søndag 21. februar 2016

Bjørkeborkebeinarar

Mobbing og morgontrøytte ungdommar er ikkje noko nytt under sola.

Vinterferien er her. Endeleg kan skuleungdommen få sove ut. Og svevn treng dei. Skuleresultata blir truleg betre om vi ikkje tvingar dei til å bryte seg opp til skulestart klokka halv ni. Ein time eller to ekstra på øyret kan gjere underverk, meiner forskarane. Men i vinterferien kan alle med ungar sjølve sjå at vi her har vi ei med ei naturlov å gjere: Ungdom som ikkje opp, står ikkje opp. Og dei er alltid veldig morgontrøytte, same kor seint på dag det lid.

Grunnlaus. Vinterferien er like unødvendig som haustferien. Eller potetferien, som dei sa den gongen det var eit visst poeng med ei friveke om hausten. Dette skriv kommentatoren Jan Erik Snoen. Utspelet fekk full klaff og hausta lesarstorm - frå lærarar, elevar og foreldre. Mange og lange feriar er tvert om av det gode, hevda pedagogane. Og foreldra stemmer i: Når skal elles familiefolk kome seg til Syden om vinteren?

Stemninga blant historielærarane er også lys før vinterferien. Filmindustrien arbeider for dei. Actionfilmen Birkebeinerne går på kino. Filmen skildrar den farefulle ferda frå Borg til Nidaros for ein flokk uflidde menn med never rundt leggene og ein baby under pesken. Babyen var kongsemnet Håkon Håkonsson, som baglarane ville ha livet av. Filmen skildrar sverdkamp og halslaus laussnøkøyring i rasfarlege brattheng. Når dei skjeggete heltane i tillegg viser omsorg for eit knusbedårande kongsemne, er appellen brei og likestilt. Historikarane himlar nok litt med augo over at birkebeinarane er velmeinte og humane norskpatriotar, medan baglarane er teikna som svikefulle papistar som har selt seg til danskane. Men skit på. Ein må svelgje nokre kamelar for at elevane skal få eit aldri så lite inntrykk av den urolege perioden vi kallar borgarkrigstida (1130 – 1240) og som historielærarar elles må hoppe lett forbi.

Mobbeprogram. For dei bruke historietimar på skulens anti-mobbeprogram. Skuleungdommen mobbar nemleg kvarandre utan stans. Det var naturlegvis like gale i borgarkrigstida. Ikkje berre tok dei ustanseleg livet av folk. Dei sette også stygge namn på kvarandre.

Det er ei fattig trøyst at det var like gale før, men kanskje kan vi bruke historia til å lære av: Vi kan ta utgangspunkt i dagens dato 20. februar. Dette var truleg dagen for slaget på Re i 1163 - vel førti år før den strabasiøse turen med kongsemnet. Han som vann var Erling Ormson. I ungdommen hadde han vore ein tur til Middelhavet for å sjå Roma, Konstantinopel og Det heilage land. Ved Sicilia vart han ute for arabarar og fekk eit sabelhogg i halsen som gav han varig mein. Meir skulle det ikkje til før han resten av livet måtte gå under namnet Erling Skakke.

Kongedrap. Erling Skakke var mannen som tok livet av de nyvalde kongen Håkon Herdebrei ved Sekken. Han var formyndar for Inge Krokrygg. Då han gifte seg med dottera til Sigurd Jorsalfare, viste det seg at ho hadde eit barn frå eit tidlegare forhold med Sigurd Munn, ein kar som Snorre framstiller som ein sjarmør med eit misdanna munnparti, moglegvis hareskår. Stesonen som Erling Skakke fekk i hendene, hadde også blått blod i årane. Han kunne bli ein konkurrent om kongetrona. Erling Skakke såg ikkje anna råd enn å late han bli hengd ”som ein kråkeunge” i Bergen.

Oppgåve: Kva kan nedsetjande kallenamn og lytehumor ha hatt å seie for arvefølgjestriden i borgarkrigstida? Grei ut.

Kjetil Tandstad

Følgere