søndag 19. mai 2013

17.mai-tale Straumgjerde 2013.



 17. mai Straumgjerde 2013

Gode sambygdingar.
 Veit de kvifor vi feirar 17. mai?, spurde dei ungane i barnehagen. Og ungane hadde svar: Fordi Jesus var russ!!
Eg ikkje  seie noko særleg om 1814, om fedrane på Eidsvoll eller Henrik Wergeland som innstifta dagen. Ikkje om bunaden og  flagget heller. Det skal vi snakke om neste år. Då er det 200 år sidan vi fekk grunnlova vår.
2013 har sine eigne viktige jubileum. I år er det til eksempel 200 år sidan framstillinga av gummi vart patentert. Det er 200 år sidan forfattaren Camilla Collett og eventyrsamlaren Jørgen Moe kom til verda. Og dette året vart nynorskens far, vitskapsmannen og språksamlaren Ivar Aasen, fødd.
Ei viss ferje på våre kantar har gitt Ivar Aasen eit litt frynsete rykte. Men sjølve mannen, som ferja er oppattkalla etter, har fått meir og meir respekt, nasjonalt og internasjonalt.
Han ikkje berre samla det norske folkemålet gjennom å kartlegge alle norske dialektane. Han systematiserte det enorme  materialet, trekte ut dei ordformene som var vanlegast i bruk og brukte det som ein grunnmur for eit lage eit nytt felles skriftspråk for det norske folk. Og ikkje berre det: Han dikta og debatterte også på dette nye språket for å prøve det ut og gjere det kjent.
Ivar Aasen var ein sjølvlært mann, fødd på eit småbruk i Hovdebygda. Når han besøkte søster si i Ramstaddalen gjekk han rundt og samla plantar til herbariet sitt. Han var ein resar til å systematisere.
 Først systematiserte han av blomster og plantar, så ord og uttrykk. Draumen hans var å skape eit skriftsspråk som låg ganske nært det norske talespråket. Han ville gi den unge nasjonen Noreg eit språk det gjekk an å bruke og forstå.
I vår tid er det ganske vanskeleg å tenkje seg korleis det var å måtte skrive på dansk. Men det var det einaste skriftspråket vi hadde. Det var ikkje heilt vanleg dansk heller. Det var eit omstendeleg og akademisk språk, naturlegvis fordi det hadde vore språket til  danske embetsmenn. Dansken var overklassa sitt språk. Vanlege folk  hadde ingen problem med å uttrykkje seg på sine eigne dialektar. Men skulle dei skrive og snakke med øvrigheita, måtte dei gjere det på framandspråket dansk. Det hemma dei. Skuleungane måtte terpe danske gloser når dei las sin Pontoppidan. Alle skulebøker var på dansk. Skulle dei skrive ei klage til futen eller lensmannen, måtte dei skrive på det språket som futen eller lensmannen forstod.  
Overklassens undertrykking av språket krenka folk  og tok frå dei sjølvtilliten. Ivar Aasen kjende det på kroppen sjølv. Språket vårt er ein viktig del av identiteten. Kampen for nynorsken vart ein del av kampen for demokratiet.
Opp gjennom 1800-talet krangla den norske regjeringa  med svenskane og  tok over makta i landet nærast bit for bit.Unionen  vart oppheva fullstendig  i 1905. Etterpå heldt kampen for demokrati fram. Embetsstanden og rikfolk bremsa så godt dei kunne. Men etter at vi fekk den allmenne stemmeretten var det fleirtalet som bestemte.
Det må ha  vore ei spennande tid også lokalt. I ungdomslaget Samhald i Straumgjerde diskuterte dei kampsaker: Både kyrkja og i kommunen må snarast gå over til nynorsk, kravde dei. Målsaka var eit frigjeringsprosjekt.   ”Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring på grunn av Ivar Aasen”, sa Tarjei Vesaas.
Nynorsken i dag er ikkje den same som dei skreiv for hundre år sidan. Språk er ikkje statisk. Dialektane forandrar seg. Nynorsken har forandra seg med dei.
 Det mange ikkje tenkjer over, er at det same også har skjedd med riksmålet, altså det vi kallar bokmål i dag. Min påstand er at Ivar Aasen har gjort like minst mykje godt for riksmålet. Ikkje minst på grunn av presset frå  den dialektnære nynorsken  har det snirklete og ganske danskprega riksmålet opna seg for det dialektane og  gitt plass til det norske.  
 Det ville vere meir effektivt med eitt språk i landet, meiner nokre. Tenk på alle millionane ein ville spare om alle skulebøker var på same språk. Men det er som å kjempe for påskeliljer og vere imot pinseliljer. Nyare utdanningsforsking  viser at dobbelt språkopplæring er dobbelt så bra. Det er ikkje plassmangel  i skallane til elevane som er problemet. Ungar elskar språk. Og di meir dei lærer, di lettare  lærer dei  endå meir.
Regjeringa har gjort 2013 til Det norske Språkåret. Ikkje berre for å feire Ivar Aasen og nynorsken, men for å feire alle språka som finst her i landet. Etter hundre års til dels bitter språkstrid er vi i ferd med å forstå at språkleg mangfald er ein rikdom, ikkje ein ulempe.
Nok om det. Vi har fleire  jubileum å feire. Det er for eksempel  100 år sidan  politikarane Per Borten og Willy Brandt kom til verda. I 1913 vart også  filmskapar Arne Skouen og filmstjerne Burt Lancaster fødde.  Det er også 100 år sidan norske kvinner fekk stemmerett. Det høyrest heilt taliban ut. Men det er berre hundre år sidan.
 Noreg var til og med tidleg ute med å sleppe kvinnene til ved stemmeurnene. I USA og  Storbritannia kjempa dei framleis  for kvinnerettar i 1913.  Ei sufragette – altså kvinnesakskvinne - med namnet Emily Davidson  ville gjere eit skikkeleg stunt for å skape blest om kvinnesaka. Ho sprang ut på bana under eit hesteløp for å prøve å stoppe hesten til sjølvaste kongen. Det greidde ho, men ikkje før ho hadde blitt trampa i hel av hesten. Det var ei ulykke, men ho vart ein martyr for  kvinnesakskvinner over heile verda. Her heime kunne vi lese i  Morgenbladet: I nærheten av St.Pauls katedralen i London fandt man i dag en bombe. Ogsaa inde i selve katedralen fandt man en bombe, som var anbragt under biskopens stol. Man mener at alt dette er iverksat av stemmeretskvinderne.
Om det var gjort med kvinnehand, veit ikkje eg. Det som er sikkert, er at kvinnesakskvinnene verda rundt både var utolmodige og sinte. Her i krinsen var folk meir forstandige. fjor var eg med på å skrive historia til ungdomshuset Vårvon, som feira hundre år i romjula. Eg las gjennom protokollane, møtereferata og det handskrivne medlemsbladet Varamannen heilt frå starten. På ein underleg måte vart eg kjend med ungdommen i krinsen. Eg sit att med den djupaste respekt for dei.
 Med i det første styret i ungdomslaget i 1895 var lærar Ole Strømme, Lars E. Strøm og ei ung dame heitte Karoline Klokkerhaug. Det var kvinner med frå starten, også i Straumgjerde. Ungdommane  møttest famlande, usikre og idealistiske. Dei måtte nok tole kritikk frå konservative gamlingar som syntest alt var betre før og frå pietistane, som meinte alt var synd. Men det gjekk ikkje lenge før dei hadde heile krinsen bak seg.
Dei sette seg store mål. Dei ville kle fjellet og byggje landet. Og dei gjorde det. Ungdomshuset dei bygde, var eit monument over deira tankar og draumar. I ungdomshuset drøfta dei viktige samfunnsspørsmål - blant anna kvinnas stilling. Dei drøfta politikk, religion og næringsutvikling. Dei fekk trening i å stå på ei scene og snakke i forsamlingar. Og ikkje minst demonstrerte dei kor effektivt det var å dra i same retning.
Straumgjerdingane var  ganske framskrittsvennlige den gongen. Sunnmøringar var nesten alle venstrefolk, målfolk og stort sett også fråhaldsfolk. Dei som heile tida prøvde å utsette framskrittet, var  i stor grad embetsmenn, høgrefolk  og rikfolk som frykta at dei skulle misse sine fordelar.
 Ein av dei mest rabiate var biskop Johan Christian Heuch. Han var av den ærlege meining at det var imot Guds skaparordning at kvinner skulle ha stemmerett.  Fekk kvinnene lov til å stemme, då ville familien bli oppløyst,  moralen bli øydelagt, samfunnet ville kome ut av likevekt og kvinnene ville bli  ”et vanskabt Misfoster…, et Neutrum”, altså inkjekjønn.
 Gav du først kvinnene stemmerett, kunne det skje dei verste ting. Ein kunne risikere at det kom kvinner i heradstyret. Og då var det ikkje lenge før dei sat på Stortinget. Vi kunne få kvinnelege prestar, kvinnelege soldatar, kvinnelege professorar, kanskje til og med ein kvinneleg statsminister!! Slik låg han sikkert vaken om natta og  tenkte seg redd, biskopen. Og han syntest nok at det var rart at alle ikkje forstod at no gjekk det rett på dunken.
Såg ein det ikkje då, ser vi det i alle fall no: Biskop Heuch var totalt på bærtur! Hadde han hatt rett, skulle minst halvparten av de som sit her i dag vere typiske misfoster og inkjekjønn. Sjå dykk rundt på bunadjentene som sit her - og døm sjølv.
Dette var altså to jubileum av mange. Det er all grunn til å feire. Men akkurat på  17. mai? Har desse to jubilea nokon samanheng med grunnlovsjubileet?
Ja, dei har absolutt det. Grunnlova som Noreg fekk 1814 var ei av dei mest demokratiske  i verda på den tida. Sjølv om dei altså gjorde det forbode for  jødar og jesuittar og munkar å kome til riket. Sjølv om altså ikkje kvinner og berre ganske få menn fekk stemme.
Etter hundre år var allmenn stemmerett på plass. Dei neste hundre åra har vi brukt for å gi stadig nye grupper ein plass i samfunn og styringsverk. Likestillinga har gått mykje lenger enn biskop Heuch hadde mareritt om. Og vi er  ikkje i mål enno.
Det er  jo det 17. mai handlar om. At alle skal vere med. Folk flest veit best. Ikkje kvar for seg, men når dei har fått krangla og gjort seg gjeldande ei stund, så ramlar ein som regel ned på eit standpunkt som er ganske gjennomtenkt. Den veit best kvar skoen trykkjer, som har han på!
I dag har vi det godt. Vi har sjeldan gnagsår. Det store demokratiske problemet i dag er kanskje ikkje så mykje at vi manglar  demokratiske rettar. Trusselen mot folkestyret er heller at vi tek for lett på dei. Mange stemmer på sofapartiet og vel Paradise Hotel i staden for møta i lokalpolitikken og i foreiningslivet.
Då er det på tide å titte litt i bakspeilet. Ser vi på historia, ser vi at dei demokratiske rettane vi ser på som sjølvsagte, ikkje har vore gratis. Dei har kosta både blod, sveitte og tårer.
Til hausten er det val igjen. Tru meg, det er ikkje ein liten ting!
 Gratulerer med dagen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar


Følgere