søndag 19. april 2015

Rhumba med Ål'sunn


 Våren er her og det kitlar i gamle skrottar. Her talar vi ikkje først og fremst på eigne vegne. Vi tenkjer på sunnmørsordførarane.

Det har nok ikkje gått nokon forbi at kommunetoppane luskar i buskene på forsiktige friarføter og  jaktar etter ein partnar eller to. Den store kommunesjekken er i gang.

Kurtise. Det er mykje som skal klaffe. Mange ordførarar hadde nok gjerne villa halde fram som før med seg sjølv i førarsetet. Men frykta for å bli ståande att mutters åleine  medan grannekommunane får statstilskot for å hoppe i høyet, tvingar også dei ut på jakt.  Ordførarar møtest mykje oftare enn før, stundom i full openheit og med Sunnmørsposten til stades. Det blir kurtisert forsiktig over gode middagar med vin og avec og med tilløp til speed-dating. Som vanleg i slike situasjonar gjeld det framstå som lokkande og attråverdig, men ein må aldri  gå så langt at ein misser dyden i farta.

I alle fall ikkje før ein er klar for å ta det store spranget. Men ein kan sende ut følarar, kamuflerte som  intervju og avisinnlegg. Same kva dei handlar om,  er det forhandlingar om kvar grensene skal gå. Men kva skjer når ordføraren reint privat finn grunn til å ta seg ein kveldstur til grannen? Sit han eller ho  berre der og kikkar på naturen dei kanskje på sikt skal bli ein del av. Eller dansar dei alt  tett omslynga  med trinn som styrer dei  lukt inn i  storkommmunen Sunnmøre?

Våren. Men no er altså våren her. Knoppar som brest og liv som spirer har alltid inspirert til paring og reirbygging. Lysare netter gjer det vanskelegare med   hemmelege stemnemøte. Den store giftekniv Jan Tore Sanner dukkar stadig oftare opp og snakkar om frivillig fellesskap med riset godt synleg bak ryggen. No vil han ha bryllaup og  undersåttar som formeirar seg så pass at det tek luven av eldrebølgja.  Attergløymene som ikkje får ut fingeren, risikerer å stå att åleine i skuggedalen medan dei andre festar for synergiane sine oppe i sola.

Men enkelt er det ikkje: Skeptiske innbyggjarar dreg dei folkevalde i buksebeina og vil ha det akkurat slik dei alltid har hatt det. Veljarar ser no ein gong ikkje lenger enn nasen rekk.  Dei seier ja til alle gode, men nei til å betale for dei.  Upopulære sanningar vil dei ikkje høyre på. Jaså, er det på den måten, seier dei då og plutseleg har dei vald  ein annan til ordførar.

Naboval. Derfor er det med ei blanding av angst og brunst kommunetoppane gir seg inn på den kommunale sjekkemarknaden. Her kan ein ikkje velje og vrake blant ei  uendeleg rekkje giftesjuke på nettet. I motsetning til høgskulane kan ikkje kommunane velje med hjartet. Dei må velje blant dei næraste naboane. Set ein krav til formue, er det knapt kandidatar igjen. Ein komande partnar bør også  vere landfast, så sant det går. Tidlegare trudde ein at gifteknivane i departementet kunne sprite opp kommunikasjonen med ei bru eller tunnel når samtalane skar seg. Men gulrøtene frå valkampen har vist seg å vere akkurat det – knask som gir mageknip og berre er bra for tennene.

Usikker.  Derfor er det ikkje lenger rom for å følgje si hjarterøyst og henge seg opp i eit behageleg ytre. Ein vakker partner kan kanskje seljast ut i smått til turistane, men  seng til leige er  også ein  usikker bransje. Ein får helst satse på dei få kandidatane som enno får lov til å låne pengar utan å spørje fylkesmannen om lov. Det må vere ein partnar med mindre i lån enn seg sjølv. Berre på den måten kan ein sikkert redusere felles kommunegjeld.

 Men eit ufråvikeleg krav er at partnaren må vere eit hakk mindre enn ein sjølv. Alle ordførarar veit at til sjuande og sist er den  avgjerande kampen om kvar kommunehuset skal ligge. Taper ein her, taper ein alt. Derfor skjelv ordførarane i livets danseskule når dei svingar seg med småripsen. I augekroken ser dei  kjempa frå nord kome trampande for å by dei opp. For dei  kjenner melodien: Rhumba med Ål’sunn!

 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere