søndag 8. juli 2012


”Ein gong brukte vi quizkvelden
 som orsaking for å gå ut og ta ein øl.
 No er det motsett. Men vi blir framleis åtvara
 mot dårlege kameratar.”

Quizleik


Det er to dagar etter nasjonaldagen og den 139. dagen i året. Men er det elles noko spesielt med 19. mai?

Ja visst, også dagen i dag er ein minnerik dag, endå så anonymt han har plassert seg mellom 17. mai og pinse. Men på denne sjølvsame dag  i 1536 vart Anne Boleyn halshogd på plenen utanfor Tower i London. På same dag i 1702 opplevde Bergen sin verste  bybrann, noko som ikkje seier så lite.

Namnebrør. Rosenborg Ballklubb vart skipa 19. mai 1917. Rett nok under namnet Odd. Odd tyder spiss og skulle slik vere eit framifrå fotballnamn. Men også fotballklubben i Skien heitte Odd og hadde gjort det sidan 1894. Det var ikkje til å unngå at det vart forvirring for namnebrørne. Først i 1928 tok dei trege trønderane konsekvensen og  skifta namnet til Rosenborg.

19. mai er dessutan fødselsdagen til presten Helge Hognestad, musikaren Pete Townshend og politikaren Ritt Bjerregaard. Slikt er greitt å vite, i tilfelle nokon hadde tenkt å ringje og gratulere. For alle andre er det sant og seie ganske unyttig kunnskap. Skulle vi få bruk for desse opplysningane, tek det oss mindre enn eitt minutt å finne ut av det på Wikipedia.

Men di meir tilgjengelege triviell faktakunnskap blir på nettet, di  viktigare har det blitt å ha svaret på alle slags perifere spørsmål klar i hjernekassa.

 Parat. I tilfelle vi skulle få bruk for dei.  Og det får vi nok, om fjorten dagar eller fire år. For når som helst kan ein bli  dregen med i ein quiz og bli nøydd til å svare på til dømes når Jaqueline Onassis forlet denne verda. Då er det viktig å ha svaret parat: 19. mai 1994. 

 Etter at quizen kom inn i verda, kan ikkje lunsjpausen på jobben lenger brukast til å tøme hovudet og la skravla gå. No er det knivskarp konkurranse om å kjenne byar i Belgia og namnet på det statlege flyselskapet i Kasakstan. Var det Borat Airlines?

 I femtiårsdagar  blir det laga munter quiz med spørsmål frå bursdagsbarnets tidlegare liv. Kven var partnaren han dansa dirty dancing med på utescena under Hjørundfjord-dagane? Alle i selskapet har svaret parat. Alle så nær som kona, a Ingebjørg. Ho hadde hatt inntrykk at det var laksen som lokka.

Flogvit. På quizkvelden i  puben toppar deltakarane laga. Dei kjem dragande med kjenningar og slekt og utanbygds flogvit og klisterhjernar, for no skal det takast revansj for det manglande halve poenget fredagen før.
 Dei sleipaste kjenner kraftig på at dei må slå lens når sigeren er truga. Dei kjem tydeleg letta tilbake frå dobesøket med telefonen i underbuksa og svaret parat. Men det blir knurra ved naboborda: Ingen skal innbille oss at den notoriske skulkaren dei gjekk saman med på vidaregåande plutseleg skulle ha kome på at det var Alexander Fleming som oppdaga penicillinen.

 Men slik har det blitt. Ein frekk tommel på tastaturet kan trumfe både utdanning og livserfaring. Ingen ting gale har skjedd, om ein ikkje blir teken.

Ein gong brukte vi quizkvelden som orsaking for å gå ut og ta ein øl. No er det motsett. Men vi blir framleis åtvara mot dårlege kameratar:
”Pass no på kven du hamnar på bord med.  Kvar gong du skal sitje med berre folk du likar, blir det null poeng på alle spørsmål om sport!”

Kjetil Tandstad (Smp,mai 2012)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere