mandag 12. august 2013

Oss fjesingar imellom


Klar melding til kundane i klesbutikk: «Byxor og shorts avdrages i kassan!»
Folk er tilbake frå ferieturen. No spreier dei sine opplevingar i framande land og inntrykk til vener og kjende via nettet. Bilde av skiltet i ein svensk klesbutikk vart delt mellom Facebook-gjengen min i sommar. Plakaten kan vere frå medlemsbutikken til Svenska Naturistförbundet, men vi tvilar. Truleg er det berre ein stressa butikksjef som var litt for rask med tusjpennen og slik skapte moro blant harryhandlande. Den slo i alle fall an hos oss som hang på stigen med målarkosten i handa og tunga i munnviken. Det gjer godt å få flire litt mellom regnbyene.
August. Det er altså august igjen. Fellesferien er slutt og augustskumringa breier seg som eit lunt og lode fleeceteppe over landskapet. August er det mykeste jeg kjenner, sa diktaren Einar Skjæraasen. På ein god dag har han rett. Andre tider kunne han med fordel ha brukt adjektivet blaut. Men sommaren er uansett på hell og det gjeld å ta vare på augneblinkane. Her stoppar sommaren, skreiv Bergens Tidende alt i juli i år.
I slike kveldar – mjuke eller blaute som dei kan vere – bør ein ta seg ein spasertur i fløyelsmørkret. Ein bør lytte til sønnavinden som raslar i bladkronene og nyte fjorden som ligg der og glitrar matt som hamra sølv. Folk er tilbake frå ferien. No lyser det blått innanfor rutene bak dei bak lauvtunge hagetre. Det er ikkje fjernsynet som lagar det kalde nålyset i heimane lenger. No sit vi alle i kvar sitt rom med kvar sin pc og oppdaterer kvarandre.
Saltvatn i såret. Så langt har sommaren vore ganske omskifteleg - på nettet som i den verkelege verda. I juni var meldingane prega av håp og forventning. Folk gledde seg til ferien og sukka over at dagane gjekk seint. Då fellesferien kom, utan at Syden-temperaturen kom samtidig, var det klagesongen og panikken som tok over. Ferierande ved Middelhavet helte saltvatn i såret med ein straum av badebilde sørfrå. Då varmen endeleg også nådde Nordvestlandet den tredje fellesferieveka, var det dei heimeverande sin tur til å triumfere. Knapt ein makrell nådde grillen og ein fjelltopp vart erobra utan å bli omhyggeleg avfotografert og delt på nettet. Paradis på jord er her heime, så lenge sola skin, er vi samde om og legg både hagen og familien med sine inste løyndommar ut på nett med von om ein muntre kommentarar til takk.
Laiks. Vi som brukar fjesboka – og som gjerne går under namnet fjesingar på norsk - har framleis ei slags kjensle av at vi er i pakt med tida. Pionerstatusen har rett nok falma ein del no når 65 prosent av det norske folk er med og ungdommen flyktar fordi dei ikkje vil vere i selskap på nettet med bestemor si. Facebook er i ferd med å bli den digitale pensjonistbenken. Her møtest vi og set oss til rette i form av litt for ungdommelege profilbilde. Vi snakkar om gamle dagar og skryter av barnebarna. Vi meiner stadig mindre om politikk og økonomi. Derimot let vi oss kraftig provosere av ungdom som ikkje tek av seg capsen på kafé. For ikkje å snakke om alle skrivefeila i avisene. Ikkje berre rotar ferievikarane frykteleg med å og og. Dei har også utuktig omgang med faste ord og uttrykk som dei ikkje kan, påpeikar vi nidkjært og får støttande laiks tilbake.
Men stundom kan nye og urøynde kommentatorar uforvarande skape friske og uventa bilde på lesarens netthinne, sjølv om dei altså er usikre i sin omgang med politiske klisjear. Som denne kommentaren om ein politikar som har gått dristig ut i valkampen. Kommentaren, som vart påpasseleg spreidd, kommentert og likt på Facebook, kom ut på denne måten: Mange i partiet vi hevde at han er som ein laus kanin på dekk! 
 (Sunnmørsposten, 10. august 2013)

Følgere