fredag 5. november 2010

Trollpakk

Før eller seinare måtte folk bli lei skrekkfilmar med brølande monster og blodlause vampyrar. Norske troll er på full fart ut av berget det blå og ut på nettet dei og.




Troll er i ferd med å ta skrittet ut av eventyrbøkene, forstår vi etter at ein ny norsk film har satsa på trollpakk som skrekkeffekt. Filmen har alt fått kjempeblest i utlandet. Ein skjeggete Otto Jespersen er statleg oppsynsmann som prøver å halde trollpakket inne i reservata sine. Han fartar rundt i Landrover og set seg i respekt med ein slags lysbazooka han ber over skuldra. I hælane har han tre unge mediestudentar frå Volda som vil lage dokumentarfilm om den farlege jobben hans. Dei får lære at påstanden om at troll kan temjast ikkje har mykje verdi der dei spring i panikk gjennom granskogen, forfølgde av ei rasande kjempe som har fått ferten av kristenmanns blod.

Kultfilm. Skrekk på film er ein sikker underhaldningsvinnar og naturlegvis burde det også vere plass til norske troll blant alle dei mannevonde vanskapningane som herjar kinolerretet. Moderne illusjonsteknikk har gitt oss ein heil hærskare av oppspadde lik, dryppande dauingar, fantasidyr med insektsansikt og trollmenn som vandrar i kring og pønskar på verdsherredømme. Ikkje noko er meir spennande for skvetne folk enn å bli skremde, så sant det skjer i trygge omgjevnader. Skrekk er forbruksvare for den oppveksande slekt. Dei unge er dessutan dobbelt glade for å få ein støkk i livet, for det gir dei endå ei orsaking for å innleie kroppskontakt med det motsette kjønn.

Smerteskrik. Derfor lyder det ville smerteskrik gjennom golvplankane frå heimekinoanlegga i kjellarstovene. Vi høyrer øgler som knurrar og glefser og freser medan hekser og demonar kaldskrattar under beina på oss. Dinosaurar med vondt i sinne trampar gjennom bregneskogane og King Kong riv av nokre etasjar på ein skyskrapar berre for å setje seg i respekt. Frå verdsrommet kjem stadig nye bølgjer av utanomjordiske invasjonsstyrker, som vil gjere seg til herrar over alt liv i Mjølkevegen. Jorda inkludert.

I desse marerittfilmane er ein einsleg klassisk vampyr av Dracula-typen med tung augnesminke, blondeskjorte og tennene fast i ein kvit jomfruhals ikkje lenger nok til å skremme ungdommen opp i fanget på kvarandre. Det må hardare verkemiddel til. No skal det vere vampyrar av begge kjønn som både ser unge og sexy ut. Men så viser det seg altså at dei unge menneska ber på gamle sjeler og tunge synder under collegegenseren. Dei er ikkje først og fremst ute etter å ta dyden på sine offer. Dei er derimot kraftig hekta på ungt blod og må ha hyppige overføringar for å halde sitt ungdommelege ytre ved like.

Tid for troll. Må ha det, berre må ha det, er slagordet som gjeld også for dagens gjenferd. Slik liknar dei sitt publikum, som også blir lærte opp til å ta til seg og å ta seg til rette. Fordi dei fortener det. Og publikum treng stadig nye skremsel for å få adrenalinnivået til å stige. No er tida kanskje inne for at også dei norske trolla kan få sine 15 veker på kinolerretet.

Den norske trollfilmen laga sine troll slik at dei nesten ser ut slik som Th. Kittelsen teikna dei. Men elles er dei framstilte som høgst ordinære monster med store musklar og ein dyrisk appetitt.

Det er å gjere trollpakket mykje mindre enn dei er. Norske troll har også ein del menneskelege trekk. Dei røvar ikkje prinsesser for å ete dei til middag, men for å bli lyska og kosa med. Dei er sterke og farlege, men ofte svaksynte og godtruande. Dei er gjennomgåande tunge i sessen og trege i tankegangen.

Derfor er det også mogleg for vår tradisjonelle trolljeger Oskeladden å lure seg inn i berget og hogge alle hovuda av eit sovande troll. Og i staden for å røme vitskremt gjennom skogen, utfordrar han trollet til kapp-eting. Det er ein ulik kamp, men den kreative guten hengjer ryggsekken på magen og ausar maten i sekken. Når det er fullt, skjer han hol med tollekniven og lokkar trollet til å gjere det same.

Internett-troll. Slik kan ein liten og snartenkt ein vinne over den store og mektige. Dette er ein mytologi som har passa eit lite folkeslag som det norske i ei stor og vanskeleg verd og han er dessutan populær blant turistane. Dei engelskspråklege har ikkje noko eige ord for kjemper med dei spesielle eigenskapane til norske troll. På engelsk er troll internettslang for folk som bevisst provoserer og sjokkerer eller som hissar til krangel i nettsamfunn.

Trollete er det og. Og kanskje er dette den tydinga av troll og trollskap som blir ståande i ettertida. Som vi flyttar alt anna over på internett, flyttar vi også alt vi fryktar frå naturen til skjermen. Så endar vi alle opp som skjermtroll og blir ikkje mørkeredde andre tider enn når skjermen går i svart.

Kjetil Tandstad



”Dei røvar ikkje prinsesser for å ete dei til middag, men for å bli lyska og kosa med.”

Følgere