Verdas
regjeringar sit saman på miljøtoppmøtet
i Paris og peikar på kvarandre. Det gjeld å sleppe billigast frå restriksjonane ein
synest alle andre land bør ta.
No skal det endeleg bli resultat av alt pratet – i
tolvte time for klimaet. Det handlar om å greie å halde seg:
”Den som fisen
først blir var, han er fisens rette far”, heiter det i eit munnhell som kan
brukast kvar gong nokon klaga på dårleg lukt og det er tvil om kven som hadde
skulda. I så fall kan den som fekk mistanken retta mot seg, også forsvare seg på rim: ”Den som seier
desse ord, den er fisens rette mor.”
Slik lyder det – om enn med andre ord – truleg også i
konferansesalane i Paris, der verdas klimadelegatar
har sett kvarandre stemne for å løyse miljøkrisa. Diskusjonen er beherska og
omgjevnadene er prega av gammal prakt og
”gloire”. Men bak retorikken og den høgttravande fagterminologien, anar vi kva
det eigentleg handlar om: Kven har fese?. Europearane skuldar på amerikanarane, som skuldar på kinesarane, som skuldar på
indarane. I skrivande stund ser det mørkt ut, men det er alltid von i eit hengande
snøre.
Her, som i verda elles, leiter ein med lys og lykt
etter utslepp å fjerne frå stader der det ikkje gjer alt for vondt. Våre CO 2-utslepp skal minskast med 40 prosent. Politikarane veg for
og imot: Kvar kan vi kutte, utan at vi får på pelsen til neste val. Skal vi
gjere noko med flytrafikken, eller kanskje den tungoljedrivne skipsflåten. Begge
delar blir det trøbbel av. Men truleg mindre enn om ein skulle prøve seg på privatbilane.
Diskusjonen har for lengst funne sine vante spor. Engasjementet
er stort og vitskaplege fakta blir betrakta med mistankens skjerpa blikk. Påståelege
pensjonistar har teke namnet klimarealistar og frådømmer ungsauene i regjeringa all
dømmekraft når dei ikkje ser at klima-alarmen er ein konspirasjon, sett i scene av eit samla panel av verdas
klimaforskarar. Det einaste dei er ute
etter er meir midlar til forsking! Dei samlar
disiplar som har eit sterkare forhold til sekssylindra milslukarar og drivstoffglade
påhengsmotorar enn til naturen. Dette er folk som har lite tru på bilar som
ikkje brummar og slepper gass. Elbilen, med sine subsidiar og frikort på
ferjene, er for pyser og dessutan ikkje eit hår betre. Og klimaet har alltid
vore skiftande. Det var no milde vintrar då dei var unge også. At vår Golf skal
vere den som får pol-isen til å forsvinne, det trur no akkurat vi som vi vil om,
fnyser klima-skeptikarane og forsvinn i ei sky av forakt og blå eksos.
For det er ein
menneskerett: Å tru som ein helst vil. Også når det står mellom eit samla
fagmiljø og spreidd synsing. Om ein likevel skulle ønskje å vere føre var: Kvifor
skal tiltaka akkurat gå ut over oss? Utan matpakkekøyraren stoppar Noreg.
Dei tørre tal frå Statistisk Sentralbyrå fortel oss
at transport og landbruk er dei største utsleppsverstingane utanfor
kvotepliktig sektor. Transport står for vel 30 prosent av det samla
klimautsleppet. Landbruket for knappe ni prosent. 2,6 prosent av landets samla
utslepp kjem frå buskapens rap og fjert.
”Det er jo
slik at norske kyr prompar for mykje, for å seie det sånn”, sa statsminister
Erna Solberg nokre dagar før klimatoppmøtet i Paris. Ho valde å fokusere på
landbruket. Utsleppsverstingen i fjøset er ku og sau. Gris og kylling tygg meir
lettfordøyeleg og langreist kraftfor med soya frå Brasil og dermed mindre metan
i magen: Derfor kan austlendingen, som et svineribbe, ete sin julemat med noko
betre samvit enn vestlendingen med sitt pinnekjøt, meinte statsministeren.
Å kaste julemiddagen inn i klimadebatten må seiast å vere eit dristig
trekk. Spesielt av ein statsminister som er fødd og boren i Bergen. Det ville
skape kraftige reaksjonar langs heile Vestlandet om nokon prøvde å innføre
klimanøytral medisterpølse og surkål på julekvelden. Men alternativet er truleg
verre. Tiltak mot privatbilismen blir sett på som politiske sjølvmordsforsøk.
Vårt tungt subsidierte landbruk står derimot lagleg til for hogg og kan lett
gjerast til syndebukk. Det er i så fall ein
manøver som ville lukte ille.