Lange
fingrar i lommene
Vi skulle så gjerne ha
handla med folk som vil oss vel. Men dei
vil berre i bukselomma på oss, heile gjengen.
Du har sikkert lagt merke til det: Når du
skal betale kredittkortrekningar, er rekninga aldri på det du skuldar, men for
eksempel berre på ti prosent av summen du skal betale. Det er gjort av eit godt
hjarte for å gi oss større økonomisk
fridom i kvardagen, seier reklamen. Nå ja, effektiv rente på
kredittkortgjeld er nærare 30 prosent. Då er det lønnsamt å få kundane til å ta opp
lån dei ikkje har bruk for. Vi for oss korleis dei har streva med ordlyden, så det
skal vere enkelt å blingse på sluttsummen. Tilbodet om utvida kredittramme utover
dei vanlege 75.000 kroner, er det derimot ganske umogleg å blingse på.
Dyre
råd. I gamle dagar gjekk ein i banken og fekk gode
råd. Då vart ein fortalt at gjeld er dyrt og at det beste er å tene pengane før
ein brukar dei. No blir vi inviterte inn i nesten folketomme banklokale ein
gong for året av vår personlege rådgjevar. Han spanderer kaffi og fortel oss at
vi har alt for lite lån. Å vere gjeldfri er å kaste pengar ut gjennom
vindauget. Kvifor ikkje refinansiere huset og kjøpe ny bil eller eit husvære i
Spania? Om vi då ikkje vil prøve eit skandalisert kreativt spareprodukt – no nysminka
til det ukjennelege.
Norske gjeldsseljarar er framleis eit hakk
meir truverdige enn dei rause tilboda på dårleg engelsk om 4,5 millionar
britiske pund rett på konto i byte med enkle kontoopplysningar. Men også forretningsmoralen
blir internasjonalisert. Norske forretningsfolk lærer i skulen dei går i.
Stadig oftare blir vi spurde om sivilstand og hobbyar, inntekt og handlevanar og vår private e-postadresse når vi
handlar. Følg oss gjerne på Facebook, seier dei. Slik konkurrerer dei om å byggje den store Vi-kjensla.
Når produkta er identiske, er det logo og fargen på gullkortet som varierer.
Overberande. Så langt har underteikna sett
overberande mellom fingrane på dei i grunnen ganske sleipe forsøka på å lokke oss
ut på den økonomiske glattisen. Men ved nyttårsleite var rekninga frå Statoil plutseleg
full av internasjonale flyreiser med Lufthansa og Air China, endå vi knapt
hadde vore utom Storfjorden. I løpet av den etter kvart omfattande telefonkontakten med selskapet, var
eg så fri å seie frå om at heretter ville eg ha rekning på akkurat det eg var
skuldig og korkje meir eller mindre. Ei litt oppgitt dame på kundeservice fortalde
meg at det diverre ikkje mogleg, sjølv om det var mange som bad om det. Det er company policy!
Kalender-pris. Ein runde til andre kredittkortselskap avslørte at denne
utspekulerte ordninga er company policy også
der. Så mykje for konkurransens utjamnande kraft. Norske bensinkjeder tener
langt betre enn dei svenske. Bensinen vår er prisa mykje høgare måndagar og
torsdagar. Det er det naturlegvis ingen aktverdig grunn til anna enn å få folk som
har anna å tenkje på, til å handle bensin til overpris.
Slik blir vi tekne ved nasen i alle endar
av bensinkjøpet. Det er lenge sidan idealet om at kunden alltid har rett. No er
parolen at det må vere lov å prøve seg. Er kunden dum nok til å gå i fella, kan
han berre ha det så godt.
Kjetil
Tandstad (Smp 22032014)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar