lørdag 5. februar 2011

Bussen til jobben

Nei, vi har ikkje promillekøyrt. Å ta bussen på jobb utfordrar både
gammal vane og vårt gode namn og rykte.

Vi står på busshaldeplassen i snødrevet ein tidleg morgon. Ein bil blinkar inn på busslomma framfor oss og sjåføren vinkar oss inn i varmen. Det viser seg å vere ein sambygding vi i grunnen har hatt svært lite med å gjere opp gjennom åra, men som no ser sitt snitt vil hjelpe eit medmenneske som har stranda langs riksvegen. ”Bilen på verkstad” konstaterer han. Vi seier at nei, vi har byrja å ta bussen på jobben. Han ser tvilrådig på meg før han får eit medfølande smil og eit direkte spørsmål: Sei meg, du har vel ikkje mista sertifikatet?

Som alle andre har vi stort sett brukt privatbil til all slags transport dei siste tiåra. Å greie seg utan bil med aktive ungar og lange avstandar er vanskeleg. Men så flyttar ungane ut. Så døyr altså familiens aldersstigne ekstrabil brått, om ikkje uventa, og vi står plutseleg overfor valet: Skal vi framleis ha ein bil til far og ein bil til mor - eller skal vi halvere bilparken og både spare pengar og samtidig slå eit slag for miljøet.

Det hadde naturlegvis vore noko anna om vi hadde drege i kondomdress og refleksvest og sykla på jobben med eit batteri av blinkande LED-lys framme og bak til vern mot privatbilismen. Det er ei transportform som gir status og plasserer ein i selskap med barskingar med Birken-ambisjonar. Vinter-syklistane har istappar i skjegget og knastrande piggar under sykkelhjula. Slike folk tek vi i leskuret av oss strikkelua for. Dette er ekte tøffingar som trassar naturkreftene og piner seg sjølv , slik vi alle burde ha gjort, om vi berre hadde hatt ork.

Det er ikkje så rart at folk stussar når ein innbarka privatbilist plutseleg melder overgang til den brokete gjengen av born, pensjonistar og innvandrarar som er dei som brukar kollektivtransport til kvardags. Og vi medgir: Vi busspassasjer ser alltid litt stakkarsleg ut der vi står rett opp og ned i busskuret med lue og vottar medan dei meir vellykka susar forbi berre i t-skjorta i sine blanke bilar. Få tenkjer over at det også trengst kompetanse for å reise kollektivt. Den reisande må ikkje berre halde oversikt over rutetider og plutselege ruteendringar på grunn av skred og tunnelarbeid. Han må også vite at Dx67 er bussrute-norsk som tyder at bussen går kvar dag bortsett frå laurdag og søndag. Ein må heller ikkje oversjå dei små bokstavane bak dei oppsette avgangstidene. Dei viser gjerne til ein fotnote som fortel at avgangen til dømes er innstilt i ferien og elles i alle månader med r i.

Moderne bussar duvar over telehiva ut som store skip på havet med sine rekkjer av lyskastarar og lanterner. Dei har dashbord så fulle av lysande elektronikk at Flybussen knapt står tilbake for ein Airbus i det stykket. Moderne bussar har hydrauliske lasteromsluker, her er kaffimaskin, høgtalaranlegg og internett.

Men mykje er også ved det gamle. Medan dei elektroniske betalingskort elles stort sett har gjort småpengar overflødig, meinheld busselskapa framleis på den tradisjonsrike småpengane, endå så mykje det forseinkar transportetappen. Sjåføren skal ikkje berre føre sine passasjerar trygt gjennom tung trafikk og skiftande ekstremvêr. Han må også ta imot myntar og lommerusk, telje det opp og før han frå si forvridde stilling gir oss vekslepengane tilbake.

Ved nærar ettersyn er det ikkje berre betalingsmåten, men også bussjåføren er ofte den same som køyrde skulebussen for meir enn førti år sidan. Det er ikkje å kome frå at store delar av vår bussflåte framleis blir ført blir ført av karar som fekk dei ettertrakta sjåførjobbane fordi dei hadde djup innsikt i bensinmotorens indre.
I dag vil ungdommen heller selje jeans eller studere litteraturvitskap enn å køyre buss og busselskapa fortvilar over samfunnsånda. Det var filosofen Descartes som lanserte læresetninga De omnibus dubitandum est. Det tyder noko i retning av at alt kan tvilast på.
Og tvile, det er faktisk noko ein ofte gjer når ein står i mørkret i uvêrsskuret og ventar. Det går ikkje mange minutta på overtid før vi kjenner den nagande tvilen i vårt indre: Har bussen alt gått eller er han berre sterkt forsinka?

Kjetil Tandstad (Smp 5/2-11)

Følgere