søndag 1. mai 2016

Gratulerer med våren


Kom mai, du skjønne milde, syng vi i desse dagar. I morgon får vi det som vi vil.

April er berre ein lovnad det er opp til mai å halde, seiest det. Av og til må skjønne mai få hjelp av både juni, juli og august før dei våryre forventningar så nokolunde er innfridde.

Mai er månaden for lauvsprett og grønkande lier, chickelacke og lavesko, første maitog og  lønnsmekling på overtid. Det er konfirmasjon og nasjonaldag med pølser og motvind og pinsefest med bunad og blandakor.

Det er månaden då bunadsskjortene skal hengast til bleiking i sola samtidig som bøndene gyller bøane frå gjødseltanken. Lyden frå motorsager og grasklipparar skal blande seg med den kaldslege låtten hos hageeigarar som finn brunsniglar i ølbollen. No blir dei klipte i fire med kjøkkensaks av ei elles fredeleg bestemor. Ho synest at døden er ei alt for mild straff for inntrengaren.

 Hagefolket kalkar og gjødslar og brukar feriepengane på forskot for å realisere sine våte tujadraumar. Trampolinane som bles av garde i vinter, har kome på plass på plenane med spretne ungar på. Båtar og badeflåtar skal på vatnet. Veteranbilar blir trilla ut av vinterhiet. Etter månader glinsande av olje, er det tid for sjarmøretappar. Kva anna har hobbymekanikaren drøymt søtt om heile vinteren enn å ta på seg kvitskjorta og gli silkemjukt gjennom spirande natur i ein femtitals amerikanar med ei sky av blå røyk frå dei forkromma eksosrøra etter seg.

I mai skal vi som vanleg ta att alt vi har forsømt på treningsfronten. Vinterens sofaslitarar har gått på vekta og bestemt seg for å ta grep. Første steg er ein tur på Moa for å skaffe neonfarga joggesko og treningsklede, kjøpt i knappaste  laget slik at ein har noko å vekse seg mindre i. Så er det å kople på pulsteljar, GPS og øyrepluggar. Sjølvdisiplin åleine er ikkje nok, skal  vi overdøyve kroppens signal.

Mai er månaden når naturen knoppar seg og sprett ut. Som bjørk og kratt, løvetann og rosebusker og årets nye russekull. Dei sist nemnde blir meir mindreårige for kvart år. Det er ikkje berre dei sidrumpa snikkarbuksene, ansiktsmålinga  og det ustø ganglaget.  I eksamensinnspurten i mai  brenn russen sine lys i alle endar. Det avblomstra resultatet  kan vi sjå når er ute og sel russeaviser på nasjonaldagen. Slik forgår verdas herlegdom, grip vi oss å sitere, når dei unge vekslar foreldras surt oppsparte tusenlappar inn i  dyrekjøpte lærepengar.

Vi prøver å ikkje moralisere, endå vi absolutt har relevante erfaringar å kome med. Russen er ny i verda og skal gå på sine eigne smellar.

 Og kven er vel eigentleg  vi til å kritisere? Gammalt folk har eigne problem å interessere seg for. Personleg har eg vanskar med korttidshukommelsen. Og så har eg litt vanskar med korttidshukommelsen.

Kva  var det vi skulle ha sagt?  Gratulerer med våren!

 
 

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere