lørdag 9. juli 2011

Sommarens lykkelegaste dagar



Sjeldan er det norske folk lykkelegare enn i desse travle dagane før fellesferien.

Sommaren har late vente på seg. Likevel kjem han alt for tidleg. Slik brukar det alltid å vere.  Kalenderen på jobben er full av oppgåver som må vere unnagjort før vi tek fri. Heime står gjeremåla i  kø: Bygningar skal målast, hagen må stellast og båten må smørjast før ferien kjem.
Ferieroa. Og ferien nærmar seg med stormskritt. Derfor gjeld det å nøyte både dagane og kveldane. Det spelar ikkje noka rolle om vi berre skal vere borte ei veke. Skal vi kunne slappe skikkeleg av når vi ferierer, må  vi sørgje for at ein ikkje treng å plagast av tanken på  ubetalte rekningar eller smuldrande shingel på stovetaket.
Skal vi finne den store ferieroa, må vi ha skikka vårt bu før vi stemplar ut. Fridom er først og fremst retten til å ta fri frå pliktene og ansvaret. Elles kan vi i stor grad gjere som vi vil. Dei heva peikefingrane har gått ut på dato. Vi er frie menneske med fordomsfrie livssyn. Vi lever våre liv som vi vil og  kan gjere som vi lystar, så langt tida, pengane og overskotet rekk. Så kan ein spørje korleis  vi eigentleg vel å bruke all fritid og all fridom vi har tilkjempa oss: Filosofen Slavoj Zizek seier bitande at i det moderne samfunnet er menneska så frie at dei kan gjere kva som helst - så sant det inkluderer shopping.
 Det er ikkje vakkert sagt, sjølv om det ofte er sant: Det er vi sjølve som vel og det vi vel er nesten alltid å kjøpe noko. Vi er frie til å velje, men vi vel det same og  ferierer i flokk. Vi kjøper oss liggetid på ei tyrkisk strand eller tømer bankkortet på shopping i London og Paris. Så mobilfotograferer vi kvarandre med breiddfulle handlenett framfor Trevi -fontena eller domkyrkja i Kristiansand og sender bilda heimover for å dokumentere vår ferielykke.
Forventningar. Ferie er å bruke av vår eiga tid. Ikkje nødvendigvis for å ligge rett ut i sola utan å løfte ein finger. Men ferie handlar om å vite at ein kan liggje rett ut utan å løfte ein finger. Viss vi altså skulle finne det for godt. Veit vi det, kan vi alltids beise hytta og hogge ved så vi blir både sveitte og møydde. Slik er no ein gong mennesket:  Så lenge vi kan bestemme sjølv, gir alle slags fritidssyslar avkopling,  anten vi no fiskar på fjorden eller spring Skåla eller Saudehornet rett opp.
I praksis er det vanskelegare. Når ferien først er der, skal forventningar innfriast og draumar gjerast til røyndom. Forventningspresset er stort. Same kor vi padlar og raftar og shoppar og et, kjenner vi at skuldrene nektar å senke seg og at den gode ferieroa  let oss vente. Vi lener oss tilbake i fluktstolen, men høyrer taksameteret gå. Dei dyrebare feriedagane blir borte ein etter ein. Snart er det striskjorta og havrelefsa igjen.
Draumen. Men enno ligg altså alt dette langt der framme. Enno ser vi berre vår eigen rosa feriedraum.  Å vente på ei glede er også ei glede, så no spring vi rundt og gler oss.
Og medan vi gler oss, må alt gjerast klart. Vi heng på garasjeveggen med spann og målarkost mellom regnbygene og  let grasklippar og motorsag gå til langt på natt i desse lyse forsommarkveldane. Vi lukar i hagen, så det ikkje skal gro heilt att til vi kjem heim att. Vi lagar oss lange lister over alle dei ting som berre gjerast før fellesferien kjem. Enno er det såpass lenge til feriestart at vi framleis trur vi kan få gjort unna alt.
Vi er både støle i ryggen og side i sessen når vi ruslar inn til Kveldsnytt etter endå ein langtørn mot kveke og løvetann. Det er vanskeleg å fatte, men det er nok sant:  Lykkelegare blir vi ikkje i sommar.


Følgere