mandag 12. august 2013

Oss fjesingar imellom


Klar melding til kundane i klesbutikk: «Byxor og shorts avdrages i kassan!»
Folk er tilbake frå ferieturen. No spreier dei sine opplevingar i framande land og inntrykk til vener og kjende via nettet. Bilde av skiltet i ein svensk klesbutikk vart delt mellom Facebook-gjengen min i sommar. Plakaten kan vere frå medlemsbutikken til Svenska Naturistförbundet, men vi tvilar. Truleg er det berre ein stressa butikksjef som var litt for rask med tusjpennen og slik skapte moro blant harryhandlande. Den slo i alle fall an hos oss som hang på stigen med målarkosten i handa og tunga i munnviken. Det gjer godt å få flire litt mellom regnbyene.
August. Det er altså august igjen. Fellesferien er slutt og augustskumringa breier seg som eit lunt og lode fleeceteppe over landskapet. August er det mykeste jeg kjenner, sa diktaren Einar Skjæraasen. På ein god dag har han rett. Andre tider kunne han med fordel ha brukt adjektivet blaut. Men sommaren er uansett på hell og det gjeld å ta vare på augneblinkane. Her stoppar sommaren, skreiv Bergens Tidende alt i juli i år.
I slike kveldar – mjuke eller blaute som dei kan vere – bør ein ta seg ein spasertur i fløyelsmørkret. Ein bør lytte til sønnavinden som raslar i bladkronene og nyte fjorden som ligg der og glitrar matt som hamra sølv. Folk er tilbake frå ferien. No lyser det blått innanfor rutene bak dei bak lauvtunge hagetre. Det er ikkje fjernsynet som lagar det kalde nålyset i heimane lenger. No sit vi alle i kvar sitt rom med kvar sin pc og oppdaterer kvarandre.
Saltvatn i såret. Så langt har sommaren vore ganske omskifteleg - på nettet som i den verkelege verda. I juni var meldingane prega av håp og forventning. Folk gledde seg til ferien og sukka over at dagane gjekk seint. Då fellesferien kom, utan at Syden-temperaturen kom samtidig, var det klagesongen og panikken som tok over. Ferierande ved Middelhavet helte saltvatn i såret med ein straum av badebilde sørfrå. Då varmen endeleg også nådde Nordvestlandet den tredje fellesferieveka, var det dei heimeverande sin tur til å triumfere. Knapt ein makrell nådde grillen og ein fjelltopp vart erobra utan å bli omhyggeleg avfotografert og delt på nettet. Paradis på jord er her heime, så lenge sola skin, er vi samde om og legg både hagen og familien med sine inste løyndommar ut på nett med von om ein muntre kommentarar til takk.
Laiks. Vi som brukar fjesboka – og som gjerne går under namnet fjesingar på norsk - har framleis ei slags kjensle av at vi er i pakt med tida. Pionerstatusen har rett nok falma ein del no når 65 prosent av det norske folk er med og ungdommen flyktar fordi dei ikkje vil vere i selskap på nettet med bestemor si. Facebook er i ferd med å bli den digitale pensjonistbenken. Her møtest vi og set oss til rette i form av litt for ungdommelege profilbilde. Vi snakkar om gamle dagar og skryter av barnebarna. Vi meiner stadig mindre om politikk og økonomi. Derimot let vi oss kraftig provosere av ungdom som ikkje tek av seg capsen på kafé. For ikkje å snakke om alle skrivefeila i avisene. Ikkje berre rotar ferievikarane frykteleg med å og og. Dei har også utuktig omgang med faste ord og uttrykk som dei ikkje kan, påpeikar vi nidkjært og får støttande laiks tilbake.
Men stundom kan nye og urøynde kommentatorar uforvarande skape friske og uventa bilde på lesarens netthinne, sjølv om dei altså er usikre i sin omgang med politiske klisjear. Som denne kommentaren om ein politikar som har gått dristig ut i valkampen. Kommentaren, som vart påpasseleg spreidd, kommentert og likt på Facebook, kom ut på denne måten: Mange i partiet vi hevde at han er som ein laus kanin på dekk! 
 (Sunnmørsposten, 10. august 2013)

søndag 14. juli 2013

Innsikt om insekt



Det er på hagefest som elles i livet: Best å vere kvitkledd og edru og ikkje tenkje for mykje på andre.

Naturen er full av interessante spørsmål. Eitt av dei mest brennande som naturvitskapen no augnar svar på, er kva som kjenneteiknar dei stakkars menneska som verkar spesielt forlokkande på mygg og knott. Emnet er høgaktuelt i fellesferien. Det er ingen tvil om at enkelte menneske er meir heimsøkte av surrande insekt enn andre. Det store spørsmålet er kvifor.

Søtt blod. Teoriane har vore mange: Kor mange gongar har vi til dømes ikkje høyrt på folk som slår vilt om seg med gaffel og biffkniv og årsaka seg med at dei har så søtt blod i årane?
Det som rettferdiggjer utagerande framferd med hyl og svingslag over reker og sommarkotelettar, er at myggen og knotten er spesielt er ute etter akkurat deira blodtype. Desse djupt plaga menneska forskansar seg gjerne inst i kroken og omgir seg ei bedøvande lukt av myggspray og andre kjemiske stridsmidlar. Til og med ikkje-røykjarane mellom dei finn det nødvendig å kjederøykje sigarillos under måltidet.

Søtt blod er ei plage på lik line med pollenallergi og høysnue og eit trugsmål mot livskvalitet og friluftsliv. Gudane veit om dei ikkje også er ekstra mottakelege for den livstrugande flåtten, som i likskap med mordarsniglen okkuperer folk og land og tvingar innbyggjarane inn i ein kronisk alarmtilstand som varer heile ferien.

Surrande insekt. Slikt snakkar vi om rundt dei tusen hagebord i desse dagar. Alle er plaga av surrande insekt, men det er utan tvil enkelte som er meir plaga enn andre. Derfor kjenner vi ansvar for å fortelje kva vitskapen seier om samanhengen mellom søtt blod og mygg. Det er ingen samanheng. Om søtt blod i det i det heile finst, har det lite å seie for kven myggen og knotten vel seg ut som blodgivar. Derimot er det ei rekkje andre fellestrekk hos dei som tiltrekkjer seg mygg og knott, kan fersk forsking fortelje og det er god grunn til at klegg, kvefs og humle tenkjer på same måten.

Det er klare indikasjonar på at dei ofte svaksynte blodsugarane oppfattar svartkledde som noko i retning av storfe som dei reknar som spesielt gode leverandørar av friskt blod. Tiltak 1: Kle deg i lyse gevantar. Prøv så godt du kan gjennom klesdrakt og oppførsel å understreke at du ikkje er hest eller ku.

Det er også indikasjonar på at mygg og knott i likskap med sine tobeinte offer likar alkohol. Tiltak 2. Drikk Munkholm heile kvelden. Lettøl har også færre kaloriar. Jamfør tiltak 1.

Feromon. Endeleg meiner vitskapen også at myggen reagerer på menneskelege feromon. Dette er duftstoff som menneske og dyr meir eller mindre umedvite sender ut for å signalisere til dømes at dei kunne ha tenkt seg eit aldri lite eventyr i løpet av kvelden. Om ingen andre i selskapet reagerer, let i alle fall myggen seg ikkje be to gongar. Tiltak 3: Tenk på noko anna, til dømes restskatten, myggplaga eller alt du ikkje rakk før du gjekk ut i ferie. For all del: Ikkje så mykje som ein tanke på det motsette kjønn!

No er det nemleg slått vitskapleg fast at mygg og knott går mest etter dei dei mørkkledde, småfulle og småkåte. Mange er i risikogruppa. Vi nemner i fleng: Medlemmer i MC-klubbar, gravferdsagentar, tungrockararar og utstillingskuratorar. Å vere på sjekker’n på utekafé med den stilige kombinasjonen halvliter, svart t-skjorte og solbriller er kanskje den verst tenkjelege.

No som alltid er det tryggast med striskjorta og havrelefsa og å sky alt som minner om alkohol og sex. Hald deg berre til den smale sti, så får du mange færre stikk!

(Smp 13072013)


søndag 9. juni 2013

Lønn som fortent



”Jeg må tilstå at jeg av og til føler meg som Nordens fattige fetter”.

(Illustrasjon: Inger K. Giskeødegård)
Det slår aldri feil. Middagen er fortært. Du slappar av på sofaen for å samle krefter til plenklippinga. Zzzz …. og der ringer telefonen!
- God dag og unnskyld at vi forstyrrer. Det er fra Den Norske Bank. De er en kunde vi setter stor pris på. I den forbindelse vil vi gjerne be om at du svarer på noen enkle spørsmål. Det tar bare noen få minutter.
- Det var no midt i middagsluren, men OK.
- Hei, hei. Dette er altså konsernsjef Rune Bjerke i DNB på tråden.
- Sjølvaste toppsjefen. Det var no ei ære!
- Jeg har et styre som er litt bekymret for vårt omdømme på privatkundemarkedet. De ga meg en utfordring: Jeg skulle personlig ringe rundt til et utvalg vanlige bankkunder for å få noen reaksjoner direkte fra folkedypet. Det er en utfordring jeg naturligvis tar.
- Flott.  Spør i veg!
- Det har altså spredt seg oppfatning om at våre kunder mener at lederlønningene i konsernet er for høye. Jeg bruker meg selv som eksempel og spør like ut: Synes du 4,7 millioner per år er for mye å betale for en kompetent toppleder?
- 4,7 millionar! Ja, det synest eg er ganske drygt.
- Interessant!
Unnskyld at eg seier det: Det er sånn omtrent tolv  gongar så mykje som det eg tener. Og eg får korkje bonus eller frynsegoder.
- Bonusen min i fjor var bare på 1,7 millioner kroner.
- Som kjem i tillegg til lønna. Altså 6,4 millionar. Pluss ”godtgjørelser”. Det er det eg meiner: Ganske feitt, spør du meg.
- Men jeg er sikker på at du er enig i en toppleder har et helt annet arbeidspress enn du har. Det er ikke akkurat noen ni til fire jobb, dette.
- Enig i det. Men sei at du har ein arbeidsdag på 15 timar – altså dobbelt så lang som min. Lat oss rekne 100 prosent overtid. Då er vi oppe i ei lønn på 1,2 millionar.
- Du glemmer en ting! Ansvaret!
- Heilt med på den. Sjølv om du trass alt har Banksikringsfondet å falle tilbake på.
- Nå ja!
- 1,2 mill er røffly det same som lønna til statsministeren.  Eg reknar med at han jobbar like hardt som du. Då bør du vere omtrent fire gongar så smart som han, skal du forsvare lønna di. Og det er jo trass alt eit visst ansvar å styre eit land også!
- Joda, men han er politiker. Ellers er det markedet som bestemmer. Jens er veldig opptatt av at vi skal ha moderate lederlønninger. Ellers er det nytteløst å holde lønna til vanlige folk på et ansvarlig nivå, sier han.
- Han har jo eit poeng der.
-Joda.   Alle må ta i et tak. Vår bank utviser faktisk ekstrem moderasjon. Til sammenligning: Både kollega Eivind i Den Danske Bank og kollega Christian i Nordea har vel 13 mill. Pluss bonus. Og da jeg ikke sagt et ord om pensjonene.
- Feel free!
- Jeg har en pensjonsavtale som er verd skarve 21 millioner. Christian i Nordea får fem ganger mye i pensjon som meg. Per i Handelsbanken nesten seks ganger mer. Jeg må tilstå at jeg blant banksjefer av og til føler meg som Nordens fattige fetter.
- Men får du brukt alle pengane?  Jobbar du femten timar i døgnet, er det sanneleg ikkje mykje tid til å forbruke? Seglbåt og hytte og badeturar til Kanari tek jo massevis av tid. Kona har vel full jobb i kommunen også?
- Joda, det er klart vi må være effektive, også i vårt forbruk. Men du kan liksom ikke handle på Dressmann og kjøre Skoda når du er konsernsjef. Selv om jeg gjerne skulle ha gjort det. Jeg er tross alt sosialdemokrat.
- Men…
- Du, det var veldig hyggelig å snakke med deg. Synspunktene er notert.  Jeg håper at du fortsatt vil være trofast som bankkunde også i fremtiden. Ha en god dag!
- Og ein god dag til deg og Liebe også!
(Smp.7.6.2013)

søndag 19. mai 2013

17.mai-tale Straumgjerde 2013.



 17. mai Straumgjerde 2013

Gode sambygdingar.
 Veit de kvifor vi feirar 17. mai?, spurde dei ungane i barnehagen. Og ungane hadde svar: Fordi Jesus var russ!!
Eg ikkje  seie noko særleg om 1814, om fedrane på Eidsvoll eller Henrik Wergeland som innstifta dagen. Ikkje om bunaden og  flagget heller. Det skal vi snakke om neste år. Då er det 200 år sidan vi fekk grunnlova vår.
2013 har sine eigne viktige jubileum. I år er det til eksempel 200 år sidan framstillinga av gummi vart patentert. Det er 200 år sidan forfattaren Camilla Collett og eventyrsamlaren Jørgen Moe kom til verda. Og dette året vart nynorskens far, vitskapsmannen og språksamlaren Ivar Aasen, fødd.
Ei viss ferje på våre kantar har gitt Ivar Aasen eit litt frynsete rykte. Men sjølve mannen, som ferja er oppattkalla etter, har fått meir og meir respekt, nasjonalt og internasjonalt.
Han ikkje berre samla det norske folkemålet gjennom å kartlegge alle norske dialektane. Han systematiserte det enorme  materialet, trekte ut dei ordformene som var vanlegast i bruk og brukte det som ein grunnmur for eit lage eit nytt felles skriftspråk for det norske folk. Og ikkje berre det: Han dikta og debatterte også på dette nye språket for å prøve det ut og gjere det kjent.
Ivar Aasen var ein sjølvlært mann, fødd på eit småbruk i Hovdebygda. Når han besøkte søster si i Ramstaddalen gjekk han rundt og samla plantar til herbariet sitt. Han var ein resar til å systematisere.
 Først systematiserte han av blomster og plantar, så ord og uttrykk. Draumen hans var å skape eit skriftsspråk som låg ganske nært det norske talespråket. Han ville gi den unge nasjonen Noreg eit språk det gjekk an å bruke og forstå.
I vår tid er det ganske vanskeleg å tenkje seg korleis det var å måtte skrive på dansk. Men det var det einaste skriftspråket vi hadde. Det var ikkje heilt vanleg dansk heller. Det var eit omstendeleg og akademisk språk, naturlegvis fordi det hadde vore språket til  danske embetsmenn. Dansken var overklassa sitt språk. Vanlege folk  hadde ingen problem med å uttrykkje seg på sine eigne dialektar. Men skulle dei skrive og snakke med øvrigheita, måtte dei gjere det på framandspråket dansk. Det hemma dei. Skuleungane måtte terpe danske gloser når dei las sin Pontoppidan. Alle skulebøker var på dansk. Skulle dei skrive ei klage til futen eller lensmannen, måtte dei skrive på det språket som futen eller lensmannen forstod.  
Overklassens undertrykking av språket krenka folk  og tok frå dei sjølvtilliten. Ivar Aasen kjende det på kroppen sjølv. Språket vårt er ein viktig del av identiteten. Kampen for nynorsken vart ein del av kampen for demokratiet.
Opp gjennom 1800-talet krangla den norske regjeringa  med svenskane og  tok over makta i landet nærast bit for bit.Unionen  vart oppheva fullstendig  i 1905. Etterpå heldt kampen for demokrati fram. Embetsstanden og rikfolk bremsa så godt dei kunne. Men etter at vi fekk den allmenne stemmeretten var det fleirtalet som bestemte.
Det må ha  vore ei spennande tid også lokalt. I ungdomslaget Samhald i Straumgjerde diskuterte dei kampsaker: Både kyrkja og i kommunen må snarast gå over til nynorsk, kravde dei. Målsaka var eit frigjeringsprosjekt.   ”Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring på grunn av Ivar Aasen”, sa Tarjei Vesaas.
Nynorsken i dag er ikkje den same som dei skreiv for hundre år sidan. Språk er ikkje statisk. Dialektane forandrar seg. Nynorsken har forandra seg med dei.
 Det mange ikkje tenkjer over, er at det same også har skjedd med riksmålet, altså det vi kallar bokmål i dag. Min påstand er at Ivar Aasen har gjort like minst mykje godt for riksmålet. Ikkje minst på grunn av presset frå  den dialektnære nynorsken  har det snirklete og ganske danskprega riksmålet opna seg for det dialektane og  gitt plass til det norske.  
 Det ville vere meir effektivt med eitt språk i landet, meiner nokre. Tenk på alle millionane ein ville spare om alle skulebøker var på same språk. Men det er som å kjempe for påskeliljer og vere imot pinseliljer. Nyare utdanningsforsking  viser at dobbelt språkopplæring er dobbelt så bra. Det er ikkje plassmangel  i skallane til elevane som er problemet. Ungar elskar språk. Og di meir dei lærer, di lettare  lærer dei  endå meir.
Regjeringa har gjort 2013 til Det norske Språkåret. Ikkje berre for å feire Ivar Aasen og nynorsken, men for å feire alle språka som finst her i landet. Etter hundre års til dels bitter språkstrid er vi i ferd med å forstå at språkleg mangfald er ein rikdom, ikkje ein ulempe.
Nok om det. Vi har fleire  jubileum å feire. Det er for eksempel  100 år sidan  politikarane Per Borten og Willy Brandt kom til verda. I 1913 vart også  filmskapar Arne Skouen og filmstjerne Burt Lancaster fødde.  Det er også 100 år sidan norske kvinner fekk stemmerett. Det høyrest heilt taliban ut. Men det er berre hundre år sidan.
 Noreg var til og med tidleg ute med å sleppe kvinnene til ved stemmeurnene. I USA og  Storbritannia kjempa dei framleis  for kvinnerettar i 1913.  Ei sufragette – altså kvinnesakskvinne - med namnet Emily Davidson  ville gjere eit skikkeleg stunt for å skape blest om kvinnesaka. Ho sprang ut på bana under eit hesteløp for å prøve å stoppe hesten til sjølvaste kongen. Det greidde ho, men ikkje før ho hadde blitt trampa i hel av hesten. Det var ei ulykke, men ho vart ein martyr for  kvinnesakskvinner over heile verda. Her heime kunne vi lese i  Morgenbladet: I nærheten av St.Pauls katedralen i London fandt man i dag en bombe. Ogsaa inde i selve katedralen fandt man en bombe, som var anbragt under biskopens stol. Man mener at alt dette er iverksat av stemmeretskvinderne.
Om det var gjort med kvinnehand, veit ikkje eg. Det som er sikkert, er at kvinnesakskvinnene verda rundt både var utolmodige og sinte. Her i krinsen var folk meir forstandige. fjor var eg med på å skrive historia til ungdomshuset Vårvon, som feira hundre år i romjula. Eg las gjennom protokollane, møtereferata og det handskrivne medlemsbladet Varamannen heilt frå starten. På ein underleg måte vart eg kjend med ungdommen i krinsen. Eg sit att med den djupaste respekt for dei.
 Med i det første styret i ungdomslaget i 1895 var lærar Ole Strømme, Lars E. Strøm og ei ung dame heitte Karoline Klokkerhaug. Det var kvinner med frå starten, også i Straumgjerde. Ungdommane  møttest famlande, usikre og idealistiske. Dei måtte nok tole kritikk frå konservative gamlingar som syntest alt var betre før og frå pietistane, som meinte alt var synd. Men det gjekk ikkje lenge før dei hadde heile krinsen bak seg.
Dei sette seg store mål. Dei ville kle fjellet og byggje landet. Og dei gjorde det. Ungdomshuset dei bygde, var eit monument over deira tankar og draumar. I ungdomshuset drøfta dei viktige samfunnsspørsmål - blant anna kvinnas stilling. Dei drøfta politikk, religion og næringsutvikling. Dei fekk trening i å stå på ei scene og snakke i forsamlingar. Og ikkje minst demonstrerte dei kor effektivt det var å dra i same retning.
Straumgjerdingane var  ganske framskrittsvennlige den gongen. Sunnmøringar var nesten alle venstrefolk, målfolk og stort sett også fråhaldsfolk. Dei som heile tida prøvde å utsette framskrittet, var  i stor grad embetsmenn, høgrefolk  og rikfolk som frykta at dei skulle misse sine fordelar.
 Ein av dei mest rabiate var biskop Johan Christian Heuch. Han var av den ærlege meining at det var imot Guds skaparordning at kvinner skulle ha stemmerett.  Fekk kvinnene lov til å stemme, då ville familien bli oppløyst,  moralen bli øydelagt, samfunnet ville kome ut av likevekt og kvinnene ville bli  ”et vanskabt Misfoster…, et Neutrum”, altså inkjekjønn.
 Gav du først kvinnene stemmerett, kunne det skje dei verste ting. Ein kunne risikere at det kom kvinner i heradstyret. Og då var det ikkje lenge før dei sat på Stortinget. Vi kunne få kvinnelege prestar, kvinnelege soldatar, kvinnelege professorar, kanskje til og med ein kvinneleg statsminister!! Slik låg han sikkert vaken om natta og  tenkte seg redd, biskopen. Og han syntest nok at det var rart at alle ikkje forstod at no gjekk det rett på dunken.
Såg ein det ikkje då, ser vi det i alle fall no: Biskop Heuch var totalt på bærtur! Hadde han hatt rett, skulle minst halvparten av de som sit her i dag vere typiske misfoster og inkjekjønn. Sjå dykk rundt på bunadjentene som sit her - og døm sjølv.
Dette var altså to jubileum av mange. Det er all grunn til å feire. Men akkurat på  17. mai? Har desse to jubilea nokon samanheng med grunnlovsjubileet?
Ja, dei har absolutt det. Grunnlova som Noreg fekk 1814 var ei av dei mest demokratiske  i verda på den tida. Sjølv om dei altså gjorde det forbode for  jødar og jesuittar og munkar å kome til riket. Sjølv om altså ikkje kvinner og berre ganske få menn fekk stemme.
Etter hundre år var allmenn stemmerett på plass. Dei neste hundre åra har vi brukt for å gi stadig nye grupper ein plass i samfunn og styringsverk. Likestillinga har gått mykje lenger enn biskop Heuch hadde mareritt om. Og vi er  ikkje i mål enno.
Det er  jo det 17. mai handlar om. At alle skal vere med. Folk flest veit best. Ikkje kvar for seg, men når dei har fått krangla og gjort seg gjeldande ei stund, så ramlar ein som regel ned på eit standpunkt som er ganske gjennomtenkt. Den veit best kvar skoen trykkjer, som har han på!
I dag har vi det godt. Vi har sjeldan gnagsår. Det store demokratiske problemet i dag er kanskje ikkje så mykje at vi manglar  demokratiske rettar. Trusselen mot folkestyret er heller at vi tek for lett på dei. Mange stemmer på sofapartiet og vel Paradise Hotel i staden for møta i lokalpolitikken og i foreiningslivet.
Då er det på tide å titte litt i bakspeilet. Ser vi på historia, ser vi at dei demokratiske rettane vi ser på som sjølvsagte, ikkje har vore gratis. Dei har kosta både blod, sveitte og tårer.
Til hausten er det val igjen. Tru meg, det er ikkje ein liten ting!
 Gratulerer med dagen!

onsdag 1. mai 2013

Langtidsdød og fordervelse




SPRÅKÅRET

Ministrar og bistandsorganisasjonar er kraftig opptekne av forholda på bakken. Vi undrar: I motsetning til kva?

Det har halde på nokre år no. Vi sender militære kapasitetar til utlandet. Ofte er det  tropper, som  no tyder enkeltpersonar og ikkje eit trettital  soldatar i uniform. Når desse kapasitetane altså først er deployert, blir dei eskalerte før dei så blir fasa ut. Norsk engasjement er avhengig av forholda på bakken. Unnabakke eller motbakke. Det er i alle fall ikkje noko som er teke ut av lause lufta.

Tåketale. Språket er i endring og vi med det. Ein viss tåketale er naturleg for  krigsmakta, som blant anna har som si oppgåve å leggje røyk og drive taktisk tilbaketrekking. Ofte er det viktig at ord er presise. I politikken er det vel så viktig å gi eit positivt inntrykk utan å love for mykje. Då er flotte, men ganske upresise ord gode å ha.
 Vakre ord som lovar meir enn dei kan halde, er forbruksvare og blir fort utslitne. Derfor går det føre seg eit stort språkleg nybrottsarbeid. Vi får ikkje berre fleire ord. Vi får også skifta ut mange gamle  med nye og fleksible nemningar. Dei nye orda  toler at ein strekkjer og tøyer i dei. Slik at dei skal kunne seie mykje, men altså ikkje alt.

Direkteomsett. No om dagen kjem ein ikkje særleg langt med Helleviks gamle gule ordliste. Her kan ein slå opp både på sosialklientar, elevar og pasientar.  I departemental nytale og på det økonomiske målføret heiter dei  brukarar, medarbeidarar eller kundar. Byråkratar og økonomar står fjellstøtt på eit grunnlag i direkteomsett engelsk og tilfører importen ein halvhjarta nasjonal vri. Samla blir det eit ganske ugjennomtrengeleg språkleg flettverk av omgrep av typen samhandlingskompetanse, reformimplementering og aldersadekvate ferdigheiter.

Det har naturlegvis ein grunn til konsentrasjonen forvitrar så snart ein får ei årsmelding frå eit konsern eller ein departemental NOU mellom hendene. Her møtest nemleg våre fremste ordprodusentar – økonomar og byråkratar -  med alt dei har av stavingstunge språklege kreasjonar. Det er  øyredøyvande, også i skrift.

Utfordring. Økonomane  leverer ikkje berre ord.  Dei har ein heil ideologi å by på og er ustanselege i sin iver etter å spreie sine tankar til andre fagfelt. Det skal tenkjast positivt.  Kjem du i skade for  å nemnet ordet problem, er det alltid ein  skuleflink  som seier at det ikkje er noko som heiter problem. Det heiter utfordring, om du er så på veg til avgrunnen. Insisterer du på å snakke med eigne ord, blir det heva augebryn og krav om teambuilding  og benchmarking. Ein må vere ein del av laget og vere proaktiv skal ein sikre synergiar.

Økonomane har også fått foten inne i det offentlege. Gjennom dørsprekken har dei skapt ein stor og ny marknad for sine ord og omgrep. Kombinasjonen av økonomisk og samfunnsvitskapleg fagspråk viste seg å vere dynamitt. Det spreidde seg ei raudkinna skaparglede i departementa. Dei fekk lage nye og skinande ord som var skreddarsydde for grå eminensar og namnlause førstekonsulentar med behov for ryggdekning. Her vart det laga ord som var presise på ein litt ullen og praktisk måte og det trilla ut nyord som resultatorientering, styringsdialog og restmestringsevne.

Diagnose. Takk vere denne språklege skaparkrafta, har vi blitt kjende med fenomenet kunnskapsbasert utdanning. Det er ei ny type utdanning der ein får kunnskap på kjøpet. Nyleg kom eg også over uttrykket langtidsfrisk. Det er naturlegvis motsatsen til langtidssjuk. No ventar eg spent på det logiske utvidinga av diagnosen. Stundom les vi jo om klinisk døde som på mirakuløs måte vender tilbake til livet. Dei korttidsdøde er ikkje talrike, men også dei har krav på sitt språklege motstykke, som altså vil vere  langtidsdød.

 Det må vi kunne seie er eit sentralt omgrep, sidan det før eller seinare vil omfatte oss alle.

søndag 10. mars 2013

Dei farlege optimistane


Dei farlege optimistane


I vår opplyste tid, trur vi ikkje på dommedagsprofetiar, om så dei er aldri så godt vitskapleg underbygde.”


Pessimistar lever lengst, er det slått fast. Hadde det ikkje vore for alle dei uansvarlege optimistane, kunne også vi sunne tunglyndte ha sett lysare på det.

Det er verste er heldigvis over for  år, gratulerer vi kvarandre. Vi tenkjer ikkje på ski-VM eller kvinnedagen, som var i går, men på mørketida. Det er ikkje berre mørkret som er på vikande front. Kulden er også i ferd med å sleppe taket. I år har det vore makelaust kaldt makelaust lenge. Så hustre  har det vore at eit tolv timar langt fjernsynsprogram om ved fekk oss norske tradisjonalistar  til å kutte fredagskrimen og kose oss i lyset frå eit peisbål i repeat på skjermen.

Det kalde og stille vêret i vinter er så mot normalt at vi i meir overtruiske tider ville meint det var eit endetidsteikn. Vi ville ha gjort bot og lova betring. I vår opplyste tid, trur vi ikkje på dommedagsprofetiar, om så dei er aldri så godt vitskapleg underbygde. Vi trur det vi helst vil. Og mange av oss likar ikkje å tru det verste.

I heile vinter har folk hutra og slått floke og etterlyst den globale oppvarminga. Klimaskeptikarane har fått nye argument å slå i bordet med: Varmare klode? Det er berre noko klimaforskarane har funne på for å få pengar til å forske fram endå meir elendigheit. Klimaforsking er rein svindel og mafiaverksemd, kan vi  lese i overraskande skråsikre ytringar i kommentarfelta på nettet.  Kom ikkje her og fortel at temperatursvingingar er noko anna enn normale variasjonar. Somrane var alltid varmare då vi var små. No går vi berre og kulsar. Er det klimaendring på gang er det meir sannsynleg at vi går mot ei ny istid!

Slik argumenterer det sunne folkevitet med vitskapen. Det hjelper lite at klimaforskarane gong på gong står fram i sekk og oske og fortel oss at alt vi slepper ut, får vi mykje truleg igjen i form av smeltande polar, ørkenspreiing og ekstremvêr. Dei har nøyaktige målingar og deprimerande statistikk å leggje fram. Rammar ikkje den globale oppvarminga oss, rammar det barn og barnebarn. Det er kompliserte saker og det er vanskeleg å vite heilt sikkert kor gale det blir. Men i verste fall går det riktig ille. I beste fall blir det frykteleg dyrt. Men så snart klimaforskarane har sagt sitt, sprett det opp ein pensjonert oljearbeidar med førti års erfaring frå vind og vêr og veit betre. Han  kan leggje fram meteorologiske data som ein tannlege i Haugesund har samla inn i sin eigen hage og som viser det stikk motsette av det klimaforskarane har sagt.

Debattklimaet er så tøft at klimaforskarane vegrar seg for å gå ut i offentleg diskusjon, seier ein bekymra professor og klimaforskar Helge Drange ved Universitetet i Bergen. Det er vanskeleg å nå fram med vitskapleg argumentasjon. Bastante meiningar utan dokumentasjon går  betre heim i det breie publikum enn ganske eintydige forskingsresultat.  

Men kven er dei, desse frykta debattantane som skremmer vitskapen ned frå talarstolane? Det er det også forska på. I ei gransking, nettopp publisert i tidskriftet Psychological Science, fann forskarane eit påfallande samanfall mellom klimaskepsis og tru på konspirasjonar. Det viste seg at klimaskeptikarane ikkje berre er skeptiske til den globale oppvarminga. Dei er også skeptisk til  at røyking kan føre til kreft og at prinsesse Dianas død var ei ulukke. Det stod nok ei samansverjing bak, meinte langt fleire klimaskeptikarane enn andre av dei spurde.

 Undersøkinga var ikkje før presentert, før forskaren og heile den australske regjeringa vart skulda for å ha rotta seg saman  mot  klimaskeptikarane for å stemple dei som konspirasjonstenkjarar.
 Det at ein er paranoid, betyr ikkje at dei ikkje er etter deg. Men det kan også bety at ein er ein tanke i utakt med sunn fornuft. Eit optimistisk syn på livet kan ha sine fordelar. Men når framtida står på spel, er det alltid det klokaste å vere føre var, så ein ikkje blir hengande etter med rumpa bar. (Sunnmørsposten 9.3.2013)

mandag 28. januar 2013

Ordvri på nett







Ein tidlegare kollega er tilbake i hovudstaden etter juleferien og twitrar følgjande korte karakteristikk av hybellivet i januar: Kjex og singelliv.


Det er som eit heilt gammaldags handskrive brev, komprimert til 16 tastetrykk. Men  det er ikkje normalen. Korleis kan dei gode formuleringane overleve i den elektroniske tidsalderen? Det  er brei semje blant dei gamle og kloke om at den gode historia er død. Dei som finst att av ordvridarar og bygdeoriginalar har for lengst  har fått kontrakt med ein fjernsynskanal.

Men enno kan det altså leverast treffande karakteristikkar. Det er berre det at no blir ein kjapp replikk helst tasta på ein smartfon i staden for å bli avlevert ansikt til ansikt. Før sat det folk i kommunestyresalen og venta tolmodig på ei infam formulering. No sit dei aldri der lenger. Det har blitt for langt  mellom drammane. Dei folkevalde går kommunerevisjonen i næringa og vaktar seg vel for å seie noko dei kan bli tekne på. Men noko må det likevel vere representantane flirer til når  dei får ei melding på mobilen som dei lattermildt viser fram til partifellar.

Det var ein gong i tida at karane på butikken i sine devoldtrøyer og blankeskjoldhuer kommenterte alt som fauk forbi.  Det kunne vere alt frå å eksteriørbedømme ungjenter til å spa opp gammal sladder eller  drive godmodig lytehumor mot einbeinte eller trongsynte.  Dette var generasjonen som møtte opp fram på årsmøtet i  Sunnmøre Meieri for  å fortelje at administrasjonen var for stor og at dei gjorde for lite: ”Det einaste dokke meierifolkjet vil, det e å sleikje ta rjømen og gå av med pensjon!”Etter slike salvar mot dei mektige i landbrukssamvirket kunne dei reise heim og bli mottekne som heltar i lokalmiljøet.

 Ein ordførar skulle yte sin skjerv til fårikålmiddagen om kvelden. Han gjorde ein avstikkar på butikken på veg til formannskapsmøtet for å kjøpe eit par kålhovud: Du skal ikkje ha så mange at de blir vedtaksføre då, spurde mannen bak disken. Det skulle tatt seg ut på Rimi i dag. Dama i kassa veit  alt om forventa servicenivå og er til døden lojal overfor dei etiske grunnverdiane i konsernet.

Det har, må vi tilstå, alltid vore oss ei  glede å lytte til drastisk bildebruk og rabiate assosiasjonar, særleg når det blir framført i dagleg samvær og utan betalande publikum. Det er noko eige over karen som skal fortelje kor stappande mørkt det var. Han trivlar ei stund etter eit friskt bilde på mørke natta og så brenner han laus: ”Det var så mørkt som skulle det vore inne ei lommelykt”. Ein omfangsrik kar skulle ta bussen til byen. Han oppdaga at det ikkje var eit einaste sete ledig og utbraut: ”Her var ein jammen ikkje trongde om å ta med seg rau.”

 No svirrar dei saftige replikkane og dei greinalause samanlikningar elektronisk gjennom lufta og slår ned i  mobiltelefonar og lesebrett nær oss. Men blunkefjes og dialekt kan ikkje heilt erstatte  den menneskelege mimikken og kroppspråket. Eit fjes gir ein ekstra dimensjon til historia, om så det er på Skype.
Ein av dei få stadene ein framleis må framføre sine replikkar ansikt til ansikt er når ein er ute på oll. Men blant dei mange hjelparane der ute på nettet er det også nokre som har samla sms-meldingar som garantert gjer inntrykk på det motsette kjønn. Mange er ikkje oppattakande. Men ved ein bar etter midnatt er det trass alt hormonane som er viktigast.

Først ein ganske ulogisk ein, i alle fall brukt som sms: ”Eg har mista telefonnummeret mitt, kan eg få ditt?” Så ein påtatt uskuldig og sjølvbevisst ein: ”Trur du på kjærleik ved første blikk, eller skal eg gå forbi igjen?”Og så ein søt og småfrekk: ”Det er så ryddig her. Skal vi gå og rote litt!!

God helg!


Følgere