tirsdag 25. mai 2010

Den lyse sida

Tida går. Tempus fugit, tenkjer vi på latin. Det kjennest heilt naturleg, for så gammal kjenner ein seg når ein blir mint på at det nyleg var tretti år sidan den famøse spelefilmen Life of Brian vart kjend blasfemisk av Statens Filmkontroll og totalforboden i Norge.

Tretti år sidan. Det er nesten utruleg. Vi snakkar ikkje om før krigen. 1980 har for oss høyrt den moderne tid til. Det var ”Another one Bites the Dust” med Queen og “On the Radio” med Donna Summer. Det var Dynastiet og Dallas i fjernsynet og Thomas Wassberg og Ove Aunli i skisporet. Og så var det Monty Python på kino. Rykta gjekk høgt om filmen vi ikkje skulle få sjå. Det var snakk om korsfesta britiske komikarar som sorglaust nynna melodien som alt var i ferd med å bli ei landeplage: Always look at the bright side of Life.

Life’s piece of shit, when you think of it…. Diskusjonen om Life of Brian likna lite på den frodige og opne filmen den dreia seg om. Store delar av kristenfolket, med høgt utdanna professorar og biskopar i spissen, meinte filmen spotta kristendommen, reiv ned alt som var heilagt og at han var spesielt farleg for ungdommen, sidan han gøymde sin vondskapsfulle bodskap under humor og fleip. Kristenfolket var krenkte i sitt inste og meinte respekt for det heilage måtte vege tyngre enn underhaldning. Dei kulturradikale kravde sin ukrenkjelege rett til å ytre seg fritt, også i spøk og satire. Sensur av bøker høyrde historia til, halvanna tiår etter dommen mot Bjørneboe. No galt det filmen. Skulle religiøse mørkemenn, som aldri gjekk på kino likevel, bestemme kva filmar andre nordmenn skulle få sjå?

Svenskane marknadsførte Life of Brian som filmen som var så morosam at nordmenn ikkje fekk lov å sjå han. Etter at filmen hadde gått sin sigersgang i verda eit par år, slapp han laus også på Norge. Styresmaktene kamuflerte heilomvendinga med 18-årsgrense og ein plakat som forsikra at Brian ikkje var Jesus, men ein oppdikta person. Kampen om denne filmen vart ein bitte liten og ganske flau parentes i åndskampen. Det er stilt frå dei som den gongen ville blokkere kinosalane for å berge sjelene våre – dei er anten døde eller har blitt liberale.

I dag er Life of Brian ein populær familiefilm og ein velbrukt klassikar frå videohylla i norske heimar. Det er heilt utenkjeleg at filmen skulle greie å skape harme i breie lag. Dei fleste ser den grunnleggjande humanistiske og demokratiske bodskapen i filmen. Etter kvart har også mange oppdaga at filmen ikkje berre heldt ap med religionen, men også om ei rekkje andre allmennmenneskelege trekk, som jåleri, griskheit, flokkmentalitet og den evig krangelen på den politiske venstresida. Vi har blitt modna og herda. Vi har lært at ikkje alle utsegner treng å bli oppfatta bokstaveleg og at viltslåande humor kan vere eit godt pedagogiske verkemiddel når ein vil ha folk til å tenkje sjølv.

Parallellen til 2010 er ikkje vanskeleg å få auge på. No er det avisteikningar av profeten Muhammed med bombe i turbanen som får religiøse menneske i harnisk. Dei kjenner seg krenkte og trakka på. Blant oss etnisk norske rasar debatten mellom dei som krev retten til å krenkje i ytringsfridomens namn og dei som ser meir taktisk på det.

Vi som synest det berre er nokre somrar sidan Madonnas ”Like A Virgin” herja hitlistene, må berre sanne at tida flyg. Slikt skal ein ikkje tenkje for mykje på for eigen del, vil ein bevare helsa og sitt gode humør. Men tenkjer ein samfunnsutvikling, gir det håp. Kampen om Life of Brian er eit eksempel på at tunge krefter i samfunnet umerkeleg og utan strid kan snu i eit spørsmål som ein gong handla om liv og død, toleranse og respekt.

Ingen skal få seie at det gjekk lang tid. Tru meg, tretti år går som ein røyk.

(Petit Sunnmørsposten 23/1-10)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere