Den søte ventetid
Adventstida er her igjen. Og dette har vi venta på så lenge.
Adventstida er i ferd med å ta luven av jula.
Julestria er større enn sjølve feiringa. Vi shoppar og vi moppar, vi bakar og vi
smakar og vi pakkar gåver og spanderer peparkaker og gløgg av eit svulmande
hjarte. Det er ei hektisk tid. I adventstida skal vi på konsertar og teater. Så er det alle juleborda. Når jula
først er der, er vi sant å seie godt forsynte.
Forventning. Ventetida er full av aktivitetar og forventning. Oppgåvene er
mange og det må ikkje slurvast med detaljane. Vi har børi eldvatn og vi har
børi ved i sekkevis frå bensinstasjonen. Vi har sett sjuarma lysestakar i alle
vindauge og batteridrivne talglysimitasjonar på alle graver. Praktisk orienterte
karar i termodress har drege kablar for å tenne stadig høgare juletre på kvar
haug i landskapet. I desse dagar skal ingen krok stå mørk .Og ingen stakkars
krok skal vere gløymd. Sjølv den mest einsame einebuar får besøk av blomsterbilen
som leverer ut julegleder. Vennleg helsing næraste naboen.
Før var det slakting og baking og sandskuring
av tregolv på kne i kalde stover. I dag går det eigentleg raskt å lage julefest
med sentralstøvsugar og ferdig oppskoren
og utvatna ribbe frå Gilde. Men har vi det ikkje travelt, gjer vi oss travle. Inga retteleg jul utan ei dobbeltarbeidande
husmor med hjarteflimmer når feiringa kan ta til.
Glitter. Det skal vaskast med
grønsåpe på stader i huset der ein aldri set sin fot. Rullepølsa skal vere
handsydd og ribba skal helst vere svidd over open eld. Julehelsingar kan ikkje
sendast på e-post. Det skal vere handskrivne nissekort med glitter på. Den
største kunsten er å vere julestressa på ein avslappa måte og alltid ha eit omsorgsfullt
og tolmodig smil på leppene. Tusen ting skal gjerast og haldast greie på og
tida blir alltid knapp. Likevel må vi alltid kunne la oss forstyrre av folk som
ligg betre an og som brukar innspurten før jul til å stikke innom kjentfolk for
å vere sosiale og smake på julebaksten.
Butikktjuvar kjem til å stikke av med varer
for 333 millionar i løpet av førjulstida. Hovudorganisasjonen Virke veit å
fortelje at dei først og fremst kjem til
å stele kosmetikk og hudpleieprodukt, men også mykje klede og parfyme. Ein skulle nesten tru det
stod damer bak. Svinnet frå hyllene gir eit stikk i julestemninga, men det
kjennest betre når vi veit at vi skal svi av 50 milliardar dei næraste vekene. Ein
kan sjå det frå den positive tida: Nesten alle kundane dreg sine ærlege bankkort
med glede – endå vi alle veit vi får dei
same varene i den same butikken til innbrotspris alt frå tredje juledag.
Alt
for Norge. Shopping er ikkje berre ei glede i seg
sjølv. Det er også ei nasjonal handling. Etter at dei galopperande bustadprisane no på tampen
av året berre veks i luntetrav, står leiande økonomar fram og spår tunge tider
i norsk økonomi. Sindige sunnmøringar treng ikkje få panikk. Den økonomiske
pessimismen og tungsinnet må ikkje få feste seg no ved starten av julehandelen,
understrekar Sunnmørsposten på leiarplass dagen før verdas handlefrie dag. Det
gjeld å halde saman. Vi seier: Alt for
Norge og løp og kjøp!
Ei av dei som tek den nasjonale dugnaden
på alvor, er ei hektisk dame vi trefte i ei handlekø. No har eg fått unna 13
julegåver og har berre 26 igjen, seier ho. Ho hadde alt sikra seg eit juleslips
til gemalen. Det blir han nok glad for, hykla vi endå vi kjenner han så godt at
vi veit han hatar å gå med renneløkka rundt halsen. Nei, det er det ikkje
sikkert han blir, seier ho. Men kva skal ein no gi til ein som har alt?
For
noko må vi for skams skuld gi, også til dei som ikkje treng det. Vi kan i alle
fall ikkje gi ingen ting. For vi er jo
glade i kvarandre og i jula vil vi så
gjerne gi praktisk uttrykk for det. Om ikkje anna, så med eit stripete sokkepar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar