mandag 7. desember 2015

Promp og prakt


Verdas regjeringar  sit saman på miljøtoppmøtet i Paris og peikar på kvarandre. Det gjeld  å sleppe billigast frå restriksjonane ein synest alle andre land bør ta.

No skal det endeleg bli resultat av alt pratet – i tolvte time for klimaet. Det handlar om å greie å halde seg:

 ”Den som fisen først blir var, han er fisens rette far”, heiter det i eit munnhell som kan brukast kvar gong nokon klaga på dårleg lukt og det er tvil om kven som hadde skulda. I så fall kan den som fekk mistanken retta mot seg,  også forsvare seg på rim: ”Den som seier desse ord, den er fisens rette mor.”

Slik lyder det – om enn med andre ord – truleg også i  konferansesalane i Paris, der verdas klimadelegatar har sett kvarandre stemne for å løyse miljøkrisa. Diskusjonen er beherska og omgjevnadene er prega av  gammal prakt og ”gloire”. Men bak retorikken og den høgttravande fagterminologien, anar vi kva det eigentleg handlar om: Kven har fese?. Europearane skuldar på amerikanarane,  som skuldar på kinesarane, som skuldar på indarane. I skrivande stund ser det mørkt ut, men det er alltid von i eit hengande snøre.

Her, som i verda elles, leiter ein med lys og lykt etter utslepp å fjerne frå stader der det ikkje gjer alt for vondt.  Våre CO 2-utslepp skal  minskast med 40 prosent. Politikarane veg for og imot: Kvar kan vi kutte, utan at vi får på pelsen til neste val. Skal vi gjere noko med flytrafikken, eller kanskje den tungoljedrivne skipsflåten. Begge delar blir det trøbbel av. Men truleg mindre enn om ein skulle prøve seg på privatbilane.

Diskusjonen har for lengst funne sine vante spor. Engasjementet er stort og vitskaplege fakta blir betrakta med mistankens skjerpa blikk. Påståelege pensjonistar har teke namnet klimarealistar og  frådømmer ungsauene i regjeringa all dømmekraft når dei ikkje ser at klima-alarmen er ein konspirasjon, sett  i scene av eit samla panel av verdas klimaforskarar. Det einaste  dei er ute etter er meir midlar til forsking! Dei  samlar disiplar som har eit sterkare forhold til sekssylindra milslukarar og drivstoffglade påhengsmotorar enn til naturen. Dette er folk som har lite tru på bilar som ikkje brummar og slepper gass. Elbilen, med sine subsidiar og frikort på ferjene, er for pyser og dessutan ikkje eit hår betre. Og klimaet har alltid vore skiftande. Det var no milde vintrar då dei var unge også. At vår Golf skal vere den som får pol-isen til å forsvinne, det trur no akkurat vi som vi vil om, fnyser klima-skeptikarane og forsvinn i ei sky av forakt og blå eksos.

For det er  ein menneskerett: Å tru som ein helst vil. Også når det står mellom eit samla fagmiljø  og spreidd synsing. Om ein  likevel skulle ønskje å vere føre var: Kvifor skal tiltaka akkurat gå ut over oss? Utan matpakkekøyraren stoppar Noreg.

Dei tørre tal frå Statistisk Sentralbyrå fortel oss at transport og landbruk er dei største utsleppsverstingane utanfor kvotepliktig sektor. Transport står for vel 30 prosent av det samla klimautsleppet. Landbruket for knappe ni prosent. 2,6 prosent av landets samla utslepp kjem frå buskapens rap og fjert.

 ”Det er jo slik at norske kyr prompar for mykje, for å seie det sånn”, sa statsminister Erna Solberg nokre dagar før klimatoppmøtet i Paris. Ho valde å fokusere på landbruket. Utsleppsverstingen i fjøset er ku og sau. Gris og kylling tygg meir lettfordøyeleg og langreist kraftfor med soya frå Brasil og dermed mindre metan i magen: Derfor kan austlendingen, som et svineribbe, ete sin julemat med noko betre samvit enn vestlendingen med sitt pinnekjøt, meinte statsministeren.

Å kaste julemiddagen inn  i klimadebatten må seiast å vere eit dristig trekk. Spesielt av ein statsminister som er fødd og boren i Bergen. Det ville skape kraftige reaksjonar langs heile Vestlandet om nokon prøvde å innføre klimanøytral medisterpølse og surkål på julekvelden. Men alternativet er truleg verre. Tiltak mot privatbilismen blir sett på som politiske sjølvmordsforsøk. Vårt tungt subsidierte landbruk står derimot lagleg til for hogg og kan lett gjerast  til syndebukk. Det er i så fall ein manøver som ville lukte ille.

 

Følgere