mandag 31. mai 2010

70-talet: Eit bakteppe.

Eg skal snakke om 70-talet.

Dei hermar etter ein kall inst i ein fjord som brukte å seie at han gifte seg då hundedagane gjekk inn og sidan har dei aldri gått ut att. Eg var 20 då syttitalet gjekk inn. Av og til kjennest det som om heller ikkje 70-åra har gått ut att. 70-talet har prega oss i musikksmak, klessmak og i kulturell og politisk kurs heilt fram til i dag. Som dei fleste i min alder har vi albuma fulle av minner frå åtti og nitti og 2000-talet. Men det er syttitalet vi hugsar – på godt og vondt.

Eg høyrer altså - med litt velvilje til den gruppa som har blitt kalla 68-arar. Eigentleg er eg litt for ung. Men dei internasjonale trendane kom litt seinare til Norge og endå seinare til Sykkylven og Volda der eg budde i mine første år. Altså 70-talet:

Vi kan kanskje begynne med musikken: Folk på min alder vil seie at 70-åra hadde den beste musikken. Då snakkar vi ikkje berre Beatles og Rolling Stones, som strent tatt kom på sekstitalet, men som var på alle platetallerkenar utover på 70-talet. Før hadde vi hatt Elvis og storbandswing og Jularbo i ønskekonserten. Etter kvart fekk vi Radio Lux. Og Deep Purple, Kinks, Pink Floyd, Creedence og Bob Dylan. Vi studentane var naturlegvis alt for jålete til å like feelgood-musikk. Vi måtte bli femti pluss før vi våga å tilstå at vi også hadde sans for Beach Boys og Abba. Og så var det visebølgja: Der meir enn fire personar var samla til fest, dukka det alltid opp ein type med kassegitar og song langtrekt og ulande så ingen andre fekk seie eit ord. Og jentene flokka seg naturlegvis om han.

Så var det klesstilen. På byrjinga av åttitalet kunne det til dømes vere brune cordbukser med sleng, t-skjorte med psykedelisk mønster og runde briller med blått glas på oss karane. Alternativt vadmel med blanke skjoldhue, skråtobakk og busserull. Jentene kunne for eksempel vere draperte i fargerike lange kjolar med orientalske mønster. Alternativt var dei kledde som sine eigne oldemødre i skaut, runde briller og dei svære lysegrå filttøflane som i Bergen vart kalla pampusser.

Både gutar og jenter hadde langt hår. For gutane hadde det vore eit langt steg å ta. Berre kort tid før skulle det vere feit sleik og ein liten vipp bak. Det førte til generasjonskonflikter. Unge håpefulle vart ofte truga med juling av dei som var eit år eller to eldre fordi dei var langhåra bøvlar og arbeidssky reservejesusar. Men moten blei fort normal. Etter få år kom også ordførar, prest og møbeldirektør etter, med ragg over kvitsnippen, psykedeliske slips og skjegg - eller i det minste hengebart og feite kotelettar framfor øyrene.

Livsstilen var viktig. Ungdommen var mot gardiner, mot tapet, alt som var firkanta, glatt og plastikkaktig. Som stål og betong og dei polerte mahognymøblane som foreldra deira hadde spinka og spart til og endeleg hadde fått råd til å kjøpe. Midt på syttitalet kjøpte eg meg eit rundt Ikea-bord i to toms kvistrik furu. Det var usliteleg og umogleg å bli kvitt.

Det skulle ikkje vere noko juks. Det skulle vere ærlege materialar. Eg hugsa ei driftig jente som fekk leigd seg eit triveleg rom med småblomstra tapet då ho vart student. Først fjerna ho alle lag tapet og papp slik at ho kom heilt inn på rupanelen som ho så pussa og luta. Så fjerna ho linoleumen og skura tregolvet kvitt før ho luta og såpevaska det også. Ho fjerna alle gardiner, skrapa all måling vekk frå karmane og hengde opp kinesiske rislampar. Det var eit rom ho fekk mykje skryt for.

Det var den seksuelle frigjeringa: Det kom ut bøker som handla om retten til orgasme. Bladet Sirene lokka med den pirrande spalta ”Vårt besværlige underliv”. Folk begynte å bli sambuarar i på direkten i staden for å gifte seg. Homsar og lesber kom fram frå skuggane og viste seg fram.

Berre å bu i kollektiv, som det heitte når ein delte leiligheit den gongen, gav den eldre generasjonen frysningar. Eg hugsar ein husvert - han kom opphavleg frå Sunnmøre naturlegvis – som hadde det med å låse seg inn tidleg om morgonen i huset der vi budde to sambuarpar. Han såg like skuffa ut kvar gong då han forstod at vi låg to og to som kristne det kunne seg søme. Dei einaste spora av orgiane han hadde tenkt seg skjedde natta før, var eit par tomme langpils på stovebordet.

Mange har kanskje sett den svenske filmen Tillsammans om eit kollektiv av unge menneske som som køyrde 2CV og eksperimenterte med kjønnsroller, stoff og partnerbytte. Dottera mi har sett denne filmen og er ristar forskrekka på hovudet over korleis foreldra bar seg åt i sin ungdom. Men filmskaparen Lucas Moodyson henta sitt miljø frå det meir avanserte Stockholm og ikkje Volda, Bergen og Oslo. Han brukte nok si diktariske fridom til å trekke saman og setje på spissen. Slik blir det lett litt for mykje av alt.

Ryktet om dei utagerande 68-arane i Norge er dessverre sterkt overdriven. Når sant skal seiast. Vi var moralske, forsiktige, blyge og ganske monogame - til dels pietistisk idealistiske - akkurat som det folket vi kom frå. Det var nesten berre sveisen og slagorda som var litt annleis. Det er den kjedelege sannheita vi aldri våga å innrømme for oss sjølve den gongen. Eg håpar det kan bli mellom oss.

Men om vi ikkje levde eit vilt og vørdslaust bohemliv på hyblane våre, kompenserte vi med andre ting. Det var visse ting som gav status. Det var mykje hår, det var kule dongerijakker. Og ikkje minst: Jakkemerke – buttons, som vi sa den gongen. Den gongen skulle du ikkje stikke dine meiningar under ein stol. Du skulle bere dei på brystet. Di fleire meiningar, di større politisk engasjement og høgare status i studentmiljøet…..

Det bringer oss over til politikken: I hundre år hadde studentane i Oslo, Bergen og Trondheim møttest i akademiske diskusjonsklubbar der framtidas akademikarar i dress og slips utveksla sine synspunkt på riksmål og på ein danna og lavmælt måte. Måtte dei skjelle ut nokon, gjorde dei det på latin. I løpet av eit år eller tre vart dei kasta ut av studentsamfunna. Ein uregjerleg gjeng kom inn i staden. Det kunne vere forgjengarane til SV eller Grønt Gras eller kristensosialistane. Men som regel var det AKP (m-l) altså marxist-leninistane – som marsjerte inn og ville ha væpna revolusjon, proletariatets diktatur og 50 mils fiskerigrense.

Den første tida var dei sjarmerande ungdom frå drabantbyane og dei beste familiar på vestkantane som fekk følgje av idealistiske heimefødingar frå bygdene. Etter kvart vart dei kortklipte og disiplinerte maktglade puritanarar. Det store meiningskarnevalet vi opoplevde frå 1970 utvikla seg - særleg innanfor AKP med tilliggande folkefrontar til eit udemokratisk og ganske autoritært politisk miljø som hadde Lenin, Stalin og Mao som leiestjerner og totalitære statar som Albania som eit ideal.

Kvifor forandra ungdommane seg så radikalt rundt 1970. Grunnen var naturlegvis blant anna 60-talet med store sine ungdomskull, allmenn velstand, p-pillen, drugs og rock and roll. Endå viktigare var Vietnamkrigen, som berre auka i brutalitet før amerikanarane endeleg trekte seg tilbake i 73. I Norge var det EU-kampen i 1972. Og det var kvinnerørsla som for alvor fekk fotfeste blant alle dei jentene som no strøymde til universitetsbyane for å studere nye og populære samfunnsfag ved universitet og distriktshøgskular.

Eg kom til Bergen etter to år på distriktshøgskule i Volda. Der var det to hovudfløyar i studentpolitikken – SV og AKP (m-l) I studentmiljøet vart representantar for Arbeidarpartiet eller Høgre sett på som høgreekstremistar. Demonstrasjonstoga hadde avgang nesten like ofte som Oslotoget. Det var ikkje råd å sitje ein heil dag på lesesalen utan at ei eller anna gruppe kom og mobiliserte oss, som det heitte, til støtte for ei frigjeringsgruppe vi aldri hadde høyrt om i eit land vi ikkje visste noko om.

Det vart gått i tog for kvinnefrigjering, homofrigjering, det var protestmarsjar mot apartheidregimet i Sør-Afrika og mot EU (som heitte EF, alternativ EEC og dyrtid på studentspråket). Det var aksjonar mot avskoging i Amazonas, oljeboring i nord og avfolking av distrikta. Det blei aksjonert for nynorske lærebøker, samiske rettar, betre kår for bøndene og til støtte for alle store og små streikar i fedrelandet.

Oppsummert: Naturlegvis var mange unge menneske som brukte utruleg mykje tid og krefter for å kjempe for saker som var ganske lite gjennomtenkte og som sidan har brukt ganske mykje tid til å rettferdiggjere, eventuelt ta avstand frå sine ungdomssynder. Men det vart lagt for dagen ein utruleg kreativitet og ei vilje til å tenkje nytt og finne alternativ.

Den store massen enkte meir med hjartet enn med hovudet og snusfornuften. Det er noko rart med ungdommen. Dei kan vere så urimelege og påståelege og så mykje på villstrå dei berre vil. Men dei er ofte på sporet av noko som vil veletablerte og tilårskomne ikkje greier å sjå. Etter eit par tiår viser det seg at dei ikkje var heilt ute på vidotta likevel.

I dag har mykje av det vi ropte slagord for eller imot blitt den reinaste sentrumspolitikk. Standpunkt som krev arbeid for alle, likelønn, rettigheiter for homofile, innvandrarar og respekt for samisk kultur. Du blir ikkje lenger kalla landsforræder om du kritiserer USA for sine krigar i utlandet. Om det i dag skulle vere nokon som seier at den folkevalde president Allende i Chile måtte styrtast og erstattast med ein brutal militærjunta for å berge verda frå verdskommunismen, vil vi hjelpe dei med ein stol og eit glas vatn. Men i 1970-åra var dette eit ganske vanleg argument på høgresida i norsk politikk…

No skal eg gi ordet over til nokre som også hugsar 70-åra…..

Kjetil Tandstad

(Kåseri 30. mai 2010. Venneforeininga for Norsk Møbelfaglig Senter arrangerte kulturkveld med 70-talet som tema.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere