søndag 16. februar 2014

Lyset som blendar




 Ikkje for å vere mørkemann., men no har vi hatt lysfest sidan november. Det er jammen på tide at  moder sløkkjer alle lys, så kvar ei krå blir mørk. Vi har faktisk ein stjernehimmel der ute.

Som alltid når mørkret tetnar rundt oss om hausten, tenner vi nordbuarar opp eld. Vi vil ha telys på alle bord og fyr på peisen. Vi set stearinlys i alle vindaugskarmar  og monterer lyslekkjer kring mønekam og gesimsar. Det har glitra i illuminert julepynt sidan november. Det er slik vi vil ha det. Men no er det nok.

Himmelhol. Stjerner er eigentleg små hol i himmelen der lyset slepper gjennom, trudde vi ein gong. Etter kvart har vi forstått at verdsrommet er meir eventyrleg enn som så. Lyset har alltid vore symbolet på den gode krafta som har halde mørkemaktene i sjakk.  I mørkret lurer alle vonde vetter. Lyset får troll til å sprekke. Lys er  kunnskap og vennskap og  optimisme. I mørket bur vankunna og overtrua.
 Det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørkret, seier vi gjerne. Det meiner nok  joggarane også, som spring med hovudlykter med lysstyrke nok for ein heil stadion. Dei lyser opp fjellsida, men likevel ser dei  ikkje ei hand for seg utanfor lyskjegla. Nattsyn er for  jegerar og innbrotstjuvar. Og kanskje nokre få romantikarar og enkelte stjernekikkarar.
 Vi kan ikkje få nok lys i mørketida. Kvar einaste ny lysmast blir feira og vel motteken. For lys gir ungane våre ein tryggare skuleveg og sikrar oss mot å snuble når vi trimmar. Vi gleder oss over den nye LED-teknologien som gir oss lyspærer som varer lenge og er billige i drift.
Glorie. Men alle dei kunstige lyskjeldene blendar oss så vi ikkje ser det lyset som er lengre unna. Lyshavet vi lever i har også sine mørke sider. Vi må spørje:  Når såg du ein stjernespekka natthimmel sist?
For å ta rolla som lysesløkkjar ei lita stund: I USA  kan berre ein tredel av innbyggjarane sjå Mjølkevegen frå der dei bur. I Europa er det berre halvparten av oss som kan sjå galaksen vi er ein del av med berre auget.
 Vitskapsmannen Albert Einstein  kalla den stjernestrødde Mjølkevegen  så poetisk for skapinga sin helgenglorie. Sidan den gong er store delar av glorien falma. Frå Europa kan ein no i gjennomsnitt sjå rundt 450 stjerner på himmelen, når forholda ligg til rette for det. For femti år sidan kunne vi sjå ti gongar så mange.  Sjølv i det ganske tynt folkesette Finnmark klagar dei over at det har blitt vanskeleg å finne stader dei kan sjå nordlyset. Der er alltid  ei veglys  eller ein lyskastar som tek luven av den flammande himmelen.
Alt dette kunstige lyset skape problem for eggleggjande skjelpadder i Florida, les vi. Nåja, dei om det. Det kan vere andre på strendene i Florida som får problem med å orientere seg viss det er stupmørkt.
Verre er det  at alt for mykje kunstig lys på oss tidlegare holebuarar kan gi helseplager og at lysforureininga i følgje enkelte forskarar kan påverke produksjonen av hormon som melatonin og østrogen. At det går på hormonane laus er velkjent frå litteraturen og mange har  kjent  det på kroppen: Det er ei kjend sak at det ikkje blir same dreisen over romantikken i lampelys samanlikna med å gå hand i hand i måneskin  under ein stjernestrødd  himmelkvelv.


Kjetil Tandstad
Petit 11.1.2014, Smp

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere