lørdag 26. mars 2016

Urban på bygda


Takk for påminninga om å flytte til hovudstaden så snart vi har blitt pensjonistar og frie menneske. Men det blir ikkje noko av.

Du har rett i at vi ofte har snakka  om alderdom i hovudstaden:  Vi skulle legge oss til bukkeskjegg og hestehale og tråle galleri og antikvariat. Vi skulle gå på teater, kino og opera og vere glade fans på første benk når jamaldringen vår Bruce The Boss kjem på turné. Vårt vaksenliv  skulle avsluttast som vi  byrja det: som urbane  livsnytarar, no også med pengar til billetten.

 Kost-nytte. Men no, når vi endeleg snart kan rive oss laus frå bygdelivet, står det klart for oss: Det blir ikkje noko av.  Det er slett ikkje berre gammal  vane som bremsar . Heller ikkje økonomien, trass i dei mordariske bustadprisane i sentrale strok. Etter ei usentimental  kost-nytte-vurdering har vi kome til at utkantlivet har det meste av det byen kan varte opp med. Og litt til.

Det er ikkje lenger by og land, mann mot mann, som i gamle dagar. No er vi av same ulla. Vi er kopla opp mot det same internettet. Dei siste filmane frå Hollywood treff våre ramnekrokar akkurat like tidleg som Saga og Klingenberg i Oslo sentrum. Vi les dei same nettavisene og ser dei same You Tube-klippa. I vår dagar drikk kristenfolket på bygdene vin til maten og har eit avslappa forhold til sine skilte, sambuande eller homofile born. Anten vi bur i by eller bygd, blir vi like forarga over han med gulrotsveisen og dei små hendene som kanskje skal bli president  i USA.

Verv. Men tenk på debattane på Litteraturhuset og alle dei spennande organisasjonane, lokkar du frå hovudstaden. Då veit du ikkje at sjølv dei minste kommunane på våre kantar har eit organisasjonsliv  som ein mellomstor by. Det er dei same Tordenskjolds soldatar som held dei i gang. Dei er  til døden trøytte av tilliten dei aldri blir kvitt. Innflyttarar  blir tekne imot med opne armar, berre dei tek på seg eit leiarverv. Det er klappjakt på musikalske mannfolk . I vår vesle fjordarm er det tre store blandakor. Tiltakssame altar og sopranar viser både kløkt og kløft når dei er ute for å kapre bassar, som alltid er mangelvare. Nokre let seg verve og angrar ikkje. År etter år står dei der i bakre rekkje og brummar, forkjælte av damene og  under omsorgsfull rettleiing av dirigenten.

Så er det også dei enkle ting:  Hus med hage rundt og naust med eigen båt. Du har ofte skrytt av ditt smale fjordgløtt mellom naboblokkene. Her hos oss er det utsikt i widescreen gjennom stovevindauga. Såpass må det nesten vere, synest vi.

 To av ti. For det er mykje vakkert å sjå på. I følgje ei fersk kåring ligg to av verdas ti på topp vakraste stader her på Sunnmøre. Både Ålesund og Geiranger er med på lista. Og kva har no Geiranger, som ikkje vi har, anna enn trafikkaos på land og sjø, spør nabobygdene.

I desse naturfagre bygdene kan du køyre privatbil med tilnærma godt samvit. Ingen kan krevje at du skal greie deg med eit kollektivtilbod som knapt eksisterer. Vi har garasje til bilen og vi er vane med å finne parkering der vi kjem. Vi kan gjerne forlate bilen ulåst. Kriminaliteten  er  liten og oversiktleg. Det har nok hendt at nokon har rana ein  kiosk eller ein bank og fått lensmannen etter seg, men biljakta stansar gjerne på ferjeleiet. Har ferja lagt frå land, ringer lensmannen til skipperen og bed han gjere  vendereis. Slikt får ryktet til å spreie seg i fagmiljøet: Det er tryggast å vere forbrytar i tettbygde strok.

Hytte.  Du skal vel på hytta på Hafjell som vanleg i påska.  Det er berre eit par timars køyring. Ikkje for å skryte, men sjølv har vi  berre  eit  kvarter til skitrekk og dobbeltspora løypenett. Går ein den vanlege løypa, men mot den  vanlege fartsretninga ein vanleg søndag, får ein sagt  hei til  halve bygda i løpet av eit par timar. På bygda er det langt til naboen. Her dreg ein  til fjells for å vere sosial.

 Hytte har vi aldri skaffa oss. Når påska kjem,  slår vi av varmepumpe og taklys og fyrer i peisen frå morgonen av. Om kvelden  hentar fram ein osande parafinlampe for stemninga si skuld.

Skål for ei kortreist påske!
Sunnmørsposten 26.03.16 (påskeaftan, berre på nett)

Følgere