søndag 28. juni 2015

Reptilsommar


 

Det skal vere reptil i år, les vi i eit moteblad. Ikkje berre sko av krokodilleskinn, men også slangeskinnsbukser og telefontrekk med alligatormønster. Vi snakkar bikini med øglelook og firfislemønstra strandsett. Og så noko til mannen, for at han også skal stå i stil: Kanskje eitt og anna av skjelpadde. Kan vi foreslå sykkelhjelm?

 Mette-Marit hadde reptilskjørt på ei prisutdeling alt i februar i fjor, går det fram av fagpressa. Ho var så tidleg ute at det kom i Se og Hør. No har ho vist tærne i kongeleg bryllaup i Stockholm, noko  motejournalistane kallar ”dristig”. For raude sko utan tå er høgst diskutabelt i kongelege bryllaup, meiner svenske kommentatorar som er ekspertar på slikt. Men kanskje er det berre ein forsmak på sommarmoten 2016. I så fall får vi håpe at juni neste år blir mildare juni har vore i år. Då hadde det nok blitt blåfrosne tær om skorne var aldri så raude.

Ikkje slik at kulde og nordavind nokon gong har  greidd å stanse motepåfunn her oppe i nord. Her har lårkorte og snekledde jenter alltid greidd å forsere snøfonnene på veg til fest. Moten påverkar oss alle. Til og med  karar  som berre handlar på sal og aldri har lese eit moteblad, kjem til å ha  krokodillar, firfisler og snokar på T-skjorta om eit år eller to.  Skal ein kome rimeleg frå det, må ein ta krypdyra på kjøpet.

Moten leverer trendar vi må følgje eller kome for seint til fleiregongar per år. Denne sommaren er det altså skjeldekte krypdyr det går i. Alternativt indianarar, som er moteverdas form for glutenfritt for dei som ikkje toler skjel. Kven som har bestemt sommarmotens tema, er det ingen som kan svare på. Men vi kjem til å gjere akkurat som dei seier og det kjem til å koste oss dyrt. For når moteskaparane har talt, er plutseleg fjorårets ubrukte badebukse berre  2014.

Men det er ikkje nok å kle seg i siste skrik. Sommarmoten er avslørande.  Det nyttar lite med slangskinnsbukse, viss magen stikk fram.  Hei, du ser jammen sprek ut, seier vi trøystande til ein kamerat vi synest ser både bleik og elendig ut. Ja, du skjønar, eg har vore sjuk! svarar han.  Ei veke på rygg  med influensa hadde fått kilo til å forsvinne, seier han fornøgd og piskar sin trinne kropp vidare opp gjennom joggeløypa for å unngå tilbakefall.

 Så langt har det kome, at sjukdommen kjem som ein befriar. Vi har alle ansvar for å sjå modellslanke ut. Greier vi det ikkje, er det viljen som får skulda. To tredeler av jentene og ein tredel av gutane her i landet er kraftig misnøgde med måten dei ser ut på og vil veldig gjerne gjere noko med det. Nokre brukar gamlemåten og sveittar på tredemøllene og pinebenkene i treningsstudioet. Andre satsar på ein quick fix i det private helsevesenet. Plutseleg dukkar ungjentene opp att utan sitt naturlege kvalpefeitt  og med brystparti som ein rib-båt for fulle muggar. Det synest dei har fått god valuta for konfirmasjonspengane. Foreldra og besteforeldra  betaler resten av rekninga og følgjer gjerne opp med ei oppgradering av eige skrog. Dei kjem tilbake med slankare kropp og slankare lommebok og er så rynkefrie i fjeset at dei får vanskar i passkontrollen på neste Syden-tur.

Slik lever vi her i Egolandet i berre ti grader pluss, sjølv om det snart er midtsommar. Det er ikkje mykje å rope hurra for. Vi prøver enno å følgje moten og enno har vi råd til å betale for det, men kor lenge? Oljenæringa er i krise og USA-ferien har blitt 30 prosent dyrare. Vi veit at vi står på kanten av stupet, men berre vent: Denne sommaren skal vi ta eit stort steg framover.
(Smp, 20.07.2015)

Nøysemd


 
Nøysemd er overskrift for dette kulturarrangementet. Takk til Ingvild Nystad og komiteen som nøydde seg med meg til å opne utstillinga.

Eg er altså ein gammal journalist som tråla desse fire inste kommunane i ein halv mannsalder før eg hamna på museum i Sykkylven. Stordal, Stranda og Sykkylven var industrikommunar med fellesferie. Der gjekk næringslivet jamt og trutt frå haust til vår med sine kriser og bølgjetoppar. Om sommaren var det stort sett  fellesferie og befolkninga var over alle haugar.

 Då var det Norddal kommune som var redninga når ein skulle finne stoff til avisa. I tillegg til underhaldande  bygdestrid, blei her stadig lansert nye initiativ for å skape arbeidsplassar, hindre fråflytting, skape samhald og trivsel, få kvinnene fram. Her fanst det ei unik samling av oppfinnsame, nytenkjande, trassige og kjekke og flinke folk – veldig ofte kvinnfolk - som hadde bruk for spalteplass. Dei kjempa med ryggen mot veggen mot sentraliseringa, urbaniseringa, kommersialiseringa – altså sjølve tidsånda, men dei gjorde det  ofte på ein ny og moderne måte. Alle utfordringane  - og det skal seiast – litt kraftinntekter  i tillegg - førte til ei oppblomstring av kreativitet, initiativ og mange gode - og av og til ikkje så gode -  idear som vart lanserte med brask og bram - og med jordbær til.

Eg skal tale over ordet «nøysemd». Ei reim av denne nedarva nøysemda har vi nok, dei fleste av oss.  Eg sjølv  ikkje noko unnatak.  Færingen min er 80 år, traktoren snart 60 år gammal. Mi tohjuls  slåmaskin, den som far min alltid kalla «Isjlefanten», er over 40.  Utstyret er langt over pensjonsalderen, på grensa av sterkt pleietrengande. Men sjølv om noko av dei ikkje verkar, er det andre ting ved dei som verkar. Vi kan ikkje direkte kassere dei heller.

For vi har nøysemda under huda: Vi har fått høyre dei klassiske historiene: Gamlemannen på garden som alltid drog riva etter seg på veg heim frå slåttemarka, same kor vel dei hadde raka bøen tidlegare. «Det blir alltids til ei kalvetugge.»

 Vi har forfedrar som har rodd åtte mil fram og åtte mil fram og tilbake til byen for å gjere eit godt kjøp. Folk  som tok  av seg skorne i vanskeleg terreng for å redusere skoslitet. Om jakker og frakkar som har blitt snudde og vende og omsydde frå festplagg til arbeidsantrekk til gryteklutar før dei enda sine dagar som isolasjon rundt eit vassrør. Alt skulle nøytast.

I dagens forbrukarsamfunn kjennest det som noko rett og flott å halde litt att og vise nøysemd. Bøtte strømper har fått ein viss status. Det signaliserer miljøvern, handarbeidskompetanse, omsorg. Men no treng vi ikkje slite kleda våre ut sjølv. Slikt har vi folk til. Vi får kjøpt ferdig slitne klede i butikken til dobbelt pris og halv slitestyrke.

 Moderne menneske kjenner seg ikkje lenger heilt sikre på at vi vil få  vår lønn i himmelen. Derfor tek vi ut litt av det vi synest vi fortener på kulturweekend til  Amsterdam eller vi skifter ut kjøkkenet viss vi er lei av frontane. Vi har jo råd til det.

Vi  synest vi må ha ein Sydenferie i året og reiser til Moa for å kjøpe strandantrekk i årets fargar. Hurtigarbeidande kinesarar lagar stolar og sofaer på løpande band. Etterkommarane etter møbelproduserande sunnmøringar kjøper der det er billegast. Det tynne bomullstrekket på sofaen er ikkje mykje å skryte av. Det er i grunnen heilt greitt, synest vi. Då kan vi  fornya inventaret med godt samvit om nokre år.

Det første vi gjer no viss vi skal gjere noko praktisk, er å  kjøpe laserpass og elektrisk utstyr, raudruta flanellsskjorter og  snikkarbukser med masse lommer. I min grøne ungdom  sto karane og laga møblar i koksgrå dress. Det var ravane av bestedressen, som gjerne også hadde vore bryllaupsdressen. Når penkleda vart blanke på knea, vart den arbeidstøy på fabrikken, Seinare vart jakka brukt på sjøen med islendar under - og til slutt i fjøsen.

 I dag er svaret på dei fleste problem å dra kortet på kjøpesenteret. Blir noko øydelagt,  kjøper vi nytt. Shopping har blitt fritidsaktivitet, tidtrøyte, ein stad for kvalitetstid med ungar og venner. Det er ein aktivitet som frontkolliderer med idealet om nøysemd. Vi går og kjenner på det: Bruk og kast er rett og slett ikkje rett. Og så prøver vi å bøte på det – på vår måte.

 Ein av måtane er å ikkje kaste. Vi kjøper like mykje, men vi kasserer mindre. Eller vi tek  vare på alle gamle ting:  Ei rosemåla og motteten seng, ei slåmaskin for hest, eit stråmønstra bolle med brest i. Vi er heilt sikker på at vi aldri kjem til å bruke det igjen. Men «det er for gale det skal kome vekk». Av omsyn til l slekta, bygda, kulturarven, etterkomarane. Til slutt byggjer vi oss  hytter som vi fyller opp med alt vi ikkje har plass til heime. Etter kvart er der ikkje plass til folk. Og så blir også hytta ståande der til inga nytte.

Det er ikkje nøysemd. Heller ikkje å putte feilkjøpa våre av kle og sko  i containerane til dei fattige i Ukraina. Der går bestemødrene der med t-skjorter og fleece-genserar der det står Sexy og Fuck på. Med vennleg helsing frå nøysame nordmenn som syntest dei gjorde eit  kupp på posesalget, men som ombestemte seg då det kom til stykket.

Nøysemd er ein del av den sunnmørske kulturbakgrunnen. Den er ikkje spesielt sunnmørsk. Det er slikt fattige folk må lære seg over alt. Dei prøver å gjere det beste ut av situasjonen. Det handlar om å få knappe ressursar til å vare lengst mogleg. Det er å vere smålåten på egne vegne og utnytte ressursane som finst rundt oss. Det er ein kulturell arv og noko heilt anna enn å vere gjerrig.

Hans Nielsen Hauge gjekk rundt i landet  og preika Guds ord og  starta industri og næringsverksemd. Han strikka medan han gjekk, for å utnytte tida. I Herøy arrangerer dei  årlege Hauge-seminar for å minne folk om at det ikkje treng å vere  noka motsetning mellom Gud og Mammon.

 Pietismen er ein viktig del av norsk og spesielt vestlandsk mentalitetshistorie. Pietismen gjorde nøysemd til kjerneverdi. Pietistane var ikkje alltid nøysam med omsyn til virkemiddel. Dei brukte Helvete som trugsmål med stort frimod for å få folk til å bli som dei. Ein kan seie at dei viste manglande nøysemd i sin skremselspropaganda for å spreie sin nøysemd-ideologi. Slik vart pietismen også ein trussel mot sjølvstendig tenking og folks tru på seg sjølv og  andre.

Men same kor ukristelege vi er, er pietismen ein del av oss – på godt og vondt. Eg brukar å seie: Du treng ikkje vere kristeleg for å vere pietist. Vi er kretsmeistrar i dårleg samvit. Du kan ta sunnmøringen vekk frå dommedagstrua, men ikkje dommedagstrua vekk frå sunnmøringen.

For langt under dei pietistiske ideala og ideologiane, ligg det noko djupare og eldre, meir materielt. Det er ein måte å tenkje på som er utvikla gjennom hundreåra og som har si rot i levekår og overlevingsevne.

For den enkelte handlar det også om å tone ned sine personlege egoistiske krav til fordel for noko større, som familien, fellesskapet. Så gjeld det gjere det beste ut av det. Utnytte absolutt alle ressursar, ikkje berre dei materielle.

Ein måtte også utnytte alle sine eigne evner. Ein måtte nøyte materialane, tida, ein måtte ta vare på ting og menneske rundt seg. Ein måtte aldri slappe av og få «slyesykjå». Gav ein etter på eitt område, kunne det rakne på andre. Då trua straffedommen: Svolt og død, Skam og fornedring, Syndfloda, Verdas undergang.

Naturlegvis var det fattigdomen, knappheita som tvinga oss til å vere nøysame. Men her var også overskot, skaparlyst, fantasi og kjærleik. Det ser ein i omtanken som er lagt ned i ein bøtt vott, ein vakker naustvegg av båtbord, den elegante måte å gjenbruke utslitne gjenstandar i nye samanhengar.  Her ligg det ei skaparkraft som langt på veg har gått tapt i vårt moderne samfunn der vi kjøper alt ferdig. Og som det moderne skulefaget redesign  gir nytt liv ved å gi elevane sjansen til å bruke fantasien, dyrke kreativiteten, kombinere overraskande element. Kort sagt: Utnytte og skape noko nytt av kjende gjenstandar. Det er eit fag som trass i sitt engelske namn er heilt  i pakt med lange og verdifulle norske tradisjonar  - og som viser veg.

Vi har museum med gamle gjenstandar: Gjenstandane fortel mykje – også om nøysemd. Kanskje det er på tide å bygge ei utstilling, eit museum , ein heil  temapark spesielt over denne kulturarven vi kallar nøysemd.

For nøysemd er  eit trua ideal. Det samanfattar mykje av det som er bakgrunnen vår. Og kvar er det meir naturleg å ha eit slikt museum her i Norddal kommune. Med sine mangesyslarar, sitt initiativ og idealisme og alle sine vitale 100-åringar, spreke etter eit strevsamt liv med kroppsarbeid og springing etter sauene.

 Dei er levande bevis på at nøysemd også kan vere bra for helsa. 

Lykke til. Og takk for meg!
 
(Kåseri, opning av utstillinga Green Nelly, Sommardagar i Norddal  23.6.2015)

Følgere