mandag 12. september 2011

Valkval

“Viljen er god, men budsjettbalansen er skrøpeleg”

 - Du ser sanneleg frisk og sprek ut.

- Ja du skjønar, eg har nettopp vore sjuk!

Vi ruslar rundt midt i valkampens gny ein laurdag formiddag, hentar oss valbrosjyrar og held kontakten med gamle kjenningar i forbifarten. Han som nettopp har mista kalaskula i ein kraftig omgang med vondsinna virus og enno ikkje er heilt restituert, gir vi ros for sporty utsjånad. Han takkar hjarteleg for komplimentet.

Fenaknok. Slik har det blitt. Ein mager kropp er ein sunn kropp i eit samfunn der vi kurerer dei fleste farlege sjukdommar. Å sjå ut som ein avgnaga  fenaknok blir sett på som eit merke på suksess og  viljestyrke, om det aldri så mykje skuldast eit virus på tarmen. Vi lever i eit miljø der vi ikkje lenger har bruk for opplagsnæring på rumpe og lår i påkomande tilfelle. Det held med ei flaske brevatn frå Olden og eit beger lettyoghurt frå Tine i ryggsekken. Då skal vi berre ein liten tur oppom tregrensa slik at vi kan nyte vår søndagslunsj med alminneleg godt samvit. Og så er vi tilbake og ferdig dusja i god tid før middag.

Helsa er vårt eige val, forstår vi av alle firefarga brosjyrane som heile tida ramlar ned i postkassa vår. Vel vi den rette livsstilen og sper på med kosttilskot, skal vi få leve lenge i landet. Det manglar ikkje på forslag til tilskot til potetene og kjøtkakene og frosenfisken. Du kan kjøpe ekstraktar frå alle sjøens fiskar og dyr. Stadig nye plantar blir hausta og pressa og tappa på kapslar for at vi skal få det vi treng av vitaminar og antioksidantar. Et vi dei alle, blir det ikkje plass til frukost.

Autotrim. Vi kan velje om vi vil ete eller trimme oss ut av alderdommens plager. For dei ekstra makelege finst det dessutan elektriske belte som faktisk utfører heile trimmen medan vi gjer andre ting. Det mirakuløst rimelege utstyret, som alt er ein bestseljar i USA, kan vibrere kroppen din liljeslank på nokre veker, fortel reklamen. Og ikkje nok med det: Det beste av alt er at slanketrimmen skjer utan sveitte og at ein kan leve heilt normalt. For mange i målgruppa vil det seie å liggje rett ut framfor TV-en og ete bacon-crisp rett frå posen.

Det er berre å dra fram kredittkortet og klikke på Kjøp, så kan vi kjøpe oss fri frå strev og kunne kombinere latskap med trim og gynge sunne og lette på den grøne grein. Men inst inne veit nok dei fleste av oss at eigen innsats er ganske avgjerande for helsegevinsten. Går du på basar utan å ta lodd, er det lite truleg at du kjem heim med fruktkorga. Er du ikkje villig til å lide for venleiken, kan du ikkje rekne med å sjå ut som eit fruktfat særleg lenge.

Over helga skal vi også velje politikarar. Dei krev ikkje anna av sine veljarar at dei møter fram i vallokalet og puttar røystesetelen med deira logo i urna. I valkampen er det ikkje snakk om sveitting og motbakkeløp for at vi skal få våre ønskje oppfylt. Nei, kjem kandidatane berre til makta, skal dei ordne det meste for oss. Sjukehuskøar og eldre på dobbeltrom skal bli historie. Snart skal vi kunne køyre ferjefritt til Ikea både i Bergen og Trondheim.

Sveittefritt. Det er ikkje fritt for at lovnadene i valkampens hete liknar ein tanke på reklamen for sveittefri slanketrim i TV-kroken. Ikkje alt står til truande. Viljen er god, men budsjettbalansen er skrøpeleg. Politikarane merkar ofte sjølve at dei er på gyngande grunn. Når argumentasjonen er svak, må dei heve røysta og skjerpa tonen: ”Vi står heilt på kanten av stupet. Men det kan eg love, at om vårt parti kjem til makta, skal vi alle skal ta eit langt skritt framover!” 

 Akkurat på valdagen, har DU like stor makt som statsministeren, heiter det iden tverrpolitiske kampanjen som skal lokke oss til røystelokala. Det trur vi no som vi vil om. Men det er viktig å bruke røysteretten klokt. Etterpå kjem to rolege nye år, der våre valde representantar tek seg av dei politiske utfordringane og vi skal få fred til å stelle med vårt.

 Det kan bli to fine år. Vi skal ha det som fisken i garnet.

Kjetil Tandstad


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere