onsdag 27. november 2013

Synske hjelparar



I meir enn hundre år hjelpte bestefar Karl og tante Olga menneske over store delar av landet med sine synske evner. Det er ei påkjenning å vite for ein skeptikar, men eit hundretal takkebrev og truverdige folks vitnemål er det vanskeleg å sjå bort frå.

Det skal ha vore ein fin og varm søndag ettermiddag. Ein middelaldrande ungkar skal ha vandra lystig gjennom gardane på Straume. Kvar skal den karen i kvitskjorta, undra nokre gubbar på ei trapp. Eg skal fram til Dravlaus og frie, var svaret.
Karane skratta. Dei visste kven det var som var gifteferdig på den flate og fine garden nedst i Velledalen, ei fin og ferm jente på rundt tjue år. Kva skulle vel ho med ein halvgamling frå eit nordvendt bygslebruk ute i fjorden?


Men Synske-Karl frå Tandstad fekk verkeleg sitt ja denne dagen. No ja, ein kan alltids vere frimodig og spørje, når ein veit svaret på førehand, kommenterte bygdefolket. Det hadde alltid vore noko underleg med denne karen. Svigerdottera visste ikkje heilt kva ho skulle tru då Karl i trumål fortalde henne følgjande om kvifor han hadde blitt gift med Lovise: Han hadde vore på denne garden i Velledalen på bygningsarbeid ein gong mange år tidlegare. Der såg han ei lyshåra småjente som sprang i tunet. Som eit blink hadde det plutseleg stått tindrande klart for han: Der spring jenta som skal bli kona mi!
Skepsis
Historiene om bestefar min er mange. Eg har fått dei fortalt mange gongar, både i familien, frå naboar og frå vilt framande menneske. Folk har spurt meg om eg har dei same evnene til å finne att ting. Eg har gjerne svara som sant er, at med meg er det mest motsett. Nokre gongar har det vore litt brysamt, som når det endar i ein prinsipiell diskusjon om rasjonalitet kontra overtru. Eller verre: ein blir varmt omfamna som meiningsfelle av dei sterkt truande. For, meiner mange, aksepterer ein først at det er noko som heiter synske evner, bør ein også stå vidopen for fenomen som  varme hender, trommereiser og kjerubar som legg att engledun i prinsessesofaer.

 Noko veit vi heilt sikkert. Bestefar var fødd i det Herrens år 1969. Frieriet må ha skjedd i rundt 1908. To år seinare gifte i alle fall den 41 år gamle småbrukaren og bygningsarbeidaren med den 22 år gamle Lovise Drabløs frå Velledalen. Foreldra til brura var skeptiske, dei tenkte nok økonomi, men til slutt gav dei etter. «Og glad var no eg», brukte bestemor å legge til når ho fortalde historia.

Bilda som finst, er av nyare dato og viser ein alvorleg, tilårskomen og litt tungfør Karl Tandstad. Dei kan gi eit feil inntrykk. I ungdommen kunne han gå på hendene over mønet når dei feira eit nybygg. I 1899 rodde han og naboen åtte mil fram og tilbake til Ålesund på ein kveld og ei natt for å hente ut de nymåla ungdomslagsfana frå posthuset tidsnok til 17. mai-feiringa. Han tok også premie under kapproinga same kvelden, går det fram av festreferatet i protokollen til ungdomslaget Samhald.
Han var sosial, likte å fortelje og treivst spesielt godt saman med born. Naboen Norvald fortel at då han braut ei ski som gutunge, var det meir naturleg å gå til Karl enn til foreldra for å få hjelp. Han var så mjukhjarta at han alltid var bortreist når det var slaktetid. Det måtte kona ta seg av med innleigd hjelp, kunne naboar hovudristande fortelje.

Han var elles frilyndt ungdomslagsmann, måla enkle skilderi  og skreiv nokre ufullkomne filosofisk-religiøse dikt om det guddommelege i naturen. Han prøvde seg også som felebyggjar og spela til husbruk. Både han og kona Lovise var religiøst interesserte og knytte seg etter kvart til sekta som populært gjekk under namnet Dei fri-frie. Dette var ei religiøs rørsle som hadde eit visst fotfeste i nokre sunnmørsbygdene. Forsamlinga skilde seg frå tradisjonell statskyrkjeteologi blant anna ved at dei hadde vaksendåp og ikkje ville akseptere Helvete. «Nei, eg kan no ikkje  tru at Gud er noko umenneske, heller», brukte dei å seie når dei vart truga med den evige pine.

Kjendis
Då Karl Tandstad døydde i 1951, hadde han vore kjendis i store delar av landet gjennom meir enn eit halvt hundreår. Postverket hadde ingen vanskar med finne fram til han, endå dei talrike breva som kom til han kunne ha adresser som Synske-Karl på Sunnmøre, Vis-Knut på Vestlandet eller Tandstad-profeten. Ryet voks endå meir då det vart kjend at dottera Olga hadde utvikla dei same evnene.

Olga hadde merka at ho kunne sjå det skjulte alt som lita jente. Ho prøvde i det lengste å ikkje bli synsk, har ho fortalt, ho var redd for at folk skulle kalle henne spiritist eller det som verre var. Det skulle ho ikkje tenkje på, sa faren. Dei synske evnene er ei gåve frå Gud. Vil ein det gode og ikkje misbrukar dei, kan ein få gjort mykje godt.

Nølande tok Olga opp samarbeidet med den meir robuste og eksperimentlystne faren. Det var mange som søkte hjelp. Far og dotter sat lange dagar i stova, opna brev og prøvde å finne ei løysing på gåtene dei vart presenterte for. Ungjenta var med då Karl var invitert til ein nabo over fjorden for å høyre på ei radiooverføring frå bryllaupet til dåverande kronprins Olav i Vår Frelsers kyrkje i Oslo i 1929. Far og dotter refererte frå seremonien som om dei var kommentatorar i eit fjernsynsprogram, fortalde ein som var til stades meir enn seksti år seinare.

Då Karl Tandstad var i tjueårsalderen, oppdaga at han stadig oftare at han såg bortkomne gjenstandar for sitt indre auge. Arbeidskameratane på bygningsarbeid skulle alltid gøyme reiskapen hans. Det vart til slutt rutine. Den synske rusla saktmodig til gøymestaden og henta fram att hammar og sag utan å lage noko oppstyr av det, fortel anekdotane.

Sau og giftering
Framleis er det ofte fri flyt av historier om husdyr og verdigjenstandar på avvegar når eg møter eldre folk frå Vestlandet. Eg får historier om korleis dei synske har fjerndirigert sine oppdragsgjevarar per post eller telefon til bortkomne hestar og skorfaste sauer. Dei rettmessige eigarane har fått att sine forlagde vinterfrakkar og gifteringar, gullklokker og pengebrev. Då krigen kutta sambandet over Atlanterhavet, tok mange pårørande kontakt for å få vite korleis det stod til utesiglarar og slektningar i Amerika. Dei synske hjelpte også lensmenn og leitemannskap å finne fram til menneske som var meldt sakna. Kontakten var oftast uoffisiell. Ikkje alle offentlege tenestemenn ville ha slike kontaktar offentleg kjent. På den andre sida: I slike saker skulle ingen ting vere uprøvd.

Blant folk yngla historiene. Enkelte av dei vart ornamenterte nesten til det ukjennelege, slik historier som vandrar på folkemunne ofte blir. Men dei fleste anekdotene er nøkterne og godt underbygde med tid og stad og namngjevne vitne. For både Karl og Olga var det viktig å dempe forventningane. Dei gjorde det klart at dei ikkje kunne svare på alt. Nokre gongar fordi dei ikkje kunne sjå den sakna gjenstanden. Nokre gongar kunne dei sjå, men ville ikkje seie noko. Så sikre i si sak var dei aldri at dei ville peike ut ein tjuv. Andre gongar tok dei direkte feil. Då orsaka dei seg med at dei indre bilda hadde vore for uklare eller for tett på.
Men svært ofte hadde dei synske forbløffande rett. Eit hundretal bevarte takkebrev og mange truverdige vitnemål fortel om det. Eit stort tal intervju som Oddbjørn Myklebust har gjort og gitt att i boka Synske hjelparar i hundre år dokumenterer at mange er takksame for god hjelp. ”Vi følgde tilvisingane og akkurat der fann vi det”, skriv dei tilbake. Nokre – men langt frå alle -  la også ved ein pengesetel eller nokre frimerke som betaling for tipset.

Sjølve meinte både Karl og Olga Tandstad at det ikkje var noko merkverdig med den synske evna. Denne sjette sansen er sovande hos moderne menneske. Prøver og øver ein, kan ein vekkje han til live igjen i sterkare eller svakare grad. Kunsten er å tømme hovudet for forstyrrande tankar og konsentrere seg djupt. Inntrykk utanfrå forstyrrar. Det nære er vanskelegare å sjå enn det som var eit stykke unna. Då blanda det han visste om staden frå før seg inn og gjorde bildet uklart, fortalde Karl. Det var også vanskeleg å skilje ut personar når det var mange andre rundt. Elles var det dei såg ikkje ulikt ein film. Utfordringa var å greie å panorere ut for å få eit større utsnitt. Då kunne han kanskje finne ein fjellformasjon, ein fjord eller eit hus som han kunne  bruke som landemerke og orientere seg ut frå.

Det stod age av dei klarsynte. Nokre venta seg kanskje brennande blikk og skremmande fakter. Det motsette var tilfelle. Dei såg heller litt fråverande ut. Du får gå å leite der, og så får vi sjå kor det går, brukte dei å seie. ”Med en gang man ser ham, maa man uvilkaarlig tænke: Er det mannen med de merkelige evner? Jevn, rolig og naturlig sitter han og fortæller om sit syn, enkelt som han fortælles selvfølgeligheter, var inntrykket ein  journalist frå Aalesunds Avis formidla i eit intervju med Karl Tandstad i 1928.

Ektemann-tips
Det er vanskeleg nok å akseptere at nokon kan sjå det som har skjedd i fortid eller notid over store avstandar og gjennom fjell og vatn. Endå meir kontroversielt er om ein også vil sjå fram i tid. Både Karl og Olga eksperimenterte med å sjå inn i framtida, men på forsiktig vis. Dei var nøye med å seie at dette berre var forsøk og selskapsmoro. Blant takkebreva finst det også nokre brev frå jenter som hadde fått tips om korleis deira framtidige ektemenn ville vere. Nokre år seinare skriv dei opprømte tilbake. Det dei hadde fått høyre om sin tilkomande, hadde passa som hand i hanske.

Ut gjennom mellomkrigstida vart namnet til dei synske stadig meir kjende. Dei daglege brevbunkane voks. Naboane kom stadig med telefonbod. No tok også avisene til å ringje. Det toppa seg då Roald Amundsen var sakna ved Nordpolen. I 1925 rapporterte Karl frå korgstolen heime i stova på Tandstad. Amundsen skulle flyge over Nordpolen, men kom ikkje tilbake til avtalt tid. Flyet hadde ikkje radio og det var ingen kontakt med omverda. Ei hel verd gjekk og lurte på om ekspedisjonen kom til å greie seg.
Karl Tandstad kunne fortelje avisene at flyet truleg hadde måtta naudlande i eit råk. Han skildra korleis isen kom brytande mot flybåten då dei landa og korleis mannskapet streva og arbeidde med å trakke snø og lage startplass. Han såg også at ein av ekspedisjonsmedlemmene ramla i ei råk og med naud og neppe vart berga.
- Denne gongen kjem Amundsen att. Men det gjer han ikkje neste gong, sa Karl Tandstad.

Nobile
Han fekk rett i begge delar. Amundsen og mannskapet kom heilskinna heim, sjølv om det var på hekta. Ut frå det de kunne fortelje, hadde den synske i stort gitt ei heilt korrekt framstilling.
Neste gong var tre år seinare. Den italienske generalen Umberto Nobile var sakna etter eit tokt mot Nordpolen med luftskipet Italia. Verda heldt pusten igjen. Polarpioneren Roald Amundsen drog endå ein gong nordover med fly – denne gongen for å berge ekspedisjonen til sin italienske kollega og konkurrent.
Denne sommaren kom det meir enn tusen brev til Tandstad med spørsmål om korleis det gjekk med Amundsen. Karl og Olga fortalde i avisintervju at det såg ut som at sjøflyet hadde gått ned og landa fint i ei råk, men at flygemaskinen var øydelagt. Ekspedisjonsmedlemmene arbeidde hardt med å gjere det flygedyktig igjen. Nokre dagar seinare fortel Karl Tandstad til Aalesunds Avis at han ikkje lenger kunne sjå Roald Amundsen. Han trudde han var død.

Kva som eigentleg skjedde, veit vi ikkje sikkert, for ingen frå ekspedisjonen vende tilbake og kunne fortelje. Men noko seinare fann ein fiskebåt ein av bensintankane frå flybåten Latham. Det viste seg at bensininntaket var forsøkt tetta med ei tilspikka trepropp. Det kunne sjå ut til at dei hadde teke laus tanken for å gjere han om til ein ny flottør. Det var ikkje ei uvanleg naudråd for denne typen sjøfly. I så fall har ekspedisjonsmedlemmene overlevde naudlandinga og prøvd å reparere farkosten – akkurat slik Karl forklarte til avisene.

Eit sikkert bevis er dette ikkje, vil kanskje  mange innvende. Men held ein det same om dei andre vitnemåla, takkebreva og avisintervjua, er det vanskeleg å tvile på at dei synske verkeleg har sett meir enn folk flest.

Særleg i akademiske krinsar blir slike historier ofte møtte med skepsis og avvising når praten kjem inn om dei synske evnene. Akademikarar vil ha eintydige bevis om ein skal akseptere det dei ikkje logisk kan forklare. Det uforklarlege passar ikkje inn og blir avvist – nokre gongar med sarkasmar og hovmodig ironi men oftare ved å skifte samtaleemne og unngå temaet. Hos folk som har mindre teori innanbords, men fleire år på baken og meir praktisk livsrøynsle, er gjerne  haldninga til det uforklarlege meir aksepterande.
Truverdige vitnemål og det ein ser med eigne augo må ein kunne feste lit til. Ikkje alt kan forståast og forklarast. Her som elles er det viktig å kombinere kritisk sans og eit ope sinn. Det er framleis mykje mellom himmel og jord som førebels saknar forklaring. Det tyder ikkje at det ikkje finst.

Kjetil Tandstad

Litteratur:

Olaf Blindheim: Dei synske på Tandstad. Gula Tidend forlag 1933.
Oddbjørn Myklebust: En sans for mye. Olga Tandstad Skaue. Norild forlag 1988.
Oddbjørn Myklebust: Synske hjelparar gjennom hundre år. Nabogarden forlag 2000.




fredag 22. november 2013

For lek og nerd

IVAR AASEN SYMRA
Kulturhistorie
Forfattar: Terje Aarset (red)
Forlag: Fagbokforlaget
275 sider
Meldt av Kjetil Tandstad
kjetil.tandstad@online.no


For lek og nerd

Treng du eit gåve til eit kulturmenneske av den typen som har alt? Vi foreslår skrift nummer 197 frå Landslaget for Norskundervisning.
 I Språkåret vi er inne i, markerer vi blant anna at det er 150 år sidan Ivar Aasens Symra vart gitt ut. Gammal skulelærdommen seier at Ivar Aasens dikting var først og fremst for å prøve ut nynorsken. Diktaren Aasen har ofte kome i skuggen for språkforskaren. Men i Symra. Tvo Tylfter med Visor og Rim gav han oss  ikkje berre godt språk.  Vi fekk også litteratur av høg klasse.
Mange av dikta i Symra skulle bli folkekjære songar som raskt blei ein viktig del av vår nasjonale arv. I Samlinga inneheld ikkje  berre  ”Gamle Norig (nørdst i Grendom)” og ”Nordmannen” (Millom Bakkar og Berg), men også  ”Dei gamle Fjelli” og ”Gamle Grendi”. Samlinga er ein songskatt som gir oss  moderne skjermtroll både songlyst og nasjonal klump i halsen.
Terje Aarset ved Høgskulen i Volda har vore redaktør for ei praktutgåva av ei nyutgiving av Symra anno 2013. Han har fått Fagbokforlaget til å slå stort på: Boka er i stort format og 275 sider. Dikta er vakkert presenterte og illustrasjonane utsøkte. Bonusmaterialet som følgjer med er eventyrleg både for lek og nerd. Her er dei ulike tonar som har vore brukte, og med notar og kommentarar. Her finn vi også Reidar Djupedals artikkel om denne skilsetjande diktsamlinga i norsk historie. Og du får meir: Solide bibliografiar, diskografiar og biografiar med kommentarar og eit fargerikt bildetilfang som spenner frå  gammal bokdesign og gamle fotografi til kunstverk av samtidige og seinare biletkunstnarar.

Detaljnivået er høgt og deler av stoffet er ikkje sengelektyre. Men det meste er interessant, også for  andre enn fagfolk: Eit kapitel handlar om livet til den gåverike kulturberaren Jakob N. Kobberstad frå Nordfjord som det knapt er skrive noko samla om før. Han var mannen som Ivar Aasen valde til å lage notane til Symra – eit klokt val, med tanke på suksessen som songane fekk i ettertid.

lørdag 2. november 2013

Gambling i entreen


Lauvet fell og loddbøkene blafrar i vindfulle bislag og trapperom. Hausten er høgsesong for basar og tombola. Er det nokon som vil ha lodd på ein halv gris?


Ding dong, seier dørklokka. Vi ristar på hamsen, gnir oss i augo og tassar ut i gangen på sokkeleisten og sanneleg, endå ein gong står det ein håpefull tiggar på trappa. Ein femteklassing denne gongen, med uregjerleg lugg, store framtenner og loddbok og vekslepengar i eit nett frå Rema. Inntektene av lotteriet skal gå til heilt nødvendig utstyr på motorcrossbana, fortel han. Dei manglar både tidtakarbu og skikkeleg service-stasjon.

Tiggarstaven. Vi  yter naturlegvis vår skjerv, endå vårt forhold til motorisert tullkøyring i naturfagre omgjevnader er omtrent det same som til tullkøyring i dataspel. Det er ikkje akkurat det første vi  tenkjer på som byggjande barnekultur. Men alle fordommar til side. Fordommar har vi ikkje råd til å halde oss med, vi som bur på bygda. Det er ikkje rart at bygde-Norge toppar dugnads- og givarstatistikkane. Her blar vi opp til alt frå naudhjelp for Afrika til musikkorps og hjelpekorps. I det ytre kan det verke som vi synest det er spennande gambling i entreen. Men gevinstane blir resirkulerte år for år. Med loddbok og penn stadfestar vi vår tilknyting til lokalsamfunnet og demonstrerer vår inkluderande haldning. Neste gong er det kanskje vi som går rundt med tiggarstaven. Den som kjøper lodd til inntekt for amerikanske veteranbilar eller koreansk kampsport, kan rekne med velvilje for eigne initiativ seinare. Som for eksempel ei lokal sagway-bane, no når den nye regjeringa endeleg har gjort denne undertrykte folkesporten lovleg i landet.

Dei som bur i byggjefeltet fortel at dei gruer seg til halloween, når hordar av småfolk  i groteske plastmasker ringjer på dørene og ropar knask eller knep. Her i utkanten er det ingen som plagar oss. Bygdevegen er for mørk og avstanden for stor for vampyrane og trollkjerringane frå byggjefeltet. Loddsal er noko anna, men her får ungane skyss frå dør til dør. Ute på gardsplassen sit mora med SUV-en på tomgang og kjedar seg. Men alt er betre enn å gå på dørene sjølv. Derfor sit ho tolmodig i bilen  yter på denne stillfarande måten sin uvurderlege innsats for det lokale foreiningslivet.

Tordenskjolds loddseljarar. Grisgrendte bygdesamfunn set si ære å ha same organisasjonsfloraen som  dei har i byen. Derfor spring Tordenskjolds loddseljarar på bygdene skorne av seg mellom inntektsgivande tiltak for organisasjonane dei er med i. Her er det både Rotary og Lions , både songkor og musikklag, kunstklubb og småbåtlag, indre og ytre misjon og alle tenkjelege tilbod om sport og trim og slanking. Dei fleste har eiga erfaring frå den motvillige vandringa med tiggarstaven og møta mellom ein  småflau  loddseljar og  ein kjøpar som er heilt på randa til å seie det han meiner: At no får det jaggu meg vere nok!

Som regel smiler begge partar hjarteleg til kvarande medan lodd og pengar skifter side, men ikkje alltid: Leiinga for fotballklubben  hadde fått ambisjonar på vegner av dei aldersbestemte laga og påla oss foreldra å selje lodd også utanfor laget sitt territorium. Så står ein der i fiendeland med fingeren på ringeklokka. Ingen reaksjon. Vi tek nokre skritt bakover og kikkar opp mot fasaden for å sjå etter livsteikn i det opplyste huset.

Halv gris. Då går verandadøra  heilt oppe under takskjegget opp. Ein naken, hårete og dryppande våt kar stig ut på verandaen. Han står der i nordavinden, berre med eit lite handkle rundt den imponerande ølvomma og vil vite  kvifor vi ringjer på døra hans akkurat medan han er i dusjen.

 - Vi lurte berre på om du vil ha lodd på ein halv gris, pip vi nedanfrå.
Han tok det mykje meir personleg enn vi hadde meint det. Først såg han nedover sin nakne skrott. Så sette han augo i oss og hytta med neven før han forsvann og slo verandadøra att etter seg med ein smell.

Kjetil Tandstad

Følgere