tirsdag 25. mai 2010

Bygda lokkar

Oslofolk pakkar kofferten. Ein av tre vil flytte ut av byen. Men bør dei eigentleg kome hit?

Kvar tredje osloborgar - blant småbarnsforeldre i Oslo er det heile 40 prosent - kan tenkje seg å flytte frå hovudstaden, melder Aftenposten. Unge byfolk drøymer om fred og ro, frisk luft og småbruk med dyr.

Det er ikkje berre ein luftig sommardraum, fortel bygdeforskaren. Byfolk har oppdaga at livsstilen på bygdene er tilnærma like urban som i byen. Bygdene har fått pol og kaffimaskinar. Rett nok saltar Trond Giske ned kvar fjerde kulturkrone i hovudstaden, så landets kunstnarar må bli byfolk for å overleve. Likevel er Bygde-Norge breiddfull av spel, kappleikar og festivalar, revyar og kyrkjekonsertar. Tilbodet er til tider langt større enn det er publikum til. I så måte er tilflytting ein god ting.

Vil ein ha færre elevar per lærar eller fleire tilsette per pleiepasient er det også bygda som gjerne dreg det lengste strået. I utkantane slepp ein også det evige maset om å ta trikken. Her er avstandane så store og kollektivtilbodet så dårleg at ein godt kan køyre SUV til jobben utan å få kritikk for det.

Med fare for å øydeleggje for Møre-benken på Stortinget, som har som oppgåve å klage si naud: Vi bur godt i utkanten. Det veit ikkje minst dei som har trekt kølapp på Oslo legevakt med ei lang og bloddryppande kø framfor seg. På våre kantar kan ein ha helikopteret på døra før ein har fått lagt på røret. Ein uheldig førar av ein snøskuter hadde velta og vart henta ned av Røde Kors. Dei reima han fast til ein skikjelke og frakta han ned til parkeringsplassen, der helikopteret alt stod og venta. Eg er uskadd og vil ikkje på sjukehus, ropte mannen halvkjøvd frå haugen av ullteppa dei hadde pakka han inn i. Dei raudkledde hysja på han. Ein grundig sjukehuskontroll var det minste han måtte gå med på, no når ambulansehelikopteret likevel hadde rykt ut.

Løyndommen har eigentleg teke til å sive ut: Vi utkantfolk har det langt betre enn vårt rykte. Når folketalet minkar, aukar vår makt og vår råderett over naturherlegdommane. Ikkje rart at byfolk også vil ha ein del av kaka. Vi som er etterkomarar etter gjeldtyngde småbrukarar har høgst ufortent stige opp i den samfunnsklassa dei i andre land kallar landadelen. Vi bur med fornem avstand til naboane. Vi har fiskerettar og hjortevald. Innhaustinga har vi folk til å ta seg av. Enno finst det heldigvis praktiserande bønder som tek seg tid til å feie over innmarka med stengelknekkar og ballepresse utan å skulle ha anna betaling enn avlinga og arealtilskotet.

Dei moderne leiglendingane invaderer bøane med mange traktorar og tungt utstyr. Dei brukar ein halv dag på å kutte og plastemballere ei avling som ein heil familie brukte tre veker på å hesje og køyre inn i gamle dagar. Men langs kantar og i brattbakkane er moderne utstyr lite verd. Det er her godseigaren må trø til. Adelskap forpliktar, tenkjer han medan han skuvar og dreg i i ein sjølvrådig tohjuling som klipper seg gjennom stive strå og meterlange renningar av or, selje og lønn. Grasfrø limar seg til skallen og sveitten surklar i øyregangane under høyrslevernet medan den innebygde radioen held han oppdatert på sommarens agurknytt.

Og slik går no ferien. Kantslått er hardt arbeid i varmen. Klimaet i nordvest dei siste åra har vore slik at vi kan høyre graset gro. Vegetasjonen rykkjer oss stadig tettare inn på livet. Så langt har det gjerne vore eit prinsipp å bruke blanke våpen mot overmakta. Men no vaklar ideala og stadig fleire er villige til å ta kjemiske stridsmiddel i bruk.

Det er midt inn i denne nådelause krigen mot attgroinga idealistiske byfolk risikerer å hamne om dei greier å skaffe seg småbruket dei drøymer om. Det er ikkje nok å køyre Landrover og kle seg i tweed og grøne støvlar. Å vere jordeigar i dag er ikkje berre ein dans på velstelte bøar. Det er også plikter.

Landadelsmannen har tradisjonelt hatt krig som attåtnæring. No må ein kjempe på heimebane for ikkje å bli slukt av framrykkande vegetasjon. Etter krigsinnsatsen på demarkasjonslina mellom skog og dyrkamark tek han seg gjerne ein pause med dagens post. Blant rekningar og aviser finn han eit inntrengjande tiggarbrev frå Regnskogfondet: Klimaet er i krise. Bruk vedlagte giro. Hjelp oss å stoppe avskoginga no!

(petit Sunnmørsposten juli 2009)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere