søndag 29. juni 2014

Stakkars kommunen


Utskjelt og uthengt, utan nåla i veggen og snart tvangssamanslått. Stakkars kommunen!

Ei av oppgåvene i ei avis er å ta imot publikums ytringar gjennom telefonen.  Nokre innspel er like årvisse som influensaen og julekvelden: Etter kvart snøfall kjem det alltid telefon frå han som  synest fortaua er skammeleg dårleg strødd. Etter kronprinsens fødselsdag er det illsinte innringarar som har lagt merke til at det ikkje vart flagga reglementert frå alle kommunens flaggstenger. Når våren er i anmarsj, ringer ho som irriterer seg over kattedrit og flagrande papir i gatene. No må kommunen lette raua frå kontorstolen og gjere noko med det! Kven eg siktar til? Den som har med slikt å gjere. Teknisk etat. Rette Vedkomande. Kva må ikkje turistane tru!

Knappe tider. Førestellinga om den rike og mektige kommunen, med tilsette som snurrar gjerandslause på kontorstolane sine, er gammal og seigliva. Men det er lenge sidan kommunar flest hadde råd til å halde seg med gatefeiar og innleigde skuleelevar til å halde kommunale  plenar fine og kortklipte. No leiger dei i beste fall inn ein feiemaskin før 17. mai og  ein beitepussar for å halde småskogen unna. Ordførarane har det så magert at dei knapt  har råd til å ha kjeda rundt halsen når dei klappar born og demente på hovudet. Elles står dei i sekk og oske i den forhutla ordførarkøen framfor regjeringskontora for kanskje å få snakke med ein statssekretær. Draumen er å kunne kome heim med nokre ekstra kroner til asfalt eller omsorg. Det er alltid von i hangande snøre.

Hangande hovud. Men ikkje i hangande hovud: Den som har vore innom eit budsjettmøte i kommunen, vil vite at det er nakne nauda som rår. Dei kromglitrande suvane på parkeringsplassen utanfor står i grell kontrast til armoda i kommunestyresalen. Representantane prøver å halde på verdigheita. Sanninga er at dei beste kommunehovud som folkestyret kan oppdrive, står under administrasjon av stat og fylkesmann.

 Eigedomsskatten er halmstrået som ålesundarane klamrar seg til for å få budsjettet i balanse. Dei er også under press for  å selje sin indrefilet av ei forretningstomt til utfordrar nummer ein for den sunnmørske møbelindustrien – det blågule IKEA - for å få pengar i kassa. Dei satsar elles på å krevje både  inn- og utgangsbillett av alle som er innom det nesten avfolka bysentrumet. Tanken er at ein firefelts motorveg til Moa  er det som skal til for å få folk og butikkar til jugendbyen.

Hengemyr. Sal av indrefilet er også freistande for nabokommunen Sykkylven. Her er det Rema 1000 som er mogleg kjøpar og  mogleg frelsar av det lokale sjølvstyret. Den kommunale armoda er stor,  men her er det  ingen planar om eigedomsskatt. Sykkylvspolitikarane held  den blå-blå fanen høgt og  satsar på manna frå himmelen.  Nyleg sa kommunestyret foraktfullt nei til ni millionar rett opp  i handa frå ein lett angrande Nordea-bank. Sykkylvingane meiner dei har krav på endå meir for tort og svie. Storbanken sende nemleg  for nokre år sidan sine glattaste seljarar til bygda og fekk truskuldige lokalpolitikarane med på ein renteavtale som skulle  gi kommunen gull og grøne skogar. Det vart i staden ei økonomisk hengemyr som tappa kommunekassa for mange tital millionar kroner.

Sekk og oske. No må dei folkevalde spørje Robek om lov før dei kan bruke pengane dei ikkje  har. Slikt  er ikkje  det beste drivstoff for lokaldemokratiet. Politikarane fortvilar og ordførarane blir stive i maska av all smilinga dei må drive med for å halde motet oppe

 Den mest aktuelle utvegen no er å slå saman kommunar og driftsunderskot. Større avstand til rådhuset og færre men betre betalte politikarar gjer klaging mindre attraktivt og reduserer politikarkranglinga. Kort sagt: Meir lokaldemokrati for pengane.

Kjetil Tandstad

 

søndag 1. juni 2014

Viking eller veiking


 Viking eller veiking? Tøff eller berre tøffelhelt? Det norske sjølvbildet er uskarpt – 200 år etter Grunnlova.

17. mai er over.  Vi har inhalert ekstra doser med nasjonalkjensle sidan nyttår. Grunnlovsjubileet kjem nok til å halde fram til neste nyttårsdag, men no kjem turistane for ikkje å snakke om svenskane og polakkar som skal servere og vaske for dei. Norske fjordar gir gjenlyd av framande talemål. Det er høgsesong for inkludering og gjestfridom.  Vi spør både betalande gjestar og underbetalte gjestearbeidarar like ut om namnet og kvar dei kjem ifrå. Så kjem det mest  interessante: Kva synest dei eigentleg om Norge og nordmennene?  Heilt ærleg altså!

Fanatisk positivt. Dei typiske nordmenn eg har møtt er fulle og snakkar fanatisk positivt om landet sitt, seier Sandra frå Latvia til studentavisa Peikestokken i Volda.  Veldig aktive, veldig stolte og veldig korrekte, dessutan blonde, høge og kledd i sportsklede, seier Michal frå Slovakia.

Studentavisa smiler oppmuntrande og spør fleire: José frå Cuba likar alle er på same nivå reint politisk, også Kongen. Du treng heller ikkje seie herr og fru til folk. Cassian frå Tyskland synest det er karakteristisk at nordmenn går på fest med plastpose frå Kiwi. Spanjolen Luis synest at det er påfallande at nordmenn går på tur i fjellet etter dei er åtti år medan franske Marie finn nordmenn reserverte og blyge, men når du har fått kontakt er dei skikkeleg triveleg. Vi tilgir storsinna den der med Kiwi-posen. Dette er jo trass alt i studentmiljøet. Skikkelege nordmenn har kake og treliters vinboks i kvar si rosemåla tine. Vi likar å ta vare på tradisjonane.

Smålåtent. Det er  noko smålåtent over norsk kultur. Skal det skrytast, vil vi i alle fall ikkje gjere det sjølv. Vi er framleis litt skjemde av  Gro Harlem Brundtland, som sa at det var typisk norsk å vere god. Ivar Kinn skal ha all ære for å ha teke brodden av det: Det er godt norsk å vere typisk, parerte han.

Det er klart det mange som har meint mykje om landet og innbyggjarane. ”Et land mindre forferdelig enn eg hadde forestilt meg”, noterte målaren Claude Monet. Han var i det minste på glid etter norgesturen. ”Næsten hver berørelse jeg er kommet i med disse folk, paa et par undtagelser nær, har vært mig ubehagelig”, skreiv den danske eventyrforfattar H.C. Andersen. Han får meine det han vil. Vi elskar framleis historiene om Tinnsoldaten og Den stygge andungen. Danskane har alltid vore litt store i ord: Adam Oehlenschläger karakteriserer nordmennene som eit  ”stolt og herlig Kæmpefolk”. Det er no mon i mindre.

 Gode poteter. Nina Witoszek-Fitzpatrick kom som flyktning frå Polen for ein mannsalder sidan og har gjort det til ein karriereveg å fortelje nordmenn korleis dei ser ut utanfrå. Ho meiner vi ser lykkeleg ut og at vi har grunn til det, men at vi også har ein tendens til å ta lykka for gitt: ”Gud har eit betre auge  til nordmenn enn nordmenn har til Gud” observerer ho. Danskfødde Lone Klem, professor i Oslo, har også budd blant oss  ei stund: ”Det verste med Norge er at de trur de har så gode poteter”, seier ho.

Den siste observasjonen  varmar vårt nasjonale hjarte.  Skulle vi ikkje vere stolte av vår Beate og Kerrs Pink? 
Det var potetprestane som spreidde sann opplysning blant nordmennene. Og det var potetene som gav oss  raspeballen og akevitten.
 
Politisk ukorrekt. Men no – 200 år etter Grunnlova – er det ikkje like lett å slå seg på sitt bryst over
nordmannens veremåte: Før kunne ein seie ting som: «Pigers Sko at kysse/Pattebarn at bysse/var ei Nordmands Vis;/Med en halv afhuggen Hage/sin Venindes Kys at tage/det var Nordmands Vis.» I dag er dette svært lite politisk korrekt på fleire måtar.
Så mange spørsmål, så mange sprikande svar: Har den klassiske norske helten  med blått blikk og
bjørkenever rundt leggene rett og slett fordampa i det moderne samfunnet? Eller har han alltid berre budd i  bøkene? Kvar etterlet det i så fall oss ? Er vi berre som alle andre? And that’s it?
 
Kjetil Tandstad

mandag 28. april 2014

Mitt sitt og ditt sitt språk


 

Vestlendingen har alltid vore oppteken av mitt sitt og ditt sitt. No følgjer resten av landet etter.

Vestlandet veks, sjølv  om nordmenn flest ser ut til heller å ville bu dyrt og trongt i  hovudstaden enn romsleg og billeg i vest. Vi som held til her på kysten, skøyter på  sjølvtilliten ved å hevde at det er her dei  verkelege verdiane blir skapte. Og slik vil det bli også i framtida, likar vi å tru. Det er her hos oss at stormen ruskar og riv og storbåra bryt. Det er ein ressurs å rekne med når vi skal erstatte olje og gass ved å gjere ei overflod av naturkrefter  om til tamme og fornybare kilowatt.  

Lita tid. Vi som bur her på kysten, har tenkt å bli verande. Derfor har vi lita tid og mykje vi skal ha gjort. Det første som må skje er at ferjene må bort. Ingen ting er så lite produktivt som å vente på ferja. Når vi  ikkje ryddar og jamnar og kablar og legg rør gjennom gjenstridig  norsk natur,  har vi  hendene fulle på heimebane. Moderne oljeturnus gir romslege friperiodar då vi kan få utløp for vår tiltakslyst. Vi heidrar våre forfedrar ved å rive dei grå stovene deira og erstatte dei med kvite villaer med blondekant og hollandsk pannestein. Etter kvart sper vi på med  grillhytter og gjestehus og garasjar og naust med loft. Ein kan aldri vite - ein kan få slekta på overnattingsbesøk. Dessutan er det  alltid godt å vite at både suven og cabincruisaren står trygt under tak i stormbyene.

Ei banane. Hus og heim og pengar i banken gir sjølvkjensle og sans for det heimslege. Det er slutt på at vestlendingen sat  audmjukt på vonde stolar i gymsalen når Rikskonsertane eller Riksteatret reiste kysten rundt og delte ut naudrasjonar med finkultur. No er vi sjølvhjelpte. Vi bookar sjølv våre songstjerner og våre TV-kjendisar frå øvste hylle og vi har flotte kulturhus å ta imot dei i. Men ingen skal kome her og seie eit einaste vondt ord om lokal kultur eller dialekt. Seier vi  ei appelsine og ei banane, vil vi også ha retten til å skrive det. Det skulle berre mangle! Dei siste vi vil ha språkleg råd frå, er slike med mastergrad og raudpennar. Ingen skal kome her og kritisere oss for at vi er oss.

SMS- og facebookspråket er brei dialekt og ingen prøver lenger  å imponere filologar og byfolk med grammatikk. Og i vest Bergen er i stadig større grad Byen, sjølv om laget ikkje alltid er Brann. Den bergenske skarre-r-en et seg sjarmerande og freidig både nordover og sørover. No skarrar dei både i Florø og Måløy. Fosnavåg og Ulsteinvik står for tur.

Garp. Her på våre kantar er det grunnfest i folkemålet å bruke den utskjelte garpegenitiven. Det vil seie at vi i staden for å snakke om Oles bil og gryta hennar mor heller snakkar om mitt sitt hus og naboen si skranglekasse.  Å snakke slik, er å bruke barnespråk, har norsklærarane fortalt oss i hundre år, men utan at det har gjort særleg inntrykk på oss. Dessutan har det vore unasjonalt. For dette er  genitivsformene vi plukka opp frå hanseatane - eller garpane, som vi nedsetjande kalla kolonistane i Bergen.

 Denne hanseatiske måten å uttrykkje kven som eig kva, kom frå plattysk og har prega språket her i vest i meir enn fem hundre år. Like lenge har skriftlærde  gjort sitt beste for å få bukt med uvesenet.  Men no breier fenomenet seg  austover og langt inn i akademia. Framleis kjempar språkskribentar som Per Egil Hegge og Lars Aarønes tappert mot garpespråket, men i Språkrådet har dei gitt opp: ”Det er framleis mange som synest det verkar barnsleg og lite elegant, men det er ei smakssak”, seier ein forsonleg seniorrådgjevar Dag F. Simonsen til Bergens Tidende.

 Vestlandet veks.

Kjetil Tandstad

søndag 23. mars 2014

Lange fingrar i lommene


Lange fingrar i lommene

  Vi skulle så gjerne ha handla med folk som vil oss vel.  Men dei vil berre i bukselomma på oss, heile gjengen.

Du har sikkert lagt merke til det: Når du skal betale kredittkortrekningar, er rekninga aldri på det du skuldar, men for eksempel berre på ti prosent av summen du skal betale. Det er gjort av eit godt hjarte for å gi oss større  økonomisk  fridom i kvardagen, seier reklamen. Nå ja, effektiv rente på kredittkortgjeld er nærare 30 prosent.  Då er det lønnsamt å få kundane til å ta opp lån dei ikkje har bruk for. Vi for oss korleis dei har streva med ordlyden, så det skal vere enkelt å blingse på sluttsummen. Tilbodet om utvida kredittramme utover dei vanlege 75.000 kroner, er det derimot ganske umogleg å blingse på.

Dyre råd. I gamle dagar gjekk ein i banken og fekk gode råd. Då vart ein fortalt at gjeld er dyrt og at det beste er å tene pengane før ein brukar dei. No blir vi inviterte inn i nesten folketomme banklokale ein gong for året av vår personlege rådgjevar. Han spanderer kaffi og fortel oss at vi har alt for lite lån. Å vere gjeldfri er å kaste pengar ut gjennom vindauget. Kvifor ikkje refinansiere huset og kjøpe ny bil eller eit husvære i Spania? Om vi då ikkje vil prøve eit skandalisert kreativt spareprodukt – no nysminka til det ukjennelege.

Norske gjeldsseljarar er framleis eit hakk meir truverdige enn dei rause tilboda på dårleg engelsk om 4,5 millionar britiske pund rett på konto i byte med enkle kontoopplysningar. Men også forretningsmoralen blir internasjonalisert. Norske forretningsfolk lærer i skulen dei går i. Stadig oftare blir vi spurde om sivilstand og hobbyar, inntekt og  handlevanar og vår private e-postadresse når vi handlar. Følg oss gjerne på Facebook, seier dei. Slik  konkurrerer dei om å byggje den store Vi-kjensla. Når produkta er identiske, er det logo og fargen på gullkortet som varierer.

 Overberande. Så langt har underteikna sett overberande mellom fingrane på dei i grunnen ganske sleipe forsøka på å lokke oss ut på den økonomiske glattisen. Men ved nyttårsleite var rekninga frå Statoil plutseleg full av internasjonale flyreiser med Lufthansa og Air China, endå vi knapt hadde vore utom Storfjorden. I løpet av den etter kvart  omfattande telefonkontakten med selskapet, var eg så fri å seie frå om at heretter ville eg ha rekning på akkurat det eg var skuldig og korkje meir eller mindre. Ei litt oppgitt dame på kundeservice fortalde meg at det diverre ikkje mogleg, sjølv om det var mange som bad om det. Det er company policy!

Kalender-pris. Ein runde til andre kredittkortselskap avslørte at denne utspekulerte ordninga er company policy også der. Så mykje for konkurransens utjamnande kraft. Norske bensinkjeder tener langt betre enn dei svenske. Bensinen vår er prisa mykje høgare måndagar og torsdagar. Det er det naturlegvis ingen aktverdig grunn til anna enn å få folk som har anna å tenkje på, til å handle bensin til overpris.

Slik blir vi tekne ved nasen i alle endar av bensinkjøpet. Det er lenge sidan idealet om at kunden alltid har rett. No er parolen at det må vere lov å prøve seg. Er kunden dum nok til å gå i fella, kan han berre ha det så godt.

 Kjetil Tandstad (Smp 22032014)

søndag 16. februar 2014

Lyset som blendar




 Ikkje for å vere mørkemann., men no har vi hatt lysfest sidan november. Det er jammen på tide at  moder sløkkjer alle lys, så kvar ei krå blir mørk. Vi har faktisk ein stjernehimmel der ute.

Som alltid når mørkret tetnar rundt oss om hausten, tenner vi nordbuarar opp eld. Vi vil ha telys på alle bord og fyr på peisen. Vi set stearinlys i alle vindaugskarmar  og monterer lyslekkjer kring mønekam og gesimsar. Det har glitra i illuminert julepynt sidan november. Det er slik vi vil ha det. Men no er det nok.

Himmelhol. Stjerner er eigentleg små hol i himmelen der lyset slepper gjennom, trudde vi ein gong. Etter kvart har vi forstått at verdsrommet er meir eventyrleg enn som så. Lyset har alltid vore symbolet på den gode krafta som har halde mørkemaktene i sjakk.  I mørkret lurer alle vonde vetter. Lyset får troll til å sprekke. Lys er  kunnskap og vennskap og  optimisme. I mørket bur vankunna og overtrua.
 Det er betre å tenne eit lys enn å forbanne mørkret, seier vi gjerne. Det meiner nok  joggarane også, som spring med hovudlykter med lysstyrke nok for ein heil stadion. Dei lyser opp fjellsida, men likevel ser dei  ikkje ei hand for seg utanfor lyskjegla. Nattsyn er for  jegerar og innbrotstjuvar. Og kanskje nokre få romantikarar og enkelte stjernekikkarar.
 Vi kan ikkje få nok lys i mørketida. Kvar einaste ny lysmast blir feira og vel motteken. For lys gir ungane våre ein tryggare skuleveg og sikrar oss mot å snuble når vi trimmar. Vi gleder oss over den nye LED-teknologien som gir oss lyspærer som varer lenge og er billige i drift.
Glorie. Men alle dei kunstige lyskjeldene blendar oss så vi ikkje ser det lyset som er lengre unna. Lyshavet vi lever i har også sine mørke sider. Vi må spørje:  Når såg du ein stjernespekka natthimmel sist?
For å ta rolla som lysesløkkjar ei lita stund: I USA  kan berre ein tredel av innbyggjarane sjå Mjølkevegen frå der dei bur. I Europa er det berre halvparten av oss som kan sjå galaksen vi er ein del av med berre auget.
 Vitskapsmannen Albert Einstein  kalla den stjernestrødde Mjølkevegen  så poetisk for skapinga sin helgenglorie. Sidan den gong er store delar av glorien falma. Frå Europa kan ein no i gjennomsnitt sjå rundt 450 stjerner på himmelen, når forholda ligg til rette for det. For femti år sidan kunne vi sjå ti gongar så mange.  Sjølv i det ganske tynt folkesette Finnmark klagar dei over at det har blitt vanskeleg å finne stader dei kan sjå nordlyset. Der er alltid  ei veglys  eller ein lyskastar som tek luven av den flammande himmelen.
Alt dette kunstige lyset skape problem for eggleggjande skjelpadder i Florida, les vi. Nåja, dei om det. Det kan vere andre på strendene i Florida som får problem med å orientere seg viss det er stupmørkt.
Verre er det  at alt for mykje kunstig lys på oss tidlegare holebuarar kan gi helseplager og at lysforureininga i følgje enkelte forskarar kan påverke produksjonen av hormon som melatonin og østrogen. At det går på hormonane laus er velkjent frå litteraturen og mange har  kjent  det på kroppen: Det er ei kjend sak at det ikkje blir same dreisen over romantikken i lampelys samanlikna med å gå hand i hand i måneskin  under ein stjernestrødd  himmelkvelv.


Kjetil Tandstad
Petit 11.1.2014, Smp

Dei olympiske sengeleikar


Ingen ting får meir fart på emosjonane og sel fleire aviser enn dampande, uansvarleg sex. Eller rettare: Praten om det.

Vi var ikkje åleine med å heve augnebryna då vi snubla over følgjande  tittel i ei avis:” Prester bedre i senga.” Ja, ja, tenkte vi. Stillaste vatn har den djupaste grunn. Då vi las vidare, forstod vi fort at overskrifta ikkje slo fast noko faktum. Tittelen var meint som ei oppmoding. Dermed var vi tilbake til start. Vi veit framleis ingen ting om kva prestar kan prestere under dyna.

Syndelivet. Ikkje det at vi har noko med det, heller. Men sex lokkar lesarar, same kor irrelevante opplysningane kan vere. Vi meiskar oss i sidesprang og kjendisskilsmisser. Vi hoppar frå det eine tvilsame sladrebladet til dei minst like tvilsame nettstadene for  å få siste nytt om det glitrande syndelivet til dei rike og vakre. Det engasjerer like mykje, anten vi tek avstand frå lauslivnaden eller berre er misunnelege.

Derfor kasta også underteikna seg begjærleg over ein omfattande artikkel som gjorde  eit kraftig nummer av at katolikkar er meir aktive i senga enn protestantar. 68 prosent av papistane har seg eit nummer minst ein gong i veka. Det er tolv prosent meir enn gjennomsnittet for ikkje-katolikkar. 64 prosent av katolske kvinner kallar seg sjølve seksuelt leikande. Berre 42 prosent av ikkje-katolske kvinner ville seie det same. Protestantar som er gifte med katolikkar, har ein halv gong meir sex enn dei som er gifte med ikkje-katolikkar.

Cojones. Det er amerikanske forskarar som har funne fram til dette. Katolske prestar og munkar skal i prinsippet leve i sølibat. Det skulle jo dra gjennomsnittet ned og gi protestantane ein fordel. Katolikkane ligg likevel eit sengehesthovud framfor oss i konkurransen.  Er det dei varme nettene og/eller det vidkjende latinske temperamentet som gjer utslaget? Eller har katolikkar rett og slett berre meir cojones?

Lærde sosiologar og religionsvitarar let seg ikkje be to gonger om å forklare: Katolikkane ser på kroppen og verda som grunnleggjande god. Skriftemål og fire Pater Noster tek brodden av synda. Derfor kan dei handfritt og lykkelege kaste seg ut i nye erotiske eventyr utan vidare anger og ruelse. Protestantar på si side meiner derimot at dei er grunnleggjande syndige og bør ha dårleg samvit frå fødselen av. Det hjelper lite å melde seg ut av statskyrkja. Mørkemannssynet følgjer  med som nissen på lasset langt inn i Humanetisk Forbund.

Sengeleikane. Vi her oppe i nord ligg altså tolv prosent etter i dei olympiske sengeleikane, endå så frimodige vi har ord på oss for å vere. Det blir ingen pallplass av slikt. Vi kompenserer med å tene pengar og samle medaljar i dei olympiske vinterleikane i Sotsji.

I dei teoretiske øvingar, altså å snakke og lese om sex, ligg  vi betre an. Vi nasar frimodig i kjendisars romansar og sidesprang. Vi lever med dei når dei er forelska og snur ryggen til dei når dei blir dumpa av ei endå større stjerne  eller døyr av overdose. Vi  gjer oss opp våre meiningar om alt dette og deler det på internett.

 Vonde tunger vil kanskje seie at vi har det mest i kjeften og bakføtene. Kan så vere, seier vi. Men det er som med så mykje anna aktivitet her nord i verda. Vi flyttar ut muskelarbeidet til rimelegare land, men beheld administrasjonen her heime.
God helg!

 

 

lørdag 7. desember 2013

Den søte ventetid

Den søte ventetid
Adventstida er her igjen. Og dette har vi venta på så lenge.
Adventstida er i ferd med å ta luven av jula. Julestria er større enn sjølve feiringa. Vi shoppar og vi moppar, vi bakar og vi smakar og vi pakkar gåver og spanderer peparkaker og gløgg av eit svulmande hjarte. Det er ei hektisk tid. I adventstida skal vi på konsertar  og teater. Så er det alle juleborda. Når jula først er der, er vi sant å seie godt forsynte.  
Forventning. Ventetida er full av aktivitetar og forventning. Oppgåvene er mange og det må ikkje slurvast med detaljane. Vi har børi eldvatn og vi har børi ved i sekkevis frå bensinstasjonen. Vi har sett sjuarma lysestakar i alle vindauge og batteridrivne talglysimitasjonar på alle graver. Praktisk orienterte karar i termodress har drege kablar for å tenne stadig høgare juletre på kvar haug i landskapet. I desse dagar skal ingen krok stå mørk .Og ingen stakkars krok skal vere gløymd. Sjølv den mest einsame einebuar får besøk av blomsterbilen som leverer ut julegleder. Vennleg helsing næraste naboen.
Før var det slakting og baking og sandskuring av tregolv på kne i kalde stover. I dag går det eigentleg raskt å lage julefest med sentralstøvsugar og  ferdig oppskoren og utvatna ribbe frå Gilde. Men har vi det ikkje travelt, gjer vi oss travle. Inga retteleg jul utan ei dobbeltarbeidande husmor med hjarteflimmer når feiringa kan ta til.
Glitter.  Det skal vaskast med grønsåpe på stader i huset der ein aldri set sin fot. Rullepølsa skal vere handsydd og ribba skal helst vere svidd over open eld. Julehelsingar kan ikkje sendast på e-post. Det skal vere handskrivne nissekort med glitter på. Den største kunsten er å vere julestressa på ein avslappa måte og alltid ha eit omsorgsfullt og tolmodig smil på leppene. Tusen ting skal gjerast og haldast greie på og tida blir alltid knapp. Likevel må vi alltid kunne la oss forstyrre av folk som ligg betre an og som brukar innspurten før jul til å stikke innom kjentfolk for å vere sosiale og smake på julebaksten.
 Butikktjuvar kjem til å stikke av med varer for 333 millionar i løpet av førjulstida. Hovudorganisasjonen Virke veit å fortelje at dei  først og fremst kjem til å stele kosmetikk og hudpleieprodukt, men også mykje  klede og parfyme. Ein skulle nesten tru det stod damer bak. Svinnet frå hyllene gir eit stikk i julestemninga, men det kjennest betre når vi veit at vi skal svi av 50 milliardar dei næraste vekene. Ein kan sjå det frå den positive tida: Nesten alle kundane dreg sine ærlege bankkort med glede  – endå vi alle veit vi får dei same varene i den same butikken til innbrotspris alt frå tredje juledag.
Alt for Norge. Shopping er ikkje berre ei glede i seg sjølv. Det er også ei nasjonal handling. Etter at  dei galopperande bustadprisane no på tampen av året berre veks i luntetrav, står leiande økonomar fram og spår tunge tider i norsk økonomi. Sindige sunnmøringar treng ikkje få panikk. Den økonomiske pessimismen og tungsinnet må ikkje få feste seg no ved starten av julehandelen, understrekar Sunnmørsposten på leiarplass dagen før verdas handlefrie dag. Det gjeld  å halde saman. Vi seier: Alt for Norge og løp og kjøp!
Ei av dei som tek den nasjonale dugnaden på alvor, er ei hektisk dame vi trefte i ei handlekø. No har eg fått unna 13 julegåver og har berre 26 igjen, seier ho. Ho hadde alt sikra seg eit juleslips til gemalen. Det blir han nok glad for, hykla vi endå vi kjenner han så godt at vi veit han hatar å gå med renneløkka rundt halsen. Nei, det er det ikkje sikkert han blir, seier ho. Men kva skal ein no gi til ein som har alt?

 For noko må vi for skams skuld gi, også til dei som ikkje treng det. Vi kan i alle fall ikkje gi  ingen ting. For vi er jo glade i kvarandre og i  jula vil vi så gjerne gi praktisk uttrykk for det. Om ikkje anna, så med eit stripete sokkepar.

Følgere