Kom mai, du skjønne milde, syng vi i
desse dagar. I morgon får vi det som vi vil.
April er berre ein lovnad det er opp
til mai å halde, seiest det. Av og til må skjønne mai få hjelp av både juni,
juli og august før dei våryre forventningar så nokolunde er innfridde.
Mai er månaden for lauvsprett og
grønkande lier, chickelacke og lavesko, første maitog og lønnsmekling på overtid. Det er konfirmasjon
og nasjonaldag med pølser og motvind og pinsefest med bunad og blandakor.
Det er månaden då bunadsskjortene skal
hengast til bleiking i sola samtidig som bøndene gyller bøane frå gjødseltanken.
Lyden frå motorsager og grasklipparar skal blande seg med den kaldslege låtten hos
hageeigarar som finn brunsniglar i ølbollen. No blir dei klipte i fire med
kjøkkensaks av ei elles fredeleg bestemor. Ho synest at døden er ei alt for
mild straff for inntrengaren.
Hagefolket kalkar og gjødslar og
brukar feriepengane på forskot for å realisere sine våte tujadraumar.
Trampolinane som bles av garde i vinter, har kome på plass på plenane med
spretne ungar på. Båtar og badeflåtar skal på vatnet. Veteranbilar blir trilla
ut av vinterhiet. Etter månader glinsande av olje, er det tid for
sjarmøretappar. Kva anna har hobbymekanikaren drøymt søtt om heile vinteren enn
å ta på seg kvitskjorta og gli silkemjukt gjennom spirande natur i ein femtitals
amerikanar med ei sky av blå røyk frå dei forkromma eksosrøra etter seg.
I mai skal vi som vanleg ta att alt vi
har forsømt på treningsfronten. Vinterens sofaslitarar har gått på vekta og
bestemt seg for å ta grep. Første steg er ein tur på Moa for å skaffe neonfarga
joggesko og treningsklede, kjøpt i knappaste
laget slik at ein har noko å vekse seg mindre i. Så er det å kople på
pulsteljar, GPS og øyrepluggar. Sjølvdisiplin åleine er ikkje nok, skal vi overdøyve kroppens signal.
Mai er månaden når naturen knoppar seg
og sprett ut. Som bjørk og kratt, løvetann og rosebusker og årets nye
russekull. Dei sist nemnde blir meir mindreårige for kvart år. Det er ikkje
berre dei sidrumpa snikkarbuksene, ansiktsmålinga og det ustø ganglaget. I eksamensinnspurten i mai brenn russen sine lys i alle endar. Det avblomstra
resultatet kan vi sjå når er ute og sel
russeaviser på nasjonaldagen. Slik forgår verdas herlegdom, grip vi oss å sitere,
når dei unge vekslar foreldras surt oppsparte tusenlappar inn i dyrekjøpte lærepengar.
Vi prøver å ikkje moralisere, endå vi
absolutt har relevante erfaringar å kome med. Russen er ny i verda og skal gå
på sine eigne smellar.
Og kven er vel eigentleg vi til å kritisere? Gammalt folk har eigne
problem å interessere seg for. Personleg har eg vanskar med korttidshukommelsen.
Og så har eg litt vanskar med korttidshukommelsen.
Kva var det vi skulle ha sagt? Gratulerer med våren!