søndag 19. april 2015

Minneord : Ei skrivande sjel


Helge Arild Bolstad er død, 69 år gammal. Ein uredd journalist, ein stemningsvar lyrikar, ein fri bohem og ein omtykt kamerat har gått bort.

Helge Arild Bolstad vart fødd på Dale i Vaksdal kommune i 1946. Han tok artium ved Bergen Katedralskole og byrja på jusstudiet ved Universitetet i Oslo. Jussen miste mykje av glansen så snart  han for alvor fekk smaken på journalistikken. Den første jobben var ved Nynorsk Pressekontor frå 1970 til 1974. Året etter vart han redaktør for den nyskipa avisa Setesdølen.

I 1976 var han tilbake i Oslo, no som ein av redaktørane i Dag og Tid. Det var i den første tida hans her eg vart kjend med bols, som var den faste signaturen. Dag og Tid var på denne tida motkultur i essens. Avisa sparka frimodig til alle kantar. Strukturen var så flat at avisa heldt seg med fire redaktørar og ingen journalister. Vi fire skrivande skulle skaffe stoff til to nummer i veka. Det vart ofte arbeidd natta igjennom før deadline for å kunne stille direkte på trykkeriet om morgonen med manusbunken i ein plastpose.

Arbeidsfellesskapen var tett og ikkje utan gnissingar, men la grunnlag for sterke og langvarige venskap. Når vi ser tilbake,  minnest vi han som ei fri sjel med eit mildt sinn og ein skarp penn. Arbeidsinnsatsen hans var formidabel. Han hadde eit omfattande nettverk i politikk og kulturliv. Han naut stor respekt blant kollegaene i hovudstaden. Han var ei sjel og ei skjorte og greidde seg godt med sine to dressar. Den eine hadde han på seg. Den andre venta på reinseriet til det var på tide å skifte habitt. Då han måtte flytte frå hybelen, gjekk det månader før vi forstod at han var utan nokon stad å bu. Etter kvart avslørte dei tomme fiskeballboksane i papirkorga at han både åt middag og fekk nattesvevnen i ein vond kinesisk korgstol på kontoret.

Helge Arild Bolstad var i Dag og Tid  i ni år, dei siste fem var han eineredaktør.  Han sette sitt tydelege  preg på avisa med sitt elegante og presise språk og treffande og underfundige kommentarar og portrettintervju. Medan norske nyheitsaviser på denne tida helst ville ha artiklar som var skrivne slik at layout-medarbeidarane kunne klyppe og frisere dei som dei ville,  let Dag og Tid sine kommentatorar og intervjuobjekt demonstrativt få all den plassen dei hadde krav på.

Han tok sine journalistiske ideal med seg då han forlet Oslo og  Dag og Tid i 1985. Etter ei tid som frilansar, gjekk han til eit engasjement i Bergens Arbeiderblad i 1986. Så vart det  avisa Fiskaren, der han skulle arbeide i 21 år.  Helge Arild Bolstad var som fisken i vatnet i  kontakten med sine ramsalte og frodige lesarar og kjelder langs norskekysten.

No hadde han  flytta tilbake til barndomsheimen på Dale. Han hadde vore skuggeskrivar for stortingsmann Osmund Faremo i boka Takk for livet, Emil. Gjennom heile sin karriere skreiv han dikt og songar. Vestlandsgruppa Aftenlandet tonesette og framførte  to av tekstane hans på samleplata Morgon i mai frå 1998. Her er han i fint selskap med  blant andre Jakob Sande og Halldis Moren Vesaas.

 Som pensjonist frå 2008 heldt han fram med å skrive og han gjorde blant anna Facebook til sitt medium. Her la han ut sine kommentarar og observasjonar, her laga han lokal quiz og her slo han sine slag for arbeidsplassar og lokalkultur til den smuldrande industristaden han elska.

Eitt minne har sett seg fast: Stundom viste han temperament så sterkt at det gneistra farleg bak brilleglasa. Men han krangla aldri for eigen del. Heva han røysta, var det alltid til forsvar for svake og hjelpelause.
(Dag og Tid 10/4 2015)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere