lørdag 7. november 2015

Bill. mrk: Tungt for det


Dei flinke har alltid hatt ein fordel i arbeidslivet. Men no spørs det om dei ikkje treng strakshjelp frå oss einfaldige.

Ein datamaskin kan brukast til det meste. Det store problemet, er alltid først å knekke kodane og deretter å hugse det vi fann ut om koden til neste gong. Vi har nok alle hatt våre sveittebrot medan vi har leita etter programinnstillingar.  Det er ikkje slikt ein kan lese seg til. Her må ein klikke og feile  for å sjå om funksjonen vi er ute etter kanskje kan ha gøymt seg under uforståelege symbol. Stundom poppar det opp ei  melding på skjermen som  helsar ”God dag, mann Økseskaft!” Og like etterpå, insisterande: Var denne meldinga nyttig? Ja eller nei? Det skulle ha vore ei svarrute ekstra: Dra dit peparen gror!

Lommelykt. Har du prøvd å få liv i ein moderne TV nokon gong? Det trengst lommelykt og gode briller for å finne det mikroskopiske symbolet som skal vise kvar av/på-knappen er plassert. Når vi trykkjer på symbolet, skjer det ingen ting. Vi må ned på kne og bruke lommelykta ein gong til, før vi finn sjølve brytaren. Den er plassert på baksida av panelet på undersida av skjermen, usynleg framanfrå. Medan vi står i denne ukomfortable stillinga,  kan vi oppdage ei  rekkje andre usynlege knappar som også er gøymde på denne plassen. Her kan ein justere både fargetemperatur og lyd,  om ein altså har hugsa  lys og lupe og er villig til å ligge på kne med rumpa i vêret for å få del i løyndommane.

Fjernkontroll. No har vi lært at bruken av moderne forbrukarelektronikk helst skal skje via fjernkontrollen.  Det gjeld for musikkanlegget , for fjernsynet, for solskjerminga og garasjeporten.  Vi har bruk for eit par slike fjernkontrollar berre til TV-en. Dei har alle eit utal knappar med mikroskrift med uskjønlege forkortingar som FAV, MIX,TV.RD,  AUX og enkle og doble piler i alle retningar. Nokre har til og med eit symbol med piler som går i ring. Den trykkjer vi ofte på når forvirringa er størst. Det er det heller inga hjelp i. Det verste er at alle fjernkontrollane er totalt forskjellige, endå så svarte og identiske dei ser ut. Det er lett å ta feil. Kanskje ikkje så rart at vi stadig kjem i skade for å slå av varmepumpa  når vi eigentleg berre  vil ha liv i fjernsynet.

Intuitiv. Situasjonen er frustrerande. Her er det  dataingeniøren og hans svartkledde  designar som har vore på ferde. Dei vil nødig fornærme oss med å gjere bruken av produkta sine enkle og lett forståelege. Det er truleg så 1980. Framtida er intuitiv. Det betyr at vi skal forstå kva dei har meint, heilt utan forklaring. Føresetnaden er naturlegvis at vi er like teknisk oppvakte som dei er. Vi  tungnemme med teknisk vegring må berre  be familiens tolvåringar om hjelp. Det blir alltid ei gjensidig sukking og himling med augo før lyset eventuelt går opp for oss. Vi  merkar at ungdommen misser respekten for alderdommens visdom og grå hår i prosessen.

Marknad. Men vi har vore på kurs og lært: Eit  problem er ikkje berre eit problem. Det er også ei utfordring og ein mogleg veg til lukke, suksess og rikdom. Når store delar av folket er i ferd med å gå bananas  fordi dei ikkje finn fram på sine eigne fjernsynsapparat og datamaskinar, må det jo bety at det finst ein stor marknad der ute. Kanskje IT-bransjen manglar konsulentar som er dumme nok til å formidle kva som må til for å lage produkt  for folk flest.

Vi  søkjer  Innovasjon Norge om støtte til  følgjande annonse:

  IT-konsulent ledig for oppdrag innan utvikling av forbrukarelektronikk. Garantert tungnæm og lite oppdater med kort lunte. Gode referansar. Bill.mrk: Tungt for det.

(Smp. 8.11.2015)

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere