lørdag 26. september 2015

Bullshit


Foredragshaldaren dansar nesten framfor powerpointen medan han raust deler si manglande erfaring gjennom eit skoddelag av artige illustrasjonar og ulne moteord. Tilhøyrarane lyttar og er sterkt engasjerte – i bullshit-bingo.

Svada. Kva skal ein gjere, når ein blir kommandert til å lytte til svadaen til ein dyr og innleigd konsulent som snakkar tull om ting han berre har overflatisk greie på. Når dei tilsette skal inspirerast, kan ein kjøpe ein inspirasjonspakke med til dømes foredrag, rafting og sosial middag på hotell om kvelden. Eit rimelegare alternativ er naturlegvis å bruke teknisk sjef. Når innlegga blir anten berre form eller berre innhald, er det lett å kjede seg. Folk som kjedar seg, blir ofte kreative.  Før teikna ein  fjes og krusedullar i notatboka medan tankane vandra. No sit publikum som tende lys og høyrer etter.

Firkantar. Dei har streka opp notatblokka i eit stort tal firkantar. I rutene har dei skrive dei mest håplause moteorda, dei mest innhaldslause fagtermane og dei mest utslitne vendingane dei reknar med dei får høyre under foredraget. Så gjeld det å følgje med og å krysse av. Den som først får fem kryss i ruta, har fått bingo.

Aktiviteten må ikkje forvekslast med fenomenet kuskit-bingo, som er friluftslivets svar på sakte-TV. Då deler ein inn beitemarka i firkantar. Publikum sit og ventar på at kua til slutt skal legge rua si i den rette ruta. Det kan ta heile dagen før nokon kan rope bingo! Denne måten å skape drama i landbruket har blitt arrangert med stor suksess på stølstreff landet over.

Proaktiv. Men dette er mest for dei seriøst orienterte. Bullshit-bingo – eller sludder-TV som vi gjerne kallar det på norsk - vart utvikla av studentane ved amerikanske universitet.. Det tok heilt av. Aktiviteten breidde seg raskt til seminarrom og auditorium verda rundt og blir truleg også praktisert på diskret vis i ein foredragssal eller eit grupperom nær deg.

Blir det snakka om økonomi, satsar tilhøyrarane på ord som proaktiv, oppside og løysingsorientert. I helse- og sosialsektoren er det gjerne ord som å hensynta, ledelseskompetanse og klientdyktiggjøring. Innan administrasjon utløyser vendingar som dette flittige bingokryss: «forutsatt en kostnadseffektiv styringsinnsats maksimeres samhandlingspotensialet innenfor utfordringsrommet». Er det politikarar i rommet, kan ein trygt satse på  utsegner som å vektlegge, breitt fokus og å ha to tankar i hovudet samtidig. I alle miljø kan ein vente seg uttrykk som å tenkje utanfor boksen og vinn-vinn-situasjon.

Bingo! Foredragshaldaren har alt brukt ordet synergi fire gongar. No seier han det igjen. Bingo! blir det ropt, triumferande men dempa. Det er ein vinnar i salen. Muntre blikk og ein twistbit som premie finn på diskret vis vegen til han som ropte. Det er ingen som fniser. Denne hardbarka gjengen har vore på seminar før og kommuniserer med uttrykkslause pokerfjes og konspiratoriske augnekast. No ventar dei på neste fangst av pynteord og jålesetningar. Dei  treng ikkje vente lenge. Med tanke på en ikke ubetydelig organisasjon revitaliseres fokus parallelt med de parametrene som brukes, seier kanskje mannen på scenen i fullt alvor. Då blir det kryssa ivrig av både for revitalisering, fokus og parameter nede i salen.

Sjølvforsvar. Ein skal ikkje gjere narr av folk bak deira rygg, heiter det. Men seminarpublikummet sit med ryggen mot veggen. Dei er kanskje på høgfjellshotell langt frå folk. Dei har betaling for å vere her og det er ingen stad å røme.

Bullshit-bingo er  djupast sett eitt slags sjølvforsvar. Det er trass alt språket vårt det blir herja med.

(Smp 26.09.15)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere