lørdag 16. januar 2016

Par i januar



 I mørke og magre januar skal vi knipe att augo og tenkje på nasjonens beste.

Det er som det brukar vere på denne tida av året. Kakeboksane er tomme. Skinke og laks og julemenner skal trimmast bort i løpet av årets første månad. Vi har  skamlaust skjemt bort oss sjølve og kvarandre. Kvar gledesstund vi har hatt, betalast skal med trim og vegetarbiff og raspa gulrot til middag.

Også i politikken skal vi no svi for vårt tidlegare lettsinn. Kommunalministeren har i eit par år reist landet rundt for å selje sin ide om større og meir berekraftige kommunar. Han har ikkje lagt skjul på at han vil spleise flest mogleg og særleg dei små. Derfor var også ministeren uvanleg  spandabel med pengar til grønsak-dip og fruktfat for å stimulere til samrøre og legge grunnlag for mogleg romantikk. Som kjærleg far lova han at det ikkje var snakk om arrangerte ekteskap. Han forsikra at han har større tru på gulrot enn pisk. Han  hadde eit ærleg ønskje om at kommunane skal følgje sitt hjarte og berre gå i ekteseng etter eiga vilje og vurdering.

No er hekketida snart over. 1. juli skal kommunene ha bestemt seg.  Det store fleirtalet ser alt ut til  å meine at borte er bra, men heime best. Det er betre å vere ordførar i ein liten dam, enn byrådsleiar i ein stor, synest kommuneleiinga, som er vel heime att, stinne av statlege godord og vakkert danderte gulrotrettar spanderte over Statens regulativ.

 Motsett privatlivet: I den magre kommunepolitikken er gulrota symbolet for dei gode og ikkje dei tronge tidene. No er det slutt på godsakene. Det er tid for handling, varslar fylkesmannen. Kommunane må naturlegvis gjere som dei vil, men dei bør tenkje på kva som lønner seg. Berre i vårt fylke kjem kommunane til å tape inntil 94 millionar kroner i tilskot frå staten dersom  mange av dei ikkje finn saman i løpet av første halvår.

Lokalpolitikken er ein sjekkemarknad der ein  helst går etter rikdom og  makt meir  enn etter sitt eige hjartes lyst. Eit viktig grunnlag for formannskapslovene, som vart pressa gjennom for snart 170 år sidan og som la grunnlaget for det lokale folkestyret, var å svekke makta til dei leiande klassene og overføre ho til lokalsamfunna. Det skulle bli mindre makt til konge og regjering og meir til norske borgarar. No er det først og fremst regjeringa som vil ha større og færre kommunar. For å utvikle lokaldemokratiet og gi meir makt til borgarane.

   Ordførar Eva Hove i Stordal vart stilt  i utsikt at kommunestyret hennar skulle bli erstatta av eit ”bydelsutval” om dei ville gå med i ein storkommune. Uttrykket ”bydelsutval” får det til å knyte seg i magen min, grøssa ordføraren for rundt tusen sjølvstendige stordalingar.

 Eit grøss eller to  treng ikkje vere til  hinder for eit  fornuftsekteskap for å sikre medgifta. Ho får lytte til dronning Victorias råd til dottera, som grudde seg så frykteleg for bryllaupsnatta: ”Close your eyes and think of England”. Også Eva Hove må kanskje knipe att augo og tenkje på nasjonens beste. Gulrotfesten er forbi. Pisken er vist fram. Vi har enno nokre månader på oss.
Petitsmp160116
 

Følgere