lørdag 7. desember 2013

Den søte ventetid

Den søte ventetid
Adventstida er her igjen. Og dette har vi venta på så lenge.
Adventstida er i ferd med å ta luven av jula. Julestria er større enn sjølve feiringa. Vi shoppar og vi moppar, vi bakar og vi smakar og vi pakkar gåver og spanderer peparkaker og gløgg av eit svulmande hjarte. Det er ei hektisk tid. I adventstida skal vi på konsertar  og teater. Så er det alle juleborda. Når jula først er der, er vi sant å seie godt forsynte.  
Forventning. Ventetida er full av aktivitetar og forventning. Oppgåvene er mange og det må ikkje slurvast med detaljane. Vi har børi eldvatn og vi har børi ved i sekkevis frå bensinstasjonen. Vi har sett sjuarma lysestakar i alle vindauge og batteridrivne talglysimitasjonar på alle graver. Praktisk orienterte karar i termodress har drege kablar for å tenne stadig høgare juletre på kvar haug i landskapet. I desse dagar skal ingen krok stå mørk .Og ingen stakkars krok skal vere gløymd. Sjølv den mest einsame einebuar får besøk av blomsterbilen som leverer ut julegleder. Vennleg helsing næraste naboen.
Før var det slakting og baking og sandskuring av tregolv på kne i kalde stover. I dag går det eigentleg raskt å lage julefest med sentralstøvsugar og  ferdig oppskoren og utvatna ribbe frå Gilde. Men har vi det ikkje travelt, gjer vi oss travle. Inga retteleg jul utan ei dobbeltarbeidande husmor med hjarteflimmer når feiringa kan ta til.
Glitter.  Det skal vaskast med grønsåpe på stader i huset der ein aldri set sin fot. Rullepølsa skal vere handsydd og ribba skal helst vere svidd over open eld. Julehelsingar kan ikkje sendast på e-post. Det skal vere handskrivne nissekort med glitter på. Den største kunsten er å vere julestressa på ein avslappa måte og alltid ha eit omsorgsfullt og tolmodig smil på leppene. Tusen ting skal gjerast og haldast greie på og tida blir alltid knapp. Likevel må vi alltid kunne la oss forstyrre av folk som ligg betre an og som brukar innspurten før jul til å stikke innom kjentfolk for å vere sosiale og smake på julebaksten.
 Butikktjuvar kjem til å stikke av med varer for 333 millionar i løpet av førjulstida. Hovudorganisasjonen Virke veit å fortelje at dei  først og fremst kjem til å stele kosmetikk og hudpleieprodukt, men også mykje  klede og parfyme. Ein skulle nesten tru det stod damer bak. Svinnet frå hyllene gir eit stikk i julestemninga, men det kjennest betre når vi veit at vi skal svi av 50 milliardar dei næraste vekene. Ein kan sjå det frå den positive tida: Nesten alle kundane dreg sine ærlege bankkort med glede  – endå vi alle veit vi får dei same varene i den same butikken til innbrotspris alt frå tredje juledag.
Alt for Norge. Shopping er ikkje berre ei glede i seg sjølv. Det er også ei nasjonal handling. Etter at  dei galopperande bustadprisane no på tampen av året berre veks i luntetrav, står leiande økonomar fram og spår tunge tider i norsk økonomi. Sindige sunnmøringar treng ikkje få panikk. Den økonomiske pessimismen og tungsinnet må ikkje få feste seg no ved starten av julehandelen, understrekar Sunnmørsposten på leiarplass dagen før verdas handlefrie dag. Det gjeld  å halde saman. Vi seier: Alt for Norge og løp og kjøp!
Ei av dei som tek den nasjonale dugnaden på alvor, er ei hektisk dame vi trefte i ei handlekø. No har eg fått unna 13 julegåver og har berre 26 igjen, seier ho. Ho hadde alt sikra seg eit juleslips til gemalen. Det blir han nok glad for, hykla vi endå vi kjenner han så godt at vi veit han hatar å gå med renneløkka rundt halsen. Nei, det er det ikkje sikkert han blir, seier ho. Men kva skal ein no gi til ein som har alt?

 For noko må vi for skams skuld gi, også til dei som ikkje treng det. Vi kan i alle fall ikkje gi  ingen ting. For vi er jo glade i kvarandre og i  jula vil vi så gjerne gi praktisk uttrykk for det. Om ikkje anna, så med eit stripete sokkepar.

Følgere