mandag 24. mai 2010

Fridom og fridom

17.maitale Stranda 2010


Kjære strandarar, besøkjande svigersøner og andre utanbygds tilreisande. Gamle og unge.

Gratulerer med dagen.

I dag feirar vi fridomen vår som nasjon og som innbyggjarar. 17. mai er ein dag som er sterkt knytt til den unge norske nasjonen og den lange og krunglete vegen til sjølvstendigheit og fridom. Nordmenn samla seg på Eidsvoll i 1814 for å skrive si eiga grunnlov. Inspirasjonen kom frå den franske revolusjonen: Fridom, likskap og broderskap var slagordet som fenga embetsmenn og bønder i Norge.

Historiske sprang veks gjerne ut av kriser. For det såkalla udelelege kongeriket Danmark-Norge var krisa avgrunnsdjup i åra før 1814. Danskekongen hadde satsa på feil hest, nemleg Napolon, som tapte krigen. Kongeriket Danmark- Norge var på knea både økonomisk og militært. For å kome seg ut av knipa og blidgjere sigerherrane, gav danskekongen rett og slett heile Norge til svenskane.

Det var kanskje ikkje den mest heroiske måten å bli eit eige land på. Men det gjekk i alle fall fredeleg for seg. Nordmennene var om seg og såg sitt snitt til å skaffe seg kanskje ei av dei mest moderne og demokratiske grunnlovene i verda. Grunnlova frå Eidsvoll gjorde Norge til ein slags nasjon igjen. Men vi var framleis underlagt ein svensk konge.

Det neste knappe hundreåret brukte Norge til å skaffe seg meir og meir fridom, suverenitet og nasjonalt sjølvstyre gjennom eit vedvarande press. For svenskane var dette eit bit-for-bit-diplomati som må ha irritert dei grenselaust. I åra før 1905 var det stort sett berre utanrikspolitikken som stod igjen. Presset frå Norge vart endå meir forsterka. Det kunne ha blitt krig, men svenskekongen var ein forstandig mann og gav opp det vesle som var att av svensk overherredømme.

Vi heldt fram med å utvikle vår nasjonale friheit som eigen nasjon. Vi gjorde det med lover og reglar. Det kom konsesjonslover som sikra nasjonal kontroll over våre vassdragsressursar Vi bygde jarnbane over store delar av landet. Ut over i det 1900-taletkom det ei lang rekkje lover som regulerte innbyggjarane sin handlefridom og som la grunnlag for det som skulle bli den norske velferdsstaten. Då vi oppdaga olje i Nordsjøen, slepte vi først til oljeselskapa etter å ha vedteke lover som sikra den norske staten sin gode del av rikdommane.

Den norske fridomen var sikra gjennom lover og reglar. Mot slutten av 1900-talet hadde begynte mange å irritere seg over detaljerte lover og reglar på alle livets område. Vekk med hemmande konvensjonar og tradisjonar, vekk med kyrkja si store makt. Det vart ikkje berre lov til å tenkje sjølv, men også å gjere som ein tenkte. Vå kravde individuell fridom. Kjærleiken vart ganske fri. Det vart pol i kvar bygd og pengespel på internett. Men di friare vi vart, til meir fridom ville vi ha. Mange ville ha fri fart, fri hasj og fri flyt av det meste: Fri og bevare oss, sa mange andre. Det tok til å merkast at fridom også har sine grenser. Bak kravet om fridom kan det også ligge eit krav om å sleppe ansvar, forpliktelsar, engasjement.

Kor personleg frie orkar vi eigentleg å vere? Kor lykkeleg er ein når ein berre treng å tenkje på seg sjølv og slepp å ta omsyn til kva familien, naboane, lokalsamfunnet og nasjonen meiner. Det blir nok eit fritt men truleg også eit svært einsamt liv. ”Freedom is another word for nothing more to loose”, song rockejenta Janice Joplin som hadde prøvd det.

Likevel, fridom er eit ord alle vil ha i fana si, anten dei kjempar for politiske rettar eller sel coca cola og mobiltelefonar. Filosofen Slavoj Zizek seier bitande at i det moderne samfunnet er menneska så frie at dei kan gjere kva som helst - så sant det inkluderer shopping. Det moderne mennesket har lett for å gløyme at det er ei heil verd av forskjell mellom kravet om grunnleggjande ytringsfridom og å krevje fridom til å velje mellom 40 prikk like TV-kanalar.

17. mai har vore den dagen vi har brukt til å feire at vi er ein fri nasjon og at vi er frie menneske. Men kva er det å vere fri? Denne dagen er det naturleg å reflektere over kva fridomen betyr for kvar og ein av oss. Lat oss hente visdom frå litteraturen. For eksempel frå teikneserien Asterix og Obelix, episoden Obelix & Co frå 1976. Historikaren Håvard Nilsen brukte nyleg denne episoden i sitt innlegg om fridomsomgrepet som han heldt på Rørosseminaret i april i år.

Som dei fleste nok vil vite, handlar denne teikneserien ein liten gallisk landsby som held stand mot det mektige Romarriket. Dette er den einaste landsbyen som nektar å underkaste seg den romerske keisaren. Det er naturlegvis noko som irriterer han forferdeleg. Keisaren, altså sjølvaste Julius Cæsar, sender stadig store hærstyrkar til Gallia. Men dei kjem mørbanka heim att. Keisaren prøver alle slags knep og triks. Men gallarane har ein ukueleg forsvarsvilje.

Når romarane held seg unna, lever dei som normalt, kranglar og kastar fisk på kvarandre, slik ein gjer i alle velfungerande lokalsamfunn. Men lurer det fare utanfrå, er dei einige og vel forlikte. Ved hjelp av sine hemmelege styrkedråpar som den lokale trollmannen kokar i hop, får dei ekstra krefter. Dei stiller i kø hos trollmannen for å få sin dose. Så marsjerer dei lystig av stad for å forsvare landsbyen og banke opp romerske elitesoldatar.

Hovudpersonar i teikneserien er Asterix, som er ein liten og kvikk og hissig fyr og ein slags lokal førarskikkelse. Obelix datt i styrkedrikkgryta då han var liten. Det gjorde han stor og sterk og gav han ei barnsleg glede av å slåst med dei topptrena romerske troppene. Eg skal ikkje dra parallellar til det indre livet på Stranda. Eg skal heller ikkje meine noko om kven som er Strandas Asterix og Obelix og kven som har rolla som Julius Cæsar i desse EU og kommunesamanslåingstider. Det overlet eg trygt til publikum.

Men altså: i denne landsbyen heldt dei fridom og sjølvstende som det viktigaste av alle verdiar. Dei levde samdrektige og lykkelege med Romerriket som samlande fiende. Dei produserte bautasteinar til eige bruk og greidde seg elles med det naturen gir dei.

Men ein gong spør Cæsar ein økonom korleis han kan underlegge seg denne trassige landsbyen. Han fekk følgjande råd: Gi dei pengar, sa økonomen. Gull og grådigskap gjer motstandarane svake og rundvomma.Julius Cæsar tente på ideen. Han sørgde for at bautasteinar vart høgste mote i Rom. Gallarlandsbyen byrja å tene store pengar på å selje sine bautasteinar til romarane. Det galt ikkje minst Obelix, som no produserte så mykje bautasteinar at han vart den rikaste i landsbyen. Han gjekk rundt med ei prangande silkesløyfe på magen. Han forsømte vennskapen med Asterix. Fordi han vart så rik, fekk han også plutseleg drag på damene. Han la seg etter den penaste dama i landsbyen, ho som er gift med oldingen Senilix. Det tok Senilix naturleg nok ille opp og kasta seg med stor energi inn i bautasteinproduksjonen for å konkurrere ut rivalen.

Innbyggjarane i gallarlandsbyen vart så rike at dei tok til å importere alle sine matvarer frå butikkane i Rom. Landsbyen var ikkje lenger sjølvforsynt og vart lett å ramme. Rikdommen førte også til mistru og sjalusi. Innbyggjarane tenkte mest på å karre til seg sjølve. Landsbyen vart splitta og sårbar. Dei frie marknadskreftene fekk fritt spelerom. Det var kvar mann for seg sjølv.

Det gjekk godt til slutt. Gallarane tok til vitet og sidan har det kome mange og spennande episodar om denne frie og sjølvstendige gallalandsbyen som keisaren aldri greidde å ta knekken på. Men aldri hadde dei vore så nær eit nederlag som denne gongen. Episoden vart første gong gitt i 1976. Dette er eit eksempel på at også teikneseriar kunne vere aktuelle kommentarar i den politiske debatten. Episoden kom altså same året som økonomen Milton Friedman dukka opp med sine nyliberalistiske teoriar.

For Friedman og dei andre nyliberalarar presenterte teoriar som grovt sett gjekk ut på at marknaden styrte seg best sjølv. Teoriane hans spreidde seg raskt: Politikk berre rota det til. I grunnen finst det ikkje noko samfunn, berre enkeltindivid som gjer rasjonelle val, meinte Margareth Thatcher i Storbritannia. Medan vi før hadde hatt politikarar som meinte at å styre økonomien var den beste måten å styre samfunnet på, fekk vi no politikarar som meinte at den beste politikken var minst mogleg politikk. Var marknaden fri, ville også menneska bli frie, meinte dei.

Slik er det ikkje. I moderne historie er det mange eksempel på at ein fri marknad ikkje utan vidare gir frie menneske. Ein prøveklut vart Chile, der den folkevalde presidenten vart styrta og militærregjeringa brukte nyliberalismen som rettesnor i den økonomiske politikken. Det viste seg at eit fritt næringsliv godt let seg kombinere med eit brutalt og undertrykkande diktatur. Kina har for lengst blitt ein kjempestor aktør i verdshandelen. Så langt greier dei seg godt utan ytringsfridom og andre grunnleggjande demokratiske rettar. I USA og Europa har den frie og ukontrollerte marknaden gjort mange menneske til gjeldsslavar og arbeidslause. På Island – eitt av verdas eldste folkestyre - let dei ein flokk uansvarlege marknadstilhengarar leike seg fritt med formuane til islendingane utan at regjeringa såg nokon grunn til å kikke dei i korta. Resultatet vart som vi veit katastrofalt.

Det er mange eksempel på at ein sterk stat kan gjere innbyggjarane ufrie. Men spørsmålet er i like stor grad om menneske kan fortsette å vere frie om dei er prisgitt ein fri og ukontrollert marknad. Det er i alle fall ingen tvil om at den marknadsliberalismen som har rådd grunnen dei siste tjue- tretti åra har gjort forskjellane mellom rike og fattige mykje større. Stadig færre eig stadig meir av fellesformuen. Det viser offisiell statistikk blant anna frå USA, Storbritannia og Norge. Statleg styre kan ta fridomen frå menneska. Men ein fri og uregulert marknad kan også gjere folk til slavar.

Det er ganske avgjerande kva vi meiner med fridom. Det som er fridom for den eine, kan bety slaveri for den andre. I moderne tid er det sterke tendensar til å privatisere fridomsbegrepet. Menneske er fritt så lenge ikkje nokon utset det for tvang eller påfører det beslutningar det ikkje sjølv har valt. Det høyrest greitt ut. Men er det nok?

Men i eldre politisk tenking heng fridom og fellesskap uløyseleg saman. Å vere fri vere fri tyder ikkje at ein kan gjere akkurat som ein vil. Får ein person mykje fridom, kan ein samtidig kome til å innskrenke fridomen til andre. Dette var grunnen til at slagordet frå den franske revolusjonen ikkje var eit krav om fridom åleine. Parolen var: Fridom, likskap og broderskap.

Skal fridom ha noko meining som ideal, må det bety fridom for alle. Det betyr også likskap. Det må vere om lag like mykje fridom for alle. Heller ikkje det er nok. Skal ein få det til, må det også omsorg til. Det trengst fellesskap, solidaritet, broderskap.

Den tapre gallarlandsbyen viste seg å ha liten verdi som samfunn der alle berre tenkte på seg sjølv. Den solidariske landsbyen derimot, med sin kunnskap, si historie og sine tradisjonar, var uovervinneleg, sjølv for den romerske keisaren.

Fri og fridom er ord med eldgamle røter i alle europeiske språk. Det kjem truleg frå sanskrit og betyr elskande, kjær og elska. Det same ordet har gitt oss ordet fred, frende og det engelske friend. Det skal også ha gitt namnet til den nordiske kjærleiksgudinna Frøya. Tek vi utgangspunkt i den opphavlege meininga av ordet, er eit fritt samfunn også eit samfunn der det er fellesskap og kjærleik. Det er samfunn der folk står saman og støttar kvarandre. Der det er omsorg for alle innbyggjarane. Det er eit samfunn der ein drøftar og kranglar seg fram til felles løysingar og gjennomfører dei i lag.

I eit fritt samfunn er ein ikkje berre er oppteken av notida, men også fortida og framtida. Ved å føre tradisjonar og kunnskap vidare til nye generasjonar, skal dei som kjem etter oss få fridom til å velje sin eigen veg. Slik er fridomen ikkje noko ein oppnår ein gong for alltid. Den må heile tida vedlikehaldast og utviklast. Slik sett er gir det god meining i å gå i 17. mai-tog for fridomen også i vår tid.

Det gir også meining å bruke denne talarstolen til å reklamere for eit nytt og viktig initiativ for lokalsamfunnet Stranda. På Furset står Berge Trevarefabrikk mykje godt då han vart sett i gang i 1917. Vi kan godt seie det er starten på industrien i kommunen. Her tok ein nemleg i bruk moderne maskinar. Maskinene blei drivne elektrisk via eit reimdriftsystem. Fabrikken var ikkje berre produsent av trevarer, men også bygdasag, mølle, bibliotekfilial, postkontor og samlingsstad for folket i grenda.

No vil eigarane overlate fabrikken til fellesskapet slik at nye generasjonar skal få sjå korleis den første industrien på Stranda såg ut. Eit interimstyre er på plass. No etterlyser ein eldsjeler, idemakarar, dugnadsarbeidarar for å hjelpe til med å gjenskape miljøet i fabrikken.

Prosjektet er såpass spesielt at det bør vere gode utsikter til å få god offentleg finansiering for noko som kan bli eit eineståande industrimuseum på rot. Det vil truleg bli den einaste gamle trevarefabrikken som er bevart og teken vare på Sunnmøre. Det er naturleg at eit slikt anlegg kjem akkurat i bygda som blir rekna som møbelindustriens vogge her landet.

Det er ein føresetnad at lokalsamfunnet sluttar opp om planane og stiller opp med dugnadsinnsats. Det gode med slike prosjekt er ikkje berre at dei tek vare på kulturminne for framtida. Slike fellesprosjekt bind også lokalsamfunnet saman – og like viktig - det bind fortidas strandarar saman med dei som lever i dag og dei nye generasjonane som kjem etter. Slike tiltak byggjer identiteten til eit lokalsamfunn. Det allierer fortid notid og framtid og fungerer som styrkedråpar for lokalmiljøet.

Derfor seier eg: Fram for fridom, likskap og brorskap – og fram for eit unikt industrimuseum i kommunen der den sunnmørske møbelindustrien aller først slo rot.

Takk for meg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere