søndag 8. juli 2012


”Arbeid er i det store og i det heile ei velsigning. Sjølv om det kan verke som ei forbanning der og då.”

Sveitt salat

(Illustrasjon: Inger K. Giskeødegård)
Endeleg er det sommarferie og vi kan nyte fruktene av vårt daglege strev.

Alt betalt arbeid svekkjer og bryt ned sjela, sa den gamle grekaren Aristoteles. Det er ein filosofisk tese dei nye grekarane  kanskje har festa alt for stor tillit til. Her oppe i det protestantiske nord held vi oss til det bibelske påbodet om at ein skal vere sveitt i panna når ein endeleg set seg ned og tek seg ei brødskive. Arbeid er i det store og i det heile ei velsigning. Sjølv om det kan verke som ei forbanning der og då.
Feriemodus. Då er det annleis for dei som har ferievêr året rundt og kan sveitte utan å arbeide. Grekarane har vore i feriemodus heilt sidan dei slapp inn i EU. Dei skal ha levd på stor fot for lånte pengar og vore slappe på jobben. Men etter den søte kløe kjem den sure svie. Den greske økonomien minkar på femte året. Helsevesen og skuleverk kollapsar. Kvar fjerde grekar har hamna under fattigdomsgrensa. For å få Hellas på føtene igjen, får dei stadig hardare krav om nedskjeringar frå EU og Verdsbanken. Vil dei ikkje, så skal dei. Spare seg til fant.
Vi har alt vore på nettet og sett bilda frå småbåthamna i Pireus, der enorme yachtar duvar i dønningane. Det ser ut til at landet framleis har sine millionærar. Men lystyachtane er ofte registrerte som taxibåtar. Av skattetekniske grunnar, forstår vi.

Drosje. Det er ikkje berre griske pengefolk  og uforstandige politikarar som har leia Hellas utfor det økonomiske stupet. Folk flest skal også ha late humla suse. Ein aviskommentator kan skilte med eigne erfaringar. Han har teke drosje i Aten og blitt nekta kvittering for turen fordi sjåføren ikkje ville betale skatt. Slikt er usolidarisk og umoralsk. Dessutan skaper det kjempeproblem for ein utsend medarbeidar frå Norge når han kjem heim og manglar bilag til reiserekninga.
 Det seier seg sjølv at slikt ikkje går i lengda. Lettsindige middelhavsmenneske må lære seg å tenkje som trauste tyskarar. Her i landet har vi også vore nøydde til å lære oss å setje tæring etter næring.  Har ein ikkje eit romsleg oljefond å ause av, kan ein heller ikkje flotte seg med velferdsstat og trygge jobbar. Vi som bur i nord,  har orden i sysakene. Vi har arbeidd og sveitta og likevel betalt vår skatt med glede. Dyden skal ha si løn. Det ville vere blodig urettferdig om ei europeisk finanskrise skulle gjere innhogg i våre  feriepengar.

Tærne i havet. Vi som bur langt mot nord, lever i eit klima der vi må reise langt for sol og varme. Men det gjer vi så gjerne, no når Syden-reisene har blitt så billige. Det vår tur til å ha late dagar med tærne i Middelhavet. Vi kan gle oss over hyggelege hotellprisar og at det er priskonkurranse på liv og død mellom kafeane langs strandpromenaden.
 Vi sender kelnerane på stadig nye turar etter kjøleg retsina og gresk salat. Dei kan gjerne få køyrt seg litt. Folk står i kø for å overta jobbane deira.
 Arbeidet adlar mannen, seier eit gammalt ord og gammal visdom skal ein ikkje kimse av. Jammen kjenner vi oss litt adelege, vi  lyseraude nordeuropearane som flottar oss på strandkafeane og har ein flokk tenestevillige grekarar til å springe for oss. Det er ei herleg  kjensle til å sitje å smatte og smake på. Vi som elskar arbeidet. Så glade er vi i hardt arbeid, at vi kan sitje slik og sjå på det i timevis.

Kjetil Tandstad (Smp 7. juni 2012)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere