onsdag 28. november 2012

Den lange kampen om dans og drikk



Alkohol var bannlyst og dans kunne berre aksepterast i form av ”uskuldig leik” då ungdomslagsrørsla var ny. No oppmodar den frilynde rørsla til meir dans for å få mindre rus!

 Ikkje mange saker har splitta fredelege norske lokalsamfunn sterkare enn synet på dansing og drikking. Begge aktivitetane har hatt sin viktige plass i den norske kulturen frå gammalt av.
 I det gamle bondesamfunnet greidde sterke normer å halde drikkinga meir eller mindre innanfor akseptable rammer så lenge ølkulturen rådde åleine. Men då brennevinet vart utbreidd på 1700-talet, vart fylla eit alvorleg problem. Til  utrustinga til ein fiskar på vinterfiske på 1700-talet, kunne det høyre  fleire liter brennevin i veka. Det måtte til for å halde helsa og humøret oppe, meinte dei. Men i kjølvatnet av brennevinet  følgde drukningsulukker , familietragediar og fattigdom.

Motkrefter. Særleg på den farlege kysten mobiliserte motkreftene. Kvinnene var gjerne dei som kjempa hardast mot alkoholen. Sterke religiøse vekkingar og organisert fråhaldsarbeid greidde i stor grad å drive rusdrikken ut av lokalsamfunna. På store delar langs norskekysten feia dei dansen, felespelet og alt som minte om moro og fjas ut av lokalsamfunna på same tid.
 Pietismen og vekkingskristendommen med si  helvetesforkynning og fordømming  fekk etter kvart stor makt over menneska. Alvor og gudsfrykt skulle prege menneska livet igjennom. Dei store pietistiske vekkingane i 1850- og 1860-åra fekk særleg rotfeste på Sunnmøre. Her var striden mellom dei vekkingskristne og dei  frilynde særleg hard.
Henrik Straumsheim reknar i  boka om Sunnmøre Frilynde Ungdomssamlag protesten mot det pietistiske bygdemiljøet som ein viktig bakgrunn for ungdomslagsrørsla. Dei pietistiske vekkingane på Sunnmøre vart starta av gåverike talarar som reiv folket med seg. Men dei som tok opp arbeidet etter desse vekkingstalarane, var ikkje mogne til det, og så kom vekkinga på avvegar, hevda han:

“Dei gjorde Gud til ein hatande, hemnfus Gud og det fagre skaparverket hans til ein svart jammerdal. Dei for frå stad til stad og heldt møte, lange bønemøte utetter nætene under låge loft med osande lampar og heit, kvævande luft. Dei la ut um straff og endelaus pine, so folk seig i uvit eller enda i vanvit. Ungdomsflokkane var som skremde fuglar, stille og sturne. Modlause. Livet var som ein lang grå uvêrsdag, sollaust og myrk.  Allting var synd. Det var endåtil synd å snakke med kvarandre. Stogga ungdommen og talast på ein veg, vart det lagt ille ut. Den einaste staden der det var råd å møtast, var på religiøse møte. Ungdomsflokken var som ei stor uppdemd elv. Men trykket var sterkt, so dammen måtte snart springe.”

 Pendelen var i ferd med å svinge endå ein gong. Ungdommen gjorde opprør mot mørkemannssynet og  flokka seg om ungdomslagsrørsla. Her fann dei ein gladare kristendom og eit meir konstruktivt og byggjande og praktisk livssyn enn det dei forkynte, dei som berre hadde frelsa som mål for livet.

Idealisme. Men sjølv om  dei gjorde opprør og vart skarpt fordømde i enkelte miljø, var dei så visst ingen rotrivarar. Dei er nesten rørande velmeinande og skikkelege  med si vekt på gode og byggjande krefter i samfunnet, kristendom og fråhald og ei idealistisk tru på at eit betre, meir opplyst, rikare og lukkelegare samfunn var mogleg.
Ungdomslaget Samhald i Straumgjerde vart skipa i 1895.  Det gjekk ikkjelenge før det ordskifte om dei skulle tillate folkeviseleik. Vedtak: ..det skulle  gjerast tvo gonger mat, at der skulde haldast talar, at der skulle upplesast morosame stykkje og at der skulle vera musikk og noko “uskuldig” leik..
På eit møte same året var det diskusjon om korleis ein ungdom skulle skikke seg. Innleiar Ole P. Strømsheim peika på dårlege trekk ved dagens ungdom – manglande opplysning, drikking og nattereking. Det som måtte til var opplysning og kristendom. Andre som hadde ordet, peika på at ungdommen også måtte lese litteratur, halde aviser for å følgje med i tida og ha eigne ungdomslag, der dei kunne utveksle kjensler og tankar. Ungdommen skulle tenkje på Gud, “før de onde Dage kommer og de aar naar dig, om hvilke du maa sige: de behage mig ikke”. Men ungdommen måtte også få glede seg, vart det understreka. Fekk dei ikkje lov til det, ville dei bli trøytte av livet her, avdi dei ikkje fann nokon hugnad i det, sa Ole Strømsheim.

Pardans. Det gjekk ikkje mange år før dei meinige medlemmene ikkje lenger var fornøgde med folkeviseleik og ringdansar. Pardans var det som var populært.  Presset vart sterkare då ungdomshuset Vaarvon med sin freistande kjellarsal vart teke i bruk i 1912. Sjølv om dei leiande kreftene i ungdomslaget held att, merkar vi dansepresset frå grasrota  i referata. Det var ikkje først og fremst sjølve dansen, men alt det førte med seg, som uroa ungdomslagstoppane. Dansinga drog med seg alkohol og tilhøyrande umoral og tok fokus vekk frå meir høgverdig ungdomslagskultur.

 Nyttårskvelden 1913 var det etterfest i ungdomshuset Vårvon med talar, song og musikk og skodespel. Etterpå var det dans i kjellarstova. Midt i januar var det korgauksjon med basar, festtale og opplesing frå Varamannen. 16 korger vart selde. Etterpå var det mat og til slutt dans. Søndag 20. april var det marknad med korsong og musikk, foredrag om Florence Nightingale og korsong. Etterpå var det leik og d… i kjellarstova, skriv referenten forsiktig i protokollen.

Men ikkje forsiktig nok. Etterpå kom det klage på at ein del av medlemmene hadde vore med i eit dansarlag etter korgafesten og at dansinga hadde vart framover heile natta. Men kravet om å få danse var også sterkt, spesielt blant dei meinige medlemmene.

Splitting. Fløyene stod langt frå kvarandre. Det vart skrike opp, og ikkje minst kviskra i krokane. I november var stemninga i laget så utriveleg at formann Hans Tandstad ville trekkje seg. Han grunngav det med at han hadde lita tid. Dessutan hadde han møtt motstand, blant anna fordi han hadde teke avstand frå dans på ungdomsfestar. Han foreslo Henrik Straumsheim som formann i staden. Henrik Straumsheim sa tydeleg frå om at han ikkje ville gå inn i styret dersom det skulle vere dans på festar og møte. Han var vonbroten og motlaus over den utakksame måten nokre medlemmer kritiserte ungdomsarbeidet på. Særleg den kritikken som kom utanom møta.

I det vesle ordskiftet som følgde, var det ingen som tok dansen i forsvar. Hans Tandstad meinte å sjå at ungdomslaget hadde same synet på dans som han. Han ville derfor ikkje seie plent nei til å bli ståande i styret eitt år til. På styremøtet i november vart han vald til formann på nytt. Henrik Straumsheim vart nestformann.
 Men murringa om for lite dansing i ungdomslaget gav seg ikkje. 2. juledag 1914 var det møte. Hans Tandstad la fram eit forslag til vedtak som regulerte dansinga: “Det vil meir og meir syne seg i ungdomslaget Samhald som i andre ungdomslag, at fær den allminnelege runddans for breitt rom i laget, vil han minke og tyne det andre lagsarbeidet, heitte det i framlegget, som vart samrøystes vedteke. 

Vedtaket innebar at dansing på vanlege ungdomslagsmøte skulle vere forbode. Skulle det vere dans i samband med ungdomsfestane, måte det først vedtakast  med simpelt fleirtal på ungdomslagsmøte. Dansing skulle berre skje i kjellarsalen.
I 1918 var det ordskifte om det skulle vere dans på haustfesten. Møtelyden hadde vanskeleg for å bestemme seg. Men styret fann ut at skulle laget greie å dekkje kostnadene sine, måtte dei ha dans. Dette året var det haustfest med dansegilde på Vaarvon. Inntektene gjekk til ungdomslaget. Året etter hadde eit vegakkordlag søkt om å få leige kjellarhøgda til dansemoro. Dei måtte betale 25 kroner og love at dei ikkje skulle ta inn fleire enn 40 menneske. Det stod også i kontrakten at dei måtte fare sømeleg fram.

Innbrot til dans.  Skjertorsdag i 1920 var det ungdomsmøte med ny diskusjon om dans. Ola Tandstad innleidde. Dei fleste i salen meinte at dans er skadeleg for ungdomsarbeidet. Ingen påstod at dans var meir til gagn eller til skade, men han kan likevel ikkje takast heilt bort før vi har noko betre i staden, heiter det i referatet.

I september same året gav formannen refs til ungdommen, fordi nokon fleire gonger i løpet av sommaren hadde brote seg inn i ungdomshuset og dansa. Denne gongen skulle dei sleppe straff, men det måtte ikkje skje fleire gongar. Eit forslag frå Hans Tandstad vart samrøystes vedteke: Styret i ungdomslaget Samhald skulle for framtida utan unntak drage folk til ansvar etter straffelova om dei dansa i ungdomshuset utan løyve. Etter kvart ser det ut til at talet på offentlege dansar blir avgrensa til tre for året.
Drikking var naturlegvis bannlyst frå ungdomsmøta og frå Vaarvon. Men samtidig var det ikkje uvanleg at folk lurte seg til nokre supar bak nova og kom ustøe og lystige inn i salen, spesielt på dansetilstellingane. I 1917 kom det søknad om å leige Vaarvon til eit  bryllaup. Vedtak 20. oktober 1917: “Styret hev høyrt at det vert rusdrykk i brudlaupet, so styret er lite huga paa aa leiga huset burt av den grunn. Men då (søkjaren) er medlem av laget, hev me den tilliten til han at han syter for at det ikkje vert nokon uhugnad og fyllskap i dansarflokken. ”Det skulle koste 20 kroner å leige salen.

Forbodstid. Noreg var eitt av dei landa som vedtok å forby både brennevin og heitvin i den såkalla forbodstida. Ungdomslaget  engasjerte seg også i folkerøystingane om forbodspolitikken. Hans Tandstad var ein pådrivar for lova lokalt. Han venta seg store ting:

 “Denne folkerøystinga er eitt av dei største hende i soga og eit viktig steg for å ta folkefienden rusdrykken vekk frå det norske folket”, sa han. Etter hans forslag vart det vedteke at laget skal reise to store Ja-skilt utanfor røystestadene i Tandstad og Riksheim krinsar. Lagsfolket vart også oppmoda om å hjelpe alle som ville stemme fram til urnene. Elles skulle dei gå heim og heise det bjarte norske flagget i kvar sitt tun som eit teikn på vyrdnad for den store saka det norske folk var kalla til å svare på, mana han.
Ungdomslaget stod på ei restriktiv haldning til dans og alkohol i tiåra som kom, men dei måtte også ta omsyn til folkemeininga og økonomien. Lenge vart det arrangerte først to –etter kvart også tre offentlege dansar i regi av ungdomslaget kvart år. Det viste seg å vere gode inntektskjelder for laget.
 Denne praksisen med få og populære dansar heldt seg også då ungdomslaget kom i gang att etter krigen. Framleis var ungdomslagsmøta prega  av song og musikk og skodespel. På femti- og sekstitalet  var det framleis ”levande musikk” på dei offentlege dansane. Jentene sat prydelege rundt dansegolvet medan gutane måtte strene over golvet bukke og ”by opp”.  Det var alltid ein sjanse for å bli avvist. Det står nok ikkje til å nekte at enkelte gjekk ein tanke skeivt etter  å ha forfriska seg med øl og brennevin bak nova.  Der kunne også bli slagsmål når rusen gjekk over opptuktinga.

Lensmannen. Derfor var det vanleg at lensmannen var til stades på dei offentlege dansane. Lensmann Bernt Tandstad skulle passe på ein offentleg dans i kjellarsalen på Vaarvon. Per Karspersen med eit orkester spela. Den tida gjekk det som regel alltid eit par timar før dei første para våga seg ut på dansegolvet. Det irriterte lensmannen at orkesteret måtte spele for eit tomt dansegolv og ville ha fart i sakene.” Viss de ikkje byrjar å danse no, så stengjer eg dansen og går heim”, sa han myndig før han baud opp ei av jentene som sat ringside til ein feiande vals. Det gjekk ikkje lenge før dei andre para kom på golvet dei og,  minnest  Gustav Tandstad, som meiner dette skjedde rundt 1952.

 På syttitalet gjekk det tilbake med reinlender og tango med lokale trekkspelheltar som tonefølgje. No var det  Beatles og Stones som galdt. Det vart stabla store høgtalarkasser framfor den rosemåla brystningspanelen. Langhåra rockeband entra scena. Det vart gjort tapre forsøk på å kamuflere den rosemåla   ungdomshusdekoren med å dempe lyset og linkande og skape ein  illusjon av  nattklubb og diskotek.

Småbord.  Det store dansegolvet måtte vike for småbord med kubbelys. Runddansen var gått ut på dato blant dei unge og shake og  ”piggtrådmusikk” var ikkje noko for dei vaksne og gifte. Ungdom og vaksne slutta å møtast i same miljø. I mangel av pubar og danserestaurantar heldt dei offentlege dansefestane seg enno ei stund som treffstad for ungdommen på bygdene, men ungdomsmøta og dei  byggjande ungdomslagskulturen gjekk av moten . Andre organisasjonar tok over oppgåvene. Når ungdommen kom saman på laurdagskvelden, ville dei slappe av med øl og musikk.
Men i leiinga av laget rådde framleis idealismen. Dei måtte tole mange vonbrot. Om diskotekarrangementa der det vart servert ”boksmusikk” frå huset sitt lydanlegg, noterte sekretær Eldar Høidal i styret for UL Samhald i 2001: ”Ein skal med dette prøve å gje folk det som har vore etterlyst, ei enkel tilstelling utan høgt kulturelt siktemål, med dans, hyggje og drikke som det berande.”

Dansekurs. I dag reknar den frilynde ungdomslagsrørsla  dansen rekna som ei positiv kulturytring og står bak  dansekurs landet rundt - ikkje berre med folkeviser, vals og swing, men også salsa, hiphop og break-dance. Medan dans tidlegare var noko som drog med seg drikking og synd, er det i dag ein fritidsaktivitet som blir sett på som ein viktig motvekt mot rusproblemet. Ungdomslagsrørsla har for lengst falle ned på Alf Prøysens parole:  D'er æiller fali for den som dæinse, men står du stille og følje med, da er det fali, da kæin det skje! I 2012  er eitt av slagorda til Noregs Ungdomslag:  Meir dans – mindre drikking.

Kjetil Tandstad , Årbok for Sykkylven 2012. (27.11.2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere