onsdag 12. januar 2011

Årets ypparste

Eit nytt år er som eit sprang ut i eit ukjent mørke. Då er det godt å vite mest mogleg om kvar vi kjem frå og kvar vi er på veg.


Etter ei lang før- og romjulstid sit vi stinne av julemat og godt forsynte med tung familiekos. Som vanleg brukar vi fridagane til å måle, vege og sortere året som gjekk. No blar vi gjennom avisene for å få med oss alle karakterbøkene, ti-på-topp-listene, æresprisane, oppsummeringane og karakteristikkane av menneske som av ein eller annan grunn stakk hovudet fram offentleg i 2010.
Blomsterkvast. I løpet av romjula fortel alle media oss alltid kven som er årets forretningskvinne og kva for ein idrettskjendis som skal bere tittelen årets mest uheldige. Gode menneske og folkekjære medieyndlingar får sin årlege blomsterkvast og fargebilde i avisa. Journalistane i Oslo feira nyleg som vanleg er før jul sitt feitaste grilloffer i året som gjekk. I år var det sjølvaste kommunal- og regionalministeren som var den heldige vinnaren av ei trelitersflaske med skotsk whisky. Ei rekkje advokatar vore på banen og forsikra henne om at gåva er godt innanfor den lovlege grensa. Det var ein ganske billeg whisky og gåva kan ikkje samanliknast med halsbandet som ministeren fekk frå Røkke og som var med å kvalifisere henne for pressepris i utgangspunktet. Ekspertisen nemner berre eitt vilkår: Brennevinet måtte berre brukast til å skjenkje departementet og ikkje hennar eigen familie. Med slike ekspertuttalar skulle ho vere på den trygge sida, meiner allmenta. Alle så nær som a Navarsæte, for hu har fått gåver før.
Makta. Det byrjar så smått med Nobel-utdelinga tidleg i desember og så går det slag i slag. I Volda gjennomførte mediestudentane ein analyse som skulle avsløre makta i kulturstaden. Studentane spurde eit utval av lokalt godtfolk om kven som er dei mektigaste i kommunen. Dei fekk sine svar og dei anonyme informantane plussa så gjerne på med opplysande karakteristikkar som “klapperslange”, “vêrhane” og “dritsekk” for å utdjupe temaet. Resultatet vart ei liste over dei mektigaste kvinner og menn i lokalsamfunnet.
Her tronar ein folkevald i kommunestyret – gruppeleiaren i Arbeidarpartiet - på toppen av maktpyramiden. Hakk i hæl kjem administrasjonssjefen i kommunen og dernest varaordføraren. Så følgjer ein banksjef, ein industrileiar og ein lokalavisredaktør. Sjølvaste ordføraren er nede på sjuande plass og den mektige høgskulerektoren fekk berre så vidt plass på lista – han kom på tiandeplass. Det er altså folkevalde og ikkje skjulte edderkoppar som dreg i trådane i skulestaden, ser det ut til og det er slik vi vil ha det. Volda-politikarane sjølve meiner dei blir haldne så kraftig i øyrene av stat og fylkeskommune at det er grunn til å spørje: Kor mykje makt har eigentleg den mektigaste blant dei avmektige i lokalt styre og stell?
Kvardagsheltar. For blant dei blinde er den sjåande konge, blir det lagt til frå anonymt hald i Volda. Lokalavisene har sine eigne prisutdelingar og deler ut julegleder og twistposar til lokale kvardagsheltar. Vi brukar ikkje berre advent og romjul til å kåre årets Mor Godhjarta og Far Sidrumpa. Vi vurderer også regjeringa på strengaste måte og gir dei karakterar for politisk stil, innhald og beste garderobe. Kjendispressa er ute med måleband og fotoapparat: Kven av dei har dei største puppane, dei største bicepsane og kven er den mest ekte blondina?
Framtidsvind. På årets siste dag sit vi og fordøyer inntrykka for å kunne arkivere det gamle året på rett hylle i minnet. Å stå framfor eit spildrande nytt år er litt som den lammande gamle kjensla av å stå ytst på stupebrettet og vite at retretten effektivt er blokkert av handfaste klassekameratar.
Det er ganske skremmande å forlate eit år vi så smått hadde teke til å kjenne oss heime i for å kaste oss ut i eit nytt og ukjent eitt. Det er her media hjelper oss ved å væte fingeren og stikke han opp i lufta for å finne ut kvar framtidsvindane blæs. Det blir presentert gallupar og prognosar for både politikar og næringsliv. Både aviser og kringkasting held seg med ein heil flokk av ekspertar i den edle kunsten det er å greie å presentere sine tannlause heilgarderingar i ei så skarp og oppsiktsvekkjande form at det verkar som noko lesaren ikkje har tenkt på sjølv.
Om nokre timar døyr det gamle året og vi er i fritt svev inn i det nye, godt polstra av ekstra romjulskaloriar, behageleg promille og medias ulne men velmeinte prognosar omsorgsfullt pakka rundt kroppen som ein skuterdress storleik XXL. Vi plussar på med våre gode ønskje for året som kjem.
Happy krasjlanding!
Kjetil Tandstad

Følgere