”Ein gong tok vi femten situps. Så
snudde vi oss på magen og tok femten backup”.
Medan gjeldsbølgjene slår over
Europa, duppar Norge ubekymra som ein isoporbit over brenningane. Endå ein gong
ser det ut til at vi skal sleppe unna med eit nyord. Vi har rett og slett
Kriseflaks
Norge
har gitt verda fleire nye ord – verdsspråka har teke opp i seg både quisling og
ombodsmann. Kanskje kriseflaks kan bli det neste norske eksportordet. For det
trengst nye ord om land som heilt ufortent har trekt det store loddet.
Den generasjonen av nordmenn som i dag er
godt vaksen og best forsørga, er heile verdas Heldige Anton. Som
Anton vandrar vi ubekymra gjennom livet med nylagt hår og gule gamasjar medan den
økonomiske krisa rammar alle dei andre.
Fire
felt. Vi er generasjonen som krev firefelts
stamveg og kjøpesenter, men som ikkje aksepterer trafikkstøy og inngrep i
naturen. Vi vil ha rein elektrisitet, men utan dammar og vindmøller, vi krev bruer
og kraftliner som ikkje viser og undersjøiske tunnelar utan motbakkar.
Det
meste vi har eller ønskjer oss, tenkjer vi at vi vil ha for ungane si skuld. Leitar dei etter husrom i hovudstaden, kvifor
skal vi ikkje gje dei ei handstrekning? Vi vil jo ikkje gjere dei til pendlarar
heller. Eit rimeleg krav er at alle skal
ha gangavstand heim frå Karl Johan. Pappa
går i banken og hentar meir drivstoff for den oppheta bustadmarknaden slik at bustadprisane kan gjere endå eit hopp. Vi gjer
det så gjerne. Men vi synest likevel at
det burde vere ei statleg oppgåve.
Uro. Denne generasjonen, som no har kome fram til det ein kan kalle
livsens middagslur, har også bekymringar.
Dei er ikkje berre materielle. Når restane av det som blir kalla ein
tropisk orkan pressar seg inn mellom fjella her, får vi angst for hus, hytte og naust. Ikkje fordi vi ikkje har forsikra. Men tenk på
alt styret det ville vere å rydde opp
att.
Den
teknologiske utviklinga går raskare enn vi likar. Vi er naturlegvis på Facebook
som alle andre, men det gjer alltids noko med sjølvtilliten å ha ein femåring
som datakonsulent. Det skal ikkje meir til enn at ein seljar seier fire giga
minne og display på 15.4 WXGA, så tuslar
vi ut av butikken med nedslått blikk. Då
tenkjer vi at vi får greie oss med gamle-PC-en ei stund til. Etterpå er det på
tide at nye generasjonar får ta over.
Situp. Ikkje slik at vi er heilt på jordet
og trur at laptop tyder samelue og at bluetooth har nokon med bærplukking å
gjere. Men vi tek kanskje sjansen på at modem er noko i
same gate som ødem. Ein gong tok vi femten situps. Så snudde vi oss rundt på
magen og varsla femten backup. Det skulle ikkje finnast betre trening for
korsryggen, hadde vi forstått.
Mot alder og forfall kjempar sjølv
Tren-instruktørane forgjeves. Stadig oftare kjem det morosame meldingar på
Facebook som vi ikkje forstår. Vi høyrer oss sjølve forfekte synspunkt som at det er for lite
disiplin i skulen og at sambuarar bør gifte seg. Når det går opp for oss, resignerer vi og finn det tryggast å halde oss til familien og gamle
filmar på TV.
Heldigvis
står ein ny og yngre generasjon klar til å innta dei mjuke seta til
generasjonen som snart kan takke for seg. Isoporlandet Norge duppar vidare. Vi
har kriseflaks!