mandag 13. februar 2012

Byggje vårt land

”Jackpot kvart år har for lengst blitt ein vane”.

Vi har alt for mykje å passe på og kva gjer vi: Låner ein million og skaffar oss nokre kvadratmeter til.

Når ungane har flytta ut, får ein overskot til å planleggje bygging. Det kan vere ei ekstra fløy  på den frå før ganske store villaen eller det kan vere hytter, sjøbuer og fritidshus. Byggje må ein gjere, sidan  har råd til det.  Vi ber framleis med oss ein rest av vår haugianske arv: Vi sløsar ikkje bort våre pengar på  kortsiktig forbruk. Vi  plasserer dei i fast eigedom. Så vi veit kvar vi har dei.

Jackpot. Ingen hoppar lenger i kvilestolen over meldingane om nye store oljefunn på norsk sokkel. Jackpot kvart år har for lengst blitt ein vane. Og slik skal det fortsette så  lenge vi lever, fortel næringa oss. Berre dei får byggje ut i Lofoten.

Mange utan den minste interesse for båt greier å krangle seg til å byggje rorbu på nausttomta. Slik kan dei plassere sine sjeldne  gjester i ei fullisolert egnebu med flatskjerm og fliser på badet. Vi byggjer  tømmerpalass på snaufjellet  og drøymer om feriehus i Hellas og Italia. Det er rette tida for hus i Syden akkurat no. Sentrale husvære går til underpris og er innflyttingsklare straks dei  gjeldsramma bebuarane er jaga på gata.

Gullprisen. For mange har er det ei evig hovudpine å skulle finne ein stad å  plassere overskotskronene så ikkje inflasjonen, skattefuten og tidas tann skal gnage for mykje på dei. Gullprisen har gått til himmels etter at folk no har begynt å plassere pengane i edelt metall. Det har ikkje berre gjort det endå meir kostesamt å gifte seg. Gifteringane kan for tida seljast så dyrt at dei i seg sjølv kan vere ein fare for ekteskapet.

For oss som bur på oljeberget, betyr rikdommen det at vi kan sleppe ulempene og samtidig kunne glede oss over krisas velsigninger. Berre dei som er fattige i ånda og tomme i pungen brukar sparekonto i dag. Når Europa blør, minker lånerenta til nesten null og vi får huslåna nesten gratis. Her i landet er skattlegginga av hus mild og støttande. Slik dyttar også staten på for å få oss til å eige meir hus.

 Gjeld. No har gjennomsnittsnordmannen  større personleg gjeld enn ein  gjeldsramma grekar. Men vi held fram i same lei. Likevel er det ikkje husrom å få for ungdom i storbyen. Den einaste måten dei kan få tak over hovudet, er å slå seg saman  tre og fire og spleise på leiga til ein treroms, så mykje at  dei dankar ut barnefamiliane.

 Å bla opp ein ekstra million berre for adressa, er tungt for dei fleste som ikkje har ei feit foreldrelommebok å søkje tilflukt i. Men slik må det bli når vi byggjer for lite der folk vil bu. I staden for å satse på eit brennheitt bustadmarknad i byen, byggjer vi hytter  ved fjell og fjord som nesten aldri blir brukte.

 Ein må gjer seg dum og spørje: Har vi no endeleg blitt så rike at økonomiske naturlover ikkje lenger gjeld?

Kjetil Tandstad  (smp,jan2012

Følgere