søndag 20. mars 2011

Å skifte beite

Eg er bedt om å fortelje korleis det er å skifte beite. Nokre vil kanskje seie bytte side eller hoppe av. Eller å bli ein gammal gubbe.
Nokre av dykk er nok heilt uforståande til at det er mogleg å bytte eit heilagt kall i media med eit heilt vanleg yrke: ”Journalistikken er eit hundeliv. Men det er no alltids betre enn å jobbe”, seier dei.
Andre spør meg med dårleg skjult misunning korleis det går. Dei ser på meg som ein som har berga seg ut i siste liten. For journalistikk, det er No Country for old Men. Dette er gamle kollegaer som harbegynt å gløymer korleis ein overfører bilde frå mobiltelefonen til pc-en. No har dei begynt å sjå på seg sjølve som gamle og avfeldige. Dei har blitt som dei gamle gubbane dei sjølve flira av i sin ungdom: Dei som alltid unnskylda seg med at dei hadde fått ein rikstelefon når dei kom for seint på morgonmøtet .
Folk er forskjellige. Nokre journalistar kan ikkje tenkje seg noko kjekkare enn å springe etter ein brannbil. Nokre synest ei brannutrykking er eit heft i arbeidet. Eg høyrer nok til i den siste gruppa. Ei viktig årsak til at eg søkte meg over til museumsbransjen, var at eg ville ha arbeidsro.
Eg hadde venta meg eit ganske sedat miljø blant mottetne tømmerhus og nedstøva gjenstandar. Det var ei overrasking for meg at museumsdirektøren skulle vere hekta på Sex Pistols og straks begynte å sende meg twittermeldingar med lenker til åttitals punkmusikk. På det første interne museumskurset eg var med på, lærte eg facebook og å lage min eigen blogg. Museumsfolk er idealistar. Per definisjon, til og med, om vi skal dømme etter lønnsnivået. Dei – det vil altså seie vi - har ein viktig arv å forvalte. Derfor tek vi alle middel i bruk – til og med dei nye sosiale media.
Naturlegvis er det mykje eg saknar i journalistikken: Først og fremst alle dei trivelege og rare menneska som finst her. Dessutan har yrket ein openberr fordel: Det hopar seg ikkje så veldig opp. Gamle gjeremål kan berre skuvast diskret ned i papirkorga fordi dei har blitt uaktuelle. I nesten alle andre jobbar blir gamle saker liggjande på skrivebordet og genererer ekstra magesyre. I museumsbransjen blir saker faktisk meir aktuelle di eldre dei blir.
Journalistikken har mange andre gode sider. Eg skal ikkje dvele for mykje ved dei. Mi oppgåve er å vere ei kritisk røyst utanfrå. Eg er trass alt invitert hit som ein del av den rituelle sjølvpiskinga som journalistlaget brukar å arrangere nokre gongar i året.
For det er ting ved journalistikken eg absolutt ikkje saknar: For eksempel Spissinga. Saker skal setjast på spissen, for der står dei best, heiter det. Men når spissen blir spiss nok, blir det berre plass til nokre få ord av typen val-massakre, sjukehus-gerilja, naken-sjokk, politi-sex.
Det er naturlegvis ikkje noko gale i å gjere førstesida om til salsplakat, viss det er laussal ein satsar på. Men det plagar meg når det er plakatskrift i abonnementavisene. Eg er langsynt frå før og då må ein vere ekstra lang i armane om ein skal greie å lese kva som står på førstesida.

Men spist skal det altså vere - alltid: Først skal journalisten spisse. Så kjem desken og nettavisa og kvesser saka endå meir. Til slutt er ei rund og tidig nyheitsmelding blitt spissa både framafrå og bakfrå , så ho knapt er attkjennande.
Ein nyheitsbulletin i NRK varte ein gong tre - fire minutt. No blir ei nyheitsmeldingar på to minutt blir sett på som ei verbal femmil. Etter ei slik intellektuell kraftutfalding er det heilt nødvendig at lyttarane får slappe av til listepop og lystig lausprat ei god stund, lyder parolen frå hovudkvarteret. Det har alltid forundra meg kor lydige dei mest antiautoritære i NRK kan bli når det er sjefane på Marienlyst som fører ordet.
I moderne aviser vil ein helst bli kvitt alt mellom den kjappe notisen og dei utbretta skandalesakene, sjå sidene 3,4,5,6,7,8 og 9. Notisen er veldig ofte for knapp til at vi forstår noko særleg av innhaldet. Hovudoppslaget har typografi tilpassa dei sterkt synshemma og er gjerne forsynt med eit kornete foto, teke med mobiltelefon i tusmørke. Hadde det ikkje vore for sladden for å anonymisere den mistenkte, hadde vi aldri funne ut kven som var politi og kven som var røvar på bildet. Men slik er det: Di mindre skarpt eit slikt pressefoto er og di større sladd, di meir dramatisk og autentisk verkar det.
Det korte og overflatiske er ikkje noko nytt under sola: ”Usæle de bladfolk, som interesserer dykk for alt og rører i hop alt, og gir oss tri livsyn for dagen og tie lygnir og tjue hende og uhende, men tek ettertanken frå oss”, skreiv Arne Garborg.
Det er meir ved journalistikken som eg ikkje saknar: For eksempel festtalane om transparens, mangfald, innsyn og det frie ord:
Det frie ord er heilagt, men det blir alt for ofte brukt som orsaking for å plage pårørande, jamfør Faiza-saka, eller for å få innsyn i undertøysskuffene til handballdamer og Grand Prix-kjendisar.
Snakk gjerne frimodig om transparens, men vent med dei store orda til avisene sjølve offentleggjer sine søkjarlistene og redaktørane mannar seg opp til å skrive sine leiarartiklar under fullt namn.

Vi snakkar gjerne varmt om mangfald, men vi praktiserer einfald: Journalister flyver i flokk, når de er mange nok. Og då meiner eg ikkje berre når ei samla pressa har fått los og rykkjer ut i flokk for så å presentere oppslag som nesten er identiske. Det er forståeleg. Men einfaldet gjer seg utslag også når det gjeld stoffvurdering, layout og språk. Vi her ute i provinsen kopierer dei store alfa-avisene som Aftenposten, VG og Dagens Næringsliv - heilt ned til dei minste ord og vendingar.
Det er lenge sidan Sunnmørsposten spurde ein gammal heidersmann som hadde forlist med sjarken sin om korleis det var å liggje i isvatnet i ein time før han vart berga. Avisa gjenga svaret hans ordrett: ”Det va nøke hardnue.” I dag hadde nok dette utslaget av sunnmørsk understatement blitt stoppa undervegs. Hardhausen hadde garantert blitt sitert på noko slikt som ”tøffe timer i isvannet”.

Media er ikkje meir mangfaldige enn at alle går til dei same meiningsmålingsselskapa og kjøper dei same konklusjonane, som dei så gjennomfører til punkt og prikke: Endå kortare nyheiter, endå færre bakgrunnsartiklar, endå større bilde, endå meir musikk og lausprat og endå færre facts og resonnement. Vi held oss med nettsider, som gir oss kortversjonen av det mest oppsiktsvekkjande nyheitene. Vi klikkar innom i 20 sekund. Så hastar vi vidare og trur vi har lese heile avisa. Slik kamuflerer nettversjonen effektivt kor gode papiravisene faktisk enno er.

Mange ting er faktisk så kompliserte at dei ikkje får plass i ein tospaltar. Eg høyrer til den delen av det norske folket som likar å lese det vi i pressa gjerne kallar langhalm. Eg er ikkje åleine: Dei papiravisene som går fram år etter år, er langhalmavisene Morgenbladet, Dag og Tid og Klassekampen – i tillegg til den vanlege gjengen med bygdeaviser.
Avisa døyr med døgnet, brukte ein å seie i gamle dagar. Moderne media døyr ikkje berre med døgnet, men med timen og minuttet. Det blir dessutan sagt og skrive så mykje i så mange ulike media at det meste går oss vanlege dødelege hus forbi.
Når alt blir presentert som sensasjonar og ingen ting likevel står for oss som verkeleg minneverdig, blir det freistande og makeleg for media å seie det same heile tida. ”The Media blir the Massage.” Då kokar det heile ned til eit minste felles multiplum: kjendiseri, sex og krim. Det er slike saker vi les og høyrer mange av kvar einaste dag, men sjeldan prøver å hugse. Slik blir journalistikken ein slags heismusikk vi berre følgjer med i med eit kvart øyre. Nyheiter blir bakgrunnsstøy. Det er akkurat det motsette av det vi snakkar om i slagordet ”bakgrunn for egne meninger”.
Eit gammalt råd blant journalistar når det var noko skummelt i gjære, har vore: Follow the Money! No kan ein mistenkje at landets redaktørar er i ferd med å gjere slagordet til sitt. Det er ikkje så rart. Redaktørens fremste oppgåve blir meir og meir å syte for at aksjonærane får sitt. Får dei ikkje det, får redaktøren fallskjerm på ryggen og ein tupp i ræva. Dermed seier han opp frivillig for å kunne ta seg betre av familien. Og ein ny modig maur rykkjer inn på redaktørkontoret.
Det er ikkje dei trauste medieføretak i Møre og Romsdal som har vandra lengst på denne breie vegen mot kommersialisering, avisdød og fordervelse. Til og med den utskjelte hovudstadspressa held seg meir eller mindre langs den smale sti. Men det foregår ei kursendring. Og vi justerer kursen bitte litt til same sida heile tida.
Dei store medieføretaka langar først av garde. Dei mindre følgjer tillitsfullt etter. Berre dei aller minste – lokalavisene – hadde så korte bein at dei ikkje greidde å halde følgje. Dei klaga og gret, men vart nøydde til å finne sin eigen veg. Og dei oppdaga at det faktisk kan gi dei fleire lesarar.
Det kan passe å stanse her – med ei strime av håp for ein bransje i solnedgang.
Takk for meg – og lykke til vidare!

(Møre og Romsdal journalistlag 19/3-2011.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere