mandag 31. mai 2010

70-talet: Eit bakteppe.

Eg skal snakke om 70-talet.

Dei hermar etter ein kall inst i ein fjord som brukte å seie at han gifte seg då hundedagane gjekk inn og sidan har dei aldri gått ut att. Eg var 20 då syttitalet gjekk inn. Av og til kjennest det som om heller ikkje 70-åra har gått ut att. 70-talet har prega oss i musikksmak, klessmak og i kulturell og politisk kurs heilt fram til i dag. Som dei fleste i min alder har vi albuma fulle av minner frå åtti og nitti og 2000-talet. Men det er syttitalet vi hugsar – på godt og vondt.

Eg høyrer altså - med litt velvilje til den gruppa som har blitt kalla 68-arar. Eigentleg er eg litt for ung. Men dei internasjonale trendane kom litt seinare til Norge og endå seinare til Sykkylven og Volda der eg budde i mine første år. Altså 70-talet:

Vi kan kanskje begynne med musikken: Folk på min alder vil seie at 70-åra hadde den beste musikken. Då snakkar vi ikkje berre Beatles og Rolling Stones, som strent tatt kom på sekstitalet, men som var på alle platetallerkenar utover på 70-talet. Før hadde vi hatt Elvis og storbandswing og Jularbo i ønskekonserten. Etter kvart fekk vi Radio Lux. Og Deep Purple, Kinks, Pink Floyd, Creedence og Bob Dylan. Vi studentane var naturlegvis alt for jålete til å like feelgood-musikk. Vi måtte bli femti pluss før vi våga å tilstå at vi også hadde sans for Beach Boys og Abba. Og så var det visebølgja: Der meir enn fire personar var samla til fest, dukka det alltid opp ein type med kassegitar og song langtrekt og ulande så ingen andre fekk seie eit ord. Og jentene flokka seg naturlegvis om han.

Så var det klesstilen. På byrjinga av åttitalet kunne det til dømes vere brune cordbukser med sleng, t-skjorte med psykedelisk mønster og runde briller med blått glas på oss karane. Alternativt vadmel med blanke skjoldhue, skråtobakk og busserull. Jentene kunne for eksempel vere draperte i fargerike lange kjolar med orientalske mønster. Alternativt var dei kledde som sine eigne oldemødre i skaut, runde briller og dei svære lysegrå filttøflane som i Bergen vart kalla pampusser.

Både gutar og jenter hadde langt hår. For gutane hadde det vore eit langt steg å ta. Berre kort tid før skulle det vere feit sleik og ein liten vipp bak. Det førte til generasjonskonflikter. Unge håpefulle vart ofte truga med juling av dei som var eit år eller to eldre fordi dei var langhåra bøvlar og arbeidssky reservejesusar. Men moten blei fort normal. Etter få år kom også ordførar, prest og møbeldirektør etter, med ragg over kvitsnippen, psykedeliske slips og skjegg - eller i det minste hengebart og feite kotelettar framfor øyrene.

Livsstilen var viktig. Ungdommen var mot gardiner, mot tapet, alt som var firkanta, glatt og plastikkaktig. Som stål og betong og dei polerte mahognymøblane som foreldra deira hadde spinka og spart til og endeleg hadde fått råd til å kjøpe. Midt på syttitalet kjøpte eg meg eit rundt Ikea-bord i to toms kvistrik furu. Det var usliteleg og umogleg å bli kvitt.

Det skulle ikkje vere noko juks. Det skulle vere ærlege materialar. Eg hugsa ei driftig jente som fekk leigd seg eit triveleg rom med småblomstra tapet då ho vart student. Først fjerna ho alle lag tapet og papp slik at ho kom heilt inn på rupanelen som ho så pussa og luta. Så fjerna ho linoleumen og skura tregolvet kvitt før ho luta og såpevaska det også. Ho fjerna alle gardiner, skrapa all måling vekk frå karmane og hengde opp kinesiske rislampar. Det var eit rom ho fekk mykje skryt for.

Det var den seksuelle frigjeringa: Det kom ut bøker som handla om retten til orgasme. Bladet Sirene lokka med den pirrande spalta ”Vårt besværlige underliv”. Folk begynte å bli sambuarar i på direkten i staden for å gifte seg. Homsar og lesber kom fram frå skuggane og viste seg fram.

Berre å bu i kollektiv, som det heitte når ein delte leiligheit den gongen, gav den eldre generasjonen frysningar. Eg hugsar ein husvert - han kom opphavleg frå Sunnmøre naturlegvis – som hadde det med å låse seg inn tidleg om morgonen i huset der vi budde to sambuarpar. Han såg like skuffa ut kvar gong då han forstod at vi låg to og to som kristne det kunne seg søme. Dei einaste spora av orgiane han hadde tenkt seg skjedde natta før, var eit par tomme langpils på stovebordet.

Mange har kanskje sett den svenske filmen Tillsammans om eit kollektiv av unge menneske som som køyrde 2CV og eksperimenterte med kjønnsroller, stoff og partnerbytte. Dottera mi har sett denne filmen og er ristar forskrekka på hovudet over korleis foreldra bar seg åt i sin ungdom. Men filmskaparen Lucas Moodyson henta sitt miljø frå det meir avanserte Stockholm og ikkje Volda, Bergen og Oslo. Han brukte nok si diktariske fridom til å trekke saman og setje på spissen. Slik blir det lett litt for mykje av alt.

Ryktet om dei utagerande 68-arane i Norge er dessverre sterkt overdriven. Når sant skal seiast. Vi var moralske, forsiktige, blyge og ganske monogame - til dels pietistisk idealistiske - akkurat som det folket vi kom frå. Det var nesten berre sveisen og slagorda som var litt annleis. Det er den kjedelege sannheita vi aldri våga å innrømme for oss sjølve den gongen. Eg håpar det kan bli mellom oss.

Men om vi ikkje levde eit vilt og vørdslaust bohemliv på hyblane våre, kompenserte vi med andre ting. Det var visse ting som gav status. Det var mykje hår, det var kule dongerijakker. Og ikkje minst: Jakkemerke – buttons, som vi sa den gongen. Den gongen skulle du ikkje stikke dine meiningar under ein stol. Du skulle bere dei på brystet. Di fleire meiningar, di større politisk engasjement og høgare status i studentmiljøet…..

Det bringer oss over til politikken: I hundre år hadde studentane i Oslo, Bergen og Trondheim møttest i akademiske diskusjonsklubbar der framtidas akademikarar i dress og slips utveksla sine synspunkt på riksmål og på ein danna og lavmælt måte. Måtte dei skjelle ut nokon, gjorde dei det på latin. I løpet av eit år eller tre vart dei kasta ut av studentsamfunna. Ein uregjerleg gjeng kom inn i staden. Det kunne vere forgjengarane til SV eller Grønt Gras eller kristensosialistane. Men som regel var det AKP (m-l) altså marxist-leninistane – som marsjerte inn og ville ha væpna revolusjon, proletariatets diktatur og 50 mils fiskerigrense.

Den første tida var dei sjarmerande ungdom frå drabantbyane og dei beste familiar på vestkantane som fekk følgje av idealistiske heimefødingar frå bygdene. Etter kvart vart dei kortklipte og disiplinerte maktglade puritanarar. Det store meiningskarnevalet vi opoplevde frå 1970 utvikla seg - særleg innanfor AKP med tilliggande folkefrontar til eit udemokratisk og ganske autoritært politisk miljø som hadde Lenin, Stalin og Mao som leiestjerner og totalitære statar som Albania som eit ideal.

Kvifor forandra ungdommane seg så radikalt rundt 1970. Grunnen var naturlegvis blant anna 60-talet med store sine ungdomskull, allmenn velstand, p-pillen, drugs og rock and roll. Endå viktigare var Vietnamkrigen, som berre auka i brutalitet før amerikanarane endeleg trekte seg tilbake i 73. I Norge var det EU-kampen i 1972. Og det var kvinnerørsla som for alvor fekk fotfeste blant alle dei jentene som no strøymde til universitetsbyane for å studere nye og populære samfunnsfag ved universitet og distriktshøgskular.

Eg kom til Bergen etter to år på distriktshøgskule i Volda. Der var det to hovudfløyar i studentpolitikken – SV og AKP (m-l) I studentmiljøet vart representantar for Arbeidarpartiet eller Høgre sett på som høgreekstremistar. Demonstrasjonstoga hadde avgang nesten like ofte som Oslotoget. Det var ikkje råd å sitje ein heil dag på lesesalen utan at ei eller anna gruppe kom og mobiliserte oss, som det heitte, til støtte for ei frigjeringsgruppe vi aldri hadde høyrt om i eit land vi ikkje visste noko om.

Det vart gått i tog for kvinnefrigjering, homofrigjering, det var protestmarsjar mot apartheidregimet i Sør-Afrika og mot EU (som heitte EF, alternativ EEC og dyrtid på studentspråket). Det var aksjonar mot avskoging i Amazonas, oljeboring i nord og avfolking av distrikta. Det blei aksjonert for nynorske lærebøker, samiske rettar, betre kår for bøndene og til støtte for alle store og små streikar i fedrelandet.

Oppsummert: Naturlegvis var mange unge menneske som brukte utruleg mykje tid og krefter for å kjempe for saker som var ganske lite gjennomtenkte og som sidan har brukt ganske mykje tid til å rettferdiggjere, eventuelt ta avstand frå sine ungdomssynder. Men det vart lagt for dagen ein utruleg kreativitet og ei vilje til å tenkje nytt og finne alternativ.

Den store massen enkte meir med hjartet enn med hovudet og snusfornuften. Det er noko rart med ungdommen. Dei kan vere så urimelege og påståelege og så mykje på villstrå dei berre vil. Men dei er ofte på sporet av noko som vil veletablerte og tilårskomne ikkje greier å sjå. Etter eit par tiår viser det seg at dei ikkje var heilt ute på vidotta likevel.

I dag har mykje av det vi ropte slagord for eller imot blitt den reinaste sentrumspolitikk. Standpunkt som krev arbeid for alle, likelønn, rettigheiter for homofile, innvandrarar og respekt for samisk kultur. Du blir ikkje lenger kalla landsforræder om du kritiserer USA for sine krigar i utlandet. Om det i dag skulle vere nokon som seier at den folkevalde president Allende i Chile måtte styrtast og erstattast med ein brutal militærjunta for å berge verda frå verdskommunismen, vil vi hjelpe dei med ein stol og eit glas vatn. Men i 1970-åra var dette eit ganske vanleg argument på høgresida i norsk politikk…

No skal eg gi ordet over til nokre som også hugsar 70-åra…..

Kjetil Tandstad

(Kåseri 30. mai 2010. Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte kulturkveld med 70-talet som tema.)

tirsdag 25. mai 2010

Bygda lokkar

Oslofolk pakkar kofferten. Ein av tre vil flytte ut av byen. Men bør dei eigentleg kome hit?

Kvar tredje osloborgar - blant småbarnsforeldre i Oslo er det heile 40 prosent - kan tenkje seg å flytte frå hovudstaden, melder Aftenposten. Unge byfolk drøymer om fred og ro, frisk luft og småbruk med dyr.

Det er ikkje berre ein luftig sommardraum, fortel bygdeforskaren. Byfolk har oppdaga at livsstilen på bygdene er tilnærma like urban som i byen. Bygdene har fått pol og kaffimaskinar. Rett nok saltar Trond Giske ned kvar fjerde kulturkrone i hovudstaden, så landets kunstnarar må bli byfolk for å overleve. Likevel er Bygde-Norge breiddfull av spel, kappleikar og festivalar, revyar og kyrkjekonsertar. Tilbodet er til tider langt større enn det er publikum til. I så måte er tilflytting ein god ting.

Vil ein ha færre elevar per lærar eller fleire tilsette per pleiepasient er det også bygda som gjerne dreg det lengste strået. I utkantane slepp ein også det evige maset om å ta trikken. Her er avstandane så store og kollektivtilbodet så dårleg at ein godt kan køyre SUV til jobben utan å få kritikk for det.

Med fare for å øydeleggje for Møre-benken på Stortinget, som har som oppgåve å klage si naud: Vi bur godt i utkanten. Det veit ikkje minst dei som har trekt kølapp på Oslo legevakt med ei lang og bloddryppande kø framfor seg. På våre kantar kan ein ha helikopteret på døra før ein har fått lagt på røret. Ein uheldig førar av ein snøskuter hadde velta og vart henta ned av Røde Kors. Dei reima han fast til ein skikjelke og frakta han ned til parkeringsplassen, der helikopteret alt stod og venta. Eg er uskadd og vil ikkje på sjukehus, ropte mannen halvkjøvd frå haugen av ullteppa dei hadde pakka han inn i. Dei raudkledde hysja på han. Ein grundig sjukehuskontroll var det minste han måtte gå med på, no når ambulansehelikopteret likevel hadde rykt ut.

Løyndommen har eigentleg teke til å sive ut: Vi utkantfolk har det langt betre enn vårt rykte. Når folketalet minkar, aukar vår makt og vår råderett over naturherlegdommane. Ikkje rart at byfolk også vil ha ein del av kaka. Vi som er etterkomarar etter gjeldtyngde småbrukarar har høgst ufortent stige opp i den samfunnsklassa dei i andre land kallar landadelen. Vi bur med fornem avstand til naboane. Vi har fiskerettar og hjortevald. Innhaustinga har vi folk til å ta seg av. Enno finst det heldigvis praktiserande bønder som tek seg tid til å feie over innmarka med stengelknekkar og ballepresse utan å skulle ha anna betaling enn avlinga og arealtilskotet.

Dei moderne leiglendingane invaderer bøane med mange traktorar og tungt utstyr. Dei brukar ein halv dag på å kutte og plastemballere ei avling som ein heil familie brukte tre veker på å hesje og køyre inn i gamle dagar. Men langs kantar og i brattbakkane er moderne utstyr lite verd. Det er her godseigaren må trø til. Adelskap forpliktar, tenkjer han medan han skuvar og dreg i i ein sjølvrådig tohjuling som klipper seg gjennom stive strå og meterlange renningar av or, selje og lønn. Grasfrø limar seg til skallen og sveitten surklar i øyregangane under høyrslevernet medan den innebygde radioen held han oppdatert på sommarens agurknytt.

Og slik går no ferien. Kantslått er hardt arbeid i varmen. Klimaet i nordvest dei siste åra har vore slik at vi kan høyre graset gro. Vegetasjonen rykkjer oss stadig tettare inn på livet. Så langt har det gjerne vore eit prinsipp å bruke blanke våpen mot overmakta. Men no vaklar ideala og stadig fleire er villige til å ta kjemiske stridsmiddel i bruk.

Det er midt inn i denne nådelause krigen mot attgroinga idealistiske byfolk risikerer å hamne om dei greier å skaffe seg småbruket dei drøymer om. Det er ikkje nok å køyre Landrover og kle seg i tweed og grøne støvlar. Å vere jordeigar i dag er ikkje berre ein dans på velstelte bøar. Det er også plikter.

Landadelsmannen har tradisjonelt hatt krig som attåtnæring. No må ein kjempe på heimebane for ikkje å bli slukt av framrykkande vegetasjon. Etter krigsinnsatsen på demarkasjonslina mellom skog og dyrkamark tek han seg gjerne ein pause med dagens post. Blant rekningar og aviser finn han eit inntrengjande tiggarbrev frå Regnskogfondet: Klimaet er i krise. Bruk vedlagte giro. Hjelp oss å stoppe avskoginga no!

(petit Sunnmørsposten juli 2009)

Den lyse sida

Tida går. Tempus fugit, tenkjer vi på latin. Det kjennest heilt naturleg, for så gammal kjenner ein seg når ein blir mint på at det nyleg var tretti år sidan den famøse spelefilmen Life of Brian vart kjend blasfemisk av Statens Filmkontroll og totalforboden i Norge.

Tretti år sidan. Det er nesten utruleg. Vi snakkar ikkje om før krigen. 1980 har for oss høyrt den moderne tid til. Det var ”Another one Bites the Dust” med Queen og “On the Radio” med Donna Summer. Det var Dynastiet og Dallas i fjernsynet og Thomas Wassberg og Ove Aunli i skisporet. Og så var det Monty Python på kino. Rykta gjekk høgt om filmen vi ikkje skulle få sjå. Det var snakk om korsfesta britiske komikarar som sorglaust nynna melodien som alt var i ferd med å bli ei landeplage: Always look at the bright side of Life.

Life’s piece of shit, when you think of it…. Diskusjonen om Life of Brian likna lite på den frodige og opne filmen den dreia seg om. Store delar av kristenfolket, med høgt utdanna professorar og biskopar i spissen, meinte filmen spotta kristendommen, reiv ned alt som var heilagt og at han var spesielt farleg for ungdommen, sidan han gøymde sin vondskapsfulle bodskap under humor og fleip. Kristenfolket var krenkte i sitt inste og meinte respekt for det heilage måtte vege tyngre enn underhaldning. Dei kulturradikale kravde sin ukrenkjelege rett til å ytre seg fritt, også i spøk og satire. Sensur av bøker høyrde historia til, halvanna tiår etter dommen mot Bjørneboe. No galt det filmen. Skulle religiøse mørkemenn, som aldri gjekk på kino likevel, bestemme kva filmar andre nordmenn skulle få sjå?

Svenskane marknadsførte Life of Brian som filmen som var så morosam at nordmenn ikkje fekk lov å sjå han. Etter at filmen hadde gått sin sigersgang i verda eit par år, slapp han laus også på Norge. Styresmaktene kamuflerte heilomvendinga med 18-årsgrense og ein plakat som forsikra at Brian ikkje var Jesus, men ein oppdikta person. Kampen om denne filmen vart ein bitte liten og ganske flau parentes i åndskampen. Det er stilt frå dei som den gongen ville blokkere kinosalane for å berge sjelene våre – dei er anten døde eller har blitt liberale.

I dag er Life of Brian ein populær familiefilm og ein velbrukt klassikar frå videohylla i norske heimar. Det er heilt utenkjeleg at filmen skulle greie å skape harme i breie lag. Dei fleste ser den grunnleggjande humanistiske og demokratiske bodskapen i filmen. Etter kvart har også mange oppdaga at filmen ikkje berre heldt ap med religionen, men også om ei rekkje andre allmennmenneskelege trekk, som jåleri, griskheit, flokkmentalitet og den evig krangelen på den politiske venstresida. Vi har blitt modna og herda. Vi har lært at ikkje alle utsegner treng å bli oppfatta bokstaveleg og at viltslåande humor kan vere eit godt pedagogiske verkemiddel når ein vil ha folk til å tenkje sjølv.

Parallellen til 2010 er ikkje vanskeleg å få auge på. No er det avisteikningar av profeten Muhammed med bombe i turbanen som får religiøse menneske i harnisk. Dei kjenner seg krenkte og trakka på. Blant oss etnisk norske rasar debatten mellom dei som krev retten til å krenkje i ytringsfridomens namn og dei som ser meir taktisk på det.

Vi som synest det berre er nokre somrar sidan Madonnas ”Like A Virgin” herja hitlistene, må berre sanne at tida flyg. Slikt skal ein ikkje tenkje for mykje på for eigen del, vil ein bevare helsa og sitt gode humør. Men tenkjer ein samfunnsutvikling, gir det håp. Kampen om Life of Brian er eit eksempel på at tunge krefter i samfunnet umerkeleg og utan strid kan snu i eit spørsmål som ein gong handla om liv og død, toleranse og respekt.

Ingen skal få seie at det gjekk lang tid. Tru meg, tretti år går som ein røyk.

(Petit Sunnmørsposten 23/1-10)

Mot normalt

I dag passerer vi ein viktig milepel mellom fimbulvinter og jonsok. Når natt og dag er like lange, er det på tide å teste svinet.


På denne dagen er det vårjamdøger og vi merkar at kulda slepper taket. Våren er på veg. No kan vi snart spyle saltet av bilane og koste strøsanden vekk frå trapp og oppkøyrsle. Røyrleggjarane kan pakka bort tineutstyret og ta opp att sitt vanlege arbeid, som er å skifte ut godt brukande baderomsutstyr med noko endå nyare og dyrare. Norge kom ut av den økonomiske krisa med gevinst og kan halde fram med å salte ned pengane i heimen. Også når det gjeld vinterens kraftkrise har vi stått han av. Det er varmt vatn i dusjen og vi kan igjen kaste genseren og ha det komfortabelt andre stader enn halvvegs inne i peisen. Vi er gudskjelov på veg tilbake til normalen.

I morgon er det både Maria bodskapsdag og Bendiksmesse. Det første primstavmerket markerer at det er eit svangerskap til jul. Bendiksmessa er til ære for Benedikt av Nursia som blir rekna som klostervesenets far i Vesten. Bendik har vore sparsamt feira på det protestantiske Nordvestlandet dei siste hundreåra. Men no har vi fått eit nytt og opnare syn på munkeliv etter at vi vart kjend med katolisismen gjennom sunnmøringen Arnfinn Haram. I mange år har denne kuttekledde dominikanarmunken gjort seg gjeldande som skarpskodd debattant i kulturavisene. I det siste har han også dukka opp blant talkshow-skravlarane i fjernsynet. Det skjedde etter at han bokmelde ein jubileumsantologi utgitt av det erotiske bladet Cupido og etterlyste meir saft og kraft og kjensler i pornografien.

Slik kan ein tilbaketrekt munk brått bli aktuell og folkekjær. Og kraft og saft både over og under dyna har det sanneleg vore bruk for desse beinkalde vintermånadene vi har lagt bak oss.Tre månader med finevêr har gått oss på nervane. Dag etter dag har sola har kasta sine kalde strålar inn gjennom vindauget og spreidd tvil om den globale oppvarminga. Vi har ei rekkje gongar måtta vaske bilen i fordi den naturlege høgtrykkspylinga ovanfrå har vore ute av drift. I staden for å rydde terrassen for snø har vi moka han inn til husveggen for å få ekstra isolasjon. Heilt mot normalt har han blitt liggjande, og han kom vel ved.

Varmgang. Sidan juletider har vi stampa rundt i tunge sko og polstra vinterfrakkar i staden for dei vanlege allvêrsjakkene.Vi har uroa oss for frosne rør og varmgang i sikringsskåpet. Vi har forskansa oss innandørs med vampyrseriar på TV. Når vi endeleg har sovna, er det elektrisitetsrekninga vi har hatt mareritt om.

Med god grunn, skulle det vise seg. Det har i det heile vore ein vinter mot normalt og det er inga trøyst at vintervêret har vore ute av lage også nede i Europa. Der har stormar og snøtjukke framkalla vassflaum og jordras, høyrer vi frå fortvilte norske klimaflyktningar. Dei har kjøpt seg spanske og italienske feriehus i dyre dommar for å sleppe unna skitvêret i nord. Men i år har dei hutra bak enkle vindauge, opplevd sludd og regn og merka kulden bite gjennom uisolerte murvegger. Med andre ord – dei har hatt ein vinter som minte stygt om den klassiske grøne vestnorske. No kjenner dei seg lurte. Og då er det nok berre eit tidsspørsmål før ein solariebrun stortingsrepresentant frå Framstegspartiet går på talarstolen og spør kva statsråden har tenkt å gjere med det.

Merkedagen midtvegs mellom nyttår og jonsok blei også kalla Bent prøvesvin – eit kalendermerke som i dag er minst like fjernt for moderne menneske som Bendiksmessa. Men i morgon er altså dagen då ein skal teste ut kor godt grisen har greidd seg gjennom vinteren. Det brukte ein å gjere ved å drive han framfor seg med slag og spark for å sjå kor mykje han tolte.

I dag er det knapt nokon som har villagriser å jage rundt på. Hadde vi gjort det med spark og slag som tradisjonen tilseier, hadde vi også raskt blitt stoppa av Mattilsynet. Men tradisjonane lever vidare i nye former. No går det ut over sofagrisen i staden. Far har velta seg i vinkelsofaen med ostepop og pizza sidan dei olympiske leikane tok til. No blir han jaga ut i naturen og inn i skiløypa av kone og fastlege og han blir møtt med grove truslar om overvekt og helsesvikt om han kjem for tidleg inn att.

God helg!

(petit Sunnmørsposten mars 2010)

mandag 24. mai 2010

Fridom og fridom

17.maitale Stranda 2010


Kjære strandarar, besøkjande svigersøner og andre utanbygds tilreisande. Gamle og unge.

Gratulerer med dagen.

I dag feirar vi fridomen vår som nasjon og som innbyggjarar. 17. mai er ein dag som er sterkt knytt til den unge norske nasjonen og den lange og krunglete vegen til sjølvstendigheit og fridom. Nordmenn samla seg på Eidsvoll i 1814 for å skrive si eiga grunnlov. Inspirasjonen kom frå den franske revolusjonen: Fridom, likskap og broderskap var slagordet som fenga embetsmenn og bønder i Norge.

Historiske sprang veks gjerne ut av kriser. For det såkalla udelelege kongeriket Danmark-Norge var krisa avgrunnsdjup i åra før 1814. Danskekongen hadde satsa på feil hest, nemleg Napolon, som tapte krigen. Kongeriket Danmark- Norge var på knea både økonomisk og militært. For å kome seg ut av knipa og blidgjere sigerherrane, gav danskekongen rett og slett heile Norge til svenskane.

Det var kanskje ikkje den mest heroiske måten å bli eit eige land på. Men det gjekk i alle fall fredeleg for seg. Nordmennene var om seg og såg sitt snitt til å skaffe seg kanskje ei av dei mest moderne og demokratiske grunnlovene i verda. Grunnlova frå Eidsvoll gjorde Norge til ein slags nasjon igjen. Men vi var framleis underlagt ein svensk konge.

Det neste knappe hundreåret brukte Norge til å skaffe seg meir og meir fridom, suverenitet og nasjonalt sjølvstyre gjennom eit vedvarande press. For svenskane var dette eit bit-for-bit-diplomati som må ha irritert dei grenselaust. I åra før 1905 var det stort sett berre utanrikspolitikken som stod igjen. Presset frå Norge vart endå meir forsterka. Det kunne ha blitt krig, men svenskekongen var ein forstandig mann og gav opp det vesle som var att av svensk overherredømme.

Vi heldt fram med å utvikle vår nasjonale friheit som eigen nasjon. Vi gjorde det med lover og reglar. Det kom konsesjonslover som sikra nasjonal kontroll over våre vassdragsressursar Vi bygde jarnbane over store delar av landet. Ut over i det 1900-taletkom det ei lang rekkje lover som regulerte innbyggjarane sin handlefridom og som la grunnlag for det som skulle bli den norske velferdsstaten. Då vi oppdaga olje i Nordsjøen, slepte vi først til oljeselskapa etter å ha vedteke lover som sikra den norske staten sin gode del av rikdommane.

Den norske fridomen var sikra gjennom lover og reglar. Mot slutten av 1900-talet hadde begynte mange å irritere seg over detaljerte lover og reglar på alle livets område. Vekk med hemmande konvensjonar og tradisjonar, vekk med kyrkja si store makt. Det vart ikkje berre lov til å tenkje sjølv, men også å gjere som ein tenkte. Vå kravde individuell fridom. Kjærleiken vart ganske fri. Det vart pol i kvar bygd og pengespel på internett. Men di friare vi vart, til meir fridom ville vi ha. Mange ville ha fri fart, fri hasj og fri flyt av det meste: Fri og bevare oss, sa mange andre. Det tok til å merkast at fridom også har sine grenser. Bak kravet om fridom kan det også ligge eit krav om å sleppe ansvar, forpliktelsar, engasjement.

Kor personleg frie orkar vi eigentleg å vere? Kor lykkeleg er ein når ein berre treng å tenkje på seg sjølv og slepp å ta omsyn til kva familien, naboane, lokalsamfunnet og nasjonen meiner. Det blir nok eit fritt men truleg også eit svært einsamt liv. ”Freedom is another word for nothing more to loose”, song rockejenta Janice Joplin som hadde prøvd det.

Likevel, fridom er eit ord alle vil ha i fana si, anten dei kjempar for politiske rettar eller sel coca cola og mobiltelefonar. Filosofen Slavoj Zizek seier bitande at i det moderne samfunnet er menneska så frie at dei kan gjere kva som helst - så sant det inkluderer shopping. Det moderne mennesket har lett for å gløyme at det er ei heil verd av forskjell mellom kravet om grunnleggjande ytringsfridom og å krevje fridom til å velje mellom 40 prikk like TV-kanalar.

17. mai har vore den dagen vi har brukt til å feire at vi er ein fri nasjon og at vi er frie menneske. Men kva er det å vere fri? Denne dagen er det naturleg å reflektere over kva fridomen betyr for kvar og ein av oss. Lat oss hente visdom frå litteraturen. For eksempel frå teikneserien Asterix og Obelix, episoden Obelix & Co frå 1976. Historikaren Håvard Nilsen brukte nyleg denne episoden i sitt innlegg om fridomsomgrepet som han heldt på Rørosseminaret i april i år.

Som dei fleste nok vil vite, handlar denne teikneserien ein liten gallisk landsby som held stand mot det mektige Romarriket. Dette er den einaste landsbyen som nektar å underkaste seg den romerske keisaren. Det er naturlegvis noko som irriterer han forferdeleg. Keisaren, altså sjølvaste Julius Cæsar, sender stadig store hærstyrkar til Gallia. Men dei kjem mørbanka heim att. Keisaren prøver alle slags knep og triks. Men gallarane har ein ukueleg forsvarsvilje.

Når romarane held seg unna, lever dei som normalt, kranglar og kastar fisk på kvarandre, slik ein gjer i alle velfungerande lokalsamfunn. Men lurer det fare utanfrå, er dei einige og vel forlikte. Ved hjelp av sine hemmelege styrkedråpar som den lokale trollmannen kokar i hop, får dei ekstra krefter. Dei stiller i kø hos trollmannen for å få sin dose. Så marsjerer dei lystig av stad for å forsvare landsbyen og banke opp romerske elitesoldatar.

Hovudpersonar i teikneserien er Asterix, som er ein liten og kvikk og hissig fyr og ein slags lokal førarskikkelse. Obelix datt i styrkedrikkgryta då han var liten. Det gjorde han stor og sterk og gav han ei barnsleg glede av å slåst med dei topptrena romerske troppene. Eg skal ikkje dra parallellar til det indre livet på Stranda. Eg skal heller ikkje meine noko om kven som er Strandas Asterix og Obelix og kven som har rolla som Julius Cæsar i desse EU og kommunesamanslåingstider. Det overlet eg trygt til publikum.

Men altså: i denne landsbyen heldt dei fridom og sjølvstende som det viktigaste av alle verdiar. Dei levde samdrektige og lykkelege med Romerriket som samlande fiende. Dei produserte bautasteinar til eige bruk og greidde seg elles med det naturen gir dei.

Men ein gong spør Cæsar ein økonom korleis han kan underlegge seg denne trassige landsbyen. Han fekk følgjande råd: Gi dei pengar, sa økonomen. Gull og grådigskap gjer motstandarane svake og rundvomma.Julius Cæsar tente på ideen. Han sørgde for at bautasteinar vart høgste mote i Rom. Gallarlandsbyen byrja å tene store pengar på å selje sine bautasteinar til romarane. Det galt ikkje minst Obelix, som no produserte så mykje bautasteinar at han vart den rikaste i landsbyen. Han gjekk rundt med ei prangande silkesløyfe på magen. Han forsømte vennskapen med Asterix. Fordi han vart så rik, fekk han også plutseleg drag på damene. Han la seg etter den penaste dama i landsbyen, ho som er gift med oldingen Senilix. Det tok Senilix naturleg nok ille opp og kasta seg med stor energi inn i bautasteinproduksjonen for å konkurrere ut rivalen.

Innbyggjarane i gallarlandsbyen vart så rike at dei tok til å importere alle sine matvarer frå butikkane i Rom. Landsbyen var ikkje lenger sjølvforsynt og vart lett å ramme. Rikdommen førte også til mistru og sjalusi. Innbyggjarane tenkte mest på å karre til seg sjølve. Landsbyen vart splitta og sårbar. Dei frie marknadskreftene fekk fritt spelerom. Det var kvar mann for seg sjølv.

Det gjekk godt til slutt. Gallarane tok til vitet og sidan har det kome mange og spennande episodar om denne frie og sjølvstendige gallalandsbyen som keisaren aldri greidde å ta knekken på. Men aldri hadde dei vore så nær eit nederlag som denne gongen. Episoden vart første gong gitt i 1976. Dette er eit eksempel på at også teikneseriar kunne vere aktuelle kommentarar i den politiske debatten. Episoden kom altså same året som økonomen Milton Friedman dukka opp med sine nyliberalistiske teoriar.

For Friedman og dei andre nyliberalarar presenterte teoriar som grovt sett gjekk ut på at marknaden styrte seg best sjølv. Teoriane hans spreidde seg raskt: Politikk berre rota det til. I grunnen finst det ikkje noko samfunn, berre enkeltindivid som gjer rasjonelle val, meinte Margareth Thatcher i Storbritannia. Medan vi før hadde hatt politikarar som meinte at å styre økonomien var den beste måten å styre samfunnet på, fekk vi no politikarar som meinte at den beste politikken var minst mogleg politikk. Var marknaden fri, ville også menneska bli frie, meinte dei.

Slik er det ikkje. I moderne historie er det mange eksempel på at ein fri marknad ikkje utan vidare gir frie menneske. Ein prøveklut vart Chile, der den folkevalde presidenten vart styrta og militærregjeringa brukte nyliberalismen som rettesnor i den økonomiske politikken. Det viste seg at eit fritt næringsliv godt let seg kombinere med eit brutalt og undertrykkande diktatur. Kina har for lengst blitt ein kjempestor aktør i verdshandelen. Så langt greier dei seg godt utan ytringsfridom og andre grunnleggjande demokratiske rettar. I USA og Europa har den frie og ukontrollerte marknaden gjort mange menneske til gjeldsslavar og arbeidslause. På Island – eitt av verdas eldste folkestyre - let dei ein flokk uansvarlege marknadstilhengarar leike seg fritt med formuane til islendingane utan at regjeringa såg nokon grunn til å kikke dei i korta. Resultatet vart som vi veit katastrofalt.

Det er mange eksempel på at ein sterk stat kan gjere innbyggjarane ufrie. Men spørsmålet er i like stor grad om menneske kan fortsette å vere frie om dei er prisgitt ein fri og ukontrollert marknad. Det er i alle fall ingen tvil om at den marknadsliberalismen som har rådd grunnen dei siste tjue- tretti åra har gjort forskjellane mellom rike og fattige mykje større. Stadig færre eig stadig meir av fellesformuen. Det viser offisiell statistikk blant anna frå USA, Storbritannia og Norge. Statleg styre kan ta fridomen frå menneska. Men ein fri og uregulert marknad kan også gjere folk til slavar.

Det er ganske avgjerande kva vi meiner med fridom. Det som er fridom for den eine, kan bety slaveri for den andre. I moderne tid er det sterke tendensar til å privatisere fridomsbegrepet. Menneske er fritt så lenge ikkje nokon utset det for tvang eller påfører det beslutningar det ikkje sjølv har valt. Det høyrest greitt ut. Men er det nok?

Men i eldre politisk tenking heng fridom og fellesskap uløyseleg saman. Å vere fri vere fri tyder ikkje at ein kan gjere akkurat som ein vil. Får ein person mykje fridom, kan ein samtidig kome til å innskrenke fridomen til andre. Dette var grunnen til at slagordet frå den franske revolusjonen ikkje var eit krav om fridom åleine. Parolen var: Fridom, likskap og broderskap.

Skal fridom ha noko meining som ideal, må det bety fridom for alle. Det betyr også likskap. Det må vere om lag like mykje fridom for alle. Heller ikkje det er nok. Skal ein få det til, må det også omsorg til. Det trengst fellesskap, solidaritet, broderskap.

Den tapre gallarlandsbyen viste seg å ha liten verdi som samfunn der alle berre tenkte på seg sjølv. Den solidariske landsbyen derimot, med sin kunnskap, si historie og sine tradisjonar, var uovervinneleg, sjølv for den romerske keisaren.

Fri og fridom er ord med eldgamle røter i alle europeiske språk. Det kjem truleg frå sanskrit og betyr elskande, kjær og elska. Det same ordet har gitt oss ordet fred, frende og det engelske friend. Det skal også ha gitt namnet til den nordiske kjærleiksgudinna Frøya. Tek vi utgangspunkt i den opphavlege meininga av ordet, er eit fritt samfunn også eit samfunn der det er fellesskap og kjærleik. Det er samfunn der folk står saman og støttar kvarandre. Der det er omsorg for alle innbyggjarane. Det er eit samfunn der ein drøftar og kranglar seg fram til felles løysingar og gjennomfører dei i lag.

I eit fritt samfunn er ein ikkje berre er oppteken av notida, men også fortida og framtida. Ved å føre tradisjonar og kunnskap vidare til nye generasjonar, skal dei som kjem etter oss få fridom til å velje sin eigen veg. Slik er fridomen ikkje noko ein oppnår ein gong for alltid. Den må heile tida vedlikehaldast og utviklast. Slik sett er gir det god meining i å gå i 17. mai-tog for fridomen også i vår tid.

Det gir også meining å bruke denne talarstolen til å reklamere for eit nytt og viktig initiativ for lokalsamfunnet Stranda. På Furset står Berge Trevarefabrikk mykje godt då han vart sett i gang i 1917. Vi kan godt seie det er starten på industrien i kommunen. Her tok ein nemleg i bruk moderne maskinar. Maskinene blei drivne elektrisk via eit reimdriftsystem. Fabrikken var ikkje berre produsent av trevarer, men også bygdasag, mølle, bibliotekfilial, postkontor og samlingsstad for folket i grenda.

No vil eigarane overlate fabrikken til fellesskapet slik at nye generasjonar skal få sjå korleis den første industrien på Stranda såg ut. Eit interimstyre er på plass. No etterlyser ein eldsjeler, idemakarar, dugnadsarbeidarar for å hjelpe til med å gjenskape miljøet i fabrikken.

Prosjektet er såpass spesielt at det bør vere gode utsikter til å få god offentleg finansiering for noko som kan bli eit eineståande industrimuseum på rot. Det vil truleg bli den einaste gamle trevarefabrikken som er bevart og teken vare på Sunnmøre. Det er naturleg at eit slikt anlegg kjem akkurat i bygda som blir rekna som møbelindustriens vogge her landet.

Det er ein føresetnad at lokalsamfunnet sluttar opp om planane og stiller opp med dugnadsinnsats. Det gode med slike prosjekt er ikkje berre at dei tek vare på kulturminne for framtida. Slike fellesprosjekt bind også lokalsamfunnet saman – og like viktig - det bind fortidas strandarar saman med dei som lever i dag og dei nye generasjonane som kjem etter. Slike tiltak byggjer identiteten til eit lokalsamfunn. Det allierer fortid notid og framtid og fungerer som styrkedråpar for lokalmiljøet.

Derfor seier eg: Fram for fridom, likskap og brorskap – og fram for eit unikt industrimuseum i kommunen der den sunnmørske møbelindustrien aller først slo rot.

Takk for meg.

lørdag 22. mai 2010

Pose og sekk

Korkje innsatsvilje eller dugnadsånd manglar i bygde-Norge. Problemet er at her er alt for lite folk.



Vi er så få her i landet. Og vi møtest så sjeldan. Og når vi endeleg møtest, har vi sjeldan tid til ein prat. Det gjeld ikkje minst i vårt grisgrendte område av fedrelandet her vi må springe beina av oss etter alt vi må ha.

Bygdene blør. Ungdommen flyttar og arbeidsplassane rømer etter. Snart er det berre pensjonistar igjen. Det som trengst er eit nytt kulturhus med kafé og kunstgalleri, formiddagskonsertar og eldrebingo. Det er ei skam og eit sakn at kommunen ikkje har ei scene som stettar krava for omreisande teater. Om ikkje akkurat for vår eigen del. Men vi tenkjer på den oppveksande slekt. Dei blir kanskje buande i heimbygda om vi kan lokke med eit skamlaust amfi og det siste frå Jon Fosse på ei scene med internasjonale mål.



Eit godt lokalsamfunn treng sin eigen nærradio for å knyte oss saman og skape samhald med quiz og årgangspop. Vi bør ha hotell med spa og gjerne ein nattklubb for turistane. I det minste bør det vere grunnlag for ein skikkeleg pub. Vi høyrer til dei som er villige til å gå langt for halde den lokale skjenkjestaden gåande gjennom vinteren, men vi kan ikkje gjer det åleine. Vi etterlyser den gode gamle dugnadsånda. Blir puben borte, er kanskje Posten den neste. Så reiser dyrebutikken og dermed er avfolkinga i full gang. Berre frisørane blir igjen, men vi kan ikkje alle leve av å klippe kvarandre. Vi må ha nokre hudterapeutar og solstudio også, om vi skal få barnefamiliane til å flytte tilbake.



For bygdefolk gjeld det ikkje å misse tilbod, endå så vanskeleg det er å halde liv i alt vi har gåande. Vel har vi frivillige organisasjonane som dekkjer heile sektoren frå kriminelle motorsykkelgjengar til Tempelriddarordenen. Vi har kor og korps, golfklubb og strikkekafé. Kinoen er truga og dei vaksne må ta ansvar. Ungdommen har alltid sett filmane før. Dei lastar dei ned frå nettet så snart dei er sleppte. Heimekinoanlegget i kjellarstua har surroundlyd og der er det ingen som protesterer om dei legg beina på salongbordet.



Likevel flyttar ungdommen ut og vil heller bu på tronge hyblar i hovudstaden enn i kjellarhusværet heime hos ho mor. Det er så mykje som lokkar og dreg. Helst skulle vi ha hatt eige symfoniorkester og fotballag i eliteserien for stoppe ungdommens flukt. Utan eit breitt kulturtilbod kan ikkje noko lokalsamfunn konkurrere.Og så må vi ha kjøpesenter for å stoppe handelslekkasjen. Når industrien flaggar ut og tek fabrikkporten med seg, kjem store ledige sentrumstomter til syne. Arkitektar og utbyggjarar er straks på pletten med forslag om korleis ein kan sikre at pengane våre blir verande. Dei foreslår alt vi har bruk for; kulturbygg med bowling og fontene og strandpromenade med gjestehamn.



Det får så vere at prosjektet etter kvart kokar ned til den vanlege handlehangaren med høgt prisa utsiktshusvære på toppen. Utkantpolitikarar forstår det så inderleg vel: Konjunkturane bestemmer.

Slik blir det kjøpesenter og parkering på den beste tomta. Påkosta handlegater med skifer på fortaua og sitjegrupper i hoggen stein hamnar i bakevja. Butikkane flyttar under tak og til innetemperatur. I den gamle hovudgata er det berre ein og annan skater med lommene fulle av sprayboksar som kjenner ansvar for å setje liv og farge på miljøet.



Nei, vi seier ikkje nei til nye tilbod. Snarare tvert imot. Skal vi lokke heim urbane ungdommar må vi ha alt som byen kan tilby dei. Vi må ha folkeliv og fullt trykk og framande tungemål i gatene. Og skulle vi ikkje kunne ha gateseljarar og musikantar og rumenske tiggarar like vel som alle andre?

Yes, we can! Vi er så få her i landet og vi møtest så sjeldan. Når vi doblar handlearealet, møtest vi diverre berre halvparten så ofte. Det vi kan gjere , er å handle dobbelt så mykje og bruke dobbelt så lang tid når vi gjer det. Slik held vi trykket oppe og bevarer bygda som ein attraktiv plass å bu.



Velkomen til oss!



Petit, Sunnmørsposten 24/5-2010

Følgere