tirsdag 20. september 2011

Kåseri, 60 årsjubileet til Møre Trafo på Kielferja 17. september 2011.

Eg har fått i oppdrag å få fart på fordøyelsen med eit kåseri.
Det kan eg godt gjere. Eg har faktisk ei viss fartstid her på Kiel-ferja. For tolv-femten år sidan pakka vi campingutstyr og ungar i bilen og reiste på Tysklandsferie. Vi køyrde til Oslo, kom oss om bord i Color Line, installerte oss i lugaren og gjekk forventningsfulle opp i kafeen. Vi sat og såg på utseglinga frå Oslo då eg kjende det skrapa under beina mine. Det var litt skummelt. Vi sat trass alt på femte dekk.

Etter å ha sett meg rundt etter livbåtane, tok eg telefonen og ringde Sunnmørsposten, sidan eg var journalist der på den tida. Jasså, du melder deg til slutt, sa vaktsjefen. I løpet av dei tre minutta eg brukte til å sjå meg om etter redningsvegar, hadde minst tjue personar ringt tipstelefonen og fortalt om tildragelsen. Vi var ikkje dei einaste sunnmøringane om bord.

 Etter ein halvtimes tid spraka det i høgtalaren og kapteinen fortalde at vi hadde hatt en “grunnberøring”. Det var ingen fare, understreka han. Men båten sette i alle fall kursen mot Moss der vi vart overført til ein omdirigert danskebåt. Vi, som skulle til Tyskland på ferie, hamna i Fredrikshavn, heilt i andre enden av Danmark. Heldigvis er Danmark eit lite  og flatt land. 

OK, eg skal ikkje trøytte dykk med gamle ferieminne. Eg skal berre seie at det gudskjelov gjekk bra å kome forbi Drøbak i går ettermiddag. Dette er så vidt eg kan sjå ein mykje større båt som stikk endå djupare enn vi reiste med då vi skura botn. Men vi får sjå til frukost i morgon om vi kjem forbi . Går det bra i morgon, har det for mitt vedkomande gått bra forbi Drøbak i 75 prosent av tilfella.…..

 Det var ei tilsvarande sjøreise ein gong for veldig mange år sidan. Eg reiste saman med ein flokk journalistar på danskebåten til København. Vi kalla det for seminar. Ein TV-reporter som hadde teke det veldig travelt i baren om kvelden, vart liggjande lenge dagen derpå. Då han endeleg stod opp, sette han seg i kafeen og tok seg nokre bayerar før han kjende seg klar til å gå ut på dekk og møte dagen. Det også tok si tid.
 Då han titta over rekka såg han at vi andre  passasjerane var på veg om bord igjen etter ein lang dag i Kongens by: Då konkluderte han litt resignert: “Det er første gongen eg har vore i eit land utan å gå i land”.
Eg trur dei fleste av oss kom seg i land i det landet vi nettopp har besøkt. No, når vi alle er trygt om bord igjen, kan vi kanskje summere opp nokre erfaringar frå det landet vi nettopp har reist ifrå.

 Nokre har kanskje opplevd nærkontakt med det tyske folk på kneipene. Vi har i alle fall fått studert det tyske folkelivet på nært hald. Slik vi vestlendingar kjenner tyskaren, er han ein tilårskomen type med gråhåra kone i bobil og med bagasjerommet fullt av boksøl og hermetikk frå Lidl.  Han likar å sitje på ei ferjekaia og fiske og har med seg fryseboks for å få med seg fangsten heim.
 På denne turen til Tyskland har vi lært at det også finst unge tyskarar. Eg slo opp i Wikipedia for å sjå kva anna tyskarar eigentleg er kjende for. Der fanst det 171 sider om adelege tyskarar. Det fanst 59 sider om tyske nobelprisvinnarar, 16 sider om tyske frimurarar, seks sider om tyske fjellklatrarar og fem sider om tyske feministar. Så var det tre sider om tyske keisarar og tre sider om tyske tvillingar. Ei slik internettundersøking gir kanskje ikkje heile sanninga, men det kan i alle fall gi ein viss peikepinn.

Den som har vore i ein tysk Bierstube, veit at dei innfødde er flinke til å klinke og syngje og flire høgt og rungande. Men kva ler dei eigentleg av? Når det gjeld moro har tyskaren dårleg nasjonal sjølvtillit. Dei har blitt mobba for si manglande humoristiske sans i mange hundre år.

 Til eksempel: “De veit vel kva skrekkscenariet for EU er: Det er at engelskmennene skal lage lagar maten, italienarane skal lage bilane og tyskarane skal vere ansvarlege for vitsane. Det er stygt sagt om naboane sine. Kven har noko imot Ferrari og fish and chips?
 Tyskarane skal ikkje ha utvikla sansen for ironi. Og dei brukar også lang tid til å kome til poenget. Det siste har sin naturlege grunn. Det snirklete tyske språket er konstruert slik at du ikkje berre kan slenge på eit overraskelsesmoment på slutten. I ei tysk setning er det som regel veldig ganske lang veg til punktum. Det er så mange gewesen geworden war som skal hengast på til slutt at det er vanskeleg å operere med kvikke replikkar.

Men no er vi i rom sjø og internasjonalt farvatn. Lat oss ta eit internasjonalt blikk på humoren: I 2002 organiserte forskararar noko dei kalla Latterlaben ved universitetet i Hertfordshire i Storbritannia. Dei samla inn 40.000 vitsar. Dei la vitsane ut på nettet og bad folk stemme over kva for nokre dei likte best.
Dei fekk totalt inn over to millionar stemmer. Og forskarane gjekk i gang med sine analysar: Dei oppdaga at tyskarane syntest at nesten alle vitsar var artige. I Storbritannia og Australia likte dei best vitsar som latterleggjorde andre. Mange andre europeiske land likte best absurde vitsar. Mannfolk elskar som vi alle veit vitsar om aggresjon og sex. Kvinner likte best vitsar basert på ordspel. Japanarane likte ikkje vitsar i det heile.

Verdas eldste kjende vits kjem frå dei gamle sumerane som levde for nesten 4000 år sidan: Dei hadde sans for dobbelt nekting: “Ikkje sidan tidenes morgon har det skjedd at ei ung kvinne ikkje har fjerta i ektemannens fang”. Dette fortel meg at prompevitsar er heilt grunnleggande i vår kultur.

 Så hoppar vi til Egypt nokre hundreår seinare: Korleis underhalde ein farao når han kjeder seg? Forslag? Plassere farmora til farao i furua? Nei. Humoren til André Bjerke var nok ein tanke avansert for den jamne gamle egyptar. “Sett nokre unge kvinner som er kledde berre i fiskegarn på ein flåte som siglar ned Nilen - og så gi dei ordre om å fiske!” var svaret. Då kosa han seg nok, farao.

 Den eldste vitsen som er kjent frå England er 900 år gammal og har form av ei gåte: Kva er det ein mann har hengande ned langs låret og som han vil bruke til å trenge inn i eit hol han har trengt inn i mange gongar før. Svaret er naturlegvis nøkkelen? Kva tenkte du på då, har  engelskmennene skratta til kvarandre sidan.

Slik har altså humoren utvikla seg sakte men sikkert frå 2000 år før Kristus til 2000 år etter Kristus. Vil de høyre vitsen som vart kåra til verdas dårlegaste blant dei 40.000 vitsane som ein kunne velje mellom?
 Det var også ei gåte: Kvifor kryssa høna vegen? For å kome over til den andre sida! Du skal ha nokre glas innabords for å skratte av den.
 Men akkurat her er deet nok først og fremst forskaren som formulerte vitsen som er dårleg. Grunngjevinga i den norske versjonen har alltid vore at høna tykte det var for langt å gå rundt. Og då blir vitsen ikkje så verst likevel.

Men kva er verdas beste vits, ifølgje to millionar røysteføre internettbrukarar: Det var denne: To jegerar var ute i skogen då ein av dei plutseleg ramla i bakken. Det var eit alvorleg illebefinnande. Han hadde slutta å puste. Han var blå i ansiktet og du såg berre kvitebikkjene i han der han låg. Den andre jegeren fekk fram mobilen i ei fart og ringde nødtelefonen: Kameraten min er død. Kva skal eg gjere?
Operatøren svara roleg: Ta det med ro. Eg skal hjelpe deg. No skal vi ta det trinn for trinn: Først må vi no forsikre oss om at han verkeleg er død.

 Du kunne høyre korleis jegeren la frå seg telefonen og romsterte ei stund i bakgrunnen. Så høyrdest eit skot. Jegeren kjem tilbake i telefonen og seier: OK, han er død. Kva gjer vi no?
Då har vi kome så langt i dette cruiset at vi kan vende tankane mot gamlelandet igjen. Der har det akkurat vore val. Det kunne passe med nokre politiske vitsar. “Problemet med politiske vitsar, er at dei så ofte blir innvalde”.
Takk for meg!

mandag 12. september 2011

Valkval

“Viljen er god, men budsjettbalansen er skrøpeleg”

 - Du ser sanneleg frisk og sprek ut.

- Ja du skjønar, eg har nettopp vore sjuk!

Vi ruslar rundt midt i valkampens gny ein laurdag formiddag, hentar oss valbrosjyrar og held kontakten med gamle kjenningar i forbifarten. Han som nettopp har mista kalaskula i ein kraftig omgang med vondsinna virus og enno ikkje er heilt restituert, gir vi ros for sporty utsjånad. Han takkar hjarteleg for komplimentet.

Fenaknok. Slik har det blitt. Ein mager kropp er ein sunn kropp i eit samfunn der vi kurerer dei fleste farlege sjukdommar. Å sjå ut som ein avgnaga  fenaknok blir sett på som eit merke på suksess og  viljestyrke, om det aldri så mykje skuldast eit virus på tarmen. Vi lever i eit miljø der vi ikkje lenger har bruk for opplagsnæring på rumpe og lår i påkomande tilfelle. Det held med ei flaske brevatn frå Olden og eit beger lettyoghurt frå Tine i ryggsekken. Då skal vi berre ein liten tur oppom tregrensa slik at vi kan nyte vår søndagslunsj med alminneleg godt samvit. Og så er vi tilbake og ferdig dusja i god tid før middag.

Helsa er vårt eige val, forstår vi av alle firefarga brosjyrane som heile tida ramlar ned i postkassa vår. Vel vi den rette livsstilen og sper på med kosttilskot, skal vi få leve lenge i landet. Det manglar ikkje på forslag til tilskot til potetene og kjøtkakene og frosenfisken. Du kan kjøpe ekstraktar frå alle sjøens fiskar og dyr. Stadig nye plantar blir hausta og pressa og tappa på kapslar for at vi skal få det vi treng av vitaminar og antioksidantar. Et vi dei alle, blir det ikkje plass til frukost.

Autotrim. Vi kan velje om vi vil ete eller trimme oss ut av alderdommens plager. For dei ekstra makelege finst det dessutan elektriske belte som faktisk utfører heile trimmen medan vi gjer andre ting. Det mirakuløst rimelege utstyret, som alt er ein bestseljar i USA, kan vibrere kroppen din liljeslank på nokre veker, fortel reklamen. Og ikkje nok med det: Det beste av alt er at slanketrimmen skjer utan sveitte og at ein kan leve heilt normalt. For mange i målgruppa vil det seie å liggje rett ut framfor TV-en og ete bacon-crisp rett frå posen.

Det er berre å dra fram kredittkortet og klikke på Kjøp, så kan vi kjøpe oss fri frå strev og kunne kombinere latskap med trim og gynge sunne og lette på den grøne grein. Men inst inne veit nok dei fleste av oss at eigen innsats er ganske avgjerande for helsegevinsten. Går du på basar utan å ta lodd, er det lite truleg at du kjem heim med fruktkorga. Er du ikkje villig til å lide for venleiken, kan du ikkje rekne med å sjå ut som eit fruktfat særleg lenge.

Over helga skal vi også velje politikarar. Dei krev ikkje anna av sine veljarar at dei møter fram i vallokalet og puttar røystesetelen med deira logo i urna. I valkampen er det ikkje snakk om sveitting og motbakkeløp for at vi skal få våre ønskje oppfylt. Nei, kjem kandidatane berre til makta, skal dei ordne det meste for oss. Sjukehuskøar og eldre på dobbeltrom skal bli historie. Snart skal vi kunne køyre ferjefritt til Ikea både i Bergen og Trondheim.

Sveittefritt. Det er ikkje fritt for at lovnadene i valkampens hete liknar ein tanke på reklamen for sveittefri slanketrim i TV-kroken. Ikkje alt står til truande. Viljen er god, men budsjettbalansen er skrøpeleg. Politikarane merkar ofte sjølve at dei er på gyngande grunn. Når argumentasjonen er svak, må dei heve røysta og skjerpa tonen: ”Vi står heilt på kanten av stupet. Men det kan eg love, at om vårt parti kjem til makta, skal vi alle skal ta eit langt skritt framover!” 

 Akkurat på valdagen, har DU like stor makt som statsministeren, heiter det iden tverrpolitiske kampanjen som skal lokke oss til røystelokala. Det trur vi no som vi vil om. Men det er viktig å bruke røysteretten klokt. Etterpå kjem to rolege nye år, der våre valde representantar tek seg av dei politiske utfordringane og vi skal få fred til å stelle med vårt.

 Det kan bli to fine år. Vi skal ha det som fisken i garnet.

Kjetil Tandstad



Følgere