lørdag 7. april 2012

Vinkelskriveri

”Dei  politiske kommentatorane
 er på hytta.
 Skal nokon meine noko no,
 må vi tenkje sjølv.”

Det er ikkje fred å få, ikkje ein gong midt i påskeferien: Her kjem eit alvorsord.

Påskeferien skal etter gammal skikk brukast til inntak av kaloristerk bondekost, yatzy og  blodige krimdrama formidla gjennom bøker og  tv-skjerm. Radio og fjernsyn er i  skvaldremodus. Dei  politiske kommentatorane er på hytta. Skal nokon meine noko no, må vi tenkje sjølv. Midt i denne meir enn vekelange siestaen i solveggen – ok, de veit kva eg meiner – nyttar denne kommentatoren sjansen til å kome med eit politisk pip.
Spørsmålet  er: Kvar vart det av politikken? Med politikk meiner eg ikkje posisjoneringa, kjendiseriet, krokodilletårene og dei retoriske fektekampane for å hente heim nokre ekstra poeng til eige lag. Eg meiner heller ikkje den kjensleladde moraliseringa eller dei fine standardformuleringane som passar så godt i fjernsynsdebattar. Slikt er emballasje og overflate. Det eg tenkjer på, er den kjernen som det eigentleg handlar om. At folkevalde politikarar brukar den makta dei har fått  til å omsetje sine vallovnader til fysiske realitetar. Strengt tatt er det jo det som er politikk.
 Harde realitetar  er krevjande. Form er alltid lettare å ha ei kvalifisert meining om. Eit kommunestyre vi kjenner har nok av politiske utfordringar. Dei  siste åra har dei  folkevalde likevel brukt store delar av taletida til timelange debattar om detaljar som  kommunerevisjonen vil vere rette instansen for. Ein SV-statsråd , som  har gått til val på å skaffe jenter sjølvforsvarskurs, må gå av etter å ha gjort nettopp det.  Ein Ap-statsråd,  som har stilt til val på ein aktiv nordområdepolitikk, blir også førstesidestoff fordi han brukar departementets pengar i eit forsøk på å oppfylle sine lovnader frå valkampen.
 Så snart media finn ein kutymefeil i saksgangen, har vi det gåande. Dei folkevalde  går ned i kneståande, riv flenger i politikardressen og drysser oske i håret før dei legg seg flate for kritikken. Tenk om dei kunne seie som dei tenkjer; at slik er vår politikk, så berre drit og dra! Det hadde vore forfriskande, men ikkje særleg klokt. Politikarar må for all del ikkje framstå som arrogante. Ikkje ein gong når dei har grunn til det.
Ikkje eit vondt ord om massemedia, som  passar sin jobb og jaktar på alt som minner om overtramp og skandalar i det politiske liv. Ein statsrådsskalp i beltet er kanskje det ypparste trofeet ein politisk journalist kan smykke seg med. Slik bør det også vere. Rett nok spring representantane for vår mangfaldige presse litt for ofte i same retning. ” Pressen lyver i flok, om de er mange nok,  syng nok mange folkevalde hatefullt  på stortingshybelen. Men  berre når dei er sikre på at dei er heilt åleine.
Det er sagt at folkestyret er det einaste systemet der to fattige slår ein rik. Det  har alltid vore ei solid motvekt til den sterkastes rett. Eit regelverk skal naturlegvis respekterast. Men statsrådar bør helst gå på grunn av grunnleggjande politisk usemje, ikkje på grunn av vinkelskriveri om rutinar og SMS-ar.
Politikarane gir seg stadig mindre armslag på grunn av den krattskogen av  lover, forordningar og forskrifter,  konvensjonar og EU-direktiv med tilhøyrande kontrollorgan som dei let seg omringe av. Det vil seie mindre makt til dei folkevalde og meir makt til kontrollørane. Vi seier ikkje at demokratiet er i fare. Men at det  er i ferd med å bli ein tanke musegnaga i kantane, blir stadig lettare å sjå.
Nei då, dette  er korkje tid eller stad. Her har folk gått på ski til kiosken etter fersk avis og så får dei øydelagt påskestemninga av  ei  bekymringsmelding midt i feriekosen. Eg kan ikkje anna enn å  leggje meg flat.
Eg tek ansvar for alt som har skjedd på mi vakt og bed alle lesarar som for lengst har bytta skriveria mine ut med kryssord og Baileys om orsaking. Til eventuelle andre som har hengt med heilt hit:  God rest-påske!




Følgere