det er få av oss som reknar på i dag.  Den spinkle og langnasa filosofen Søren Kierkegaard frå det urbane København var ein av dei som tidleg knekte koden:

 ”Tab for alt ikke lysten til at gå. Jeg går mig hver dag det daglige velbefindende til og går fra enhver sygdom; jeg har gået mig mine tanker til, og jeg kender ingen tanke så tung, at man ikke kan gå fra den. Når man således bliver ved at gå, så går det nok”.
Kjetil Tandstad 3/3-12


 


Følgere