mandag 26. november 2012

Hundre år og minst like fint

I romjula feirar eit nyrestaurert Vaarvon sine første hundre år. Dagens dugnadsinnsats kan måle seg med krafttaket då ungdomshuset vart bygd i 1912.

Det var femtedag jul 1912 og eit makelaust vakkert vintervêr. Festen skulle byrje klokka seks, men alt i firetida tok folk til å strøyme til. Denne jula var det noko ekstra å gle seg til  – ungdomslaget Samhald skulle ta i bruk sitt eige ungdomshus Vaarvon.

 Folket i skulekrinsane Tandstad og Riksheim i Sykkylven hadde lagt mykje pengar og mykje arbeid inn i prosjektet. No stod huset der med opne dører og tok i mot for aller første gong. Sjølv om mange hadde vore innom byggjeplassen tidlegare, var det ei spent stemning då ein endeleg kunne stige over dørstokken og sjå huset innvendig, ferdig og måla. Takhøgda i salen imponerte. Det knast i dei nylagde tregolva. For første gong skulle laget få tilgang til scene.

 Vegbrøytar
 Heile grenda var på plass – rundt 500 menneske hadde pressa seg innan for murane. Den forventningsfulle småpraten stilna raskt då formannen i festnemnda, greip ordet og ønskte festlyden velkomen. Så kom spellaget til Carl Tandstad inn på scena til stor applaus. Leiar i byggjenemnda, lærar Ole Strømme, gjekk gjennom byggjeprosessen før han høgtideleg leverte huset over til formannen i ungdomslaget Samhald, Hans Tandstad. Han kvitterte med å rose byggjekomiteen og formannen, lærar Ole Strømme heilt spesielt. Du har vore ein vegbrøytar i brodden for byggjenemnda, sa han. Så var det songlaget sin tur. Dei framførte ein nyskriven song til huset av den 19 år gamle Henrik Straumsheim. Lærar Karl Rogne, som heldt festtalen, oppmoda tilhøyrarane til å legge seg dei aller siste orda som den kjende biskop Wexelsen skulle ha sagt før han døydde: Heidre far din og mor di. Upp og fram til Ljos og Liv.

Ungdomshuset Vårvon skulle bli den møtestaden som folk hadde lengta etter og som dei kjende dei hadde bruk for. Ungdomshuset skulle vere ein stad å vere. Men også ein stad å lære, å orientere seg og ta inn over seg dei nye impulsane som siva inn over bygdene frå dei veksande byane, frå Amerika, dit så mange reiste for å finne arbeid, frå aviser og bøker. Samfunnet var i endring. Ungdommen tørsta etter kunnskapar. Nye sosiale og politiske utfordringar melde seg. Dårlege tider, omveltingar i landbruket og helvetestrugsmåla frå vekkingane gjorde menneska usikre og søkjande. Den frilynde rørsla med sin liberale kristendom, norskdom og opplysningsstrev var ei åndsretning som fleirtalet av ungdommen kunne identifisere seg med og som fylte dei med glede og framtidstru.

Symbol
I denne grenda inst i Sykkylvsfjorden var det også stort behov for ein stad å samlast for å drøfte tidas spørsmål og byggje samfunnet. Eit eige hus for dei frilynde og nasjonale hadde også stor politisk symbolverdi. Ungdomshuset skulle vere eit hus der det skulle vere høgt under taket, mykje lys og luft, tillit og samkjensle. Det skulle vere ei bygning for det nye og frie Noreg, ein base for kunnskap og demokrati, sjølvråderett og høge hugmål.

Draumen om eit eige hus hadde spirt heilt sidan ungdomslaget var skipa i 1895. Ein flokk ungdommar frå Tandstad skulekrins samla seg i ei stove for å skipe eit frilyndt ungdomslag.  ”Ungdommen kommer sammen som finder det for godt, til samtaler om nyttige emner, sang, oplesning av litteratur, samt til påhørelse av foredrag”, heitte det i første paragraf av lagslovene som var vedtekne på møtet.

“Noko uskuldig leik”
Det gjekk ikkje lenge før det vart ordskifte om dei skulle tillate folkeviseleik på festane. Vedtak: ..det skulle  gjerast tvo gonger mat, at der skulde haldast talar, at der skulle upplesast morosame stykkje og at der skulle vera musikk og noko “uskuldig” leik, skreiv formannen i møteboka.
15. desember var det nytt møte med diskusjon om korleis ein ungdom skal skikke seg. Innleiar Ole P. Strømsheim peika på dårlege trekk ved dagens ungdom – manglande opplysning, drikking og nattereking. Det som måtte til var opplysning og kristendom. Andre som hadde ordet, peika på at ungdommen også måtte lese litteratur, halde aviser for å følgje med i tida og ha eigne ungdomslag, der dei kunne utveksle kjensler og tankar. Ungdommen skulle tenkje på Gud, “før de onde Dage kommer og de aar naar dig, om hvilke du maa sige: de behage mig ikke”. Men ungdommen måtte også få glede seg. Fekk dei ikkje lov til det, ville dei bli trøytte av livet her, avdi dei ikkje fann nokon hugnad i det, understreka  innleiaren, slik han vart referert i protokollen.

Bygginga av huset i 1912 var gjennomført med stor frivillig innsats og ved hjelp av rause gåver, frå bygdefolket og frå folk frå krinsen som sleit  i den store Polson-campen i Amerika. Etter mykje diskusjon vart det eit stort og høglofta murhus, etter kvart vakkert rosemåla og utsmykka, med scene og kjellarsal.

Eldsjeler
Huset skulle tene krinsen godt gjennom mange tiår. Her var det skule og idrettstrening, song og musikk, skodespel. Etter dei første femti åra merka ungdomslagsarbeidet vanskelegare tider. Konkurransen frå andre aktivitetar og organisasjonar og etter kvart også fjernsynet vart sterkare. Trass kraftig satsing på kinoframsyningar i eigen regi og dansemoro utover på sekstitalet var det vanskeleg å greie å halde huset i stand. Nokre eldsjeler gjorde sitt beste for å stogge forfallet. Men fram mot hundreårsdagen for UL Samhald i 1995 var lagsaktiviteten periodisk og huset i dårleg forfatning. Stadig fleire snakka om å rive heile rukkelet.
Men nokre godt vaksne eldsjelene i ungdomslaget tykte det var for gale. Fylkesarkitekt Berge Hjørungnes vart invitert for å sjå om det var botevon i 1994. Dei begeistra orda i rapporten hans sette kveik i fleire. Utviding og restaureringsarbeid vart sett i gang. I 2001 kunne ungdomslaget ønske velkomen til det som vart kalla ein kombinert 100-årsmakering og innviingsfest. Første etappe i restaureringsarbeidet var gjort unna. Nye ambisiøse planar vart lagt fram: Ei fullstendig restaurering av huset skulle vere klart til jubileet jula 2012.

Kulturpris
Behovet for pengar til påbygg og restaurering av ungdomshuset vitaliserte krinsen. Det vart arrangert Straumgjerdedagar, Ta Sjansen-arrangement. ,swing-, linedans- og kokkekurs, disco-kveldar, kulturarrangement og basarar. Dei årvisse revyane, som så langt har halde på i 11 år med seks årlege framsyningar over tre dagar kvar palmehelg, vart publikumstreffarar som gav gode inntekter. Innsatsen til dugnadsgjengen som stod for det omfattande bygningsarbeidet vart lagt merke til av Sykkylven kommune, som gav dei kommunen sin kulturpris i 2009. Dei fekk også Godt Vern-prisen frå  Fortidsminneforeininga i november 2012. Dei 15 ivrigaste av dugnadsarbeidarane kan åleine takkast for nesten 7000 dugnadstimar. Det svarar til 184 fulle arbeidsveker eller fire og eit halvt år med  gratisarbeid for laget.

 Den sterke dugnadsinnsatsen har ikkje berre gitt folket i krinsen eit godt og tenleg forsamlingshus for dei neste hundre åra. Samlinga om  felles innsats har også sveisa lokalsamfunnet saman og skapt samhald og kontakt i krinsen og på tvers av generasjonane

 (Kjetil Tandstad i Jul på Sunnmøre 2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere