søndag 10. august 2014

Serendipippip!


Fugletitting er ein ting. Men kva om ein plutseleg får dilla på småfugl-sex?

 Det var ein av desse flotte, varme sommardagane. Eg sat under treet i hagen og hadde lese alle avisene eg hadde teke med ut. Det var så varmt at eg ikkje orka å gå inn for å hente meir lesestoff. Det var også for varmt til å plukke rips. Derfor greip eg avisa eg nettopp hadde sett i og bladde gjennom ein gong til. Eg fordjupa meg i ein kronikk av ein professor som gjorde greie for nye forskingsresultat om seksualmoralen til småfuglane.

Serendipitet. Det var eit tema eg aldri har visst at eg har hatt interesse av. Men sex er eit pirrande tema og fuglar er eit topp aktuelt emne for hageprat.  Den hetebølgjeframkalla latskapen og formålslaus bladinga i avisa gjorde at eg fann noko eg ikkje ante eg ville vite. Før ville vi sagt flaks eller lykketreff. No er serendipitet det aktuelle ordet: ”Ei  positiv overrasking over ei utilsikta oppdaging som blir gjort medan vi leita etter noko heilt anna”.

 Det var på denne måten at Columbus oppdaga Amerika på India-reisa si og Alexander Fleming oppdaga penicillinet fordi han fekk mygl i reagensglaset. Kolonialen vår analyserer våre kjøpevanar og tilbyr oss det dei meiner vi vil ha. Derfor får vi berre tilbod på sveitt gouda og trøtte kneippbrød. Eg kunne godt ha tenkt meg å prøve ein ny blåmuggost eller thaisuppe på boks. Men kundeanalysen til Coop tek ikkje høgde for serendipitet.

Skandale. Som altså er fenomenet som pensa meg  inn på fuglesex i sommarvarmen. Professoren kunne leggje fram oppsiktsvekkjande funn: Nokre fugleartar er trufaste mot maken livet ut. Andre artar går skamlaust  til reirs med kven det skulle vere. Dette har skjedd upåtalt til alle tider, med kvinner og born til stades. At uvesenet så grundig har vore oversett av forskingsmiljøa, er noko av ein skandale.

Fossekall, grankortnebb og naturlegvis julekortssjarmøren dompapen, er eksempel på staute familiefuglar som held seg til den smale grein og ikkje så mykje plystrar etter det andre kjønn, same kor fine dei måtte vere i fjøra. Men dette er ikkje heile sanninga. Frå før visste eg om gauken, den luringen, som legg egg i andre sine reir. Gaukungen dyttar andre ungar ut av reiret medan dei ufrivillige fosterforeldra slit seg ut med å skaffe mat. No viser det seg at blant andre lauvsongarar, låvesvaler og blåsvaler heller ikkje er til å stole på. Dei flagrar stadig inn og ut  inn av lause forhold, også om dei  held seg med ein fast partnar. Dei verste artane er så aktive på sjekkemarknaden at så mykje som kvart tredje egg er eit resultat av ein utanekteskapeleg romanse.

Plopp. Det er opprørande, tenkjer ein medan fuglelivet kvitrar meir eller mindre uskuldsreint i trekrona over oss. Med korte mellomrom tek fjørballane ein avstikkar til ripsbærbuska og ribbar det som skulle bli syltetøy til vinteren. Det har både ei god og ei dårleg side. Den gode er at stolen bær ikkje treng å plukkast. Men så seier det plopp i kaffikoppen. Syndaren er ein brungrå snittflygar på raid over hagebordet. Eg vurderer å hente fugleboka for å få eit namn på sabotøren, men det er for varmt. Det var i alle fall ingen dompap. Eg tek det for gitt at misferda er gjort av ein av dei promiskuøse. Eg er ingen moralist. Men det er trass alt mindreårige involvert.

Sperm. Forskarar ved  botanisk institutt i Oslo er for tida i ferd med å analysere 9000 DNA-prøver frå heile 400 ulike fugleartar for å få oversikt over kven som har seg med kven. Botanikarar henger seg ikkje opp i moral. Dei vil vite kvifor. Forskinga tyder så langt på at  trufaste fugleartane er kjenneteikna av høg spermkvalitet. Dei forflogne  har derimot dårleg sperm. Derfor må dei i evolusjonens namn herje rundt på sjekkemarknaden  som soldatar på helgeperm og gå til reirs med kjende og ukjende. Berre på den måten kan dei sikre seg avkom og gi slekta dei beste immunforsvarsgenane som set dei i stand til  tole ein utsvevande livsførsel.

Leppestift på snippen. Det har kanskje overføringsverdi til menneskelege forhold. Det er eit evig underskot på truverdige forklaringar på leppestift på snippen og alt for sein retur frå sommarfesten. Forklaringa frå fugleriket er kanskje i tynnaste laget. Men utruskap for å betre immunforsvaret til komande generasjonar verkar likevel  noko meir akseptabelt enn å seie at ein gjorde det fordi ein hadde lyst.

 

 

 

Følgere