fredag 25. mars 2011

Med gullhår i raua

Lukka er ofte betre enn forstanden: Norsk velstand er mest eit uttrykk for at vi har hatt meir flaks enn vi fortener.



Jordskjelv, tsunami og atomkatastrofe rammar eit folk på andre sida av kloden. Vi sit med pusten i halsen og fryktar at ringverknadene også skal ramme oss. Heldigvis er vi som vanleg på trygg avstand frå det vonde. Samanlikna med dei fleste på kloden er livet lett her vi bur. Vi er det dei i gamle dagar kunne kome på å kalle lukkas pamfiliusar. Med det meinte dei slike som har bispen til morbror og som er fødde med gullhår i raua og sølvskei i munnen.
 For det var vi som trekte det store loddet, som skaut gullfuglen og vann prinsessa og halve kongeriket. Vi tok alle førstepris i det brutale rottereset med fellesstart den gongen vi vart skapte. Vel var vi gode symjarar som unge sædceller, men vi må nok også vedgå at det var mest flaks at vi greidde å leggje alle konkurrentane bak oss i dette grunnleggjande Birkenløpet som til vanleg berre har ein vinnar.
Sidan har det gått slag i slag: Vi vart fødde i eit fredeleg land som hadde råd til vaksinasjon, utdanning og godtepose til radiobarnetimen. Globalt sett var på vinnarlaget frå første stund, og mykje skal ha meir: Foreldra våre kjøpte bil og bygde villaer med hage rundt. Då lagnaden fann det for godt å gi oss råderett over dei store oljeressursane langs kysten vår, song Abba “The winner takes it all” i bakgrunnen.
Vi hadde fornuftige politikarar som passa på oljepengane våre som sine eigne og ikkje let oss få stort anna enn rentene til å feste for. Det førte til at pengane rann inn i statens store pengebinge, som raskt vart så stor at han måtte flyttast til utlandet for ikkje å øydelegge balansen i økonomien. I mai 1996 var det nyskipa oljefondet på to milliardar kroner. I løpet av dei første åtte år dobla summen seg 500 gongar. Frå 2004 til 2008 voks oljefondet frå 1000 milliardar til 2000 milliardar. Medan resten av verda bøygde ryggen og let seg piske under finanskrisa, sat det norske folk uanfekta i godstolen og vart trippelbilliardærar i oktober i fjor.
I desse dagar går kurva for oljefondet, alias Statens pensjonsfond, nesten rett opp. Ikkje berre er det borgarkrig og opprør i dei arabiske oljestatane, slik at Suez-kanalen kan bli sperra og oljeanlegg stengde. No går også japanske atomkraftverk i lufta. Utan elektrisk energi stansar landet og no er den norske gassen blant dei halmstråa dei kan gripe til. Desperate japanarane betaler med glede dei høge prisen i marknaden. Når oljeprisen går opp, er det til glede for oss, men ikkje for så mange andre. Slik har det blitt: Eiga lukke er viktig, men andre si ulukke er heller ikkje å forakte.
Eigentleg skulle den alvorlege klimasituasjonen no har ha lagt til rette for eit gigantisk opphørssal for ureinande norske oljeprodukt. Kjøp tre fat råolje, betal for to! Vi hadde rekna med ein mjuk og gassdempa, men ganske kortvarig overgang frå oljerikdom til meir normale tilstandar. Men no har atomkrafta på nytt gjort seg politisk umogleg for ei stund og vil bli erstatta med fossilt brennstoff. Norske heldigrisar kan halde fram med å klage over straumrekninga, medan ein stri straum av blanke petrodollar strøymer umerkeleg inn på felleskontoen.
Ein kan spørje seg om denne lukkelege tilstanden kan vare, når oljealderen likevel ein gong er ute. Og det kan han nok. Her i landet har vi nemleg langt meir areal og ressursar enn vi er i stand til å ta vare på.

Lat oss tenkje oss eit par nye tiår fram i tid: Olje og gass er mangelvare og prisane er skyhøge. Den norske Oskeladden sit velfødd og stur på hytta si og rotar i glørne i peisen. Vi kan tenkje oss at han ved eit reint tilfelle hevar blikket frå børsnoteringane ein augneblink, og ser seg rundt. Og kva ser han: Ikkje berre sildrar og renn og dryp det i bekkar og småfossar som tiltakssame småbrukarar gjerne vil leggje i rør og lage straum av, men so, til no har blitt hindra av låge energiprisar og tafatte politikarar. Han ser også at sjøen hevar og senkar seg i flo og fjøre, heilt til inga nytte. Han har fått naustdøra knust og blitt mint om at det er utømelege og pålitelege ressursar av storm og kuling å hente langs heile vår vindherja kyst. Og takk vere oljen, som har gjort oss det norske folk makelege og storforbrukarar av litauisk bjørkeved, har vi blitt velsigna med endå ein fornybar energiressurs. Tidlegare bøar og beitemarker har grodd igjen av hurtigveksande bjørk, or og platanlønn. Det er berre å ta hogstmaskinen på nakken og setje i gang.
 Slik er lukka betre enn forstanden for heldige Ola Nordmann, som alltid har kome ned meir eller mindre på beina når krisene rammar utlandet. Enno har han ein kraftig motvilje mot vindmøller til havs og monstermaster på land og protesterer det han er god for. Men når kraftprisen blir høg nok, ser han nok annleis på saka og byrjar å cashe inn.

God helg!

Kjetil Tandstad 26/4 2011

Kjetil Tandstad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere